Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave


propaganda.net : Skole & Jobb
Salvador Dali og surrealismenSkriv ut Utskrift
Eg har valt å fordypa meg i biletet "Sleep". "Sleep" er laga av Salvador Dali som kommer frå Surrealismen. Her i denne oppgåva har eg skrevet biografi om Salvador Dali, om kunstperioda og om biletet eg har valt.
Nynorsk - TemaoppgaveForfatter:
Denne oppgaven inneholder bilder.
Logg inn via Facebook for å se dem.

Eg har valt biletet Sleep som er laga av kunstnaren Salvador Dali. Biletet er mala i 1937 og kommer fra kunst perioda som vi kaller Surrealismen. Salvador Dali kom frå Spania, men bodde og arbeide i USA, Paris, Malaga og andre stader i Spania.

 

<bilde>

Logg inn for å se bildet

"Sleep" av Salvador Dali (1937)

 

Salvador Dali levde frå 1904 til 1989. Han levde og mala spesielt typisk frå Surrealismen. Han blei ein av dei mest kjente kunstnarane innenfor surrealismen. Bileta til Dali førestilte ofte gjenstander i øde og ørkenlignende landskaper. Ofte kjente ting som er satt saman på ein merkelig måte. Han har også en fin og drøymeaktig fantasi i bileta sine.

 

Salvador Dali hadde sterk tro på seg sjølv og han hadde eit godt sjølvbilete. Sjølv meinte han at han var ein av verdens beste malere, og at det var fantastisk å være akkuratt han. Han fant ut at navnet hans Salvador, betyr ”frelser”, og han følte seg nesten som en frelser for kunsten. Dali var egentlig merkelig på mange måtar, han kledde seg rart og oppførte seg tåpelig, fordi han var veldig oppteken av at andre skulle sjå han.

 

<bilde>

Logg inn for å se bildet
I studietida brukte Dali veldig ofte improvisasjon, men seinare blei bileta mykkje klarere og meir fotografiske. Han mala ganske detallierte bilete om drøymar som dukte opp i hovedet hans. Nokon teknikkar han brukte kan vera at han mala amøbelignande ansikter som kunne se litt engstelege ut og kunne spre angst i biletet. Ting som gresshopare kunne bety frykt og maur kunne bety forråtnelse. Dette kunne veldig ofte sveve rundt i ørkenlignende områder.

 

Dali prøvde seg også i ein periode på kubisme, men dette blei det eigentleg ikkje så mykkje av.  Han malte og ein gong eit bilde av Lenin og eit hakekors, dette endte med at nokon ville han skulle kastes ut av surrealismen. Han har også studert rennesansen og mala bilete frå denne perioda. Til tross for dette holdt han seg stort sett innenfor den surrealistiske kunsten.

 

I midten av Dalis liv var det Krig, dette er noko som på denne tida påvirka malinga hans. I denne perioda mala han ofte bilete som blei kalla Gåtebilete. Han var eit geni og ein mester på dette feltet. for eksempel så kunne han mala ei krigscene, men om du ser nærare på bilete oppdager du at det var eit ansikt til ein krigsoffiser.

 

Salvador Dali var ikkje berre malar. Han skrev mange bøker gjennom sitt liv og viste seg fram også som forfatter. Han arbeida også med film og sammarbeide med Alfred Hitchcock og Walt Disney i sin karriere med film. Filmene ble ganske kjente og fikk god kritikk.

 

Det var og ein annan malar som levde på same tida som Dali, og dette var den kjente Pablo Picasso. Dei to er begge frå Spania, men dei møttes kun ein gong og det var i Paris. Begge viste fram maleriar til kvarandre utan at dei sa så mykkje, men det viste seg at dei påvirka kvarandres malerier sterkt.

 

<bilde>

Logg inn for å se bildet

”Hukommelsens standhaftighet -2” Hengande klokker i eit øde landskap. 

 

<bilde>

Logg inn for å se bildet

”Soft Construction with Boiled Beans”. Dette biletet er eit godt eksempel som er satt saman på ein merkeleg måte.

 

Surrealismen

Salvador Dali var som sagt ein aktiv surrealist som blei ein av dei mest kjente innanfor denne retningen. Surrealismen var ein epoke i kunsthistoria som blei til i fyrst i Tyskland og Frankrike i 1920 åra. Surrealismen gjekk for det meste ut på detallierte drøymar som egentleg ikkje stemmer med vår oppfatting og erfaring.Ordet Surrealisme betyr  overrealisme eller oververkeligheit. Det kan vera noko som ikkje eksisterer eller noko som ikkje stemmer med vår verkeligheit. Dali mala ofte bileter med realistiske objekter, men dei var veldig ofte satt saman på ein heilt merkeleg måte. Eit eksempel på dette er bilete der Dali mala hengande klokker, som nesten ser forvridde ut og våte og som henger til tørk. Dette har blitt kansje det mest kjente biletet fra Surrealismen. Eller som bilete sleep som eg har valgt, her er det eit merkeleg stort hode som kviler på nokon tynne stokkar.                                                   

 

”Sleep” av Salvador Dali

 

Beskrivelse:                                                                                                                                                                        Biletet eg har valt heitar ”Sleep”. Midt i biletet finner vi eit unormalt stort hovud, eit amøbelignande udyre. Det ser ut som om vesenet sover og det er kansje derfor Dali kalla vesenet for ”Søvnmonsteret”. Det som er så merkelig er at Søvnmonsteret ligger og kvilar på nokon tynne stokkar. Der øyret til Søvnmonsteret skulle vært finner vi ein klut. Ved sida av søvnmonsteret er det ein hund som også ligger og støttar seg  til nokre pinnar. Det ser ut som det også er eit menneske og ein liten båt på biletet. I horisonten kan ein skimte to fjell og ein Fjelllandsby. Alle desse objektene er plasert på eit merkelig øde ørkenlandskap. Ein kan jo lure på kva denne drøymen egentleg handlar om?

 

<bilde>

Logg inn for å se bildet

 

Biletet heitar ”Sleep” og er laga av Salvador Dali. Biletet er mala i 1937 og er viser tydeleg at det kommer fra den Surrealistiske epoken. Salvador Dali er kjent for å sette inn merkelige objekter i øde og ørkenlignande landskaper. Han plasserer objekter på ein rar og unaturleg måte. Biletet er mala i oljemaling. Horsionten i biletet delar bilete opp i to delar. Delane er ikkje like store og dette er kansje for å få meir spenning i biletet. Midt i biletet er det et objekt som er hovedblikket i biletet. I utkanten av biletet finner vi små objekter. Framme i forgrunnen i biletet er det skygge. Dette er nok skygge frå det store hovudet. Denne skyggen står i stor kontrast med den lyse horisonten. Det vil si at det er stor forskjell i farge og lys mellom forgrunnen og horisonten. I frå andre side av horisonten mot himmelen er det enda mer lys og det står i stor kontrast med den mer mørkere forsettelsen på himmelen. Den mørke forsettelsen på himmelen tar opp igjen balansen frå den mørke forgrunnen. Kunstneren har plassert objekter i horisonten for å lage mer dybde i biletet. Det er både varme og kalde farger i dette biletet og det vil si at det er ein varm-kald kontrast. Det er eit figurativt bilete.

 

Tolkning:

Det virker ut som om biletet pregas av søvn og stilleheit. Søvnmonsteret er i dyp søvn og om krykkane veltar får vi få følelsen av å falle. Hunden ved sidan av støttar seg også av krykkar, men hunden sover med eit øuge ope. Det skal kansje ikkje så mykkje til før krykkene veltar og hunden begynner å bjeffa?  Det er til nå berre stillheit og vi kan sjå føre oss at om ein av krykkene faller kan det bli annleis. Det rare er at dette er eit ørkenlandskap og kva har eigentleg ein båt her å gjere?

                        

Kjelder:

http://no.wikipedia.org/wiki/Salvador_Dali

http://en.wikipedia.org/wiki/Salvador_Dalí (engelsk variasjon)

http://www2.skolenettet.no/kunstweb/bilde/kunstnere/dali.html

I tillegg har eg lest litt i ei kunstbok som heitar Surrealismen. Ut i frå det eg lærte i denne boka, skreiv eg med eigne ord om i teksten.

 

Planlegging og Rapport av eiga arbeid

Eg valte biletet ”Sleep” fordi det såg spennande og inspirerande ut. Når du ser dette drøymeaktige biletet med alle desse flotte detaljane, verker det spennande ut å halde på med. Det var spennande men eg valte det også fordi det var utfordrande. Det er også eit bilete som krev ulike metodar som som sying og maling. Her kunne eg læra litt av kvart.

 

Korleis gjekk eg fram med tekstiloppgåva: Eg valte å male bakrunnen. Bakrunnen preges av forskjellige farger og derfor brukte eg vatn i malinga slik at eg fekk ein gjevn overgang mellom fargane. Så fant eg fram eit passande stoff til det store hovudet sentralt i biletet. Eg lærte ein ny teknikk der eg festa dette hovudet ved å sy for hond. Eg sydde så eit fast stoff under det gamle slik at sjølve biletet blei litt tjukkere. Dette gjorde eg med ein symaskin. Derretter fant eg eit lite grønt stoff som eg brettet og brukte som tørkle der kor eigentleg øyret til søvnmonsteret skulle ha vært. Eg lurte på korleis eg skulle få til dei stokkane på biletet, og fant ut at eg kunne leggja ein tråd der og sy rundt slik at tråden kunne være dei stokkane. Og då var det berre detaljane som var att. Eg sydde eit stoff på samme måte som med hovudet og mala oppå slik at eg fekk landsbygda. Dei andre detaljane mala eg.

 

Egenvurdering: Eg blei ganske fornøyd med bakrunnen som blei gjevn og fin. Den gode bakrunnen blei ein god insperasjon til resten av biletet. Eg har lært mykkje og har brukt ulike metodar i biletet. Eg har også lært mykkje frå den skriftlege delen om både kunstnaren og perioden. Og selvfølgelig fått prøvd meg på analyse av biletet noko som eg aldri har gjort før og har lært mykkje av. Eg føler eg har jobba godt i timane på skulen og brukt tiden nyttig og også jobbet litt heime. Dette har vært ein kjekk semesteroppgåve!


Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish