Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (753) Anmeldelse (bok, film...) (638) Artikkel (952) Biografi (264) Dikt (1040) Essay (571) Eventyr (115) Faktaoppgave (397) Fortelling (843) Kåseri (612) Leserinnlegg (123) Novelle (1334) Rapport (624) Referat (174) Resonnerende (212) Sammendrag av pensum (182) Særemne (161) Særoppgave (348) Temaoppgave (1266) Annet (528)

Språk

Bokmål (8210) Engelsk (1643) Fransk (26) Nynorsk (1150) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Vi dusjar oss ureine

Vi dusjar oss ureine

Det du ikkje vil veta.

Sjanger
Kåseri
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
29.04.2008
Tema
Miljø


Da er vell ingenting som fristar meir enn ein lang varm dusj etter ei hard trenningsøkt, eller ein kald kveld. Såpe oss inn med den nye godluktande dusjsåpa du kjøpte på parfymeriet. Ta sjampo og balsam i håret så det både luktar å ser fint å nyvaska ut. Du tenker kanskje at etter ein dusj, så vil du jo ikkje til med noko som vil gjer deg skitten eller kose masse med husdyret ditt, fordi du føler deg rein og bakteriefri, Men sanninga er at det hadde ikkje spelt noko rolle, du hadde våre lika ”skitten” uansett.

 

Du står inne på badet, nydusja føler deg rein å fin, men det har du ingen grunn til, for den såpefylte dusjen du tok gjorde meir skade enn du trur. Den ekstra dyre såpa du kjøpte på parfymeriet, er bare å bruka ekstra pengar for å bli meir urein. Det blir ikkje betre når du skal smøre på med bodylotion med glitter, hudkremar til fleire hundre kroner og til slutt spraye deg med en dyr parfyme. Du føler deg kanskje sunn, frisk å rein, men meir feil kunne du ikkje tatt. Det verste er at du faktisk kjøper ekstra dyre ting for å lukte betre og kanskje du faktisk trur den er betre.


 

Når det er sakt, urein, Greitt du ser rein ut, luktar reint og føler deg sikkert bra. Men tenk på alt du smørjer på deg, dagleg, du trur vell ærleg talt ikkje at det er bra for huda. Du lurer kanskje på kvifor huda din er tørr og raud, mens du står i dusjen og smørjer deg inn med parfymert dusjsåpa. Visst du faktisk er villig til å bruka så mykje pengar på den dusjsåpa, så får du nokk fortsetta å lura, for det vil blir vanskeleg å få det inn i hovudet ditt. Problemet med dette blir og, at huda di vil til slutt ver lika avhengig som deg av dette produktet, du må alltid smøre deg inn med bodylotion fordi utan den er det no sånn at huda blir tørr og raud. Du som gjer dette, tenker jo sikkert ikkje øve at det er den ”fantastiske” dusjsåpa som er med på å gjer huda raud og irritert. Eg vil og tru at du aldri har lest kva dei produkta du bruker inneheld, noko som kanskje hadde vert lurt, sidan du har tenkt å bruka den kvar dag.

 

Ein typisk tur på badet er sikkert: Først så smørjer du ansiktet inn med ein såkalla ”reinsekrem” som skal sitte på i 5 minutt, før den skal skyljast ut. Det gjer kremen 5 minuttar til og få mest mulig giftige stoffar inn i huda din, mens du naivt tenker at den vil gjere underverk. Visst du synst det høyrest ille ut, foreslår eg at du sluttar å lesa. For tru meg, det var bare byrjinga. Når du går inn i dusjen for å skylja vekk kremen, så er sikkert huda di letta for at det er over. Men det er det ingen grunn til, for du har så vidt begynt. Store klyser med sjampo etterfølgt med ei enda større klyse balsam, sånn at du skal få det  perfekte glansfulle hår, som alle vil misunne deg, som dei sa på reklamen. Etter dette påfører du barberkrem for å få eit ”silkeglatt” resultat når du barberer leggene, etter dette på heile kroppen vaskast med ei parfymert dusjsåpa, før du skylder det av og går ut av dusjen. Kanskje huda og kroppen din tenker, endelig ferdig, men du er langt ifrå ferdig. Badet vil vera opptatt ei god stund til, når du står der inne å smørjer deg inn med glitrande bodylotion, dyre hudkremar, brunkrem, maskara, handkrem og uendelig med giftige stoffar.

 

Har du nokon gong merka at du blir trøtt etter ein dusj? Ja det er jo ikkje så rart, når kroppen har strevd heile kvelden med å kvitta seg med kjemikaler og giftige stoffar du frivillig har påført han. Eg håper du var tøff nokk til og lese alt og tenke over det. Så morgondagen blir lettare for både deg å huda di. Har du og tenk på kor lang tid du kastar bort på dette? Du kan vell ikkje fortsatt tru at det er nødvendig med alle desse produkta?

 

Eg håpar at du har lært og tenker over dette neste Morgon, når du står der med eit val, å eg håper eg har gjort det valet litt lettare for deg. Folk må og forstå kva desse stoffene gjer mot miljøet, og seg sjølv. Så til alle der ute som har tatt seg tid til å få litt vett inn i hovudet, pass opp for følgende stoffar: Cyclopentasiloxane, Triklosan, Cyclomethhicone, Cyclohexasiloxane, Parabener, BHA og BHT.

 

Styr unna følgede produkt:

- Dove Hydro Fresh Body Lotion

- Dr.Greve Sensitiv Body Lotion

- L’oreal Nutrilift Body Lotion Extra Moisture 24H

- Nivea Body Soft caring Lotion

Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil