Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
Vinden i håretSkriv ut Utskrift
Ei novelle om lykke. Oppgaven var å skrive om et barndomsminne.
Nynorsk - NovelleForfatter: Anonym



Ein snekke flyter sakte forbi, og måkene skrik. Elisabeth kjem seg fort ut av senga, utan å vekke veslesøster. Ho tar på seg den blomstrete sommarkjolen sin forsiktig, knapp etter knapp. Ho finn eit smykke av skjell like ved, tar det lange, blonde håret hennar til side og festar det rundt halsen. Like utanfor ser ho ein gla og kjekk gut med steinar i handa, iferd med å kaste dei med stor fart ved vindauget hennar. Elisabeth fortar seg for å opne vindauget, og vinkar til Johannes. Ho visar med hendene at ho kjem ned med ein gong, listar seg forsiktig ned trappa, for ikkje å vekke resten som er i huset. Klokka er snart halv sju, så dei kan vakne når som helst. Når Elisabeth kjem ut, helder dei hendene ut slik at dei møtas, og held hendene til kvarandre medan dei spring.

 

Dei må begge stoppe når dei har kome til den store eika, like ved brygga. Johannes stupar ned i alle blomstane og forsvinn. Elisabeth vannar først solsikka hennar og deretter set ho seg på den nymalte, kvite benken i skygga av treet. Sola varmar slik i kinna og den nydelige lukta av sommar og fridom. Ho kjenner seg berre så herleg og ler medan ho ruller nedover frå krakken. Johannes kjem hoppande bak ho med nokre blomstar og festar dei i håret hennar. Ho snur seg sakte rundt og sjåar rett inn i nokre knallblå augar, like blåe som havet som dei elskar begge to. Han sendar eit blikk og ho nikkar. Dei sprettar opp å fortsett å springe vidare til brygga. Elisabeth tenkar heile tida på kor heldig ho er, og berre den utrolege følelsen av det å spring barføtt gjer ho berre i betre humor.

 

Når dei kjem til brygga er det ein liten fiskar båt som ligg ved kaia.

- God morgon, seier Elisabeth stor fornøgd.

Mannen vinkar tilbake og nikkar til Johannes.

- Er dykk klare til å bli med på sjøan? Spør faren ivrig.

- Sidan det er sommar er det alltid nokon som vil ha fersk fisk og krabbar!

Elisabeth hoppar om bord, medan Johannes lausnar skipsknutane. Han dytter ifrå med beinet og kjem seg elegant opp i den vesle fiskar båten. Elisabeth dansar til kassa kor det er fiskargarn og stenger, og guten med dei knall blå auga kjem like bak ho. Dei finn fram ein fiskestang kvar, og legg seg på nokre puter heilt forrang i båten. Johannes steller seg på toppen av båten, kor han kan kjenne den heilt skjønne sjøbrisen små piske i ansiktet. Han står der med eit av dei breiaste smila du kan tenkja deg, medan Elisabeth ligg å latar som at ho søv.

 

Når dei kjem fram til Skjærhallen, hjerte av Hvaler, legg dei til kaia og ungane løpar av sted til butikken får å kjøpe 10 kilo mjøl og nokre hekto med havregryn, meir treng dei ikkje. På vegen ser dei alle mulige blomstar, men mest solsikker. Det luktar så friskt og det er så koseleg å sjå på dei alle spire og gro. Når handelen er gjort, går dei tilbake til hamna kor faren til Elisabeth står og smilar. Han kjem imot dei og hjelpar dei med maten. Han har nok fått selt alle fiskane han har fiska og dei store, signalraude krabbane. Dei flyter sakte tilbake til holma si, Kjerringholmen. Det må vere verdas beste plass tenkjar Elisabeth då ho kan sjå litt av øya.

 

Når dei kjem tilbake har heile familien stått opp, og driv med kvart sitt. Veslesøster ligg heilt roleg på ryggen til den nydelige hingsten, nesten søv. Mora driv å vaskar kleder og hus mens gutane skrik og spring etter kvarandre i ring, rundt og rundt, i evigheitar. Elisabeth hoppar forsiktig bort til Storm og hennar søster. Storm kneggar forsiktig og gla når han får sjå Elisabeth. Ho lagar ein trutmunn og kyssar hesten på mulen, og sjåar på hennar veslesøster. Ho vaknar idet Elisabeth stryker handa si gjennom dei søte, små lokkane hennar.

- Hei veslesyster! Seier ho koseleg.

- Skal du ned til pappa? Spør Elisabeth.

- Ja, det vil eg! Svarar den lisle jenta.

 

Elisabeth løftar ho forsiktig av, og berre nokre sekund kan ho sjå på hennar veslesyster rusle og nesten forsvinn i det høge graset. Idet ho forsvinn bak huset kjem Johannes styrtanes bort til Elisabeth og hennar hest. Han pustar og pesar litt før han får forklart at han har sprunge om kapp med brødrane hennar. Storm vrinskar høgt mens han fortset å tygge litt på det nydelege håret hennar. Ho klappar og småsnakkar litt til Storm, før ho og Johannes plutseleg er oppå hesten. Dei tar ein liten ridetur rundt holmen. Man kan kjende vinden i håret, høyre vannet som slår mot steinane, hesten som vrinskar og sjå på dei vedunderlige blå auga til hennar beste venn. Ho følar seg så utroleg fri og ho ønskjer så inderlig at ingenting skal forandre seg.




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish