Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
StillhetenSkriv ut Utskrift
Personskildring av Arnold Aker i novellen Stillheten - hvor Arnold Aker som tar livet av sin kone.
Nynorsk - NovelleForfatter:



Arnold Aker tok livet av sin kone. Han gjorde det ikkje hardt og momentant men han brukte derimot fem dagar på det. Kvifor gjorde han det, og kvifor brukte han så lang tid på det?

 

Arnold Aker er ca femti år gamal. Han jobbar som assistentlege på Rikshospitalet. Hans kone heiter Eva-Lisa og er veldig glad i mannen hennar. Ho gjer alt for at mannen skal vere lykkeleg og ho støttar han same kva han gjer.

 

Då Arnold arvar ei gamal seter som ligg to timars gange frå næraste nabo reiser dei dit for å ha ein liten ferie. Eva-Lisa seier at ho er glad for at dei kan ha det så koseleg, men ho seier og at ho ville hatt ei hytte ved sjøen, og ho seier det på ein sånn måte at Arnold forstår at ho ikkje likar seg så godt på setera.

 

Etter eit par dagar på setera merker han at det ikkje er noko som lager lyd utanom kona. Han innsjår at han eigentleg tykkjer kona er plagsam, og då ho dett og vrenger ankelen ber han ho tilbake til setera og får ho i seng. Då han skal lage te til henne tar han salt i og ikkje sukker. Dette gjer han fleire gonger og Eva-Lisa ber han gi henne ein glas med vanleg vatn, men han gjer henne berre saltvatn. Han brukar alt vatnet dei har på setra til å vaske opp, slik at kona ikkje skal få tak i det. Han låsar og alle dørene slik at ho ikkje kjem seg ut til bekken. Seinare stappar han ein slange ned i halsen hennar og heller salt ned i henne. Til slutt døyr ho av det.

 

Eg trur at Arnold drap kona si fordi ho blei for irriterande og plagsam. Arnold likte å fiske og vere for seg sjølv men ho ville alltid vere med ham. Han var ganske doven og lat og meinte et det ikkje gjor så myke om han blei forfremma eller ikkje. Eva-Lisa derimot snakka mykje om at ho ville likt at han blei forfremma, men at det likevel ikkje var så viktig for ho, berre han var lykkeleg. Arnold føler og at han druknar i augo hennar nokon gonger. Det viser at han føler seg overkøyrd av kona, og at han ikkje eigentleg er så glad i ho.

 

Etter at ho er død går han til naboen og lånar telefonen. Han ringar til doktoren, og seier at ho plutseleg døde. Doktoren blir forskrekka, men tenkjer ikkje på at Arnold kan ha drepe ho. Han seier at Arnold må ta seg fri frå arbeidet ei stund slik at han kan få det litt på avstand. Arnold er slett ikkje lei seg, han følar seg fri og lett. Men etter ei stund på setera merkar han at han ikkje søv så godt så han gjorde før. Dette kan vere eit tekn på at han angrar seg, og at han begynnar å få dårleg samvet. Han følar og at stillheten er pressande, og at han er blitt redd for den, men det kan vere at han er redd for å bli oppdaga, sjølv om han drap ho på ein måte som ikkje er så lett å oppdage, sjølv om den tok lang tid. Arnold trudde kanskje at han skulle bli lykkeleg når han fekk vere så mykje for seg sjølv, men eigentleg kjeda han seg etter berre nokre dagar utan Eva-Lisa. Det visar at han eigentleg ikkje var så lei av kona, han kan ha hatt behov for ei lita stund for seg sjølv, men han trudde at han var lei av ho for alltid og ikkje trudde at han kom til å sakna ho etter at ho var borte.


annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish