Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave


propaganda.net : Skole & Jobb
Selina AlvaniSkriv ut Utskrift
Handlar om Selina, ei jente som har mista begge foreldra sine og bur på barneheim. Ho får kontakt med nokon ho skal få lov til å bu hos. Det er ein verden av magi og trolldom...
Nynorsk - NovelleForfatter: Anonym

Ho såg på det vesle uret som låg i handa hennar. Heile kroppen skalv og ho følte seg underleg. Aldri før hadde ho brukt det, og ho visste ikkje ein gong korleis det skulle brukast. Dette var ikkje noko vanlig ur, det visste ho. Ho hugsa tilbake på den dagen då far hennar hadde låge døyande til sengs, heime i det vesle huset ved skogholtet. Far hennar hadde vore svak lenge, og ho hadde ikkje fått snakke så mykje med han på grunn av alle legane og doktorane som for inn og ut. Men etter ei stund hadde han sendt bod på henne. Ho kom inn døra og han vinka ho nærmare. ” Eg vil du skal vere heilt stille no og høyre på kva eg har å seie, ok?”. Stemmen hans var hås og han hosta litt før han fortsette. ”Som du veit har eg ikkje so lenge igjen, og det er noko eg må få sagt til deg. ”Der borte”, han peika på det vesle nattbordet, ” Dette lommeuret har vore ein viktig del av livet mitt, og no vil eg at det skal førast vidare til deg. Ho skulle til å opne det, men faren hadde lagt handa på uret. ” Eg vil ikkje at du skal opne dette uret før dagen du fyller seksten. Du må love at du gjer som eg har sagt! ” Han vart avbroten av ei uhyggeleg og stygg hoste. Stemma var svak og han var blitt heilt bleik i heile fjeset. ” d..du må love meg! Lov meg det!” Han skalv so kraftig at ho trudde nesten at han hadde fått eit anfall. ” Eg lovar pappa”.

 

Ho hadde venta lenge, heile 4 år. Mange gongar hadde ho vore fristen til å opne det, men ho gjorde det aldri. Ho hadde huska på kva faren hadde sagt kvelden før han døydde. No var tida komen. Ho lirka forsiktig opp den vesle låsen på uret. Der låg det eit brev. Det var falma og hadde nokre rifter her og der, men var fullt leseleg.

 

Kjære Selina

No har det gått fire år sidan du fekk lommeuret av meg, og det er på tida at du får ei forklaring. Eg veit du ikkje har hatt det lett sidan du vart åleine. Som du veit tok eg bortgangen til di mor svært tungt og kom meg aldri skikkeleg etter det. Eg visste ikkje korleis eg skulle oppdra deg, og var redd eg skulle gjere nokre feil. Eg håpar du kan tilgje meg for feila eg har gjort. No når du er seksten år er det på tide at du skal få vite noko viktig om deg sjølv. Du har kanskje merka at viss du blir sint eller lei deg skjer det av og til underlige ting rundt deg. Ting som knuser, eller vasar som ramlar ned? Du er ikkje noko vanlig jente Selina, du har mektige krefter inni deg. Du vil kanskje ikkje tru meg, men som du veit kjem du frå den svært gamle familien , Alvani. I denne familien var ein gong ein mann kalla Pantus, han var ein ekte trollmann med store krefter. Han vart forfølgt og drepen på grunn av at nokre mennesker som trudde magien var rein ondskap. Det dei ikkje visste var at han hadde fått ei dotter som og kunne bruke magi. Og gjennom generasjonar har magien gått vidare. Eg er ikkje sikker, men eg trur at du kanskje har fått gåva å bruke magi. Eg kan ikkje forklare deg alt, så derfor har eg før eg døydde avtalt med nokre gamle venner av meg at du skal få komme og bu hos dei, slik at du på den måten kan finne ut om du verkeleg har gåva eller ikkje. Dette høyrer sikkert heilt absurd ut, men eg vil at du i alle fall finner ut litt meir om det. Dette er sjølvsagt opp til deg om du gjer. Du kan velje å fortsette livet du har, eller du kan byrja på ein ny start. Eg vil berre seie deg at di mor var ei trollkvinne, og eg trur ho ville vore svært stolt viss ho hadde visst at du fulgte hennar fotspor. Du kan få sjansen til å byrja på skulen, og lære deg alt om magien ingen veit om. Hugs at dette er noko du sjølv velgjer. Viss du er interessert kan du ta kontakt med ein mann med namnet Kaleb Immelvin. Han er ein gammal venn av meg. Han vil forklare deg det meste. Stol på deg sjølv og følg hjarte ditt, så vil du ta den rette beslutninga. Korleis uret virka vil du finne ut når du verkeleg treng det.   

Helsing din far.

 

Selina stirra ned på arket i forferding, magi? Kva var det han meinte? Selina hadde tårer i augo, og ei dråpe fall ned på det vesle lommeuret som ho haldt i handa. Ho prøvde å tørke det vekk, men det såg ut som at det trekte inn i uret. Plutseleg kom det eit underleg lysglimt. Framfor ho sto mor og far hennar og smilte til ho. Ho vart so fortumla at ho mista uret i bakken. Dei forsvant. Ho hadde ikkje heilt forstått kva han meinte med magi, men det her var i allefall magi. Mor og far hennar hadde vore døde så lenge, og så plutseleg sto dei der framfor ho og smilte. Ho satt seg ned i graset og tok opp uret. Hadde det verkeleg skjedd, eller hadde det heile berre vore ei innbilling? Ho studerte det grundig. Det hadde heldigvis ikkje nokon skader. Det kom ei iling gjennom kroppen og uret byrja å gløde. Ho skvatt litt, men slapp ikkje taket på uret. Der sto dei igjen foran ho igjen. Mor hennar, med det lange gyllenraude håret som forma seg rundt ansiktet. Mor hennar som ho var so lik. Faren såg på ho med dei kjærlige augo sine. Dei var så fredfulle, begge to, så rolege. Dei smilte litt sørgmodig, så byrja dei sakte men sikkert å forsvinne. Mamma, pappa! Nei! Dei måtte ikkje forsvinne igjen! Ho kjente tårene svi på kinnet, ho ville ikkje miste dei igjen. Dei smilte til ho i det same dei forsvann. Ho kjende seg plutseleg dårleg og måtte sette seg ned, det stakk sånn i magen, og hovudet var tungt og varmt. Kva var det som skjedde?

 

Det hadde gått ei veke sidan det underlege hadde skjedd. Ho hadde gjort som faren hadde sagt, og hadde sendt brev og avtalt med en ganske underlig type kalla Kaleb, at han skulle komme og hente ho. Ho hadde pakka alt ho hadde i ein bag og tok eit lite overblikk over det vesle rommet. Eigentleg var det ikkje eit rom, sannheita var at det var ei lita trehytte. Det var trehytta som ho og far hennar hadde laga då ho var 7 år. Ho budde ikkje der, det var på ein måte som ein gøymestad. Ettersom foreldra hennar hadde gått bort og ho ikkje hadde nærme slektningar, hadde ho blitt sendt til ein barneheim ikkje langt frå barndomsheimen. Ungane som budde der, vart tildelt kvar sitt rom. Romma minna meir små kott, og alt som var der var ei madrass og eit teppe. Dei fekk arbeidsoppgåver som måtte utførast før dei gjekk til sengs, elles fekk dei straff. Straffa kunne vere alt frå å vaske toaletta, til å bli piska. Dette kom sjølvsagt an på kor godt lærerinna likte deg. Selina hadde aldri vore noko yndling. Og hadde ofte fått piskeslag på bar rygg. Ho hadde både blitt misbrukt og tråkka på gjennom åra ho budde der. Ho hadde lært seg opp til å vere åleine, og til å greie ting sjølv. Aldri hadde ho nokon gong hatt ein ekte venn. Ein som ho kunne stole på, og dele sine tankar med. Ho kunne ikkje stole på nokon.     

 

Dei hadde avtalt å møtast på det gamle Alvani-godset. Mannen var visst ganske kjent der omkring. Ho såg seg i speilet ein siste gong, med eit tappert forsøk prøvde ho å skjule blåveisen ho hadde fått dagen før. Ho gjekk med langarma genser og bukse, for å alle blåmerka ho hadde på kroppen, endå det var over 20 grader ute og steikande sol. Grunnen til blåmerka hadde vore at ho hadde vore uhøfleg mot husmora. Dei trengte ikkje noko god grunn for å gjere ting mot andre, dei berre gjorde det.

 

Ho tok bagen på nakken og prang nedover bakken frå barneheimen. Dei kom ikkje til å savne ho, so mykje visste ho. Etter alle dei åra ho hadde budd der, hungra ho etter å komme seg vekk og kjende ein viss spenning i magen. Etter ei stund tykte ho at ho kunne sjå fleire skikkelsar stå i portopninga til godset. Var dei også kjenningar av foreldra? Ho var so spent! Endeleg skulle ho komme vekk frå denne grusamme  plassen. På eit augneblink hadde visst alle som stod der sett at ho kom, og byrja å vinke hektisk. Med eitt vart ho litt usikker, var dette det rette? Ho skulle vere med total framande og bu hos dei. Var det galskap? Nei, det kunne no ikkje vere verre enn barneheimen. Ho måtte komme seg vekk frå denne usle plassen.

 

”Hei, du må vere Selina!”. Dama hadde ei overraskande behageleg stemme. Selina nikka. Ved sida av dama sto ei lita jente og heldt ho i handa. Den vesle jenta virka heilt forskrekka, og stod berre å glodde på ho med store auge. ” Dette er dotter mi Mimel, og son min Eirik. Eg heiter Miriam”. Guten mora hadde presentert var på alder med ho, kanskje litt eldre. Han var høg og mørk, med ei alvorleg mine i andletet. Selina smilte svakt til han, men han ville ikkje møte blikket hennar. ” Eg heiter Kaleb, vi brevveksla. Mannen hadde halvlangt blondt hår, var ganske lang og hadde eit underlig blikk i fjeset mens han stirra på ho.

 

Ho følte seg ille til mote. Kva var det dei glodde på? Ho var ikkje vand med slik oppmerksamheit. ”Vi kjem til å reise på ein litt anna måte enn du kanskje er vand til. Er det ok? Ho nikka igjen. Alle saman stilte seg i ein sirkel. ” Ok, no må alle legg peikefingeren til høgrehanda på denne krystallen når eg seier frå. Klar, ferdig, gå!”. Alt rundt ho snurra rundt og det var nesten som at ho letta frå bakken. Så med eit smell landa ho i bakken igjen. No var ho i ein liten hage full av blomster. På eine sida av ho sto det eit lite kvitt hus med små vindauge. På den andre sida var det tett skog. Kva var det som nettopp skjedde?  Hadde ho drømt alt? Ho hadde sikkert sett ut som eit spørsmålsteikn der ho stod, for den vesle jenta kom bort til ho og drog ho forsiktig i erme. ” Krystallen er ein vandrekrystall, viss du lurte”.

 

Selina la merke til den vesle amuletten jenta hadde rundt halsen. Den var nesten make til den ho sjølv hadde arva av mor si. Ho hadde berre vore eit år då mora døydde. Ingen hadde nokon gong fortalt ho kva som skjedde. Det nippa i armen hennar igjen. ” Blir du med inn?”. Stemma hennar søt og yndig. Selina fulgte med jenta innover i huset. Kjøkkenet deira var passe stort, med blomstrete tapet og blonde gardiner. Kanskje ikkje akkurat det Selina ville valgt, men det var i allefall kosleg. ” Kom her og sett deg så skal du få litt mat. Du er jo fullstendig utsvelt!”.

 

-” Mamma! Kvifor er ho her i det heile tatt, ho likar jo ikkje seg her ein gong. Ho har ikkje sagt noko som helst sidan ho kom her! Og ho har vore her ei veke!” Eirik dumpa ned på stolen. ” Alt dette er jo nytt for ho veit du”. ” ja, men likevel!”. Selina hadde vore på veg ned trappa til kjøkkenet då ho høyrte kva han hadde sagt. Ho var på veg inn døra, men så stoppa ho og såg på han. Auga fylte seg med tårer, og ho såg på han med eit unskuldande blikk. Så snudde ho seg og sprang ut døra. Ho ville vekk herifrå. For ein gong skuld trudde ho at det ville bli annleis, men ho hadde tatt feil. Dei ville ikkje ha ho der. Ho sprang langt ut i skogen før ho stoppa, der sette ho seg på ein stein og trakk uret fram frå lomma. Det rann ei tåre ned på uret, og uret byrja å gløde. Der sto dei hand i hand og smilte. Ho sat lenge og berre stirra på dei. ” Er det foreldra dine?”, sa ei stemme bak ho.

 

Selina skvatt så forferdelig at uret ramla ut av handa på ho, og ho reiste seg fort.” Beklager at eg skremte deg. Mamma fortalte meg at du ikkje har snakka til nokon sidan far din døde. Eg trudde at grunnen til at du ikkje ville snakke med oss var at du ikkje likte oss.” Stemma hans var mild. Selina snudde ansiktet vekk frå han. Ho greidde ikkje å helde tårene tilbake meir, og dei sildra nedover kjakane. Ho kjende dei sterke armane hans legge seg forsiktig rundt ho, medan han vugga på ho og kviskra trøstande ord. Dei blei sittande slik lenge. Ho hadde slutta å grine no, og sat berre og tenkte på kva som nettopp hadde skjedd. Han hadde brydd seg om ho, han hadde trøsta ho når ho trengde det. Ho snudde seg og såg på han. Han såg ned på ho igjen og smilte. Ei tåre fall ned på kinnet hennar. ” Går det bra?”. Han såg bekymra ut. Selina smilte forsiktig til han og nikka. Ho greidde ikkje å stoppe tårene som pressa på augelokka. Ho hadde mista så mykje i sitt liv, også var det faktiske nokon som brydde seg. ” Det er ikkje det at eg ikkje kan snakke, men det er berre det at eg ikkje snakkar med folk som eg ikkje stolar på”. ” Så du kan snakke altså”, sa han med eit smil. ” Men du treng ikkje å fortelje nokon at eg kan snakke”. Etter ei stund traska dei tilbake til huset.

 

Skulen som far hennar hadde fortalt om i brevet, skulle byrje 13. august. Det var berre ei veke til, og ho var so spent. Kvelden før hadde Eirik sagt at han hadde ei overrasking til ho, so i dag skulle han ta ho med seg ein plass. Ho fulgte etter han ut på ei open slette rett utanfor skogen. Det einaste som var der, var eit stort, rundt steinbord. På bordet viste det små, underlige symbol. Han heldt rundt ein amulett han hadde rundt halsen. Den var nesten same som ho hadde fått av mor si. Ho hadde lagt merke til at mange hadde amulett av same sorten, men hadde ikkje tenkt over det før no. Amuletten hans byrja å lyse svakt gult, medan han mumla nokre ord ho ikkje fekk med seg. Dei små symbola på steinbordet byrja å bevege seg, og ho følte seg svimmel.

 

”Legg hendene dine på dei to symbola der borte”. Han peika på nokre symbol som virka kjent. Det var dei same symbola som var inngravert i amuletten hennar. Ho gjorde som han sa, og la henda sine på symbola. Ho lukka auga. Bordet byrja å gløde, og ho følte seg varm innvendig. Ho kjente at ho letta frå jorda, og vart svevande oppi lufta. Det var ein underleg følelse, sjølv om det ikkje varte so lenge.

 

”No kan du sleppe.” Stemma hans var roleg og bestemt. Ho slapp taket og kjende hardt underlag under føtene igjen. Overalt summa det av forskjellige stemmer og lyder. Ho opna auga og fekk sjå ein sverm av menneske bevege seg rundt mellom små, koselege butikkar. I ein krok stod nokre gutar på hennar alder og leika med noko som såg ut som fyrverkeri. Det einaste som var annleis var at det ikkje var nokre rakettar, men at dei brukte amulettane sine til å skape dei fram. ”Har ikkje De tryllestavar og slikt her?” Selina såg på han med spørjande auge.

 

Han byrja å le høgt. ”Du har sett litt for mykje på film. Det finst ikkje noko slikt som tryllestavar. Her har alle ein amulett med magiske krefter. Som du kanskje har skjønt har du også ein slik amulett. Det var eit tidspunkt langt tilbake i tid, då magislektene var å sjå overalt der du snudde deg. Magien var noko som berre folk av ekte trollmannsætt kan ha. Folk levde i fryd og gammen i fleire hundre år. Men det skulle snart ta slutt. På 1800-talet var det eit par menn som fant ut at magi var djevelens verk og at dei måtte drive ut denne vondskapen. Denne ideen greidde dei å sette i kongens hovud, og kongen befalte forfølging og brenning på bål til dei som brukte magi. Etter eit par år var det nesten ikkje ekte trollmenn igjen i landet. Det er her amulettane våre kjem inn. Sjølv om det var få av dei ekte trollmennene og kvinnene, var det framleis slekter som kjende til magien og ville lære seg å bruke den."

 

”Men korleis veit du om du verkeleg er ein trollmann eller ei trollkvinne?” Spurte Selina forsiktig. ”Eg kjem snart til den delen. Vel, kvar var eg… Nokre av dei få trollmenna som var igjen, sette seg saman og skapte desse amulettane som vi alle har. Det blir lagd ein til kvart medlem av desse magislektene. På den måte kan vi få moglegheita til å bruke magi slik som våre forfedre gjorde. Amulettane våre inneheld ei klar væske. Fargen på denne væska forandrar seg etter kva slags humør du er i og korleis du føler deg. For å finne ut om du er ein ekte trollmann eller trollkvinne må du opne amuletten din. Viss då væska er blodraud er du ein ekte trollmann. Men viss ikkje vil all magien renne ut og du vil aldri kunne bruke magi igjen. ” Men viss du har magien inni deg, kva gjer amuletten då? Ho var litt usikker på om ho hadde formulert spørsmålet riktig, eller om det høyrtest barnsleg ut.

 

”Amuletten gjer at du kan kontrollere magien gjennom den. Det er berre dei mektigaste og sterkaste trollmenna og trollkvinnene som greier å kontrollere magien dei har inni seg. Nokon seier at det er som eit villdyr som må temmast. Når du først har greidd å temme det, er det trufast mot deg for alltid. Du må på ein måte kjempe mot deg sjølv. Det kan vere at du må overvinne skuldfølelse, frykt eller andre ting. Du finn ein svakheit med deg sjølv og vinn over den”. Andletet hans lyste av begeistring. ” Vel, nok om det. Er du klar for å handle?”. Andletet til Selina lyste opp, men slokna fort. ”Eg har ikkje noko pengar”. Eirik smilte litt underleg . ” Det er ikkje noko problem. På uforklareleg vis er det dukka opp ein konto på ditt namn, der det ligg ein liten formue til deg, i tilfelle du skulle få bruk for det.”

 

Selina viste ikkje kva ho skulle sei. Kven kunne ha gjort det? Kvifor? Selina byrja å tenke på foreldra sine. Mor hennar som hadde forsvunne ut av livet hennar så tidleg. Det verste var at ho ikkje hadde fått vite kva som hadde skjedd med ho. Kva som hadde drepe ho hadde ho ikkje fått vite. Far hennar hadde ikkje latt ho få sjå mora før gravferda, og ho hadde alltid lurt på kvifor. Faren som alltid var så beskyttande og alltid passa på ho. Men dette var før han vart sjuk. Det siste halvåret før han døydde hadde han vore sengeliggande, og det var ikkje mykje tid Selina fekk med han. Selina prøvde å komme på andre tankar ved å sjå på lista over ting ho måtte kjøpe inn.  

 

Dei surra rundt i den vesle byen i timevis. Prøvesmakte på urter og planter, eksotiske frukter og små karamellar. Ho hadde fått tak i alle bøkene og tinga som ho trengde til ho skulle byrja på skulen.

 

”Skal vi finne oss noko å ete? Eg veit om ein plass der dei lagar nokre kjempegode pannekaker”. Selina kjende magen rumle. Ho nikka nøgd. Då dei kom inn i den vesle kafeèn, la Selina merke til at Eirik kjende nesten alle. Han helste på mannen som stod i skranken og bestilte middag. Då dei skulle sette seg, kom det ei gammal dame bort til bordet deira. ” Maiken, deg er det lenge sidan eg har sett”. ” Ja, eg har vore litt oppteken i det siste. Har hjelpe til på den julemessa sist helg. Og kven er så denne unge kvinna? Det er noko kjend med deg, men eg greie ikkje heilt å plassere deg”. ” Dette er Selina Alvani, ho bur hos oss for tida og skal byrja på skule med meg no snart. Selina, dette er Maiken Lilleng”. Dama stirra på ho med store, smilande auge. ” Eg visste det var noko kjend med deg. Så du er ein Alvani du, korleis går det med mor di for tida?”. Selina visste ikkje korleis ho skulle reagere.” Selina miste mor si då ho var lita”. Selina smilte takknemleg til Eirik, ho likte ikkje snakke om mora. ”Det er no umulig, eg snakka med ho for omtrent eit år sidan.” Selina stivna til. Hadde ho snakka med mor hennar for eit år sidan? Men ho var jo død, far hennar ville vel ikkje lyge til ho om noko slikt.

 

Selina reiste seg brått opp, og såg desperat ned på Eirik med eit unskyldande blikk, så snudde ho seg og gjekk fort ut gjennom døra. Tårene pressa bak dei brennande kjakane. Var mor hennar i live? Selina visste ikkje kor ho sprang. Fleire tankar kom opp i hovudet hennar. Kvifor hadde ikkje mor hennar tatt kontakt med ho? Kvifor hadde ho ikkje kome og tatt ho med seg frå den forferdelige barneheimen? Det var så mange spørsmål ho ikkje visste svar på. Men på ein måte passa jo alt saman. Far hennar hadde sagt at ho ikkje fekk sjå ho i gravferda, og ingen ville seie kva det var som hadde skjedd med ho. Det tok ikkje lang tid før det byrja å regne og gråe skyer byrja å vise seg på himmelen. Regnet hølja ned og piska ho i andletet, så ho nesten ikkje såg noko.

 

Plutseleg jog smerten gjennom ho, og ho greidde ikkje å halde seg oppe. Kva var det som skjedde? Smerten for gjennom ho som elektrisitet i ein leidning. ” Selina!”. Eirik kom springane mot ho, med Maiken på slep. Selina merka knapt at dei var der, smertene var ekstreme og ho greidde ikkje å konsentrere seg. Eirik fall ned på kne ved sida av ho og la handa på rygge hennar. Selina kjende handa som ein kniv i ryggen og ynka seg endå meir. Med eitt vart Eirik slengt bakover med stor kraft. Selina kjende det svartne for ho. Maiken hjelpte Eirik opp og så snudde dei seg og såg på Selina. På ryggen der Eirik hadde vore borti ho, var det eit stort glødande brannmerke. ”Kva er det som skjer med ho?”. Eirik var desperat i stemma. ” Eg trur det er best at de blir værande her i natt. De skal få bu på vertshuset mitt. Eg gjer beskjed til mor di slik at ho ikkje byrjar å leite etter dykk. Vi må få ho med oss inn, greie du å lyfte ho?”. Eirik tok forsiktig borti ho får å forsikre seg om at han ikkje vart slengd tilbake igjen, men det skjedde ikkje noko. Han lyfta ho forsiktig opp i armane og byrja å gå mot landsbyen igjen med så stødige skritt som han kunne. Dei gjekk opp trappa forsiktig for ikkje å falle. Han la ho varsamt ned i senga. Maiken skunda seg å finne ein våt klut og litt bagasje, så kom ho bort til senga. Eirik haldt ho forsiktig i handa, redd for å halde ho for hardt. Agnete stelte såret så skånsamt som ho kunne og la ein våt klut på panna hennar. Maiken la merke til amuletten til Selina og trakk forthanda til seg. Amuletten lyste sterkt raudt og du kunne sjå nokre små sprekker i glaset på amuletten. Ho fekk eit underleg uttrykk i andletet, og Eirik stirte utanforståande på ho. Augo var sørgmodige. ” Mor hennar er fortsett i live”. ” Ja, du sa det. Kva er det med det?”. Ei lita sørgmodig tåre rann nedover kjaken hennar, og ho vinka han inn på kjøkkenet. Ho satte seg tungt ned på stolen før ho fortsette.” Du må ikkje seie noko til ho om dette endå, ok?”.Ho venta litt før ho forsette.  ” Vomica…”. Eirik stirte uforståande på ho. ” Unskuld?”. Ho såg på han med alvorlege auge. ” Vomica, forbanninga… Ho har forbanninga…”.       

 

Selina opna auga sakte og såg sola på å stå opp i vindauge. Ho røyste seg forsiktig opp i senga og kjende seg litt svimmel. Ved sida av senga hennar sat Eirik i ein stol og sov. Kva var det eigentleg som hadde skjedd i går? Ho reiste seg sakte opp frå senga og byrja å kle på seg kleda. Kroppen var øm og sår, og ho følte seg sliten. ” Så du er våken alt. Korleis føler du deg? Hugsar du noko frå i går?”. Selina tenkte etter. Alt hadde vore så underleg, ho hadde vore så forvirra og sint på ein måte. Også hadde denne smerten berre plutseleg kome, og alt hadde blitt svart. Kva var det som hadde skjedd? Maiken såg litt bekymra på ho. ” Er du sikker på at det går bra?”. Selina nikka og smilte svakt. Maiken gjekk inn på kjøkkenet og byrja å lage til mat. Etter ei stund vart Eirik vakna av Selina. ” Selina! Å takk gud!”. Han ga ho ein forsiktig klem. ” Du skremte meg verkeleg i går kveld. Kva var det som skjedde med deg? Er du ok?”. Selina nikka beroligande og smilte mjukt. ” Kan vi ikkje berre reise heim no? Eg er litt trøtt og sliten, viss du ikkje har noko imot det”. Selina kjente at augo var tørre og såre. ” Sølvsagt, vi kan pakke saman det som vi har handla inn no, slik at vi kjem oss av garde fortast mogeleg”. Ein halv time seinare var dei på veg bort til eit lite skogholt. Der var det endå ein rund stein med mange mønster i. Dei la henda sine på plass slik som dei hadde gjort før og slapp taket. Snart var dei tilbake på den vesle sletta igjen.

 

Det tok berre få minutt å gå bort til huset, men Selina var sliten. Andletet hennar var bleikt og vått av sveitte og augo var blanke og matte. Turen hadde verkeleg tært på kreftene hennar. Dei var nesten framme ved huset då Selina byrja å kjenne seg svimmel. ” Eirik eg…”. Ho prøvde å fokusere. ” Mamma har sikkert laga til noko mat til oss”. Eirik byrja å låse opp døra. Selina greidde ikkje å stå lenger, og datt over ende i graset. Det kjendest ut som om hovudet hennar skulle sprengast og landskapet rundt ho flaug att og fram. Ho vart sittande i graset med hovudet i armane. ” Er du ikkje glad for at vi er ferdig med handelen no då, er i alle fall eg. Selina?”. Han snudde seg. ” Selina? Går det bra? Mamma!! Mamma!! ”. Miriam kom springande ut av huset. Det var tydeleg at ho hadde sove. ” Kva er det de hyler for? Neimen kva er dette? Kva er det som har skjedd?”.  No jog smerten i gjennom ho igjen og ho vrei og vridde på seg av rein fortviling. ” Ver så snill, få det til å stoppe! stopp! Stop!!”. Miriam skulle til å springe bort til ho, men Eirik hugsa kva som hadde skjedd kvelden før og stoppa ho før ho fekk sjansen. ”Kva er det som skjer? Kva er det du driv med?”. ” Eg skal forklare deg seinare mamma, det er ikkje noko du kan gjere for ho endå”. Det gjekk eit par sekund så plusseleg stoppa det. Selina blei liggande og puste tungt. Kroppen var glovarm og pulsen gjekk i eitt. Ho var så sliten og ho ville berre sove. Ho satt seg forsiktig opp og prøvde eit med eit tappert forsøk å komme seg på beina, men beina svikta under ho. Ho kjende sterke og skånsame hender helde ho oppe, og ho vart bore inn i ei seng. Ho var so trøytt.

 

Det hadde nesten gått ei veke sidan det skjedde sist, og ho hadde blitt mykje betre no. Ho hadde sove i to heile dagar i strekk og var utkvilt. Det var morgon og i dag var første skuledag på den nye skulen. Ho var så spent og nervøs. Ho visste jo ingenting om trolldom og magi. Tenk om ho var den einaste som ikkje kunne noko. Men heldigvis hadde ho Eirik. Han skulle vere med ho til alle timane dei første dagane. Dei sa farvel til Miriam og Mimel, så gjekk dei bort til den vesle sletta. ” Du ser desse hola på kanten av steinen? Skyv amuletten din inn der og vri rundt, det fungerer liksom som ein nøkkel. På grunn av den kjem du deg inn på skulen viss du er registrert. Så er det berre å legge hendene på symbola”. Kroppen byrja å sveve, men det tok ikkje lang tid før dei var på fast grunn att. Skulen var stor, til privatskule å vere. Og det var ikkje så mange personar å sjå. ” Det er jente- korridorar og gute- korridorar, men dei er ikkje langt i frå kvarandre. Berre gå opp der, det er der soveromma er, så er det satt namn på senga du skal sove i. Så berre gå å pakk opp du, så kjem eg og hentar deg når informasjonstimen startar. Ho gjekk innover i den lange korridoren. Selina tykte den var så mørk og underleg. Liksom så unaturleg på ein måte. På kvar dør stod det forskjellige namn, og Selina stoppa foran døra med hennar namn på. Ho gjekk inn og var møtt av kjefting og smelling. Det var ei jente med langt gyllenbrunt hår, kledd i svart miniskjørt og singlet. Jenta som ho skreik til var lita og spinkel, andletet hennar var bleikt og ho virka fortvila. ” Eg meinte det ikkje, det var eit uhell”. Jenta såg livredd ut og tårene pipla ut av augo hennar.

 

” Forbanna drittunge! Du skal jaggu få betale for ein ny! Den vart kjøpt i Spania!”. Andletet hennar var illraudt medan ho trava forbi Selina med lange skritt. Den vesle jenta snudde seg og byrja å tørke vekk tårene sine. Jenta hadde ikkje lagt merke til at Selina hadde kome inn, og kvapp til. ” åhh! Du skremte meg”. Stemma hennar var svak og forsiktig. Selina gjekk bort senga med namnet sitt på. ” Eg er Katja Brief og du må vere Selina”. Stemma var endå meir lydlaus no og det  var så vidt Selina høyrde det. Selina stirra mot døra som nett hadde smelt igjen.  ”Det var stesystra mi, Kamilla. Du skal passe deg for ho, Kamilla er farleg”. Selina kjende hovudet byrja å verke og ho kjende seg svimmel. Å nei, no skjedde det igjen. Smertene byrja å bli intense og ho greidde ikkje å halde seg oppe. ” Er det noko gale? Kva er det som skjer?”. Katja var på veg bort og skulle til å hjelpe ho opp. ” Selina skulle til å rope a ho måtte stoppe, men det var for seint. I det Katja tok borti ho, vart ho slengt tilbake og inn i kommoden og vart slått i svime. Området der Katja hadde vore borti ho, var no blitt eit glødande sår som blødde kraftig. All styrken var som sugen ut av ho og det var ikkje meir kraft igjen.

 

” Kan nokon fortelje meg kva som har skjedd?”. Mannen virka urolig utålmodig. ”Kven er denne jenta?”. Selina kjende seg varm og prøvde å røyse seg opp. ” Selina! Takk gud, du er våken”. Eirik strauk ho over panna. Ho røyste seg forsiktig opp i sittestilling. Med ei svak, hås stemme kviskra ho. ” Katja… Eg prøvde å åtvare ho, men eg var for sein”. Ho orka ikkje å opne opp augo. ” Katja har det fint, ho vakna for ein halvtime sidan. Ho fekk ein liten hjernerysting, elles er alt bra. Men korleis er det med deg då, unge dame? Du mista veldig mykje blod, det er rart at du engong greier å sitte oppreist”. Mannen som snakka var rundt tretti år. Han hadde kort blondt hår og milde brune auge. Selina sukka av lettelse. Katja hadde det bra. Men kva var det som skjedde med ho? No har det skjedd fleire gonger og det blir berre meir og meir intens! Eirik såg på ho med eit bekymra blikk. ” Vi er ikkje heilt sikre på kva som er årsaka til dette, men har du hatt nokre symptom må du seie ifrå”.  Mannen hadde eit merkeleg uttrykk i andletet. ” Ho har..”. Selina la handa over Eirik sine hender, for å stoppe han frå å snakke. Av ein aller anna grunn ville ho ikkje at dei skulle vite at det hadde skjedd fleire gonger før. Selina snudde seg mot Eirik og kviskra. ” Det er sikkert ikkje noko gale, det går nok over. Lat oss ta dette ein anna gong, ok?” . ” Er du sikker på at det er så lurt? du ser ganske bleik ut”. Mannen som hadde snakka med ho tidlegare snudde uroleg på seg, og det såg ut som om han prøvde å høyre på kva dei snakka om. Selina smilte svakt til Eirik før ho reiste seg forsiktig opp. Sannheita var eigentleg at ho faktisk følte seg dårleg. Dårligare enn sist gong det skjedde. Ho følte seg svimmel og kvalm, også var det denne intense smerten i leggen. Det gjekk litt rundt for ho idet ho kom seg på beina, men ho gjenvant balansen ganske fort. Eirik såg mistenksamt på ho. ” Viss du er sikker på at du føler deg bra så”. Selina var heilt utmatta og sovna umiddelbart ho slukka lyset sjølv om det var midt på dagen.

 

Dagen etter, når dei skulle gjere seg klar til skulen la Selina merke til at Katja ikkje villa ta kontakt med ho, men at ho oversåg ho fullstendig. Ho la og merke til at det var fleire som haldt seg vekke frå ho seinare på dag. Det var som om dei var redd for å komme borti ho. Redd for å bli skada. Katja måtte ha sagt kva som hadde skjedd. Med eitt følte ho seg litt åleine. Akkurat som på barneheimen, heilt åleine og annleis. Lærarane stirra og på ho med litt bekymra blikk. Alle hadde fått vite det.

 

Dagane gjekk og ho nærmast slukte all informasjonen ho kunne få. Men sidan det ikkje var nokon som ville ha noko med ho å gjere, fekk ho mykje tid for seg sjølv. Ikkje at det var noko problem akkurat, ho hadde ikkje noko problem med å vere åleine. Ho var vand med det. På den måten fekk ho god tid til å tenke. Eirik var oppteken med skuleavisa, som han var direktør for, så Selina satt åleine ute i parken denne ettermiddagen.

 

Tankane vandra til mor hennar som kanskje var i live. Kvar kunne ho være? Kvifor hadde ho ikkje tatt kontakt?  Det einaste ho hadde igjen etter mor si, var eit bilete av mor hennar som heldt ho i armane sine. Ho såg so lukkeleg ut. Selina kunne ikkje ha vore meir enn eit par månader gammal på det bilete. Også var det amuletten då.

 

”Er det sant av du er ein mengos?”. Selina skvatt litt. Den vesle jenta Attmed ho hadde ei jente sett seg. Jenta var lyshåra og hadde underlege blå auge. Selina hadde ikkje peiling på kva ein mangus var, så ho sa ikkje noko. Ho barre satt der som eit spørsmålsteikn. ”Ein Mengos er eit menneske som er besatt av ein ond og grufull skapning, så sidan du ikkje visste det, reknar eg med at det besvarer spørsmålet mitt. Du snakka ikkje gjere du vel. Eg høyrte du ikkje har snakka sidan far din døydde”. Selina nølte litt, skulle ho stole på ho? ” Eg heite Linnea forresten og går første året. Og du er Selina Alvani ikkje sant? Du kan sei det sånn at du er ein heitt samtaleemne for tida. Alle trur du er ein mangus”. ” Eg kan forsikre deg at eg ikkje er besatt av noko som helst”, sa Selina stille med eit lurt smil. ” Men du sa at du gjekk første året, og eg kan ikkje hugse å ha sett deg i nokon av mine timar”. Jenta smilte litt forsiktig. ” Eg har vore blind sidan eg vart fødd. Så eg kan ikkje lære ting på same måte som deg”.

 

Selina følte seg litt ille til mote.” Det var ikkje meininga å… Eg merka ikkje eingong at du var blind”. ”Det gjer ingen ting, eg er ganske vand med det. Kan eg fortelje deg noko? Noko som eg ikkje har fortalt til nokon andre? Det er veldig viktig av du ikkje fortel det til nokon”. ” Ja sjølvsagt, men kvifor meg?”. Selina undra seg. ” Fordi eg trur at du og eg er litt like. Eg har høyrt at du og har mista mor di. Eg var berre eit 7 år gamal då mamma forsvann og”. Selina såg på ho med eit undrande blikk. ” Forsvann ho? Eg blei fortalt at mamma var død. Også hadde vi ei gravferd, men eg fekk aldri sjå ho”. Det rent ei tåre ned over kinnet til Linnea. ” Dei sa til meg at ho var død , men eg trudde dei ikkje. Så greidde eg å overhøyre besteforeldra mine etter gravferda mens dei snakka om ho. Dei snakka om forbanninga hennar. Ikkje veit eg kva slags forbanning det var, men dei snakka om at ho aldri ville komme tilbake… Eit eller anna som gjorde at ho måtte bli der for alltid”. ” Der? kvar då? Meina du å seie at dei laug til oss? At det er ein moglegheit for at eg kan sjå mor mi att?”.

 

Selina vart så opprømt at ho nesten byrja å skjelve. ” Eg meinar at eg trur dei framleis er i live, og at vi kan finne dei”. Augo til Selina glitra i sola. ” Eg veit kvar vi kan byrje å leite. Eg møtte ei gammal dame eingong som påstod at ho hadde snakka med mor mi for omtrent ein år sidan. Vi kan kontakte ho og spørje ho kva ho veit”. Dei to jentene smilte varmt til kvarandre. ” Men det er kanskje ikkje lurt å snakke så høgt om dette, folk vil tru vi leitar etter spøkelse”. Den vesle jenta smilte lurt medan ho byrja å rote i lomma etter noko, og tok fram to like armband med forskjellige mønster på. ” Mamma lærte meg å lage sånne armband då eg var liten. Her, no har vi eit kvar. Teiknet ditt er eit symbol for måne, månen står for styrke og tolmod. Medan eg har sola, som står for omsorg og klokskap ”. Linnea festa eit armband på handleddet til Selina og Selina byrja å studere teikna på armbandet. Mønsteret har identisk med fødselsmerket ho hadde på ankelen. Mønsteret var forma som ein måne, og midt i sirkelen var det ei lita stjerne med små runde flekkar rundt. Selina stirra litt mistenksamt bort på Linnea, og Linnea byrja å rødme. ”Eg la merke til fødselsmerket ditt for nokre dagar sidan og vart litt interessert”. Linnea byrja å brette opp buksebeinet og drog av sokken. Nesten på same stad som der Selina hadde merket sitt, hadde Linnea også eit merke. Merket hennar var omvendt enn Selina sitt og det såg ut som at merket til Linnea passa perfekt inn i fødselsmerket til Selina. Selina såg så sjokka ut at Linnea ikkje greidde å unngå å smile. ”Ganske spesielt sant?”. Ho tok på seg sokken igjen tok armbandet på høgrearmen til Selina ” Kva har vi her då?” Eirik kom ruslande bortover mot Selina.” Hei! Ferdig i skuleavisa no då? Dette er den nye venninna mi Linnea. Ho er i same kull som meg”. Dei tok kvarandre i handa og helste på kvarandre. ” Hei, eg heiter Eirik. Hyggeleg å møte deg. Eg hadde tenkt meg ein tur til byen i dag, kanskje de har lyst å vere med? Vi skal arrangere fest i morgon kveld, så eg må kjøpe inn litt forskjellig. Kanskje de har lyst å kjøpe noko som de kan gå med på festen”. Selina smilte. ” Eg har lyst, vil du vere med? Det hadde vore kjekt om du vart med, også har eg ikkje vore der før heller”. Linnea nikka og smilte.

 

Då dei hadde komme inn til den vesle landsbyen, snudde Eirik seg.” Eg har eit lite ærend som eg må gjere. Kan vi ikkje møtast borte på den vesle skreddarbutikken om ein time ca?”. Dei vart einige og gjekk kvar sin veg. ” Skal vi gå å sjå på kjolar, eg har ikkje noko fint å ha på meg i morgon”. Linnea smilte litt sjenert. ” Same her, eg trur eg såg ein klesbutikk borte til høgre”. Det tok ikkje lang tid før dei hadde funne fram, og ikkje lenge etter hadde Linnea funne ein praktfull, kvit kjole med glitrande paljettar. ”Kanskje eg er litt uhøfleg no, men eg må berre spør. Korleis greie du å finne så flotte plagg når du ikkje kan sjå?”. Linnea smilte lurt. ” Det er litt vanskeleg å beskrive, for på ein måte kan eg sjå. Berre at eg ikkje ser på same måte som deg. Eg ser med kjensler og lyder. Når eg tar på noko, kan eg sjå for meg korleis det ser ut. Og høyrer eg ein lyd, greier eg å bedømme kor langt vekke lyden kjem ifrå. Sidan eg ikkje kan sjå, har dei andre sansane mine blitt forsterka. Eg har alltid greidd meg heilt fint sjølv”. Selina tenkte tilbake på den vesle guten å barneheimen som hadde vorte blind etter ei ulykke, då han hadde vore med far sin på arbeid. Far hans hadde døydd, mens guten hadde kome i frå det med mista syn og ein brekt arm. Nokre veker etterpå kom han til barneheimen heilt åleine. Han hadde ikkje vore meir enn seks-sju år stakkar. Det er vel kanskje litt annleis å verte fødd blind. Du blir kanskje vand til det, og lagar deg rutinar. ” Prøv denne, eg har ei kjensle av at denne ville vert kjempeflott til deg”. Selina prøvde den på, og den passa perfekt.

 

Dei betalte i kassen og spaserte ut døra og ut i gata. Det krydde fortsatt med folk, så Selina og Linnea pressa seg gjennom folkemassen mot skreddarbutikken. Tida hadde gått så fort, og dei var allereie fem minutt for seine. Men då dei kom bort var ikkje Eirik komen endå, så dei vart ståande å vente. ” Du, det var noko eg ville spørje deg om i stad før Eirik kom. Kor tid har du bursdag?”. Selina grøssa og det kom frysningar nedover ryggen hennar. Ho hata å svare på det spørsmålet. ” 22. oktober.”, sa ho kort. ” Det var den dagen mor di forsvann ikkje sant?”. Selina såg opp. ” Ja, korleis visste du det?”. Linnea hadde ei sorgfull mine i andletet. ” Eg òg har bursdag 22. oktober… Eg hugsa at det nett hadde vore ein stormfull natt og vi hadde mista straumen. Mamma skulle ut i, i..”. Linnea vart stille og såg ned. ” I sikringsskapet for å slå på straumen, men ho kom ikkje tilbake”. Selina fullførte setninga. Selina hugsa at ho hadde leita etter  mora heile dagen. Heilt til far hennar kom heim om kvelden. Ho hugsa vèret den dagen. Det var kaldt og grått, og tåka låg tett. Aldri kom ho til å gløyme den dagen. Ho hugsa alt til den minste detalj. Men kva kunne dette bety? Kor stor var sannsynlegheita for at begge mødrene forsvann på akkurat same dag og på akkurat same måte? Linnea hadde vore stille lenge og no kviskra ho nesten.” ”Aeternum vale”…”. Selina stivna til. ”Kva var det du sa?”. Linnea såg på ho med tårer i augo. ” ”Aeternum vale”, du såg det du og ikkje sant?”.

 

Selina tenkte tilbake. Natta etter at Mor til Selina hadde forsvunne hadde Selina gått på rommet sitt får å legge seg. Og som ho gjorde kvar kveld fant ho fram dagboka si og skulle til å skrive om dagen, som i dette tilfelle var forsvinninga til mora. Då ho opna boka var det allereie skrive i den med ei nydeleg handskrift. ”Aeternum vale” stod det, Selina hadde mista boka på golvet. Ho visste godt kva orda betydde. Sjølv om ho berre var 7 år kunne ho skrive og snakke latinsk flytande. Ho hadde vokst opp med Latinsk i heimen. Frå mora. Orda hadde betydd ”Farvel for alltid”. Linnea la merke til at Selina knuga hendene hardt, og la handa på skuldra hennar. ”Vi skal finne ut av dette, ok?”. Linnea smilte forsiktig, og Selina smilte tilbake. ”Hei! Her borte!”. Eirik vinka hektisk og kom med to fulle bereposar med bøker. Han pusta og pese, og jentene holdt på å le seg i hel over uttrykka hans. ”Eg høyrte du var glad i bøker?”, sa han med eit skøyaraktig uttrykk i andletet. ”Eg har jobba på ein bokhandel i sommar og dei hadde utsalg av gamle bøker. Så eg fekk dei veldig billig. Det er på litt forskjellige språk, så eg håpar du har godt språkforråd”. Selina hoppa opp og gav han ein stor klem. ”Tusen takk!”. Selina elska å lese og kunne gjerne sitte i fleire timar å lese, viss boka var god nok.

 

Kvelden etter satt Selina og bladde i gjennom bøkene ho hadde fått. Nesten heilt på botnen tok ho opp ei svær gammal bok, med falne sider. Boka heitte ”Vomica, Per fas et nefas”. Boka var latinsk og heitte på norsk ”Forbanning, med eller utan samstykke”. Hadde ikkje Linnea nemnt noko om ei forbanning? Ho bladde igjennom dei første sidene. Plutseleg var det noko som fanga oppmerksomheita hennar. Overskrifta på sida var ”In duplo Fiat lux”, som tyder ”to Halvdelar av Verdens lys”. På kvar side av setninga var fødselsmerka til Selina og Linnea. Selina stirra med stor forbausing. Lengre nede på sida var det bilete av to kvinner. Den eine kvinna hadde langt lyst hår, og intense blå auge. Ho hadde på seg ein enkel kjole i blått. Kjolen gjekk ned til knea, og lengre nede på ankelen var fødselsmerke. Den andre jenta hadde gyllenraudt hår og djupe, grøne auge. Ho hadde på seg ein blodraud kjole som òg gjekk ned til knea, også hò hadde fødselsmerke på ankelen. Selina leita i lommene og fann fram eit lite bilete som ho og Linnea hadde tatt dagen før. Likheten var uslåeleg. Linnea som alltid hadde dette undrande, men også litt barnslege preget over seg. Og Selina som hadde dette vaksne preget over seg. Ho som alltid virka som ein glad og positiv person. Men augo hennar avslørte ho. Auga var triste og sorgfulle. Kva var det som føregjekk? Dette måtte ho fortelje til Linnea!

 

Selina hadde bestemt seg for ikkje å sei noko til Eirik før ho hadde snakka med Linnea, så ho hadde gøymt boka nedi veska. Ho hadde litt hovudverk så ho sa til Miriam at ho tok seg ein tur ut. Eirik hjelpte onkelen på verkstaden sin, inne i byen. Det hadde byrja å regne litt så Selina fekk låne paraplyen til Miriam. Ho gjekk til ho kom til plassen der ho hadde sett mor og far sin i uret første gongen. Der sette ho seg ned, tok opp boka frå veska og byrja å lese.

 

Tos angelus

qui beatur quod caelum

a sacrificum quot queso

qui parentis amitto qui atrum

qui angelus potens quae potastas  

 

Direkte oversatt var setningen slik: “Dei to englane, velsigninga frå himmelen, skal miste sine kjære. To kroppar skal begravast og to skal forsvinne, for at englane skal oppnå beskyttelse for seg sjølv og alt anna”. Selina las igjennom det ein gong til. Dette var sikkert berre ein gamalt segn, som overtruiske folk trudde på før i tida. Det byrja å stikke i tinningen og ho vart svimmel. Søren, no skjedde det igjen! Og ho som var langt inne i skogen. Ingen visste kor ho var. Smertene byrja å bli intense og ho greidde ikkje å stå skikkeleg på beina. Tenk viss ho døydde her då. Heilt åleine i skogen. Det regna endå og det byrja å lage seg ein pytt rundt Selina som låg på bakken. Kleda var gjennomvåte og paraplyen låg ved sida av ho. Krampetrekning for i gjennom kroppen hennar og håret låg klistra til panna. Det tok ikkje lang tid før det gjekk over, men det hadde svartna for Selina og ho blei liggande urørleg.

 

Jobben hos onkelen hadde tatt litt lengre tid enn Eirik hadde forventa, og han kom ikkje heim att før på seine kvelden. ” Sorry for at eg sein. Det tok litt lengre tid enn eg trudde. Kor er Selina? Ho sitte vel med nasa ned i ei bok veddar eg”. Miriam snudde seg og såg på han med eit for bausande uttrykk. ” Har ho ikkje vore med deg? Ho gjekk ut for fleire timar sidan. Ho hadde visst litt ilt i hovudet. Og då ho ikkje kom tilbake på ein stund, rekna eg med at ho gjekk bort til deg”. ”Det har sikkert ikkje skjedd noko, men eg går no i alle fall ut og leitar etter ho. Eg ringjer viss eg finn ho, kan du bli verande her i tilfelle ho kjem tilbake?”. Miriam såg alvoret i andletet til son sin og nikke fort. Han drog på seg regnjakka, og tok med seg ei lommelykt. Så jogga han opp vegen.

 

Svetten silte nedover kjaken hans, og klokka nærma seg halv fire på natta. Han hadde ikkje sett snurten av ho og byrja å bli direkte bekymra. Kvar kunne ho vere? Det vesle skogholtet oppe med vegen! Det var der dei hadde snakke for første gong. Han byrja å jogge igjen, og brukte dei siste kreftene sine på å springe opp bakken. Så fulgte han stien til han kom til den opne sletta. Det hadde lysna litt, men utan lommelykta såg han nesten ikkje noko. Han speida rundt seg med lommelykta, var det noko som låg der eller var det berre innbildning? Han gjekk nærmare. ”Selina!”. Han satt seg på huk ved sidan av ho, og strauk håret vekk frå andletet hennar. Andletet var bleikt og livlaust, og kroppen var kald. Han tulla ho inn i jakka si og lyfta ho forsiktig opp. Så tok han opp telefonen og tasta nødnummeret. Han fortalte det som hadde skjedd, kven han var og kvar dei befant seg. Dei skulle komme så fort som mogeleg. Så bar han ho ut av skogen med raske skritt, heile tida bad han om at ho kom til å vakne. Han sat seg ned i vegkanten og la armane rundt ho får å halde ho varm. Det fossregna men Eirik etsa det ikkje sjølv om han berre hadde ei t-skjorte på seg, genseren og jakka hadde han lagt rundt Selina. Han hadde eigentleg aldri tenkt på kor mykje han brydde seg om Selina. Han ville ikkje innrømme det ovanfor seg sjølv, men han trengte ho. Han kunne ikkje leve utan ho. Så viktig var ho for han. Han kunne nesten seie at han elska ho. Jo, han gjorde det, han elska ho.

 

Ambulanse kom med blålys og sirene, og nærmast bråbremsa då dei fekk auge den vesle kvinna som låg i fanget til Eirik i grøfta. Det var ein høg, lys mann og ei brunette, begge i uniformer. ” Kva heiter jenta, kjenner du ho?”. Mannen tok Selina forsiktig ut av henda til Eirik. ”Ho heiter Selina, ehh..Selina Alvani. Ho kjem til å vakne att sant?”. Heile kroppen var så frossen at det var vanskeleg å bevege seg. ”Vi kan ta over no, berre sett deg inn i ambulansen og vent der til vi kjem”. ” Eg trur eg blir her til Selina har kome inn”. Han måtte ha hjelp til å komme seg opp på beina, og då Selina vert trilla på ei tralle bort til ambulansen gjekk han med ustødige skritt attmed. Heile vegen til sjukehuset satt han heilt stille og haldt handa hennar forsiktig. Han skalv som eit ospelauv, sjølv om han hadde fått på seg eit teppe som låg i bilen. Men det brydde han seg ikkje om. Alt han brydde seg om no var Selina, kvinna han elska.

 

Eirik låg på ein benk på pauserommet og halvsov. Han hadde ikkje sove på nesten 48 timar. Han hadde snakka med mor si og fortalt kva som hadde skjedd, ho hadde kome med varme, tørre klede til han. Ho villa ta han med seg heimatt, men då hadde han nekta. Han måtte vere her når ho vakna. Han døste av og blei liggande å drøyme urolig. Han befant seg i ein tunell, og i enden av tunellen var omrisset Selina. Han prøvde å rope til ho, men stemma hans nådde ikkje fram. Ho byrja å forsvinne endå lengre vekk frå han. Nei, ho måtte ikkje forvinne! Nei! Han blei liggande å vri seg i søvne. “Eirik, Eirik du må vakne”. Eirik opna augo og sat seg fort opp. Augo var slitne og han var dradd i andletet av søvnmangel. Han såg med eitt mykje eldre ut. Ikkje nødvendig vis på ein positiv måte. ” Eg beklager at eg måtte vekke deg, men vi må ta ein liten prat når det gjeld Selina”.

 

Eirik røyste seg opp. ” Er ho vakna? Kjem ho til å bli bra att?”. Andletet hadde ei bekymra mine. ” Eg kan med glede fortelle at ho fysisk sett blir heilt bra igjen”. Eirik såg opp.” Fysisk? Kva med psykisk då? Kva er det som har skjedd?”. Legen som han snakka med snudde litt på seg. ” Som vi gjer med alle pasientar, tok vi ein legesjekk på ho. Det vi fann ut var at Selina som yngre har vorte grovt mishandla. På heile kroppen har ho arr og merker av fysisk mishandling. Ho har også vorte valdteken minst ein eller fleire gonger. Med så mykje mishandlig, trur eg det skal ganske mykje til får å berre vere heilt ok. Eg kan ikkje sjå at ho har hatt noko konsulering hos psykolog i det heile tatt. Enten så er ho ei veldig sterk kvinne både psykisk og fysisk, eller så er alt berre ei maske, og ho ikkje har det så bra”.

 

Eirik var mållaus. Ho hadde aldri sagt noko, ikkje gjeve noko teikn. Han hadde ikkje ant noko i det heile tatt. ” Du visste ikkje noko om det?”. Eirik såg opp på legen med beklageleg blikk. ” Nei, ho kom til oss først for nokre månader sidan. Trur du eg kan gå inn til, er ho våken?”. Legen nikka og viste han rommet hennar. Selina låg med augo lukka, heldigvis hadde ho fått tilbake litt farge i kjakane. ” Selina? Er du våken?”. Stemma hans var låg. Selina opna augo og såg opp på Eirik. Så smilte ho varmt til han. ” Beklagar…”, kviskra ho.” Eg beklagar at eg ikkje fortalde deg om det”. Ei lita tåre rann ned kjaken hennar, men ho smilte framleis. Eirik kunne ikkje forstå kvifor ho hadde noko å beklage seg for. ” Du har ikkje noko å beklage deg for, ingenting! Høyre du meg?!”.

 

Eirik tok handa hennar og kyssa den varsamt. Dei såg på kvarandre ei stund, så strekte Eirik seg over senga og kyssa ho mjukt på munnen. Eirik såg på ho med triste auge, og Selina tok handa hans. ” Eg skal fortelje deg om det ein dag, må berre få litt tid på meg. Ein dag”. Endå ei tåre rann nedover kjaken hennar, og Eirik tørka den vesle tåra forsiktig vekk. ” Det er noko eg må fortelje deg og”.


Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish