Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave


propaganda.net : Skole & Jobb
Korleis blir psykiatriske sjukehus/institusjonar framstilt i bøker?Skriv ut Utskrift
Særemne om tre bøker: "De gales hus" av Karin Fossum, "23-salen" av Ingvar Ambjørnsen og "På St. Jørgen" av Amalie Skram.
Nynorsk - SæremneForfatter: Anonym

Det eg har vald å ha om i særemne, er korleis psykiatriske sjukehus/institusjonar blir framstilt i bøker. Eg valde å lese 3 bøker, ”De gales hus” av Karin Fossum, ”På st. Jørgen” av Amalie Skram, og ”23-salen” av Ingvar Ambjørnsen.

 

Før eg tar tak i problemstillinga, vil eg fortelje litt om dei 3 bøkene eg har lest;

 

De gales hus: Hovudpersonen i boka er Hajna på 24 år, som er klar til å døy. Ein dag i mars blir ho båret over terskelen til lukka avdeling på Varden, etter å ha kasta seg gjennom eit butikkvindauge, som gjorde at ho måtte sy 160 sting. Når Hajna kjem på Varden vil ho berre døy, og prøver å dø ein langsam daud ved å svolte seg sjølv. Hajna er i byrjinga av boka sterkt deprimert, men blir etter kvart betre. Handlinga går føre seg frå 1978 til 1979, i Noreg.

 

På St. Jørgen: Denne boka er den andre boka av to sjølvbiografiske romanar av Amalie Skram, som tar utgangspunkt i når ho sjølv var på sinnssjukehus. Hovudpersonen, som heiter Else Kant, meiner at ho ikkje er gal og at ho ikkje har nokon ting på ein sinnssjukehus å gjere, og får ikkje vite kvifor ho blir heldt der og kor lenge ho er naudsynt å vere der. Den første boka, som heiter ”Professor Hieronimus”, handlar om at Else blir innlagt ufrivillig, og at legen ikkje vil høyre på ho. I boka ”på st. jørgen” kjem ho til eit nytt sinnsjukehus, der ho får ein lege som faktisk høyrer på kva ho har å seie. Handlinga går føre seg frå på 1890-talet, i København.

 

23-salen: Ingvar Ambjørnsen seier at alle hendingane som er henta frå denne boka kjem frå hans eigen hukommelse når han sjølv arbeida som hjelpemedpleiar på Lier sjukehus i perioden 1974 til 1975. Det einaste han har dikta opp i boka er pleiarane med dei kritiske haldningane, for dei fantes ikkje. Hovudpersonen i boka heiter Andreas. Han sluttar på skulen etter ungdomsskulen og byrjar å jobbe på ein fabrikk. Etter to år går han lei, og prøver å få seg jobb på psykiatrisk sjukehus. Etter ei stund får han jobb på eit sinnsjukehus som heiter Lier sjukehus, og han byrjar å jobbe på ”23-salen”. Det er på denne salen ”verstingane” av dei innlagte bur, og det er bare menn på denne avdelinga. Andreas møter straks utfordringar, og får sjå kor hardt det kan vere å jobbe under slike forhold som dei jobbar under. Handlinga går som sagt føre seg i 1974 og 1975, i Noreg.

 

Likskapar og ulikskapar

Det som er felles for alle bøkene, er at handlingane går føre seg på psykiatrisk sjukehus i alle bøkene, og handlingane går berre føre seg i Noreg eller Danmark. Det som og er felles for alle bøkene er at alle forfattarane har hatt noko med psykisk sjuke folk og institusjonar å gjere ein eller annan gong i livet sitt. Ingvar Ambjørnsen har jo sjølv jobba på psykiatrisk, Amalie Skram var innlagt, og Karin Fossum har jobba på sjukehus, og med rehabilitering av narkomane.

 

Det som er forskjellig i bøkene er synsvinklane og kva tid handlingane går føre seg på. Medan både ”23-salen” og ”de gales hus” er skrive om handlingar på 1970-talet, utspelar handlinga i ”på st. jørgen” seg på 1890-talet. I alle bøkene får me sett institusjonane frå ulike synsvinklar. I ”23-salen” får me sett Lier sjukehus frå ein som jobbar der sin synsvinkel, i ”på st. jørgen” får me sett st. jørgen korleis den blir oppfatta av nokon som er innlagt men ikkje er psykisk sjuk, medan me i ”de gales hus” får sett korleis Varden sjukehus blir sett gjennom augo til ein person som er psykisk sjuk. Ein annan ulikskap er at medan bøkene ”23-salen” og ”på st. jørgen” fortel historier som er heilt eller delvis sanne, er ikkje ”de gales hus” basert på ekte historier.

 

Korleis er forholda på dei psykiatriske sjukehusa?

 

Mangelen på personell

I både ”23-salen” og ”de gales hus”, kjem det fram at det er ein stor mangel på personell. I ”de gales hus” får eg eit inntrykk av at det manglar personell, ut ifrå det Hajna observerer og tenkjer. Ho merkar seg blant anna at personellet ofte får panikk når nokon av pasientane får utbrot eller liknande ting som skjer som krever ekstra personell, for dei har ikkje nok personell til det. Og spesielt i høgtider som til dømes jul, slit personellet fordi dei er for få. I ”23-salen” har dei ikkje noko særlig tid til pasientane, noko som resulterar i at ein må tenkje at jobben skal bli gjort effektivt, uansett. Så dei kan ikkje ta seg tid til pasientane. Eit eksempel på dette er når dei finn ut at ein av pasientane deira som dei trudde ikkje oppfatta noko som helst som skjedde rundt han plutseleg svarar på noko dei spør han om. Dei har bare tatt det for gitt at mannen ikkje kunne oppfatte noko som pleiarane sa, og at han ikkje kunne ete eller gjere nokon liknande ting sjølv. Men så finn dei ut at han både kan oppfatte kva som skjer og at han klarar fint å ete sjølv. Dei har berre ikkje funne ut av det før sidan dei ikkje har hatt tid nok til å ta seg tid til pasientane og snakke til dei og pleie dei skikkeleg.

 

Kva behandlingsmetodar blir brukt på sjukehusa?

I ”De gales hus” går pasientane til psykiater ein gong i veka, og mange av dei innlagte har noko ein kallar for ”fotfølge”, det vil seie at ein ikkje får gå utanfor sjukehuset utan at den ansatte som har ansvaret for ein er med. I ”på st. jørgen” får pasientane jevnlig besøk av sjukepleiarar som ser til dei, og dei snakkar med legen ein gong i blant. I boka ”23-salen” derimot, får pasientane ingen behandling, fordi sjukehuset ikkje har pengar til det. Det einaste dei ansatte der gjer for pasientane, er å gi dei mat og bade dei. Det nærmaste ein kjem behandling der er at dei festar pasientane fast til senga med belter dersom dei gjer ugang, som å kaste mat på gulvet når dei skal ete, og liknande. Sjølv om dei får behandling i både ”de gales hus” og i ”på st. jørgen”, så er ikkje behandlinga god nok. I begge bøkene blir folk feilbehandla, fordi at dei ansatte ikkje har tid nok til å gjere skikkelige vurderingar. I ”på st. jørgen” til dømes, blir Else Kant lagt inn og holdt der sjølv om ho ikkje er så sjuk som legen påstår.

 

Medisineringa av pasientane:

I alle bøkene må så godt som alle pasientane ta ein eller annan form for medisin. I ”på st. jørgen” og ”23-salen” er det ikkje eit så stort fokus på bruk av medisinar, men det er likevel nemnt. På st. jørgen får dei fleste pasientane ein eller annan form for medisin, men Else, hovudpersonen, får berre sovemedisin fordi ho søv dårleg. Men i ”de gales hus” er det retta ein ganske skarp kritikk mot medisineringa av pasientane på sjukehuset. Pasientane tar gjentatte gonger opp at dei meiner at medisineringa av pasientane er feil. Pasientane der legg på seg og blir svært overvektige, og nokon får store plager med eksem og liknande ting. Dei pasientane som har budd der ei stund blir etter ei stund sjåande heilt annleis ut enn når dei kom til sjukehuset, på grunn av medisineringa. Ein ting til dei peikar på med medisineringa er at legane ikkje tar seg skikkeleg tid til å finne ut kva som feilar dei som er innlagte, og at kva medisin dei får derfor er nokså tilfeldig. Ein annan ting med medisineringa er at det ser ut til at dei gjer at pasientane ser syner. Dette er noko eg ikkje kan vite sikkert fordi det ikkje står direkte i nokon av bøkene, men i ”De gales hus” står det skrive mellom linjene. Eit eksempel på dette er når Hajna ser syner dei første nettene etter ho blir innlagt. Ho har aldri sett syner før, men byrjar å sjå syner etter at ho blei innlagt og fekk medisinar. Også i ”På st. jørgen” er det hendingar som tyder på at medisineringa av enkelte pasientar ikkje er heilt påliteleg, men det står ikkje like tydeleg som i ”De gales hus”.

 

Korleis ser det ut på dei psykiatriske sjukehusa?

Dette kan kanskje verke som noko som ikkje har så veldig mykje med temaet å gjere, og i ”de gales hus” og ”på st jørgen” står det heller ikkje noko spesielt om korleis det ser ut. Men i ”23-salen” får me ei beskriving av sjølve 23-salen og andre ting på det psykiatriske sjukehuset som fortel ganske mykje om korleis det må vere å vere innlagt der. Eg vil lese eit utdrag frå boka om Andreas sitt første møte med 23-salen og ein av pasientane som ligg der;

 

”Det første møtet med salen. Var det noe rart han hadde reagert? Det første som møtte ham da hun låste dem inn var stanken.

 

Menneskedritt og piss, svette og oppkast.

Sigurd som lå som et kadaver på innsiden av døren, blind og jævlig, med skallen full av gammel syfilis. Gamlingen var naken fra livet og ned. Alt han hadde på seg var en skitten undertrøye. De blå-hvite skinkene og bena, den slappe hudfilla av en pikk, de nesten hvite øyeeplene som stirret blindt ut i ingenting. Munnen, nesten uten lepper. Gebisset var konfiskert for godt – munnen var ikke annet enn et kutt i stubbskogen av grå skjeggvekst, et sår i rynkehaugen. Sigurd.”

 

Vidare står det også om korleis toalettet og sengene deira ser ut. Toalettet er beskrive som endå eklare enn salen. Det er ikkje nokon skiljevegg mellom toaletta, og golvet er fullt av piss og dritt. Sengene er heller ikkje noko å skryta av.

 

Konklusjon:

Ingen av forfattarane har valt å framstille psykiatrisk sjukehus/ institusjonar på nokon positiv måte. Og sidan to av bøkene er basert på ekte hendingar, ser eg at det har tydeligvis vore grunn til å kritisere sjukehusa, og behandlinga av pasientane. Spesielt i ”23-salen” kjem det fram at psykiatrien ikkje har vore noko særlig å skryte av. Men heldigvis er det på 1800-talet og i 1970-åra hendingane utspelar seg, så psykiatrien har forhåpentlegvis utvikla seg og blitt betre sidan då.


Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish