Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
Slutten, og begynnelsen som kom etterpåSkriv ut Utskrift
En outsider og eit mobbeoffer. Ein mørk historie, og eit barberblad.
Nynorsk - FortellingForfatter:



Ingenting kunne ha forberedt meg på det synet som møtte meg då eg gjekk inn på badet. Først bare sto eg der og stira, og hadde ikkje ei aning om kva eg skulle gjere. Blodet fraus til is inni meg, og det var som om eg var heilt paralysert. For alt eg veit, kan det ha vert tilfelle. Veggene på badet til Markus var blåe, og golvet var av kvite fliser. Eit heilt normalt bad. Vasken stod i eit hjørne, og det var eit kombinert badekar og dusj oppstilt langs den eine veggen. Det var sjølvsagt også et toalett der, og ein kommode med masse jenteting på. Sikkert mor til Markus sitt. Over den, var det eit medisinskap, og eit bilete av nokre blomster.

 

Langs den høgre veggen, var grunnen til reaksjonen min. For der var Markus. Han halvvegs satt, halvvegs låg på golvet, og stira på handleddet sitt. Det var også det som fanga oppmerksamheita mi. For på det venstre handleddet til hans, var det eit djupt kutt. Eit veldig djupt kutt. Markus virka halvt fascinert og halvt livredd når han såg på det. En voksande dam av blod hadde samla seg på flisene under han, og midt i den låg det eit barberblad.

 

Eg sa ingenting. Orda sette seg fast i halsen min, og munnen min var heilt tørr. Eg klarte rett og slett ikkje å snakke. Det første eg tenkte då hjernen min starta opp igjen var "Hjelp ! Han treng hjelp !" Eg skunda meg bort til den zombie-aktige figuren på golvet, og sette meg på kne ved sidan av venen min. Eg tok opp armen hans, og stira hjelpelaust på kuttet utan å vite kva eg skulle gjere. Eg fikk heilt hjerneteppe, og en frustrert lyd kom ut.

 

Det fekk Markus til å sjå på meg, med store, mørkebrune auger. Det elles så ordentlige håret hans var bustete. Dei svarte, halvlange tustane pleidde å vere fint stroke på plass, men no hang luggen ned i auga hans. Eg stira han inn i auga, og visste plutseleg kva eg kunne gjere. Eg reiste meg, og reiv opp døra til medisinskapet. Blink ! Der var det bandasjer og kompressar. Eg tok ut det eg ville ha, og snudde meg mot Markus igjen. Eg måtte stoppe blodet i å pumpe ut. Markus kan ha komt heilt ned til pulsåra, og gudane veit kor lenge han har sete her.  Kompressen vart lagt på såret, og bandasjen surra fort og hardt rundt. Eg var langt frå profesjonell, men det såg i alle fall ut til å hjelpe litegrann.

 

Så kom eg på noko anna; "Sjukebil ! Han må på sjukehus !" Eg drog opp mobilen frå lomma, og ringte. Forklarte kvar eg var, kva som skjedde og alt det der. Eg var ikkje heilt med sjølv, underbevisstheita min tok over, og eg var litt overraska at eg hadde klart å forklare meg.

 

Då eg hadde lagt på, kom eg ikkje på noko betre å gjere en å halde rundt Markus. Eg heldt han tett inntil meg, bare heldt fast i han. Ville ikkje gi slipp på han. Eg tenkte at viss det fanst ein Gud, så fekk han ikkje ta bestevenen min. ikkje igjen. Ikkje en gang til. Eg strauk han over håret, i eit håplaust forsøk på å roe han ned, og kviskra "Shh, det skal gå bra" utallege gonger. Markus skalv ukontrollert i armane mine, og hadde brote ut gråt. "Shh, Markus. Du kjem til å overleve." Eg veit ikkje om eg sa det mest til Markus eller meg sjølv. Eg ville ikkje miste han, han som hadde forandra meg til en betre person. Eg skulda han så mykje. Han kunne ikkje døy ..

 

Derifrå gikk alt i eitt. Eg hugsar vagt at sjukebilen kom etter ei stund, og tok med seg Markus. Eg trur eg var med. Då vi kom dit, hugsar eg klart igjen. Eg hugsar at eg satt på venterommet i ein og ein halv time mens legane sydde saman årene hans, og gav han blodoverføring. Eg satt ved senga hans då han vakna opp av narkosen. Så snart Markus var sterk nok, forklarte han meg kvifor han hadde prøvd å ta sjølvmord.

 

"Andreas pleidde å slå meg, når mamma ikkje var heime. Han var alltid full, og av og til skrapa han meg opp med ei knust ølflaske. Han sa eg var pysete, og at einaste grunnen til at ikkje hadde drepe meg endå var mor mi. Han mobba meg, mykje verre enn det Alexander og dei gjer. Han slengte meg mot veggane, og sparka meg når eg prøvde å reise meg igjen. Ein gang, så .. " Markus måtte ta seg inn litt "Så reiv han av meg skjorta mi. Han slengte meg ned på sofaen, og .. Og begynte å dra i buksa mi .. Heldigvis kom mamma heim akkurat då."

 

"Men gjorde ho ikkje noko med det, då ? Han kan jo ikkje bare gjere slikt mot deg !" Sa eg. Det var over min forstand kvifor mora til Markus ikkje hadde grepe inn før.

 

"Mamma visste det aldri. Som sagt, så angreip Andreas meg bare når ho ikkje var heime. Når ho nesten fann ut av det den dagen, sa han at vi bare leikeslost. Og ho trudde på det. Mamma har nok å bekymre seg over som det er, så ho ville vel tru på Andreas. Og eg torde ikkje å seie noko, kven veit kva han kom til å gjere med meg då .."

 

Eg følte at eg vart litt småkvalm. Og eg kunne ikkje noko for den skuldfølelsa som kraup opp inni meg. Eg hadde heller ikkje merka noko. Eg hadde aldri spurt kvifor Markus alltid gjekk med langarma genserar, sjølv om det var nesten midt på sommaren. Eg hadde aldri tenkt over dei blåmerka eg nokon gonger såg. Han slo seg vel mot noko, eller snubla i noko. Det hadde eg alltid antatt. Kvifor skulle eg blande meg i det ?

 

"Eg er så lei for det," sa eg halvkvalt.

 

Markus såg på meg, og sa stille, "Det var ikkje noko du kunne gjere. Det var ikkje din feil,"

 

Epilog

Eg står utanfor rehabiliteringssenteret, og ventar på Markus. Legene hadde bestemt at han var såpass traumatisert at han burde få profesjonell hjelp. Eg lener meg mot veggen ved sidan av døra, og sukkar. Så mykje har skjedd dei siste månadane. Eg lukkar auga, og let meg gli inn i mine egne tankar.

 

Livet mitt hadde gått frå å vere .. vel, eg veit ikkje heilt kva eg skal kalle det. Eg hadde vert totalt innestengt og asosial. Sidan den første bestevenen min måtte flytte, og eg fann ut at eg var adoptert, hadde eg bare slutta å bry meg. Livet mitt hadde rast saman, og eg gadd rett og slett ikkje å rydde opp restane. Dei ekte foreldra mine ville ikkje ha meg. Bestevenen min reiste ifrå meg. Eg hadde slutta å bry meg om skule og lekser, eg hadde bare ete når det var absolutt nødvendig, og hadde ikkje brydd meg om korleis eg såg ut. Eg hadde ikkje orka å få nye venner, alt forsvann jo berre likevel.

 

Mamma og pappa forandra seg plutseleg, og gjekk meg på nervane stort sett kvar gong vi var i same rom. Det einaste eg fortsatt brydde meg om, var hunden min, Scott. Eg må smile når eg tenkjer på han, her eg står i den kjølige haustlufta. Eg har den hunden fortsatt. Den svarte labradoren hadde vore den einaste kompisen min i to og eit halvt år. Han var stort sett med uansett kvar eg gjekk. Scott var alltid så glad, uansett kva humør eg var i. Det hjelpte utruleg mykje på det elles så tragiske livet eg hadde på den tida.

 

Så hadde Markus begynt i klassen vår, men eg hadde knapt nok lagt merke til det. Markus var ikkje typen du la merke til sånn med en gang heller. Stille og sjenert hadde han vert. Eg var faktisk ikkje heilt sikker på akkurat kortid han hadde begynt i klassen vår, så uinteressert hadde eg vore i det rundt meg. Men rett før sommarferien hadde eg sett Alexander og gjengen hans banke opp den stakkars guten. Då hadde eg fått auga opp for at det faktisk var nokon som hadde det like gale som meg, og eg hadde hjelpt han. Etter kvart som eg blei betre kjend med Markus, likte eg han betre og betre. Vi hang saman heile sommaren, og blei veldig gode vener. Han klarte å forandre meg, og eg blei meir og meir den personen eg hadde vore før livet mitt gikk rett vest. Eg stolte på han. Eg skulda han så mykje.

 

Det er begynt å bli ganske kaldt no. Eg kryp litt saman, og tenkjer på første gongen eg var heime hos Markus. Det hadde lukta tungt av røyk og øl, og ein rar fyr hadde lege på sofaen og sett på TV. Tydeligvis var det han som var årsaken til dei luktene.

 

Markus hadde unngått han så mykje som mogleg. Seinare hadde eg fått vite at han heitte Andreas, og var mor til Markus sin nye kjæreste. Markus likte han ikkje noko særleg. Mora verka grei nok, i alle fall ut ifrå det Markus hadde fortalt om ho. Men ho var sjeldan heime, for ho hadde tre jobbar for å forsørgje den vesle familien sin.

 

Eg blir riven ut av tankane mine idet døra opnar seg, og Markus kjem ut. ”Nicolas !” roper han mot meg med et stort smil, og gir meg ein kjempeklem.

 

”Ja da, eg veit du er glad for å komme ut her ifrå, men du kan vel la ein person få puste ?” seier eg leande, og løsnar på det harde grepet til Markus.

 

”Ah, det tåler du fint. No vil eg heim !” svarar han bestemt. Eg bare smiler.

Markus har vore igjennom tøffe saker. Men eg veit han kjem til å klare seg saman med mor si igjen. Ho har forresten kasta ut Andreas, og sist eg høyrde frå han sat han bak lås og slå for vold.

 

Markus ser så optimistisk ut akkurat no. Han er forhåpentlegvis ikkje suicidal lenger, men eg veit at tida fortsatt ikkje har lega alle sår. Men Markus kan klare det, det veit eg. Det var fortsatt ein lang veg å gå, men alle kom til å støtte han. Eg skulle i alle fall ikkje halde meg unna.

 

”Kom,” seier eg, og klaskar Markus lett på skuldra. ”La oss dra heim !”




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish