Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
Min hud den har tre kanter"... eller skal vi seie sider?Skriv ut Utskrift
Tolking av Tor Åge Bringsværds essay 'Hud'.
Bokmål - Analyse/tolkningForfatter:


Tor Åge Bringsværd har skrive om hud, men meinar han med det å skrive om huda? Eller skriv han kanskje også om det som er innanfor huda?

 

Etterkvart får ein faktisk inntrykk av at det er rasisme og forskjellar mellom menneske Bringsværd ynskjer å skrive om. Og bodskapet? Kanskje er det at vi bør bli litt meir klarsynte, at ein del av våre haldningar eigentleg er direkte komiske.

 

Når ein les denne teksten får ein ganske raskt eit inntrykk av at Bringsværd prøver å seie litt meir enn det eit leksikon seier om "hud". Sjølv om det i starten kan høyrest ut som om han rett og slett vil få fram fakta om hud. Høyr berre: "Generelt: Overflaten er som regel dekket med tynn hud, spent stramt over hele kroppen og gjort fast innerst i navlen." Men: kva for overflate er det snakk om? Bringsværd presiserar ikkje dette. Allereie her sler det ein at dette kanskje er meir enn sitat frå ei naturfagbok. Og etter kvart kjem det tydeleg fram at det nok ikkje er fagstoff som er å lese, men eit essay. Denne ironiske leiken med ord og tankekrumspringa som vi etterkvart blir vitne til peikar klart mot dette.

 

Bringsværd hevdar at negrar burde få kvite menneske si brukte hud etter desse din død. Slik vil vi ha løyst raseproblemet! Tja, kling det ikkje litt ironisk dette? Vidare vert det hevda at dei ekte kvite gamlingane naturlegvis måtte bære eit jakkemerke, slik at eventuelle rasistar ikkje let sine frustrasjonar gå ut over ordentlige kvite.

 

Her får vi nokre motsetningar: Først er forteljaren oppteken a å løyse raseproblemet, iallefall latar det til det, så kjem han plutseleg med ein måte å skilje dei to rasane gamlingar frå kvarandre; kvite for seg, svarte for seg. Er vi ikkje då tilbake til utgangspunktet? Slik tydeleggjer forfattaren ironien i det heile. Han harsellerar med rasisme, viser kor idiotisk kvite folk kan tenkje når det gjeld "raseproblemet". Forfattaren får også fram mange kvite sine haldningar ved å la forteljaren vere ein meinar alt ting godt, men som likevel presterar å foreslå ei total audmjuking av svarte, utan å innsjå dette sjølv. Bringsværd viser at dersom ein verkeleg vil motkjempe rasisme, så er det ikkje nok å seie:"stakkars negrar, lat oss prøva å gjere dei kvite!"

 

Så, kort sagt, "Hud" er eit harsellerande essay, nett som dei fleste andre essay. Og bodskapet er vel noko slikt som at alle bør gå litt djupare inn i sine eigne haldningar før dei prøvar å skape løysing på ei konflikt, dette vere seg rasisme eller kva som helst anna.


annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish