Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
Tvungen av fridomSkriv ut Utskrift

Temaet for novellen var valg, det å bli tvunget av frihet.

Nynorsk - NovelleForfatter: Anonym



Det heile starta i oktober for to år siden. No når er ser tilbake på kva som skjedde er det tydeleg for meg at eg var ung. Eg var sta. Eg var rett og slett ein opprørar på sytten år. Då eg møtte han så eg vårt forhold som ein moglegheit til å frigjere meg frå foreldra mine. Eg ville halde fast på den fridommen eg hadde krav på, eg som snart var atten år. Han var alt det eg visste mor og far ville hate. Sjølv var eg sjølvsagt klar over at det han dreiv på med – alkohol, dop, piller... alt saman. Det var jo ikke bra. Men det var ikkje viktig. Ikkje då. Han var nydeleg, han var snill, og han hørte på det eg hadde å seie. Han fekk meg til å føle meg vaksen, som om eg betydde noko. Han var også den fyrste som fekk meg til å føle meg vakker. Sexy.

 

Då foreldra mine fann ut kva eg hadde drive på med, kven eg hadde vore i lag med, då ble det bråk. Far sa tydeleg frå at ”slike menneske er ikkje noko for ein i vår familie”. Kva meinte han med det? Var han ikkje bra nok for meg? Kvifor skulle min far fortelje meg kven eg kunne være i lag med? Kven rett hadde dei til å råde over meg? Eg hadde då fridom til å velje sjølv!

 

I fleire veker var det stille i huset. Foreldra mine snakka ikkje til meg. Eg var sjeldan heime, som oftast var eg med han. Eg likte han meir og meir. I starten var eg aldri med på ”turane” hans. Det ville eg ikkje. Eg kjende meg litt redd for rusen, eg hadde jo aldri vore i eit slikt miljø før no. Han gjorde det meste – han brukte piller og sprøyter, han røykte og sniffa. Ein dag valte eg å prøve. Eg var skremt, men tenkte at om han likte det, då ville vel eg også like det? Eg ville at han skulle føle at eg var vaksen, sånn som han. Det var spennande.

 

Den dagen då eg kom heim møtte far meg i gangen. Han så meg inn i auga. Då small det. Han såg at eg var rusa. Fleire timar med skrik følgde, og enda med at far sa eg måtte velje. Slutte å møte han, eller flytte ut. Eg dro den kvelden.

 

Eg flytta inn i leilegheiten hans og me hadde det bra saman ein god stund. Han og eg. Sidan vi var saman heile tida blei det til at eg blei med på fleire ”turar”. Etterkvart blei det ein vane. Han fann ut at eg måtte betale ein del av leia samt noko for vår dyre vane. Det gjekk mykje pengar. Eg tok ein jobb etter skulen, men fann fort ut at det ikkje funka. Det var vanskeleg å gå på skulen. Mange av vennane mine såg annleis på meg. Eg hadde gjort opprør. Utan vennar og utan penger slutta eg på skulen. Eg jobba meir. No var det berre meg og han, og me rusa oss oftare. Eg forandra meg fort frå å vere ein uskuldeg jomfrueleg jente, til å bli ein erfaren partnar. Det var det tida vår gjekk med til. Meg og han. Me tok ”turar” og me hadde sex. Me åt ikkje stort og hadde ikkje så mykje pengar til overs. Men eg hadde fridommen. Eg hadde han, mannen eg elska, og fridommen.

 

Han var snill. Han hadde vore det heilt siden eg møtte han. Eg trur ikkje eg såg at han forandra seg. Ikkje før det var for seint. Eg oppfatta at han hadde ein del humørsvingingar, men tenkte at det var vel naturleg? Det var eit stort press på å skaffe nok pengar og det blei slitsamt. Eg var blitt mykje tynnare og eg kjende meg svakeleg. Då han kommenterte det blei eg såra. Det var ikkje lengre snakk om mat frå mor. Eg snakka ikkje ein gong med foreldra mine meir. Dei ville ikkje ha nok med meg å gjere.

 

Ein dag då eg kom heim frå arbeid sat han der. Han var heil borte og han var sint. Han hadde mista jobben sin den dagen. Dei hadde funne ut at han var ein junkie og ville ikkje ha han der meir. Dette var den jobben han hadde klart å halde lengst – i seks månader. Etter den dagen gjekk det berre nedover. Han brukte tida til å sove og prøvde ikkje å få noko ny jobb. Me byrja å krangle konstant. Etter ein stund begynte han å selde narkotika for å tene pengar. Det var ein usikker jobb og han var ofte nervøs. Fleire menneske kom innom leilegheita for å kjøpe og eg følte meg aldri trygg heime.

 

Med kranglane kom også valden. Fekk han det ikkje som han ville kunne han slå meg til eg ikkje klarte å reise meg igjen. Eg hadde stadig skrammar eg måtte skjule med sminke og folk på jobben byrja å spørje om noko var galent. Eg sa nei.

 

Sped og utan krefter orka eg sjeldan samleie. Då kunne han bli sint og tvinge seg på meg like vel. Det var smertefullt. Eg blei lei av rusen. Eg orka ikkje meir. Det var som om eg plutseleg vakna frå ein drøm. Kva har skjedd med livet mitt?

 

Eg står her framleis i dag. Det har vore slik i over eit år og eg klarar ikkje gå frå han. Sjølvsagt har eg prøvd å rømme, prøvd å komme meg vekk. Men eg kan ikkje. Han vil følje etter meg. Eg er den einaste han har og sjølv har eg ingen andre meir. Ingen stad å gå. Eg har tvunge dei vekk, ut av livet mitt. Mitt val om fridom har gjort at eg i dag er tvungen til å bli. Han brukar vald og truslar for å halde meg her. Eg vet at det er mi eiga feil, men eg elska han jo! No er eg berre redd.  Eg ser ingen utveg... Eg er fanga i min fridom.




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish