Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
Tapt kjærleik?Skriv ut Utskrift
Kort essay om å bli dumpa. Kvifor det er slik at nokon berre kan skru av kjenslane sine.
Nynorsk - EssayForfatter: Anonym


Kjensla av å bli dumpa. At hjarta ditt blir drege ut og kasta mot den harde asfalten, og etterpå tråkka på av hundrevis av forbigåande føter. Alt verkar grått og sjølv sola med si glans er berre eit forstyrrande element i jorda sitt ytre. Du føler du går rundt med eit skilt i panna; eg er blitt dumpa. Eg er så djupt nede som det går an. Brekk meg, øydelegg meg, gjer kva du vil. Det seiast at tid leger dei fleste sår, men du er sikker på at hjarta ditt aldri kjem til å bli reparert. Korleis kan du berre forsetje å gå, når den du vandra med gjekk ein annan veg? Heile vegen. Du og din kjære. Hand i hand. Kvar blei det av vegskiltet? Før du har fått tid til å tenke, er alt snudd opp ned. Kva gjer du nå? Klarer du å finne vegen heim åleine i mørkret?

 

Dei fleste opplever i livet det å bli dumpa. Du er i eit forhold du trivast i, men som nemnd, så kan vegane gå i forskjellige retningar. Kjensler går opp og ned. Av og til for nokre berre ned. Så står du der stupforelska i ein som ikkje liker deg tilbake. Det er ingenting du kan gjere med det. Du kan ikkje tvinge nokon til å vere i eit forhold dei ikkje vil vere i! Vondt er det. Og kvardagen etterpå blir heilt annleis. Du har dette holrommet inni deg. Mange finner ein annan ting som erstattar dette holet. Det kan vere ein annan person, men også til dømes mat. Det er ikkje akkurat eit ukjent fenomen at jenter sit heime månaden etter eit brot og et enorme mengder med is, mens dei gret. Andre berre går rundt og føler seg tomme. Dei veit ikkje kvar dei skal gjere av seg eller korleis dei skal oppføre seg. Men eg vil gå mykje djupare enn å berre skrive om korleis det kjennest å bli dumpa. Eg lurar faktisk. Eg vil prøve å forstå. Kvifor er det enklare for nokon å avslutte et forhold? Korleis kan så mange kjensler berre forsvinne?

 

For nokre dagar sidan høyrde eg historia frå Lukas 7 i Bibelen, om ei dame som vaska føtene til Jesus. Då sa Jesus: Han som får lite tilgitt, elskar lite. Kan det ha noko med teksta mi å gjere? Om eg prøvar å snu på den setninga, at dei som får mykje tilgitt, kanskje elskar mykje. Folk som har vekse opp med mykje kjærleik og mykje tilgjeving, mister kanskje ikkje kjensler for folk så fort som andre gjer. Kanskje nokon rett og slett ikkje er blitt lært opp til å skru av kjenslene sine?

 

Medan eg skriv kjem det fleire og fleire spørsmål opp i hovudet mitt. Kvar blir det av svara? Kjærleik er eit evig langt mysterium i seg sjølv. Alt vi veit, er at enten du elskar mykje eller lite så er kjærleik vond å miste.




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish