Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
Erlend Loe og boka hans "Tatt av kvinnen"Skriv ut Utskrift
Bokrapport om "Tatt av kvinnen" og en biografi av Erlend Loe.
Nynorsk - SæremneForfatter:
Denne oppgaven inneholder bilder.
Logg inn via Facebook for å se dem.


Innhaldsliste

- Forord

- Biografi av Erlend Loe

- Innleiing av boka Tatt av kvinnen

- Bokrapport av Tatt av kvinnen

 

Forord

Då eg fekk beskjed om at me skulle ha eit særemne begynte eg å lure på korleis bok og ikkje minst forfattar eg skulle ha om. Det gjekk litt hit og dit, men heldigvis fant eg det ut til slutt. Først tenkte eg på og ha om Åse Gyrid Solli sidan eg hadde lest trilogien hennar, men det var for nokre år sidan, og till slutt falt valet på Erlend Loe`s ” Tatt av kvinnen”. Eg tenkte sidan dei hadde laga ein film av denne romanen så måtte boken vera bra. Boka skuffa meg ikkje, men eg blei ikkje akkurat veldig fornøgd med den heller. sidan eg er i den ”ikkje-lese generasjonen” så skal eg ikkje sei at den var dårlig.

 

Det fyrste eg gjorde var og leige filmen og deretter lese boka, eg tykkar at dette gjorde det lettare å komme seg igjennom boka levande.

 

Det som gjorde dette ”prosjektet” vanskelig var å finne fakta stoff om Erlend Loe, eg fant ikkje nok om generelt han, som barndommen og livet hans. Men elles gjekk det bra, boka blei eg ferdig med etter ca ein uke, med min lesefart!

 

Eg trudde ikkje det var nødvendig å lese to bøker, men fekk beskjed om at det var lurt med tanke på karakteren. Så eg prøvde å skynde meg å lese ein ny bok, men det gjekk ikkje så bra med tanke på alle tentamenar og prøver me hadde. Det blei dessverre denne eine boken, men forhåpentlegvis så var dette nok ( vil jo ikkje gje deg ekstra arbeid).     

 

Erlend Loe

 

Biografi

<bilde>

Logg inn for å se bildet
Erlend Loe blei født i Trondheim i 1969. Der voksa han opp og budde fram til han flyttet som utvekslingsstudent til Frankrike. Loe har i dag tittelen Cand Mag med folkeminnevitenskap som grunnfag, mellomfag i filmvitenskap og mellomfag i litteraturvitenskap. Han er utdanna manuskriptforfatter ved den danske filmskulen i København.

 

Loe nekta militærteneste og avtente siviltenesta som altmulig-mann og skodespelar i teatergruppa ”Stella polaris”. Loe bur i Oslo der han arbeider og driver eit kontorfellesskap kalt ”Screenwriters Oslo” som han var med og starta i 1998. Han er samboar og er far til ein liten gut.

 

Forfattarkarrieren hans starta i 1993 med romanen ”Tatt av kvinnen”, men slo igjennom med romanen Naiv Super, han skreiv den i 1996. Men det var ikkje før 2001 den blei ein hit. Den blei blant anna selje til Sverige, Finland, Estland, Danmark, Island, Nederland, Tyskland, Polen osv. I 1994 skrev han ”Marie & Jose” og barneboken ”Fisken”. I 1995 kom den første boken om Kurt, ”Kurt blir grusom”. I 1996 skrev han barneboken ”Den røde hunden”, same år kom romanen ”Naiv. Super” som ble en stor suksess som sagt. I 1998 utgjev han den andre boken om Kurt, ”Kurt quo vadis”. I 1999 gir han ut romanen ”L”. I 2001 kommer romanen ”Fakta om Finland”. Seinare same år utgjev han ”Kurt3”. Den fjerde boken om Kurt kom i 2003, ”Kurt koker i hodet”.

 

Hans foreløpige siste verk, Romanen ”Doppler” kom i 2004. Mange av hans romanar er oversatt til andre språk. Han prøvde seg også som oversetter av dikt. I 1997 oversette han diktet ”Sa mor” og året etter diktet ”Sa terapeuten min”.

 

Erlend Loe har også laga film og TV manus. Han debutera i 1995 med, ”Jakobs Liste”, ein infofilm om kjønnssykdommen klamydia. Seinare same år på den danske filmskulen produserte han eit manus til kortfilmen ”Moonchild”. I 1998 gjekk ein serie av Loe på NRK kalt ”Latex”. To år seinare lagde han manuset til filmen ”Detektor”.

 

Erlend Loe har også fått fleire prisar for bøkane sine: Bokhandlerprisen i 1999, Cappelen-prisen i 1997, Kulturdepartementets barnebokpris og Trondheim Kommunes kulturpris i 2002.

 

BOKANMELDELSE AV TATT AV KVINNEN

 

Innleiing:

Tittel: Tatt av kvinnen
Forfattar: Erlend Loe
Forlag: Cappelen, 1993

 

”Tatt av kvinnen er ein roman skrivet av Erlend Loe. Hovudpersonen i denne boka er ein eg –person og Marianne. Det kan virke som at eg-personen ikkje har sine egne meiningar og alltid føyer seg etter Marianne eller andres meiningar, han er forsiktig og likar ikkje å tråkke på andres tær. Marianne er ein pratsam person som likar å ha kontroll og ta kontroll. Ho tar også stor kontroll over eg-personens liv i det ho ”bestemmer” at de skal flytte saman i hans leilegheit. Men det som viser seg er at i begynninga av boka er at Marianne ikkje tek alle avgjersla aleine, men når han sitter der å nikker tar ho det som eit ja, utan at han veit kva det er han har sagt ja til. Og dette skaper mange problem for desse hovudpersonane . Begge diskuterer mykje, og henger seg opp i bagatellar ”vanlige” folk ikkje hadde orket å heve augebryna for eingang. Man får ikkje vite alderen på disse, men det virke som om de er i trettiåra. Dette kommer av interessene deies og andre ting dei seier og gjer.

 

Me blir også kjente med venner og familie av dette ”lykkelige” paret.  Halfred er naboen til eg-personen, han spelar curling, han kjem stadig med gode råd. Bent og Runar er studiekameratane til Marianne. Bent er veldig liberal og er open for det meste, han driver med termisk forsking.

 

Mens Runar er veldig religiøs, og lever etter den kristne tru, han studerer teologi ved universitetet i Oslo. Nidar - Bergene er ein venninne av Marianne, ho jobbar på Nidar - Bergene det er derfor ho har det kallenamnet. Ho har diabetes, aleine mor, sympatisk, og ho er imot det meste. Ho likar ikkje sjokolade, er imot røyking, alkohol og er vegetarianar. Eg-personen møter Glen i symjehallen. Han har ein stor mage, med utovernavle. Han er veldig grei og blir ein god venn av både Marianne og eg-personen. I tillegg til desse er det ein rekke andre bipersonar. Mirlinda, svenske obersten Kalle og hans kone Marianne, Lollik, Tor, Herr Slind-Larsen, som er faren til Marianne og Roland som er en yngre halvbror av eg-personens farfar.

 

Bokrapporten

Boka ” Tatt av kvinnen” handlar om ein mann, rundt 30 åra, som bur for seg sjølv, namnet hans blir ikkje nemnt i boka, han blir omtalt som eg-personen. Hovudpersonen i boka er han som fortel om livet sitt, altså eg-personen. Me får bli kjent med Marianne ganske fort i romanen, ho er ein ung kvinne, rundt 30 år ho og. Ho er ein venn av eg-personen i starten av romanen, men dei utviklar eit forhold utover i boka. Ho plagar å besøke eg-personen om kvelden, oftast rett før han skal legge seg, ho flyttar inn til leilegheita hans i starten på romanen.

