Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
SommarjobbenSkriv ut Utskrift

Sidemålsstil om Ola og Fredriks dramatiske opplevelser fra sommerjobben.

Skrevet i 10. klasse.

Nynorsk - FortellingForfatter:
Denne oppgaven inneholder bilder.
Logg inn via Facebook for å se dem.


Vi fekk jobben Ola! Vi fekk jobben! sa Fredrik med ein stolt stemme i det dei to kom smilande ut frå Hammerfest fiskebruk. Det var på denne fredagen at sommaren var redda, denne kalde fredagen som slett ikkje minte om varme sommardagar. Så sanneleg gjorde vi det, svarte Ola. Ola kunne sjå på Fredrik at han var i godt humør. Dei lyseblå auga hans lyste som ein fakkel av glede. Ola smilte litt, at det gjekk ann å vere så glad for å få lov til å fiske og kjøre båt. For Ola var ikkje dette så stort, han hadde vært mange gonger på sjøen, i uvær og i godvær med far sin. Fredrik derimot hadde nok aldri vore på ein ordentleg sjøtur.

 

Tenk deg den opplevinga! Fange fisk med ein liten båt ute på sjøen, berre vi to, sa Fredrik. No er det da ikkje ein ferie med lønn heller da sa Ola, og la ein liten dempar på stemninga. Dei to skilde lag og forlot Hammerfest fiskebruk som låg vakkert til inne ved fjorden like i nærleiken av fiskebrygga.

 

Fredrik gleda seg som ein unge da han onsdag morgon møtte opp på kaia, like bak fiskebruket. Etter å ha pint seg gjennom tørre teoritimar med opplæring hos han som jobba på fiskebruket. Tysdag ettermiddag kjende han seg klar til å dra ut med båt. Eigentleg hadde han ikkje skjønt mykje av opplæringa, men han lita på Ola som var ein erfaren båtførar.Sola stråla ned i sjøen rett foran han som glinsa tilbake som ein spegel med diamantar. Ein av strålane som spegla seg i vatnet traf Fredrik i aue. Han så ut som ein dirigent der han sto og veiva med armane får å unngå og få sola i auga. Det var da Fredrik som mest ønska seg solbriller at ein lang gut med mørk krøllete hår kom bortover brygga. Han hadde på seg lyseblå bukser og ein lysblå, t-skjorte. Hei! Kom det muntret frå Ola. Hei! Der var du ja, sa Fredrik med ein så normal stemme som murlig. Han prøvde å skjule at han var heilt gal etter å kome av garde.

 

Ikkje mange minuttar etter at Ola hadde dukka opp, kom sjefen gåande. Heldige med været da, mumla han med sneipen i munnen. fredrik og Ola nikka. Han viste dei kva for ein båt dei skulle bruke og hjelpte dei med å kasta loss. Dykk huskar kva eg har lært dykk da? spurte Sjefen litt skeptisk mens han klødde seg i sitt lange og bustete skjegg. Fredrik såg bort mot Ola, som igjen snudde seg mot Sjefen og svara: Ja, vi er da ikkje eit par med torsk heller da, sjefen smilte. Hade da! sa sjefen mens han letta på skipperlua si. Ola og Fredrik vinka tilbake.

 

Det kom ein sur gammal lyd i det Ola starta motoren og før Fredrik og Ola visste ordet av det var dei langt ute på sjøen på eiga hand. Fredrik såg opp mot himmelen, nokre fuglar flydde langs vatnet litt lenger inn mot land.

 

I det Ola og Fredrik tok ut garnet merka dei begge eit kraftig vindkast som for over båten. Det kommer dårleg vær sa Fredrik med ein fortvila stemme. Uvær? Kallar du dette uvær? For ein erfaren fiskar er dette berre som litt bris sa Ola med ein. Det er da best å vere føre var, kanskje vi skulle.Fredrik fekk ikkje fullført setninga i det den enda ut i mummel. Han var aldeles ikkje så høg på pæra som Ola. Ikkje vær så pingle da! Tåler du ikkje litt vind kanskje? sa Ola kjepphøgt i det dei første vatten dråpane trefte båten. Fredrik kjende han koke Innvendig, eit glo varm kaffe kjele som snart koket over . Han var redd for det, skjønte berre at Ola ville avblåse han. Skjønte at han berre ville virke enda meir pingle i Olas auge. Kva visste vel Fredrik om båt?  Det var som han kunne kjenne kva Ola tenkte.

 

<bilde>

Logg inn for å se bildet

Fleire og fleire bølgjer gjorde spegelbildet av den lille kvite og røde fiskebåten meir og meir uklart. Etter ein halv time var det tilslutt ikkje noko spegelbilde, men i staden ein sjø med digre bølgjer. Og i staden for ei varm sol, tromma eit kaldt pøsregn over heile båten.

 

Høge bølgjer velta inn over båten med store plask. Den lysegrøne t-skjorta til Ola var no mørke grøn. Det såg ut som den einslege lille fiskebåten skulle tippe over ende for kvar nye kjempebølgje som slo mot baugen. Det var som om bølgjene samarbeida for å sluke båten ned i den store ukjente sjøen. Regnet øste ned og gjorde dekket glatt som såpe. Ola og Fredrik hadde funne ly under taket i det vesle styrhuset. Gjennom den smale frontruta i styrhuset kunne dei sjå båten velte opp og ned i den piskande sjøen. Ola som påstod han hadde full kontroll svinga desperat på roret for å prøve og stabilisera båten, men til inga nytte.

 

La oss snu Ola, la oss for Guds skyld snu! ropte Fredrik i eit nytt forsøk på å overtala Ola. Pøh! Dette er ikkje noko og snu for, dette er jo berre søndagsvær! sa Ola. Rart at det berre er denne båten som er ute i søndagsværet ditt da! skreik Fredrik til Ola i det ei stor bølgje glefsa inn over båten. Og kvifor har ikkje  du skipper regntøy? La Fredrik til, mens han fyrst hadde sjansen. Berre hold kjeft, du kan jo ikkje noko om båt i det heile tatt,ropte Ola tilbsake som byrja å forstå at dette uværet slettes ikkje var noko søndagsvær. Han var mektig irritert over at Fredrik for ein gongs skuld hadde rett. Vi set ut eit garn til, så dreg vi inn til land! Ok? sa Ola med ein høg og bestemt stemme. Det var ikkje eit spørsmål å seia nei til, og Fredrik nikka med hovudet. Han var i det minste glad for at Ola snart ville venda heim.

 

Nokre minuttar seinare sto Fredrik og Ola sjonglerandes på det såpeglatte dekket som vogga opp og ned i eit ubestemmeleg tempo. Det var ein kamp å ikkje dette og slå seg forderva og det heile blei ikkje betre av at dei måtte finna fram det klissvåte garnet samtidig. Ola og Fredrik svinga på garnet samtidig for å fart til å kaste det ut i vatnet. Ein, to, tre! sa dei i kor før dei fekk kasta garnet over bord. Men akkurat i det Ola kasta garnet sklei han bakover og slo bakhovudet hardt i dørken.

 

Ola, nei!! Ola, ikkje no! skreik fredrik i det han av rein panikk klappa til Olav på kinnet. ”Sei noko Ola, sei noko!” ropte Fredrik fortvila, men Ola svara ikkje. Han låg paddeflat utover på dekk, utan antydning til liv. Stirra bere tomt opp i lufta som om ingenting hadde hendt.

 

Kvifor måtte eg havne i denne situasjonen? Kva skal eg gjera med Ola?  Desse spørsmåla susa rundt i hovudet hans med jetfart. Fredrik var ikkje i stand til å svare på desse spørsmåla for han var både redd og engsteleg. Sjølv om Fredrik nesten var i panikk, prøva han å tenkje så klart som mogeleg. Han slepte Ola under styrhuset, og la han i stabilt sideleie.

                        

Trass i at han var blå av kulde tok han av seg sin blåe t-skjorte og la ho som eit pledd over Ola. Sjølv om gensaren var blaut, tenkje han at det ikkje kunne gjera vondt verre.

 

”.28, 29, 30” Fredrik talde hjartokompresjonar for seg sjølv før han tok kunstig andedrett på Ola. Han gjorde det titalsvis av gonger, men det kom ikkje nokon reaksjon frå Ola. Han såg fortsatt like likegyldig ut. Fredrik sank ned langs sida på styrhuset i rein fortviling. Ville han aldri sjå Ola i live meir? Berre tanken var rett og slett jævlig. Det var akkurat i det ein tåre trilla nedover det eine kinnet til Fredrik at det kom eit hulk frå Ola. Fredrik skvatt opp. Høyrer du meg Ola? Svar meg! Svar meg!! ropte Fredrik mens han såg Ola inn i auga.

 

Det blei stille, ein stillheit som Fredrik aldri ville oppleva igjen, men så: ”Kjør heim!” Kom det utydeleg frå Ola før han blei stille igjen.Fredrik prøva å få Ola til å prata meir, men det kom berre nokre uforstålege ord ut av Ola. Ola viste i alle fall tegn til liv og Fredrik var glad for det.

 

Fredrik tok opp mobilen for å ringe etter hjelp, men nok eingang streifa ulykka. Fredrik Det var ikkje dekning. Fredrik greip tak i det trebeisa roret, han hadde bestemt seg for å prøve å vende heim. Sjølv om Fredrik ikkje kunne mykje om båt fekk han snudd båten, men det var fyrst da han såg ut av frontruta til styrhuset da han oppdaga eit nytt problem. Tåke. Det einaste Fredrik såg var ein tjukk vegg, med tåke. Ein vegg som knuste alle håp for Fredrik. Stivfrossen av regn og kulde stirra Fredrik ut i tåka. Han visste ikkje kva meir han kunne gjera. Trudde at alt håp var ute, men så Fredrik såg eit lite lysglimt. Det varte berre eit sekund, så ble det borte igjen. Fredrik trudde han berre såg syner, det var jo ikkje mogeleg å sjå noko som helst i denne livlause tåka. Det blinka igjen, og no gjekk det opp for at Fredrik han hadde sett noko. Her! Hjelp! skreik Fredrik så høgt han kunne, for no skjøna han at det var ein båt som lyste etter dei. Ein kvit og raud båt dukka opp som far ingenting ut frå tåka. Fredrik skjønte dei hadde blitt redda.

 

Det var fredag. Ola som no var utskreve frå eit heller kort sjukehusbesøk gjekk saman med Fredrik til Sjefen. Fredrik var takknemmeleg glad for at Ola var like heil. Ola hadde faktisk fått seg ein sterk hjernerystelse at han hadde besvimt. Hadde det ikkje vore for Fredriks tapre livreddingsforsøk ville ikkje Ola ha gått ved sida av han no.

 

Eg skulle ha hørt på deg med det fyrste. Du er ein sann ven Fredrik, du redda livet mitt,sa Ola i ein sann innrømming. Å,det skulle berre mangle. Kva elles? sa Fredrik småkjekt i det dei begge flirte med eit smil om munnen like før dei entra kontoret til sjefen. Dei kunne takke ham for mykje. Det var han som hadde ringt redningsskøyta ettersom han hadde begynt å bli uroleg for Fredrik og Ola. Det var jo berre eit par med ”torsk” som kunne finna på å setta garn i slikt vær, hadde sjefen sakt.

 

For det var fyrst no at sommaren var redda!




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish