Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
SjølvmordstankarSkriv ut Utskrift
Ei jente som heiter Anja byrjar på ny skule. Ho likar seg ikkje der, og då blir det sjølvmordstankar.
Nynorsk - FortellingForfatter:



I dag er dagen, då Anja skal flytta. Anja gleder seg til å flytte frå den gamle, kjedelege skolen. Ho set seg inn i bilen og reiser. Ho skal begynne i 8.klasse. Ho har på seg ein blå genser og et par jeans ho kjøpte i går. Anja er glad i å rappe og har skrevet ein del rappesangar. På vegen til den nye skolen skriv ho ein ny rapp.

 

Nå er ho nesten fremme, og ho gleder seg bare meir og meir. Ho tenkjer som:”Tenk om de synest eg ser teit ut” og ”Tenk om eg ikkje får noen venner”. Været er fint, sola skin og himmelen er skyfri.

 

Ho trekkjer pusten djupt før ho går inn i det nye klasserommet, så går ho inn. ”Alle ser snille ut” tenkjer Anja. ”Det er sikkert ikkje vanskeleg å få venner her”. ”Hei”, seier ho stille, og ser usikker ut. ”Hei”, svarer elevane. ”Kanskje du skal fortelje litt om deg sjølv?” spør læraren vennleg. ”eg heiter Anja og kommer frå Hamar”, svarte ho. ”Ok, da skal vi finne ein plass til deg” sa læraren og så seg rundt i det store klasserommet. Han fekk auge på ein plass, bakarst i venstre hjørne og sa: ”Du kan sette deg der borte”, og peikte på den ledige plassen. Ho gjekk til den ledige plassen og sat seg. Klassen var delt i to grupper, A og B.

 

I friminuttet sat ho aleine på plassen sin. Ingen merka henne der ho sat og følte seg einsam og aleine. Sånn hadde ho det heile dagen. No gjekk det opp for henne kor kul den gamle skolen eigentleg var. Det tok ikkje lang tid før ho fekk sjølvmordstankar òg.


Skolen var slutt og ho gjekk fort heimover. Med lange, raske skritt og blikket festa i bakken, prøvde ho å finne ein måte å ta sjølvmord på. Så kommer ho på at faren hennar har ei børse hengande på eit stort stativ i kjellaren. Det fekk ho til å gå heimover enda fortare, og ho håpa på at ho var aleine heime. Vegen var ganske lang og då ho endeleg kom fram gjekk ho nervøst opp tre-trappa. Ho tok på det gullfarga handtaket. Døra var låst. Ho tok forsiktig nøkkelen frå det nye, svarte skulesekken ho fekk av bestemor Ingeborg. Ho var heilt skjelven i hendene og ho byrja å sveitte. I det ho skulle sette nøkkelen inn i låsen,skvatt ho til. Mor hadde komen heim

”Å, er du heime allereie?” sa mora overraska.

”Ja”, svarte Anja nervøst.

 

Mora gjekk inn på kjøkkenet og såg i kjøleskapet:”Vi er tom for mjølk, og eg hadde tenkt å lage pannekaker. eg må nok dra til butikken for å kjøpe mjølk. eg er snart tilbake.” ” Ok, hade! ” sa Anja, men idet mora gjekk ut av døra, fekk Anja ein idé. Ho skunda seg ut, barbeint, og ropte etter mora :”VENT!!” Mora stoppa : ”Kva er det vennen?”

"Eg lurte på om eg kunne dra til ei venninne?”

”Ok, men vær heime til kl. 16:30, for då er det middag.”

 

Ho skunda seg inn og låste døra etter seg, og løp ned igjen til kjellaren. Ho tok ned børsa forsiktig. Så gjekk ho opp i gangen og sat på seg sko. Då ho gjekk ut låste ho døra etter seg og tok nøkkelen rundt halsen. Ho bar børsa under armen og gjekk mot skogen som var bak huset deira. Anja gjekk med korte og tunge skritt. Ho følte redsel. Da ho kom midt i skogen, stoppa ho. Det begynte å torna og regne, ho blei redd og ho var gjennomvåt. Ho trykte børsa mot panna si, men ho torde ikkje å trekkje av. Ho tenkte at det var dumt å ta sjølvmord bare på grunn av at ho ikkje har nokon å vera med. Ho tenkte òg at ho ville skaffe seg venner etter som tida gjekk, og sånn blei det òg.

 

Ho gjekk heimover. Anja var glad for at ho ikkje tok sjølvmord. Då ho kom heim var ikkje mora heime. Først gjekk ho ned i kjellaren og hang børsa på plass, så gjekk ho inn på kjøkkenet. Ho tok seg litt juice, då såg ho ein lapp som låg på kjøkkenbordet. Der stod det :”eg måtte i et møte, så eg kjem seint heim i kveld, så det blei ingen pannekaker, men eg har lagt igjen 50kr. til deg, så du kan gå på butikken og kjøpe deg noe. Helsing mamma”. Anja tok dei 50kr. og gjekk til butikken for å kjøpe godteri.

 

På butikken møtte ho Kine-Marie, som gjekk i klassen hennar :

”Hei!” sa Kine-Marie.

”Hei!”svarte Anja.

”Kva synest du om skulen våras då?” spurte Kine-Marie vennleg.

”Grei nok den”, laug Anja og rista på hovudet.

”Skal du noe i dag?”spurte Kine-Marie.

”Nei, skal bare vere heime”, svarte Anja.

”Kanskje me kan finne på noko då?” sa Kine-Marie.

”Det kan me sikkert. Me kan dra til meg”, svarte Anja.

”Høyres bra ut”, svarte Kine-Marie.

 

Kine-Marie og Anja blei bestevenner. Anja var glad for at ho ikkje tok sjølvmord, for viss ho hadde gjort det , ville ho ikkje hatt sjansen til å bli kjent med Kine-Marie. Ho hadde fått alt ho ønska seg. Ho hadde aldri sjølvmordstankar igjen, og synest at det at ho flytta til ein ny skule , var det beste som hadde hendt henne.




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish