Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
Pc-bruk på skulenSkriv ut Utskrift
For skoler og lærere er det en utfordring å ta i bruk datautstyr i skolehverdagen.
Nynorsk - ArtikkelForfatter:
Denne oppgaven inneholder bilder.
Logg inn via Facebook for å se dem.


Dei aller fleste ungdommar har ein eller fleire datamaskinar heime, og fleirtalet av desse ungdommane brukar pc omtrent kvar einaste dag. Teknologien er stadig under utvikling, og ein er nøydd til å vere i stand til å køyre fort i svingane dersom ein skal henge med på det nyaste innan datateknologien. Store delar av dagens ungdom tar sjølv kontrollen over kva slags media dei ønskjer å ta i bruk. Mange av oss ser ikkje like mykje på tv lengre, men i staden for lastar vi ned den episoden av programmet vi ønskjer å sjå – på datamaskinen – og hopper like godt over dei delane eller episodane som er mindre underhaldande.

 

Skulen har ein utfordring i forhold til integrering av data og digitale ferdigheiter. Data er ikkje eit fag ein kan samanlikne med sløyd eller samfunnsfag. Det er heller ikkje noko leiketøy. Data er eit reiskap, eit instrument som i all dagens teknologi er nødvendig for at ein skal kunne beherske eit kvart anna fag på skulen, og i dagleg livet ellers.

 

For elever flest flyter fingrane i full fart over tastaturet, inn og ut frå nettsider som facebook, nettby og liknande. Til og med dei bak kateteret har no høyrt om chat og msn. Eller har dei det? Det hjelper ikkje å fylle heile klasserommet med datamaskiner utan at lærarane har digital kompetanse. Ein lærer som er dårleg til å lese er sjeldan den beste til å lære sine elever å lese.

 

Ein del undersøkingar viser at det går med mykje tid på å lære seg data, og at data bidrar til dårlegare konsentrasjon. Det undersøkingane òg viser til, er at data aukar læringseffekten. Det er ingen hensikt i å gje kvar elev sin datamaskin for fri bruk, men ein må ha ein plan for bruken - med hjelp av ein lærar. Fleire skuler gjer elevane eit par timers undervisning i korleis dei beherskar dei grunnleggjande skriveprogramma. Dette er ein god start for elever med data som ein del av undervisninga i skulegongen, sjølv om kanskje dei fleste elevane har passert dette nivået. Det er viktig med oppfrisking. Det handlar om å bruke maskinene og opplæringa riktig.

 

I dagens samfunn er det heilt bak mål at elevar skal skrive for hand, i staden for å bruke verktøya man møter i arbeidslivet. Morgondagens arbeidsmarknad krevjar folk som kan handtere teknologi. Men det betinger at lærarane får den kompetansen dei treng til pedagogisk IKT-bruk”, seier prosjektledar Heidi Arnesen Austlid i IKT-Noreg.

 

Eg kan på vegne av meg sjølv og andre konkludere med at mange skular har alt det utstyret dei treng, men veit ikkje å ta det i bruk skikkelig.

 

<bilde>

Logg inn for å se bildet

 

Digitale hjelpemidlar utviklar ein del av ungdoms kunnskap og ferdigheiter på dei fleste sider av livet. Då er det viktig at skulen hjelper ungdom med å bli kritiske til kjeldene, og til å kunne utnytte alle dei moglegheitene data inneberer til det fulle. Pc er mykje meir aktivt enn bruk av for eksempel tv og film, fordi at ein må engasjere seg for å mota informasjon. Skuler i Noreg må lære seg å benytte seg av deira moglegheitene.

 

Lær skikkelig bruk av datamaskin i dag!

 

 

Kjelder:

Informasjon er henta frå:

- http://www.aftenposten.no/nyheter/iriks/article1362130.ece

- http://jonassr.wordpress.com/2007/07/27/cg-kunnskapsl%C3%B8ftet-%E2%80%93-er-pc-i-skolen-positivt/http://www.itu.no/Nyheter/1150965056.57

 

Bileta er henta frå:

- http://images.google.no/images?gbv=2&hl=no&q=elever+pc&start=18&sa=N&ndsp=18




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish