Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave


propaganda.net : Skole & Jobb
Sunday bloody SundaySkriv ut Utskrift

Oppgaven var å skrive en mest mulig makaber historie.

Skrevet i 10. klasse.

Nynorsk - NovelleForfatter:

Stilla eksploderte av komfyren som peip. Steika var ferdig og no sto berre grønnsakene att. Eg såg på klokka, halv to. Det var sundag ettermiddag og eg hadde bedt syster mi, som kom heim frå England, over på middag. Eg gleda meg verkeleg til å sjå ho att! På radioen høyrte eg U2, ”But I won’t heed the battle call. It puts my back up, puts my back on the wall. Sunday bloody Sunday, Sunday bloody Sunday.” Eg elsker stemmen til Bono, den får meg til å slappa av og verkeleg berre nyta songen fullt ut.

 

Eg nynna med meg sjølv og var heilt i min eigen verden medan eg kutta grønsakene. Plutseleg ringte det på døra og eg høyrte mannen min, David, opna den.

”David! Det var lengje sidan, det må vel vera minst eit år sidan sist!” sa veslesyster mi med sin ljose røyst. Eg rakk ikkje å leggja ned kniven ein gong før ho kom inn i stova. Ho var om mogleg endå vakrare enn før. Med sitt bølgete raude hår, rette nase og kropp som ei gudinna kasta ho seg kring halsen min. ”Johanne! Så utruleg godt å sjå deg att! Å Gud, så godt du ser ut!” nærmast skreik ho inn i øyra på meg og etterlot seg ei sterk eim av parfyme. ”Marlene søs! Først no, no som du er her merkar eg kor mykje eg har sakna deg og ditt muntre vesen!” sa eg og lo ein klukkande latter. At eg hadde sakna ho, var vel ein kraftig overdriving. Som du sikkert allereie har merka, så er ho ganske intens. Men ho er jo syster mi, tross alt, så eg fekk berre leva med det og gjere som ingenting. Eg ba ho og David om å setja seg til bords medan eg gjorde klart siste rest av måltidet.

 

Medan eg sto og venta på at steika skulle godgjere seg, høyrte eg kviskring frå stova.

”Marlene, eg veit ikkje om vi bør gjere det. Johanne kjem til å finna det ut!”

”Ver så snill, David. Vi kan ikkje sei noko til ho. Det er for seint no uansett. Ho kjem til å bli heilt i frå seg. ”

”Kva om ho finn det ut? Kva trur du ho vil sei? Ho kjem til å bli både sint, såra og lei seg. For ikkje å gløyma føla seg forrådt.”

”Du gjer det ikkje akkurat betre, David! Ver så snill og støtt meg!”

”Greit. Men berre fordi eg er så glad i deg.”

”Tusen takk! Eg er glad i deg og, David!”

 

Eg såg varsomt inn i stova. Der sat David og Marlene og klemte kvarandre som om dei var to elskande som ikkje hadde sett kvarandre på fleire år! Dei måtte berre ha eitt eller anna på gong, kva kunne det ellers vere? Eg drog pusten djupt inn og slapp han ut att. Lot sanninga synke inn. ”Skulle eg berre gjere som ingenting? Servere steiken som ei anna servitrise til eit forelska par? Eller skulle eg brase inn, ta dei på fersk gjerning, kjefte og smelle?” Jo meir eg stod og tenkte, jo meir sinne steig opp i meg. Likevel bestemte eg meg for å gjere som ingenting. Førebels.

 

”Middagen er servert!” sa eg med min muntraste røyst. Vi sat oss til bords og holdt praten gåande. Ingenting tyda på at noko var gale. ”Kven kunne ha gjetta at du var ein slik fantastisk kokk?” sa Marlene og sendte meg eit ertande flir. Begge visste at ho sikta til at eg fekk ein sterk 3’ar i heimkunnskap på ungdomsskulen, berre at denne gongen klarte eg ikkje å sjå det komiske i det. Klarte ikkje å sjå noko komisk i noko som helst. ”Nydeleg steik, elskede!” sa David og blunka til meg. Det skar i hjarta å sjå kor kjekk han såg ut der han sat. Askeblondt hår, krittkvite tenner og nystrøken, lyseblå skjorte. Det skar meg i hjarta å veta at Marlene hadde noko seksuelt gåande med David, mannen eg hadde vore gift med i over ti år og som eg elska over alt på denne jord. Med eitt gjekk det opp for meg. Det som måtte skje. Det som måtte skje i kveld.

 

Enten skulle eg få David, ellers så måtte ingen få han. Slik var det berre. ”Eg skal berre hente desserten,” sa eg og reiste meg roleg og gjekk ut på kjøkenet. Eg lukka døra bakom meg og såg meg i spegelen, eg såg ut som verdas tristaste person. Men det var eg vel kanskje og.

 

Eg gjekk sakte mot knivskuffa og tok ut den nyaste og skarpaste brødkniven, haldt han opp og vurderte han. Nei, han var ikkje bra nok! Eg skunda meg ut i garasjen og fant fram den berbare motorsaga som David hadde fått til jul.

 

Den var perfekt, heilt fullkommen. Det var berre ein einaste tanke som sto i hovudet mitt, og det var at to mennesker skulle døy i natt. Og dei to var David og Marlene. Eg var framleis glad i David, men han hadde sveke meg på det grovste, og det kunne eg aldri, aldri tilgje. Men han skulle få døy utan smerte. Du forstår, eg hadde nemleg ein smith & wesson 686 i nattbordskuffa mi til å beskytte meg med. Eg gjekk for å henta den og lista meg inn i stova. Der sat dei med ryggen mot meg og lo noko så sinnssjukt at dei sikkert ikkje hadde høyrt det om det kom ein flokk elefantar inn.

 

Eg sikta med pistolen mot hovudet til David og trakk av. Kula gjekk rett gjennom hovudet og inn i veggen foran han, han datt daud om.

 

Marlene kom med eit halvkvalt stønn og snudde seg brått. Eg såg ho strakt inn i augnene og skrudde på motorsaga. ”Sånn går det når du pular andre sine ektemenn!!” skreik eg så høgt eg berre kunne for å overdøyva motorsaga. ”Kva i svarte er det du snakkar om?” skreik ho tilbake. ”Å, du veit godt kva eg snakkar om, di forbanna hore! Ikkje lyg meg rett opp i andletet!” brølte eg rasande og borte saga inn i den eine armen hennar. Ho skreik ut i smerte i det blodet spruta over heile rommet. Raudt mot kvitt. Sterke kontrastar. Armen vart saga tvers over og landa rett på linoleumen. Det var rett før ho svimte av der ho låg på golvet og jamra seg. No kom ho til å døy uansett, så eg skrudde av motorsaga. ”Eg…har…aldri…hatt…noko…forhold til…David!” kviskra ho. ”Pisspreik!” freste eg og såg inn i dei raudsprengte augnene hennar. ”Hvis du…snakkar om…før i dag, når…me satt og kvi…” plutseleg tok ho den hånda ho framleis hadde og drog av seg håret, som viste seg å vera ein parykk. ”Eg har kreft, eg ville berre ikkje sei det til deg, for det var for seint uansett. Dette var det eg og David snakka om.” pressa ho fram før ho datt om og døydde.

 

Eg såg på dei to lika på golvet, lika av dei to menneska eg brydde meg mest om overalt på jord. Eg såg på dei blodmalte veggjene og eg såg ned på hendene mine. ”Kva hadde eg gjort?” Eg gjekk bort der David låg og henta pistolen. Eg løfta den mot tinningen og trakk av.

 

”But I won’t heed the battle call. It puts my back up, puts my back on the wall. Sunday bloody Sunday, Sunday bloody Sunday.”


Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish