Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
KjærleikSkriv ut Utskrift
Essay om kjærleik.
Nynorsk - EssayForfatter:



Kjærleiken følgjer oss gjennom livet.

 

Den første kjærleiken er i barnet. Vi elskar frå vi blir fødde. Kjærleiken mellom mor og barn. Kjærleiken som får ei mor til å ta opp barnet sitt når det gret, sjølv om det er midt på natta. Sjølv om ho er dødstrøytt. Sjølv om det står i boka, som ho kjøpte i eit akutt tilfelle av lite sjølvtillit, at barnet berre skal liggje når det gret, slik at det lærer. Nokon kallar det morsinstinkt, men kjærleik er det, like fullt.

 

Kjærleiken mellom sysken. Brør og systrer vil alltid væra glade i kvarandre. Sjølv om storebror er irritabel og lislesyster masar, sjølv om lislebror berre bråkar og storesyster berre vil vere i fred, så er dei glad i kvarandre. Elskar kvarandre.

 

Kjærleiken er den eit barn kan føla for eit anna barn. Når ein liten gut ikkje vil heim frå barnehagen, fordi ham vil leike med den spesielle jenta heile tida.

 

Med ungdom kjem forelsking. Det er ikkje kjærleik, men det kan bli det.

 

Kjærleik kan vere i hender som finn kvarandre i mørkret i ein kino sal.

 

Kjærleik kan vere i augo som møtest, og skin mot kvarandre.

 

Kjærleik kan vere i munnar som smiler til kvarandre.

 

Kjærleik kan vere i ømme ord kviskra inn i eit øyra.

 

Kjærleiken mellom vener er den som held oss oppe i tunge stunder. Romantisk kjærleik varer kanskje ikkje evig, men vener sin kjærleik gjer ofte det. Det er venene våre som hjelper oss gjennom dei tunge stundene, før vi har funne Den Eine, den som vi vil tilbringe heile livet saman med. Og dei hjelper oss også gjennom dei tunge stundene vi måtte ha med vår utvalde. Vener kan du ha heile livet. Det fantastiske med vener, og vener sin kjærleik, er at vener kan vekse i forskjellige retningar, utan at kjærleiken mellom dei forsvinn i all voksteren.

 

Den modne kjærleiken. Vaksne menneske som har opplevd den store kjærleiken, som har mista den dei elska. Menneske som søkjer noko anna. Ikkje kjærleik slik dei fekk frå den som er gått bort, men ein som likevel er meir enn ein ven. «Ein å bli gammal saman med,» som Willy sa. Kona hans har vore død i 16 år. For eitt år sidan fann han ei som var i same situasjon. Mannen hennar døydde for nesten like mange år sidan. No har dei «ein å bli gammal med.»

 

Kjærleik til naturen. Den er kanskje ikkje det ein tenkjer på først når ein pratar om kjærleik, men like fullt er det kjærleik, den kjensla ein får inni seg når ein er ute i Gud sin frie natur. Når ein går ein fjelltur, og kjenner den friske lufta. Når ein har gått ein lang tur, har litt vondt i føtene, men står på den høgaste toppen i syne. Den kjensla er også kjærleik.  

 

Kjærleik mellom menneske og dyr. Det finst knapt noko vesen ein knyter seg tettare til enn ein hund eller ein katt. Har ein hatt dyret i mange år, kan det å måtte avlive det, eller at det døyr av seg sjølv, vere svært vondt, på linje med å miste ein medlem av familien

 

Kjærleik er varme. Kjærleik er glede. Kjærleik er det største av alt.

 

Så vert dei verande desse tre: tru, von og kjærleik. Og størst blant dei er kjærleiken.




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish