Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
Femti kronerSkriv ut Utskrift
Ei novelle som har temaet kjærleik.
Nynorsk - NovelleForfatter:



Det var fredag. Det var samfunnsfag time og eg såg meg rundt i klasserommet. Der satt ho som vanleg. Den finaste jenta i klassa. Den populæraste jenta på skulen. Ho som berre gjekk ut med eldre gutar. To pultar framfor meg. Beate. Ho hadde det finaste andlet eg hadde sett i mitt liv. Eg drøymte om ho kvar natt og eg tenkte ikkje på anna enn ho. Ho var så nydeleg. Blåe auge og blondt langt hår. Brun i huda som ein spanjol og kropp som ein idrettsutøvar. Eg tenkte ikkje på andre enn ho. Eg ville kysse ho. Eg ville kysse dei myke raude leppene til Beate. Leppene som eg drøymde om kvar kveld. Og endeleg var timen ferdig og eg tok på meg sekken og gjekk ut døra.

 

Eg hadde akkurat komme ut av garderoben, da Beate av all folk i verda, gjekk i mot meg. Beate, den finaste jenta i klassa kom bort til meg? Kvifor kjem ho bort til meg. Eg er jo berre ein tilfeldeg tapar i klassa. Eg retta meg i ryggen og skaut fram brystkassa, som ein soldat. Maracus, skal du på festen til Martine på laurdag, spurte Beate. Orda som kom ut av munnen på ho fekk meg til å bli raud i fjeset og fekk meg til å tenkje på heilt andre ting. Ho hadde så fin ein stemme. Og sjå kor nydeleg ho er. Det blonde håret flaug i vinden så det så ut som ho skulla ha vært med i ei reklame for eit eller anna hår produkt. Sjå kor fine kleder ho har på seg. Blå jakke og kvit bukse frå Levis. Marcus, skal du på festen til Martine eller ikkje, spurte ho meg igjen med ein litt irritert stemme. Eg tok meg saman, men det klarte eg ikkje. Eg var enda raud som ein tomat i andlet, men eg klarte til sluttt og få ut noka ord ut av munnen. Ja, sjølvsagt skal eg til Martine, sa eg med ein ristande stemme. Ok, da ses vi der da, sa ho og gjekk bort til venninnene sine.

 

Kvifor ble eg invitert på fest av Beate? Den finaste jenta i klassa inviterte den styggaste guten i klassa. Meg, Marcus Bratsjen. Eg hadde aldri vori på fest før. Og det var ikkje akkurat ”ja, sjøvlsagt” at eg skulle til Martine. Eg visste ikkje at det var fest ein gong hos Martine.. Eg hadde sett at mamma hadde sett på romantiske filmar, og eg hadde lært at dei fleste forhold starter med at ein av dei to inviterar den andre ut. Og det vil si at Beate er interresert i meg? Eg ble heilt i himmelen av tanken. Eg og Beate som kyssar, som holdar hendar på veg til skulen. Endeleg skulle draumane mine bli sanne!

 

Og laurdag kom. Eg hadde pynta meg og eg var på veg ut døra. Ha det, kom heim til klokka 00.00, kom det frå mor mi som satt og så på såpeseriar på stua. Jada, ropte eg så høgt at eg var sikker på at eg overdøyde lyden på tv-en. Eg gjekk ned trappa og tok opp ein sekk eg hadde kjmt i forkant i ein busk utanfor blokka. Det var mørkt ute. På bakken var det frost og gatelysa var det einaste som gjorde at eg så kor eg gjekk. Eg skulle møte Martin i Oppesgate. Martin var ein eg skulle kjøpe drikke av. Han hadde akkurat fylt 18 år og kjøpte drikke til all. Oppesgate 5 var 5 minutters gåing unna. Og når eg endeleg kom fram fekk eg ein pose med øl, som eg putta i sekken.

 

Her er pengane.. hundre kroner, sa eg og ga han pengane. Takk, eg høyre at det er din første gong? Sa Martin. Ja, det er min første gong, men eg trur det skal gå bra, sa eg. Ja, du får ha lykke til som sagt, sa han og gjekk sin veg.

 

Etter ein liten stund fant eg fram til Martines hus. Det var ein stor villa. Eg så mange folk som var på veg inn og musikken var så høg at eg høyrde det utanfrå. Please don’t stop the music, please don’t stop the music, den nye Rihanna CD-plata ble spilt av på anlegget til Martine. Eg gjekk mot huset og gjekk opp innkjørselen. I døra sto Martine og tok inn folk. Ja, du kjem inn og du kjem ikkje inn, sa ho til dei som sto framfor meg i køa. Endeleg min tur. Ho hadde eit merkelig blikk. Det merkelige blikket ble fort til eit anna blikk når ho så meg og begynte å fnise. Ja, du slepp inn, daten til Beate.. sa ho med ein fnisande stemme. Eg tok opp ein øl frå sekken og gjekk inn døra.

 

Når eg kom inn, kom Beate gåande mot meg. Ho hadde pynta seg i dag, sølv kjole og håret var finare enn vanleg. Ho hadde sminka seg, ho så ut som ein prinsesse. Hei Marcus, du må bli med inn på stua, sa ho. Ho tok tak i arma mi og drog meg in på stua før eg fekk svart. Stua var stor og med tre sofaer og eit spisebord. Det satt folk eg aldri hadde sett før i sofaene og rundt spisebordet. All saman satt og drakk av ein eller anna flaske. Musikken var på full styrke og folk dansa rundt på golvet. Så dette var fest tenkte eg. Finn dykk ein anna plass å sitje, ropte Beate til nokon som tydelegvis satt på fel plass. For nokon idiota, sa Beate og drog med ned i sofaen. Sofaen vi hadde satt oss i var bers og av skinn. Herregud kor fin ho er, tenkte eg og såg meg rundt i stua.

 

Eg snudde hovudet mitt tilbake og såg på ho, og plutseleg møttes blikka våre. Ho såg på meg, med sine blåe auga og eg så på ho med mine brune auga. Eg ble lam i heile kroppen, bare hovudet mitt røyrde på seg. Vi stria inn i kvarandes auge. Dette var eit typisk romantisk augeblikk, det hadde eg sett på tv, to som kyssar for første gong. Eg konsentrerte meg bare om Beate. All andre tankar eg hadde i hovudet forsvann og verden stoppa opp. Eg høyrde ikkje musikken meir, folka som ropte og skreik, skreik ikkje meir. Alt eg såg, var Beate. Beates lepper nokon centimeter framfor meg. Dei var arude og akkuratt passe store. Eg lente hovudet mitt sakte framover og ho lente sitt framover. Mine lepper var no berre millimeter frå leppene til Beate. Alt eg hadde drøymt om, egog Beate som kyssa. Beate, den finaste jenta på heile skulen, forelska i meg? Kunne det være muleg, tenkte eg. Eg lente meg enda lenger fram og vi møttes. Leppene mine mot leppene til Beate. Eg fekk ein god kjensle i heile kroppen. Heile kroppen min ble varm og eg kunne ikkje drøyme om betre ting enn det her. Og der satt vi. I ti sekund. Mine lepper og leppene til Beate. Det føltes ut som vi satt i fleire timar, men det varte berre i 10 sekund. 10 gode sekund som eg vil hugse for alltid. Eg hadde vært i himmelen tenkte eg.

 

Da var det slutt med kyssinga, og leppene våre gjekk frå kvarandre. Så høyrde eg at vennane til Beate fnise og Martine ropte ”Ja, du skal få dine femti kroner!” Kva mente ho med det, tenkte eg. Ja, eg skal ha femti kroner av dykk all for det her, svarte Beate og dytta meg unna og gjekk til vennane sine. Kva meinar du, spurde eg Beate. Eg kyssa berre med deg for å få pengar, alt var eit veddemål, svarte Beate med ein tone eg ikkje hadde høyrd ho bruke før. Først skjønte eg ingenting… Men så gjekk det opp for meg, eg hadde blitt lurt, lurt som eit lite barn. Hjartet mitt gjekk i tusen knas og eg sprang ut av stua og låste meg inn på toalettet. Eg satt på doen og tenkte over kva som hadde skjedd. Eg hadde blitt lurt. Beate hadde knust hjartet mitt som ein eller anna ting. Og på doen satt eg og følte meg heilt verdilaus. Eg hadde vori så dum, kvifor skjønte eg ikkje at det var lureri frå starten av? Eg var berre taparen Marcus som hadde blitt lurt.




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish