Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
SikhismenSkriv ut Utskrift

Om religionen sikhismen.

Karakter: 5

Nynorsk - TemaoppgaveForfatter:
Denne oppgaven inneholder bilder.
Logg inn via Facebook for å se dem.


<bilde>

Logg inn for å se bildet
Sikhismen er berømt for sine krigarar, men religionen oppstod blant diktarhelgenar. Dei held fast på læra om at alle religionar er eit. Religionen er basert på læra til ti guruar. Sjølv om denne religionen er ein av verda sine største, med 25 millionar tilhengjarar, er den relativt ukjent for mange.

 

Det heile byrja i India i byen Punjab. Guru Nanak, som er grunnleggjaren av religionen, levde på 1400- og1500-talet og familien var hinduar. I ung alder drog han heimmant i frå for å leite etter sanninga i religiøs meining. Han kom saman med nokon diktarhelgenar som kombinerte song og poesi på jakt etter Gud. Som omkring 30-åring hadde han ei religiøs oppleving medan han morgon-bada. Då opplevde han Gud sitt nærvere. Dermed reiste han rundt for å formidla bodskapet og konkluderte at alle religionar eir eit. Med denne trua blei han den første guruen i den nye retninga og han komponerte 974 hymner som seinare vart ein del av sikhane si heilage bok. Før han døydde utpeikte han ein av sine disiplar til å bli ny guru. Han døydde i år 1538.

 

Til saman har det vore ni guruar i sikhismen etter Guru Nanak, og etter den niande av dei, har dei ikkje lenger hatt ein guru. Sikhane si heilage bok blir rekna som den ellevte guruen. Den siste menneskelege guruen døydde i 1708, og sidan har det skjedd fleire viktige handlingar som for eksempel at dei fekk deira første statsminister i 2004 i Kongresspartiet.

 

Den ellevte guruen er boka Adi Granth, som tyder «den første boka». Sidan dei kallar boka ein guru, brukar dei namnet Guru Granth Sihab. Denne boka blir tilbode som ein levande guddom og inneheld dikt, hymner og ragaer. Hovudtemaet i boka er frelsa. At man kan bli frelst gjennom meditasjon. Granth er på 1430 sider.

 

Sikhane trur det berre eksisterer ein Gud, og denne Guden kan ikkje bli fanga menneskeleg eller i anna form. Det vil seie at det er forbode å lage bilete av Gud. Dei kallar gjerne Guden sin for Akal Purakh, som tyder «den tidlause». Det er fordi han står utanfor den materielle verda sin tid og sitt rom. Folk kan tru at sikhismen er ei blanding av hinduismen og islam, men dette er eit stort vrang-bilete. Sikhismen er ei eiga tru som inneber å tru på atterfødsel og karma. Dei trur på karma som eit resultat av eigne handlingar, og at menneska har ei evig sjel som stadig blir gjenfødd. Målet for ein sikh er å oppleve frelsa og tre ut av sjelevandringa sitt krinslaup. Dei trur at alt i universitetet eksisterer på grunn av Gud sin vilje. Gud skapte alt, og veit dermed alt. Menneska er spesielle i skaparverket fordi dei har litt av Gud i seg, som ein slags guddommeleg gneiste. Dei har hatt sterk avvising til kastesystemet og til prestekasten sin makt. I India kan det vere vanskeleg å oversjå kastesystemet heilt på grunn av at det er ein del av den indiske kulturen, men dei prøver. Dei har heller ingen prestar i sikhismen fordi ingenting skal komme mellom Gud og menneska.

 

Som sikh er dei kvardagslege rutinane viktige, og dei har ein dagleg tilbedelsesrutine som dei kallar for Nitnem. Dei ber bøner om morgonen, ved solnedgang og før dei legg seg om kvelden. Bønene dei ber, er oftast frå deira heilage bok. Dei har ingen heilagdag i sikhismen, men vel å å i tempelet på sundagane. Dei viktigaste høgtidene her er fødselsdagane og dødsdagane til dei ti guruane. Andre ting dei feirar er Hola Mohalla, Divali og Baisahki.

 

I sikhismen skal ein meditere, tene til livet på ærleg vis og dele det man har med fattige. Dei trur på likestilling mellom kjønn, arbeid og familie er ein viktig del av kvardagslivet. Sjølv om arbeid er viktig, så tyder ikkje det at alle jobbar er bra. Dyrking og sal av tobakk er ikkje bra, prostitusjon og spel skal man heller ikkje leve opp til. Du skal hjelpe dei fattige og absolutt ikkje vere ein tiggar. Hovmod, egoisme og eigenrådigheit er ille i sikhismen.

 

Dei heilage bygningane til sikhane er tempel som blir kalla gurdwaraer, som tyder «huset til Gud». Her har dei et felleskjøkken slik at alle skal få mat. Her møter folk kvarandre, og kosar seg. Deira vakraste og mest heilage tempel er Amritsar som ligg i nord mot grensa av Pakistan. Dei fleste sikhar prøver å reise på pilegrimsreise hit minst ein gong i året.

 

Ein ting som sikhar set høgt, er dei fem K'ane. Dette er sentrale symbol og kjenneteikn for sikhismen.

<bilde>

Logg inn for å se bildet
1. Kesh → uklipt hår. Å la håret gro viser lydnad og aksept mot Gud. Ein sikh brukar ein turban for å halde det lange håret på plass.

2. Kanga → ein kam. Brukt til å halde det lange håret på plass. Er og eit teikn på å vere reinsleg og å ha disiplin.

3. Kara → eit stålarmband. Ein sirkel utan byrjing og slutt, akkurat som Gud. Skal minne på at man eg bunden til kjærleik.

4. Kacha → laus kortbukse. Eit underklede som er kvitt og som gjer deg bunden til å vere rein.

5. Kirpan → krigarsverd. Vanskeleg å gå rundt med til kvardags, så dei kan erstattast med små, sløve lommeknivar. Symbol for verdigheit og sjølvrespekt, og minner om den åndelege makta dei alltid må kjempe for.

 

Om du er innvigd, må du følgje dei fem K'ane og dei fire tabu. Ein kan sjølv velje når ein vil bli innvigd, om det er i tidleg alder eller i sein alder. Ein forventar at ein sikh skal bli innvigd ein gong. Det er for å vise sin kjærleik til Gud og for å bli ein del av broder- og syster-skapet.

 

Dei fire tabu(fire ting ein absolutt ikkje skal gjere) er:

- Å klippe håret → eit ledd i respekt og aksept for Gud. For å nå ut av gjenfødinga, må du vise kjærleik til Ham.

- Drive utruskap →ein sikh skal kun halde seg til ein person i livet. Utruskap er umoralsk og uetisk.

- Ete halal → ein sikh skal ikkje ete halal-kjøtt fordi dyret blir pint under slaktinga.

- Bruke tobakk eller rusmiddel → ein sikh meiner at vi lånar kroppen av Gud, og må derfor ta vare på den. Å ta i bruk tobakk og rusmiddel påverkar kroppen og sinnet, og øydeleggjar kroppen. Du skal vise respekt for lånet.

 

I Noreg reknar vi med at det bur om lag 5000 med bakgrunn som sikh, men det er rundt 3100 som er registrerte som ein del av religionen. Desse 5000 bur i område rundt Oslo og Drammen. Noreg har to gurdwaraer, ein i Oslo og ein i Lier. Det er ikkje mange som legger merke til sikhar, men grunnen til det kan vere at mange trur dei er muslimar. Det var på 1970-talet at dei kom til Noreg.

 

Så målet til ein sikh er å bli eit betre menneske og å oppnå å tre ut av gjenfødinga. Dei meiner og at alle religionar er eit, men at ulike menneske har ulike syn på det guddommelege. Sikhismen var i grunnen ein reaksjon mellom skilnader mellom for eksempel kvinner og menn, mellom fattige og rike, og mellom kastane.

 

 

Kilder:

rle bok- Horisontar 10

http://www.forskning.no/Artikler/2006/august/1157017462.48

http://student.hive.no/sthansen/krl/sikhismen_fordypning.htm

http://www.sikher.no/

 

<bilde>

Logg inn for å se bildet




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish