Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
Sosialt samvær eller elektronisk klem?Skriv ut Utskrift
VK1. Om mobiltelefonens samfunnspåvirkning.
Nynorsk - ResonnerendeForfatter:



Vi lever i informasjonssamfunnet, eit samfunn der krava til effektivitet, tilgjengelighet og kommunikasjon stadig blir større. Som eit resultat av denne utviklinga har det kome ein del nye oppfinningar på marknaden. Ein av dei viktigaste av desse oppfinningane er mobiltelefonen, ein liten genial tingest.

 

Mobiltelefonen er faktisk så genial at 8 av 10 nordmenn mellom 20 og 35 år har skaffa seg ein. Er det verkeleg så mange som treng ein mobiltelefon? Svaret er truleg nei, men kvifor kjøper så mange mobil allikevel? Noko fasitsvar fins nok ikkje på dette spørsmålet, men at trend og det allmenne ønsket om å virke moderne er mykje av årsaken til at folk flest legg igjen nokre tusenlappar årleg på denne marknaden, er det liten tvil om.

 

29. august skriv IT-avisen, at: ”Anna kvar mobilabbonnent har ein telefon som er mindre enn 12 månader gammel”. Anna kvar mobilkunde byter altså mobiltelefon ein gong i året, neppe fordi det er naudsynt, snarare fordi dei vil ha det nyaste og mest trendy. Vidare skriv IT-avisen at: ”Unge kontantkort-kundar byter telefon så ofte som fire ganger årleg – gjerne fordi det kjem modeller med eit nytt design som brukaren må ha”. Konklusjonen må bli at trendaspektet står vel så sterkt som nytteaspektet når det gjeld kjøp av mobil.

 

Kva har så skapt denne trenden? Flittig marknadsføring frå både teleselskapa og mobiltelefonprodusentane har heilt klart mykje av æra, eller skylda om du vil, for denne utviklinga. Gjennom intens marknadsføring har dei klart å utnytte folks statusbehov til sin fordel.

 

På midten og mot slutten av åttitallet var mobiltelefonen blant dei aller beste statussymbola ein kunne ha. Den gong var mobiltelefonen assosiert med luksus og mykje pengar. Det var berre dei rikaste som hadde råd til ein. Sjølv om mobiltelefonen nå nær sagt er allemannseie og nokon til og med ser på han som ”harry”, har smarte marknadsførere klart å halde på status- og luksussymbolet oppfinninga opparbeidde seg for mange år sidan. Denne utviklinga er ei av faktorane som har ført til at mobiltelefonen har blitt ein vinnar på den norske og internasjonale marknaden.

 

Trendaspektet er nok den vesentlige årsaka til at stadig fleire unge har mobil. Ser man derimot på ein anna del av marknaden, nemlig dei profesjonelle brukarane finn ein andre årsakar. Med profesjonelle brukarar meiner eg brukarar som har mobiltelefon fordi det er eit nyttig verktøy for dei i til dømes arbeidssammenheng. Tenk deg at du har eit arbeid der du reiser mykje, då kan det ofte være vanskeleg for andre å få tak i deg, har du mobiltelefon kan folk nå deg med nokon enkle tastetrykk.

 

Over til dei aller yngste på mobilmarknaden, dei som ikkje eingang har lov til å teikne mobilabonnement fordi dei er under 18 år. Her er det foreldra som må stå ansvarlege for abonnementet og som regel må betale rekningane. Kvifor let foreldra seg overtyde av sine 14-årige barn til å kjøpe mobiltelefon til dei ? Ein årsak kan være at foreldra blir utsatt for same type press som kan oppstå når barna vil ha spesifikke merkeklede. Dei er rett og slett redde for at barna deira ikkje skal bli akseptert av jevnaldrende og tykker mobiltelefon er ein billig pris å betale for å få nøgde barn. Mange foreldre er naturleg nok særdeles svake for sine barn og er ikkje særlig vanskelege å overtyde for ein sta 14-åring. Ein annan årsak kan være at mange foreldre føler at dei har betre mulighet til å halde ”auge” med barna sine når dei kan nå dei til ei kvar tid.

 

Når eit barn veks opp med mobil, kjem han/ho truleg til å vere flittig mobilbrukar også i sitt voksne liv. Fleire og fleire unge voksne har ikkje fast telefon i det heile. Dei skiftar bustad ofte og lev et liv der mobiltelefonen passer betre til deira livsstil. Utviklinga går mot at alle mennesker får kvart sitt telefonnummer der dei er tilgjengelige heile tida. Med litt fantasi kan ein om nokon tiår se for seg eit samfunn der ein får tildelt eit telefonnummer på same måte som personnummer når ein blir født. Etter mi mening er det, på mange måtar, ei skremmande utvikling vi står ovenfor. Vi går mot eit kaldere samfunn der menneskeleg kontakt blir nedprioritert til fordel for teknologiske nyvinningar. Går utviklinga like raskt i enda nokre år, vil vi antagelig prøve å få gjort så mykje som mogleg heime og kvie oss for å ta turen ut og møte virkelige mennesker. Mobiltelefonen har sjølvsagt ikkje heile skylda for denne utviklinga, men at han er ein del av den er det ingen tvil om.

 

Sluttpoenget mitt må bli at vi bør tenkje oss om før vi seier ja takk til alle moglege oppfinningar som skal gjere kvardagen lettare for oss, og at vi må sjå på kva vi miste på vegen mot eit samfunn der alt skal gå fortare og fortare. Eg tror at etter kvart som kvardagen gradvis blir ”enklare” og meir effektiv, blir verden kjedeligere og kaldare. Når vi ikkje lenger treng å gå ut for å arbeide, handle eller snakke med andre mennesker har vi tatt eit feilsteg, da bør vi ta eit skritt tilbake, sjå kva som gjekk galt og prøve igjen.


annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish