Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
HannaSkriv ut Utskrift
Om Hanna som blir forelsket i Eli. Lesbian stuff.
Bokmål - NovelleForfatter:


Det snødde ikkje no, det var klart ute. Over ho dukka det opp stadig fleire stjerner som fylte den veldige, tomme himmelen. Ho la seg på bakken og pressa armane mot brystet for å stogge skjelvinga… Det oppe såg ho ein fugl. Han var herre der oppe. Inga kvile, ikkje noko sikkert mål for den stadige flytinga gjennom lufta. Under han breidde vinterlandskapet seg. Han såg ingen som var lik han sjølv.

 

Det var slik ho følte seg. Einsam. Ingen som var lik ho. Det var ei vond kjensle. Det var som ho kunne kjenne ho trenge seg langt inn i ho. Gnagande… Ville ho nokon gong bli fri frå kjensla? Ho merka kulda som kom krypande. Snikande inn i sjala som om ho aldri ville forlate ho.

 

Ho hugsa dagen som han var i går. Dei hadde hatt haustferie og var akkurat komi att på skulen. Det hadde komi ei ny jente. Eli. Ho hadde slikt eit vakkert svart hår… Likevel var det noko anna med ho som fanga Hanna. Når ho såg på Hanna med dei brune, djupe auga, var det som om ho ikkje såg nokon anna. Dei trakk ho til seg og haldt ho der, som i eit av ederkoppens nett. Ho merka nok at Hanna såg på ho, for ho kikka opp, så blikka deira møttest. Om ho var overraska, så viste ho det ikkje. Ho berre smilte. Hanna smilte tilbake.

 

Frå den dagen hang dei saman som erteris. Eli og Hanna. Hanna og Eli… Då Eli fylte år, ga Hanna ho eit gullhjarte. ”Eg elskar deg.” Sa ho. Eli stira på ho. Så slengde ho gullhjartet ifrå seg. ”Elskar du meg? Korleis kan du elska meg?” Elis auge fylte seg med tårer. ”Korleis kan du seie det? No har du gjort vennskapen vår om til noko ekkelt!” Ho tok seg til andletet. ”Forsvinn! Vi kan ikkje snakke saman lenger!” Hanna starta å gråte. Ho prøvde å snakke med Eli, men det var som om ho lukka øyra. Ho ville ikkje ha noko meir med Hanna å gjere.

 

Dagane blei lange og triste. Einsame utan Eli. Så nå låg ho der ute på klippa. For å bli kvitt saknet. Viss ho berre torde! Då kunne ho kjenne seg fri! Fri som fuglen. Ho trakk eit langt skjelvande andedrag og reiste seg. Ho slo armane ut som om dei var venger… Og ut i den stille vinternatta flaug ho…


annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish