Nyttårsforsett – Verden vil bedragast

Nyttårsforsett er oppskriften på dårlig samvittighet.
Sjanger
Essay
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
2008.03.22

Som eit menneske har me alle feil og manglar. Nokre har kanskje fleire enn andre, og aller flest har me vel sjølv, i våre eigne auge. Om det er bra eller dårlig, veit eg ikkje. Det er vel subjektivt, det òg. Det kan få oss til å gjere endringar, eller me kan ende opp kronisk deprimerte alle saman. Og kven skal då styre verda?

 

I ordboka kan me slå opp ordet nyttårsforsett, og me vil finne definisjonen: ” Forsett, plan for året som kjem.” Enkelt det, ikkje sant? Vel, hadde det berre vore slik. Hadde berre temaet vore svart-kvitt, og ikkje nyansert i alle regnbogen sine fargar. Hadde eg vore den som skulle skrive ei ordbok, ville eg heller skrive noko som: ”Umogleg forsett som folk set seg ut av dårleg samvit.” For er det ikkje nettopp det eit nyttårsforsett er?

 

’Hans samvittighet var så dårlig at den måtte avlives’, sa forfattaren Nils-Fredrik Nielsen. Det vil me jo ikkje. Kva skulle me gjort utan den? Likevel skulle me kanskje ønske at samvita vår låg seks fot under når me igjen kjenner den ubehagelige, stikkande kjensla som kryp inn på oss når me får ein litt for dårlig karakter etter å ha ’gløymd’ å øve til prøven. Kvar gong me utset å vaske badet fordi me rett og slett ikkje gidd. Kvar gong me lyg for å kome oss ut av ein kinkig situasjon. Då kan det lindre litt å tenkje det at ja, men det var siste gong. Eg skal aldri gjere det meir. Til nyttår set eg meg eit nyttårsforsett som seier at mine dagar som lat, useriøs og uærleg er over. Det lindrar.

 

Som ei evig jakt etter perfeksjon set me oss mål.  Store mål. Me har dårleg samvit fordi me føler me ikkje strekk til. Det som er litt rart, er at me ikkje treng å oppfylle nyttårsforsettet for å lindre vår samvit. Det er rart, me føler oss betre ved å lure oss sjølve, men er det ikkje nettopp då me ikkje strekk til? Det kan gå i surr for dei fleste. Det veit eg det gjer for meg. Eg har sjølv prøvd det, og sjølv om hovudet mitt seier det heile er absurd så kjenner eg at eg føler meg betre med ein gong. Er det ikkje merkeleg? Det er i alle fall mi oppfatning.  

 

Eg skulle bruke minst to timar til å øve på kvar prøve eg hadde i løpet av eit heilt år. Minst to timar, tenkte eg, det er ikkje all verden. Likevel, når dagen før prøven kjem luskande har eg alltid ein stad å vere, alltid noko betre å gjere. Unnskyldningar er lette å finne, og etter kvart lette å gje seg over til. Ikkje særleg lurt, men éin gong er vel greitt? Til slutt har eg ikkje øvd to timar på ein einaste prøve. Likevel føler eg meg ok, fordi eg ved å setje meg eit nyttårsforsett allereie på ein måte har gjort det. Eg er ikkje ein profesjonell psykiater, men eg veit da litt om korleis min eigen hjerne fungerer, og min hjerne fungerer slik.

 

Nyttårsforsett er lureri. Rett og slett, utan tvil. Spørsmålet er om det kanskje er eit naudsynt lureri? Som eg nemnde heilt i starten, ville det ikkje vere lett å finne nokon som kunne styre verda viss alle gjekk rundt med kronisk depresjon. Og det er vel kanskje ikkje heller om dei aller viktigaste tinga me set oss nyttårsforsett?

 

 

Kjelder:

http://www.ordtak.no/index.php?emne=Samvittighet

http://www.dokpro.uio.no/perl/ordboksoek/ordbok.cgi?OPP=nytt%E5rsforsett&nynorsk=S%F8k+i+Nynorskordboka&ordbok=bokmaal&alfabet=n&renset=j

Legg inn din tekst!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp tekst