 

Det fyrste ho gjer er å ta full kommando over livet til eg-personen, ho tek dei fleste avgjerslene, og har lett for å kritisere han og livet hans. Eg-personen likar å gå i symjehallen, og utviklar der etterkvart eit venskap med ein gamal man ved namnet Glenn.

 

<bilde>

Logg inn for å se bildet
Marianne bestemmer at dei skal ha ein fest for å feire at sola snur og dei inviterar 3 personar kvar. Marianne ber Nidar-Bergene og to studiekameratar, Runar og Bent. Eg-personen inviterar Halfred, Glenn og kona hans Ruth. Det blir ein koseleg fest der alle blir godt kjende med kvarandre.

 

Etter ein stund i romanen mistar eg-personen jobben på grunn av vanskelege tider i firmaet han jobbar i. Han synes dette er leit, men Marianne ser det positive i det, og bestemmer at dei skal reise saman på tur i Europa. Dei byrjar med å reise til Stockholm, men der likar ikkje Marianne seg så dei reiser snart vidare til Danmark og København. Derifrå reiser dei med eit lokaltog eit stykke utanfor byen og har ein svært romantisk dag i ein park. Med eitt finn dei ut at det ikkje går fleire tog til byen for dagen, og bankar på døra til eit hus for å spørje om å få låne telefon til å ringe etter drosje. Dei får i staden overnatte der.

 

Dei reiser vidare til Tyskland og Frankrike. Marianne bestemmer som vanleg kva dei skal gjere og kvar dei skal gå av. Etter å ha vore i Paris, og krangla ein del, går dei. Dei tek toget og bestemmer seg for å gå av når tog sjåføren seier att no bør dykken gå av.

 

Toget stoppar på ein aude stasjon og Marianne føler på seg att no bør dei gå av, eg-personen er ikkje heilt einig, men prøver å unngå å krangle så han gjeng av. Dei kjem til ein plass der det ikkje er ei sjel, men dei treff på ein svensk oberst med namnet Kalle, og kona hans som også heiter Marianne. Dei vert kjend med obersten, og kona hans Marianne. Dei blir invitert inn til huset deira og blir servert mat. Huset har også basseng, noko som passar eg-personen bra. Dei får også seinare på kvelden eit tilbod om å overnatte. Det vil dei gjerne, og neste dag har dei det like hyggelig som dagen før.  På kvelden seier eg-personen at han kjem til å reise heim neste dag, men Marianne og kona til oberst Kalle har blitt veldig gode vener.

 

Dei blir til slutt så gode vener at eg-personen si Marianne bestemmer at han skal reise vidare aleine, for ho vil vere att med obersten si Marianne.

 

Eg-personen setter seg på toget og går av i ein by han meiner er passeleg stor. Han tek inn på eit hotell og neste dag treff han ei jente, Mirlinda, som treng hjelp til å skifte dekk på bilen sin. Ho ber han på middag som takk for hjelpa og dei har det svært hyggjeleg. Ho seier at han kan bo hos henne mens han er i byen og det takkar han sjølvsagt ja til.

 

Ein dag ringjer han til Marianne og han prøvar å få ut av henne kva tid ho har tenkt seg heim, men det har ho ingen anelse om. Han får berre vente å sjå. Omsider dreg han heim og Mirlinda tek det tungt. Dei har blitt gode vennar. Eg-personen kjem heim og han savnar Marianne veldig, men heilt overraskande kjem ho heim etter ei stund.

 

Eg-personen får seg jobb, og ikkje lenge etter får Marianne seg òg jobb. Som lærar ved ein skule ute på ei øy. Ho må flytte og i byrjinga besøkjer dei kvarandre ofte og dei har det fint saman der ute med havet. Men det blir sjeldnare og sjeldnare, og Marianne begynner å sende han brev om at det ikkje passar at han kjem denne helga. Og ikkje den etter der eller den etter der igjen heller, men Marianne seier at alt er bra.

 

Han liker ikkje dette og ei helg tek han berre båten ut, utan å ha sagt frå på førehand. Han finn ein mann ved kjøkkenbordet hennar. Marianne er overraska og forfjamsa. Ho forklarar at dette er Tor og at han er biolog, han driv for tid med ørn. Eg-personen meinar at dette er for dumt, men Marianne seier at ho ikkje kan noko for det. Det berre er slik, og han må huske at med henne er det enten eller.

 

Neste dag reiser han tilbake til byen. Han blir sjuk og ligg ei heil veke i senga. Han har litt kontakt med Nidar-Bergene, og ho seier at ho forstår han godt og at ho aldri hadde trudd noko slikt om Marianne.

 

Eg-personen oppsøkjer framande cafèar, og ein dag kjem han i kontakt med ei vulgær jente som heiter Lollik. Ho blir med han heim og overnattar. Eg-personen foreslår at dei skal reise ut til sjøen og det vil Lollik gjerne. Dei reiser ut til Marianne og Tor. I hybelen til Marianne var det ingen, så dei la seg og eg-personen fryda seg over at Marianne kom til å finne han i hennar seng med ei anna kvinne. Men neste morgon vaknar dei og Marianne og Tor har ennå ikkje komt heim. Det viser seg at dei er på eit fjell for å fotografere og observere ørner.

 

Eg-personen og Lollik dreg like gjerne opp på fjellet og treff Marianne og Tor. Marianne synest med ein gong at Lollik er vulgær, og eg-personen og Marianne går ned frå fjellet. Lollik vil vere der oppe for å sjå på ørn saman med Tor. Marianne sa at Lollik var den mest slitsomme og utrivelige personen ho hadde vore i nærleiken av.

 

Neste morgon reiser Lollik og eg-personen tilbake til byen og han ber henne om å dra til helvete. Og det gjorde ho, eller ho forsvann i allefall.

 

Han begynner å jobbe igjen, og det blir vår. Han går ofte i parken og likar å berre sitte der å sjå på folk som går forbi. Han er no så godt som over Marianne, men plutseleg ein dag står ho i døra. Ho har flytta tilbake til byen. Tor tenkte ikkje på noko anna enn ørn og det likte ikkje Marianne så godt. Ho synest dei bør flytte saman igjen men det synest ikkje eg-personen er nokon god ide. Dei er ofte i lag, og som før kjem Marianne når ho vil og snakkar mykje.

 

Ein kveld kjem det fram at Marianne er gravid og at Tor er faren. Eg-personen blir sint, men Marianne meiner at han kan vel bli ein like god far for barnet som det Tor ville vore, og det er han vel eigentleg einig i når det kjem til stykket. Marianne flyttar inn igjen og no blir alt som før. Men nå tenkjer eg-personen at den same feilen ikkje skal gjenta seg, denne gangen skal han leve livet hans etter sine eigne reglar. Boka sluttar med denne setninga:
”Eg-personen tenkjer at den einaste som skal leve hans liv er han”.

 

TEMA

Temaet i denne boka er kjærleik og forelsking mellom to unge menneske. Den er også om korleis eit menneske kan komme inn i livet til ein annan person og dominere det slik som det var beskrive i denne boka.

 

Mitt syn på boken:

Den var litt ”treig” og kjedelig i begynninga men begynte å lausne opp etter kvart. Den er ikkje akkurat den mest spennande boka eg heve lest, men den var lett å lese og forstå. Du forstår ganske fort kva boka handlar om og den kan bli litt kjedelig etter kvart, dette er kanskje ikkje ein bok for ungdommen, men sida den var på film så tenkte eg den var bra. Vis du syns kvinner tek for mykje plass og er masete så er denne boken for deg!

 

Kjelder:

- Boka tatt av kvinnen

- Cappelen.no

- Idi.ntnu.no

- Home.no

- Stepzilla.com

 

<bilde>

Logg inn for å se bildet




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish