Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
Alt er ikkje som det ser ut som...Skriv ut Utskrift

En rettssak med en drapsmann.

Bokmål - NovelleForfatter: Anonym



Han tok tak i øksa på bordet og røska ho opp med eit kraftig grep, og gjekk roleg og kontrollert mot døra i andre enden av soverommet. Skyggane av den kortvokste kraftige mannen flakka faretruande over veggane som ein vond demon. Issen hans glinsa i lyset frå den nedstøva taklampa. Mannen skar ein ekkel grimase før han omhyggjeleg vrei om dørklinka, så stille som mogleg…

 

Kvar vert det av han? Han skulle bare hente medisinen sin, før han skulle pusse tenna sine. Den mannlege skikkelsen såg litt lei ut. Han hadde hatt ein lang arbeidsdag, og vert innom og stelt mange stakkars sjeler. Som ho gamle dama som var schizofren. Ho var livredd. Han kunne fortsatt sjå dei store brune auga i det mørke ansiktet sitte sammenkrøka i eit hjørne i leiligheta si. Han såg på klokka. Kvart over ti. Han måtte huske å føre overtid når han kom ned igjen på senteret…

 

Skikkelsen med øksa såg spent ut den lille gløtten han hadde på døra. Ein kunne sjå det onde smilet i skuggen av døra. To røde auge. Kritt kvit hud. Blankt hovud. Han hadde fantasert om denna dagen i 20 år no…

 

Mannen såg nok ein gong på klokka. So mot gangen som pasienten forsvant inn i for to minutt sidan. Han ville ikkje rope på han, for han visste at pasienten fort kunne bli vrang. Han vart rastlaus. Han røyste seg opp av sofaen. Gjekk mot kjøkkenet. Han såg seg kjapt om. Han gjekk med korte steg bort til skapet over vasken. Han strakk ut armen og tok på hanken på skapdøra. I spegelbilete av glaset i skapdøra såg han to røde auge stirre han rett i auga med det sjukaste blikk…

 

Det ringte på døra. Ei kvinnleg stemme ropte litt bekymra. ”Hallo?, er det nokon heime?” Ingen respons. Døra gleid sakte opp. Alt såg normalt ut. ”Andrew?” den kvinnlege skikkelsen gleid inn i rommet. Ho skikka raskt inn på kjøkkenet, stirra inn i skapdøra over vasken, såg sit eige speilbilete, utan å vite kven som hadde sett sine siste sekund passere i akkurat det glaset. Ho såg trøtt ut. Ho kunne sjå at ho var godt oppi 60-åra. Ho følte seg gammal. Sjølv om ho ikkje var det. Ho såg eigentleg forfriskande ung ut for å ha fylt 67 førre veke. Ho rusla inn gangen mot soverommet…

 

Han heiv på seg ei helsetrøye og for mot døra. Han opna, og der stod ei lettare sjokka kvinne. ”Er alt bra med deg?” spurte ho med den vennlegaste stemme.. ”Bare bra” svarte ei barnsleg, brummande stemme. Kvinna betrakta den halvfeite kortvokste skalla mannen foran ho. ”Har det vert nokon her i kveld?” spurte ho forsiktig. ”Nei, vert… aleine…” stamma mannen fram. ”Åja, har du lagt deg heilt sjølv? Men det var jo flott! Flink gut!” utsrålte ho. Han smilte frå øyre til øyre. Som ein fem å gammal gut. ”Men då skal ikkje eg forstyrre deg noko meir. God natt!” sa ho før ho smilte og gjekk mot hovuddøra…

 

Ho kjente tårene pressa på. Som ein elv som flømte. Ho såg seg rådvill rundt. Kva skulle ho gjere…? Han kom tilbake med ein stol. Og eit tau. Eit solid, tjukt tau. Han stirra ho rett i auga. Dei osa frykt. Skrekk. Ho bønnfalte han om å la vere. Men han klarte det ikkje. Uansett kor mykje han kjempa, ville han ikkje gje seg. Den onde stemma. Den var så slem og sadistisk. Men den var bora seg fast. Som eit tre med djupe røtter. Han hadde aldri fortalt nokon om den, og han ville aldri gjere det. Stemma hadde manipulert han i 20 år utan at han kunne gjere noko med det. ”Eg veit du er ein god gut Jonathan! Eg veit det, og du veit det. Alle veit det!” prøvde ho febrilsk å smiske seg unna. Men han ville ikkje høre. Stemma ville ikkje høyre. Han hadde spilt barnsleg i alle år. Nytt godt av velferdsstaten. Han gjekk ut av rommet og inn gangen mot rommet sitt…

 

Det Isadorha såg no, var det mest grusome ho skulle få sjå. Mannen kom berande på noko gyselig. Groteskt. I eine handa hadde han ei blåselampe og ei tang. I den andre hadde han… han hadde eit… hovud.

 

Auga hans flakka fram og tilbake på den stakkars kvinna som var bunden til ein stol. Ho såg ut som eit forskremt dyr. Som skulle dø. Stemma var klarare enn nokon gong. ”Drep ho, drep ho, drep ho…” Han la frå seg ”utstyret” på bordet og forsvant inn på kjøkkenet… Han kom inn att med tråd og nål…

 

Ho hadde uutholdlege smertar. Heile munnpartiet verka. Ho var hoven og kunne ikkje opne munnen. ”Du fikk som du fortente di jævla tystehore! Trudde du at du skulle få lov til å rope på hjelp?!” glefsa mannen oppi trynet hennas. Auga bora seg igjennom kroppen hennar. Ho kjente frykten flomma rundt i kroppen… Ho visste ikkje kvar ho skulle gjere av seg. Ho sveitta. Og fekk det tungt med å puste. ”Visst du ikkje held kjeft no og gjer som eg seie, må sy att nasebora dine. Og då får du ikkje puste.”

 

Ho kjente blodet pipla ut av stinga rundt munnen. Blåselampa var allereie varma opp. Han tok omhyggjeleg på seg nokre oppvaskhanskar. ”Kor skal vi begynne hen, har du nokre ønske kanskje…?” sa han, før han ga eit sleskt ondt smil…

 

I eit anna rom lenger borte i gangen sat ein fortvila gammal mann i ein samtale med politiet, angåande bråk litt lenger borti gangen… På Jonathan sitt rom…

 

Visa gjekk på siste vers… Ho såg døden i auga. Måtte han ta den forpinte og lemlesta kroppen hennar dit den høyrte heime. Ho kunne føle ein voldsom lettelse, som ein heftig kokainrus. Ho skulle forevigast. Gjenforenast med si mor. Og treffe si dotter…

 

Mannen var mildt sagt overvelda over det han hadde vert vitne til. Som om noko rett og slett slukte ho. Alt liv forsvant ut av ho… Igjen låg den døde skrotten hennar…

 

Han satt i sofaen og stirra rett inn i veggen med dei raude auga sine, medan han memorerte over barndommen. Ikkje noko hyggjeleg akkurat. Faren var alkoholikar. Drakk kvar forbanna dag. Kom heim og banka livskiten ut av både broren, mora og han. Mora var protistuert. Ho var kjent som ”hora i byen” og alle snakka drit om ho, og han og broren vart mobba på skulen. Trist var det. Han kjente at han ville grine, men han klarte det ikkje. Og so… So var det broren sin død. Som ikkje var noko tilfeldighet. Marcus var gullungen. Mora digga han, han var skuleflink. Han var familiens håp…

 

Men som 14-åring skjedde det som ikkje skulle skje. Han kom grinande inn døra. Faren var ute og drakk. Jonathan låg i senga si. Høyrde alt. Broren gjekk bort til mora. Ho spurte kva det var for noko. Han såg skamfullt nedi golvet. Han hadde eit brev i handa. Frå skulen. Mora tok det. Opna det sakte. Las fort igjennom. Såg fortvila opp på han. ”Kva vil far sei?, han vil drepe deg!” sa ho ulukkeleg. Ho gjømte brevet. Gravde det ned i hagen. Han skulle ikkje vite noko…

 

Når faren kom heim den kvelden, var han endå meir drita en det han hadde vert før. Faren kom bort til senga til Jonathan og stod over han lenge. Han smelte albuen nedi magen hans. I same sekundet rykkte Jonathan opp, ropte ut at Marcus hadde blitt kasta ut av skulen fordi han hadde hatt sex på toalettet med ein annan gut…

 

Marcus hadde blitt skambanka av faren. Når han endeleg hadde komt seg i senga si, og lukka auga, kom ein mørk skygge over han. Dei røde auga lyste bak den store puta som kvelte han rett etterpå…

”Jonathan Thompson er tiltalt for trippeldrap, eit ved tortur, eit ved øks og eit ved kveling.” Han skal angiveleg ha drept pleiaren sin, Andrew McCartney på 29 år. Han skal ha øksa han til døde, kutta av hovudet og kokt det, før han pelma resten av kroppen i ein konteinar.  Så skal han ha drept Isadorah Baxter ved grov tortur, før han tok ei baseballkølle og stappa nedi halsen på den 67 år gamle dama. Til slutt skal han ha drept den første politimannen som kom ved å kvele han ved å stappe ei pute ned i halsen hans. Deretter skal du ha blitt pågrepen av den siste politimannen. Stemmer det?” Jonathan nølte. Spilte femåringen. Advokaten røyste seg raskt og tok ordet. ”Min klient er psykisk alvorlig sjuk og plaga av stemmer. Han kan ikkje stillast til ansvar for sine handlingar. Han må få hjelp” Det var heilt stille på det lille rommet, som minna om eit møterom. Det sat tre dommarar ved eine enden og Jonathan og advokaten på andre sia. I midten sat ein frå staten og ein psykolog… Dommarane ba om fem ekstra minutt aleine og gjekk ut på eit rom ved sida av…

 

Dei tre dommarane entra i stor stil, med eit knallhardt uttrykk i ansiktet. Dei hadde måtte ta stilling til ei stor sak. Alt falt på dei no. Dei hadde gjort seg opp ei meining om resten av livet til ein mann. Dommen falt: ”Vi har etter nye rundar fatta ein dom. Den vert endeleg. Jonathan har vert anklaga for trippeldrap som involverte kveling, tortur og øksing. Og, din mentale tilstand gjer at vi vil dømme deg til behandling i minst 5 år + evnt. behov vidare… Og tiltalen men ei straff som ville blitt livstid eller dødsstraff, fell vekk. Takk for oss” Dei røyste seg og gjekk ut. Psykologen var forbanna. Han sprang etter dommarane. ”Han der er ikkje sjuk! Er du heilt riv ruskande galen?! Du slepp ei drapsmaskin ut att!” ”Ta det med ro, vi har tungtvegande grunnar for vår dom…” sa hovuddommaren litt pompøst tilbake…

 

Hovuddommaren satt seg i bilen, men kom på at han la att mobilen sin. Han gjekk inn døra. Dei andre hadde enda ikkje komt ut. Han fekk ein ekkel følelse… Han gjekk vidare inn i bygget til han kom dit døra skulle vere. Det var heilt mørkt. Han såg ikkje om døra var open eller lukka. Han famla seg fram. Han kom borti noko klissete. Han såg opp. Og rett inni eit par raude auge…




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish