Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
Er kvinnekampen over?Skriv ut Utskrift

En artikkel på nynorsk om kvinnekampen nå er over.

Karakter: 5 (3. gym)

Nynorsk - EssayForfatter: Anonym



Allereie på slutten av 1800-talet blei det fødd ein ide om kvinnekamp. Respektable forfattare som Bjørnstjerne Bjørnson og Gina Krog, skreiv skodespel og artiklar om eit nytt og betre Noreg, der begge kjønn skulle ha same verd. Kvinnene skulle ha løyve til å uttrykkje seg, ta del i arbeidsmarknaden, og gifte seg slik dei ville. Men med eit samfunn som var prega av menn, syntest likeverd mellom kjønna som ein umogeleg kamp. Men i dag, om lag to hundre år seinare, kan man seie at kvinnene på dei aller fleste områda er jamstilte med menn. Kva betyr dette; er kvinnene i dag nøgde med sånn som ståa er, eller har vi fortsatt ein kamp framfor oss?

 

Å vere kvinne har aldri vore lett. Vi blei rekna for å ikkje vere kapable nok til å ta utdanning - noko Ernst Ferdinand Lochmann tydeleg understrekar i «Om kvindesaken» frå 1884; vi måtte leve med undertrykking, og utsjånaden vår spilte ein viktig rolle i korleis vi blei oppfatta. I 2008 heng framleis tanken om kvinner som sexsymbol att, noko ein kan sjå gjennom media. Nokon magasin portretterer kvinnene som så dumme at dei ikkje kan sitt eiga namn ein gong. Ser ein på det nye Noreg og på den fleirkulturelle tida vi leve i, ser ein også at synsmåten frå andre religionar påverke kulturen her. Den muslimske kulturen er kjende for å halde nede kvinnene, og no som 80 000 av befolkninga i Noreg er muslimar, påverkar det oss. Eit tydeleg eksempel på dette er når etnisk norske jenter ved omgang med muslimar, blir meir forknytt i forhold til si eiga seksualitet. Men på den andre sida er kvinner no blitt sterkare, og ein auka tru på oss sjølv gjer at vi våger å gjere ting kvinner før i tida, ikkje ville tort.

 

Utdanning er ein gode som den moderne kvinna, både ønskjer seg og jobbar hardt for å få. Jenter i grunnskolen gjer det gjennomsnittleg betre enn gutane, men seinare får ofte gutane betre betalte jobbar og meir makt. Dette viser at det framleis er ein skilnad mellom menn og kvinner i arbeidslivet. Utan omsyn til kva for yrke det er, lønnast menn gjennomsnittleg med to tusen kroner meir enn kvinner i månaden i følgje Statistisk sentralbyrå. Kvinner har i dagens arbeidsmarknad det vanskelegare visst dei skal inn i jobbar som er dominerte av menn. Til dømes å bli leiar eller få styreverv. Årsaka til det er at det er så vanleg med leiarstillingar for dei, og at menn ofte veljar menn. Derfor er det eit bra tiltak at det alltid skal vere ein viss prosent kvinner i slike stillingar no. Ønskjer ein denne typen stilling, må ein markere seg tydeleg – noko som menn ikkje treng på så måte. På den andre sida er å gjere suksess i arbeidslivet absolutt mogleg for kvinner i dag.

 

På 1800 talet blei det venta at hustruene skulle vere heime, passe barn og lage maten. På den tida var det eit klart skilje mellom kva ein mann og ein kvinne skulle gjere. I den seinare tid har dette skiljet gradvis blitt forandra på, og ein ser no at menn tek meir del i huslege syslar og omsorg for barna. Trass i det har framleis kvinnene eit større ansvar enn mennene. Særskilt når det kjem til barn og permisjon. Det er vanleg at kvinner tar permisjon, og er heime med barna. På den andre sida har det i dei siste åra kome tilbod om ein slags pappa-permisjon, som kan hjelpe kvinnene å kome ut i arbeidsmarknad etter fødsel. Andre årsaker er at kvinnene framleis har eit større press til å halde heime i orden. Kvinnene i 2008 står framfor eit vegskilje, de må velje mellom ein karrière eller å vere med barna. Det er og eit velkjend problem at kvinner i arbeid, slit med dårleg samvit, å velje derfor barna framfor karrièren.

 

Å ikkje vere eit sexobjekt, å ha høg utdanning, og å skape meir likskap i parforhold er dei tema som er viktigast for kvinnekampen i framtida. Eg vil derfor si at kvinnekampen ikkje er over i mine auge. Sjølv om vi i Noreg er eit av landa som har kome lengst, har vi framleis mykje å kjempe for – og kvifor skal vi se oss nøgd med det vi har?

Heilt i slutninga vil eg påpeike ein ting; ein kvinnekamp er ikkje ein kamp vi kjemper mot mennene, ein kvinnekamp er ein kamp vi kjemper mot eit samfunn slik at det skaper likskap mellom kjønna.




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish