Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave


propaganda.net : Skole & Jobb
HavetSkriv ut Utskrift
Essay om havet.
Nynorsk - EssayForfatter:

Det er umogeleg for meg å sjå på alle sidene ved havet i et lite essay som dette. Eit så stort emne, med så mange innfallsvinklar, gjør at ein må velje ut nokre måtar å gå laus på, å gå ut frå. Eg veljar her å konsentrere meg mest om havet og det forhold det har hatt til menneska gjennom tidene, medan eg til ein viss grad unngår å seie så mye om forureining av havet, overfiske, etc.

 

Uendeleg, mektig, evig. Dei er alle adjektiv som seier noko om havet. Ei uendeleg rekke metaforar er knytt til det; tallause er dei diktarar og forfattarar som har skildra det, dei kunstnarar som har måla det og teikna det. For havet har alltid vore ein del av livet til menneska, ikkje noko på jorda vår har møtt så mye frykt, men og så mye tiltru som havet.

 

Men her må eg stoppe litt opp. For kva er eigentleg havet? Det er ein stor søledam, vått vann som omgir oss på alle kantar. Det er så enkelt som det. Men samtidig er det så mye meir. Eit perpetuum mobile, eit uforanderleg stille teppe; igjen og igjen, bølgjene slår mot stranden, mjukt og vennleg, langsamleg. Men med eitt: ein veldig tsunami, ein flodbølgje, slår inn mot land, han legg hamnebyar aude, knuser skip og trær; alt som står i vegen for han får unngjelde. Da endrast havet frå ein god venn til ein dødbringande fiende. For slik er det, havet. Vennen til menneska, men også fienden deira. bevare

 

Her ligg kanskje og noe av det fascinerande med havet, for på alle måtar er det både livgivande og dødeleg for mennesket; som dei tre indiske hovudgudar; dei er ein, men dei er også tre: Shiva, audeleggjaren og Vishnu, voktaren og Brahma, som er i alt. Her finn vi mye og av havet, det legg aude og det hjelper. Havet gir og havet tek. Det er korkje godt eller vondt, det bare er. Havet har aldri lova noko, så det er ikkje trulaust. Det skreiv Alexander Kielland i 1880, og det er framleis riktig. Vi kan ikkje skulde det for noko, men vi må heller ikkje takke det.

 

Bølgjene: Desse mektige tenarar av Neptun, Poseidon eller kva vi ynskjer å kalle han, havguden; stundom, når vinden bles kraftig, rører dei på seg, da vaskar dei mot stranda, i eit uendeleg forsøk på å vaske vekk sanda, slite på berga. Bølgjene, heile tida leitar dei etter sjømenn; for det største ynskje havet har, det er å stede uheldige sjømenn til den siste kvile, da er det lykkeleg.

 

Kor mange matrosar og andre som har funne den tyste kyrkjegården sin på botnen av havet, veit ingen. Til alle tider når menneska har segla på havet, har skip forlist og menneske drukna. Der finn vi den endelege kyrkjegården vår; av hav er vi komme, til hav skal vi bli og av hav skal vi atter oppstå. Og nett her finn vi kanskje det mest skremmande med sjøen - havet. Etter å ha slukt desse menneska, kva gjør det? Viser det tekn på å ha stilna svolten, metta hungeren? Nei, det gjør ikkje det. Ikkje det minste vesle rap kjem opp frå djupet, og ein undrar seg: Kor mye rommar det eigentleg?

 

”Heilt sida lenge før dei gamle egyptarar, har menneska segla på havet.” Havet bar oss, for det meste, trygt opp gjennom sekla. Og gong på gong stemde det; Han som meistra havet best, kontrollerte også verda. Iallfall deler av ho. Og når vi kom utover mot 1750, eller kanskje litt seinare, eg er ikkje sikker, men det spelar ingen rolle, utover mot 1750 ja, så byrja den industrielle revolusjon. Dette førte med seg forureininga; denne grufulle morbus, ei misere av på den tida ukjende dimensjonar. Fryktelege var pinslene havet gikk gjennom, med oljesøl og ulykker, og, berre for å nemne det, overfiske.

 

Havet er leveveg for millioner av menneske. Fiske, sjøfart og diverse industrielle bastionar eg ikkje ynskjer å nemne, er alle med på å gjere havet til den største og viktigaste av alle arbeidsplassar (uten at eg skal si det sikkert, for eg har ingen fakta på det), men som eg har sagt før, er havet noko meir. Havet er lengsel, havet er eit ynskje, kanskje om å reise. Når han sit der og ser utover havet, strandboaren, så er det tenkeleg at han drøymar om ein betre stad, ein stad på den andre sida av havet, kanskje veit han ikkje heilt kva, eller kor det er, men likevel drøymar han, om havet.

 

Europa seint på 1400-talet: Folk flest har inga oppfatning av verda utafor deira vesle Europa. Europearar har trengd inn i delar av Afrika, men ennå har ikkje den store verdsdelen i vest blitt kjend, og ennå har ikkje Vasco da Gama fått hjelp av ein arabar (men all æra tok han sjølv) til å finne sjøvegen til India. Det er framleis nokre år til Amerigo Vespucci seglar til det som skulle bli oppkalla etter han, Amerika, kor han skriv dei populære reiseskildringane sine frå. Men allereie i mange tusen år har havet vore den viktigaste transportåra, for eit skip kan frakte så mye, mye meir enn ein karavane. Det er no over 3000 år sida fønikarane lærde egyptarane å byggje skipa som seinare blei kald Byblos-skip. 2500 år sida Baal heldt den vernande handa si over kaananittane når dei segla forbi Herakles søyler, nær verdas ende. Denne vesle amatørmessige, og ufullstendige, gjennomgang av historia til nokre oppdagarar og til nokre oppdagande sivilisasjonar, kan i noen grad vise kor viktig skipet var, og med det havet, for uten det, kjem ein ikkje langt med båtar.

 

Også vi her i Noreg kan takkje havet for mye av rikdommen vår. Ein stor del av eksportinntektene til Noreg kjem frå havet, nemleg frå fiske, og dessutan frå olja som jo er å finne i havet, nærmare bestemt havbotnen. Men nok ein gong nemner eg dette med fisket. Det er ikkje dét eg ynskjer å si noko om. For havet, endelaust og umåteleg, tålmodig og overberande, aldri straffar det oss for våre feil, for sjølv i lys av den grumme drakonisme vi veit havet eig, er det ikkje vondt meint når det tek frå oss våre kjære.

 

”O skjenk meg ein grav i det grasgrøne hav; la bølgjene skjule min gråt,” skreiv Herman Melville i boka ”Moby Dick” for nokre år sia. Eg hugsar ikkje kva for ein samanheng han sa det i, men han har sanneleg rett, for nokre gongar, når livet går ein i mot, kan det vere fristane å kaste seg ad undas - i bølgjene. For ein veit, at etterpå blir havet igjen blankt og stille der det ligg og er vår lukka likkiste. Stille, men alltid søkjande etter liv. Søkjande, lengtande.

Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish