Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
Vanskeligheten i livet ligger i valgetSkriv ut Utskrift
Stilen tar for seg hvordan forskjellige valg kan føre til både godt og vondt.
Nynorsk - EssayForfatter:



Vidar står på kanten av stupet. Skal han hoppe? Dette har han tenkt over i lang tid. Han går litt tilbake, tek sats og hoppar. Han åpnar auga. Vidar suser mot bakken i full fart, men han føler seg lett. Vinden i håret er så forfriskande. Stillheita har tetta igjen øyra. Frå himmelen kan han sjå eit lys. Klårare enn noko han nokon gong har sett. Han tenkjer på alle avgjerdene han har teke som har ført han dit han er i dag. Han har gjort mykje han ikkje er så stolt av, men han har også gjort mykje bra. Han har svindla og bedratt, men han har støtta både miljø- og barneorganisasjonar. Han reknar seg sjølv som noenlunde nøytral.

 

Han tenkjer tilbake til dagen han såg Renate, kvinna han elska over alt på jord, hoppe utfor det same stupet han forlét for 20 sekund sidan. Ho var gravid i femte månad. Det er 3 år sidan.

 

På vidaregåande skole hang han saman med nokre litt tvilsame typar. Han var ikkje akkurat mors beste barn, men det var berre fordi han ville vere med i den ''kule'' gjengen. Dei gjorde hærverk, dei drakk og dei bruka dop. Kjempekult. Men ei dag gjekk det gale. Han tok ein overdose og vart sendt til sjukehuset for umiddelbar behandling. Vidar ser på det i eit anna perspektiv no enn for 6 år sidan. Under opphaldet på avrusingsinstitusjonen møtte han nemlig ei sjukesøster. Ho heitte Renate. Hadde han valt å halde seg unna dei ''kule'' gutane, hadde han og Renate aldri treftest.

 

Etter kvart som han vart betre, gjekk dei turar og vart veldig gode venar. Dei hadde god kjemi. Begge to såg at dette kanskje kunne utvikle seg til å bli noko meir enn berre eit vennskap. Han vart utskriven etter 8 veker.

 

Neste dag ringte det på dørklokka til Vidar. Han gjekk og opna inngangsdøra, og utanfor sto Renate. Ho var kledd i ein roseraud topp og eit halvlangt rosa skjørt. Han ba ho inn, fann ein god vin og sette på litt musikk. Det eine førte til det andre, og snart fann dei vegen inn til soverommet.

 

Dei neste månadane reiste dei til stadar dei aldri før hadde vore. Paris, New York, Toronto, London. Dei besøkte Madam Tussaud, var i CN Tower og Frihetsstatuen. På toppen av Eiffeltårnet fann Vidar fram ein diamantring og stilte det store spørsmålet: Vil du gifte deg med meg? Svaret var ja. Dei gifta seg 7 veker seinare. Vidar hadde kjøpt seg ein tradisjonell dress med svart dressjakke og bukse, ei kvit skjorte, og eit svart slips. Renate steig fram mot alteret kledd i ein fabelaktig kvit kjole med to meter langt brudeslør. Seremonien gjekk strålande.

 

For tre og eit halvt år sidan lurte begge på om dei skulle prøve å få avkom. Var dei klare til å ta på seg denne kolossale oppgåva? Dei tenkte langt og lenge (og lenger enn langt). Det var ei vanskeleg avgjerdsle, men dei fann til slutt ut at dei var klare. Etter to-tre veker kom Renate og viste Vidar ein blå strek på svangerskapstesten. Om ni månader kom dei til å vere foreldre.

 

Månadene gjekk, og Renate este ut/opp. Dei var glade og fornøgde. Renate var fire månader på veg, og alt var heilt fint. Men Vidar la merke til at Renate nokre gonger såg usikkert opp på fjella to-tre kilometer unna.

 

Ein dag då han kom heim frå jobben, fann ikkje Vidar Renate nokon stad. På kjøkkenbordet låg det ein lapp. Det sto: Har tatt ein fjelltur. Hilsen Renate.

 

Fjelltur? I hennar tilstand? Vidar sprang ut og sette kurs mot fjella. Han såg opp mot toppen av den næraste klippa, mens han håpa at han ikkje kom til å sjå ho der. Men der var ho. Heilt ute på kanten. Han ropa på ho. Han vinka og gaula. Det neste som skjedde var det verste scenarioet han kunne forestille seg. Han sto som lamma. Renate hoppa.

 

Vidar kjem nærare og nærare bakken. Om han ikkje snart gjer noko, vil han døy av samanstøytet med bakken. Han dreg i snora og fallskjermen faldar seg ut. Nede på bakken kan han sjå Renate. Ho kom ned før han, men så har ho meir erfaring enn han også. Ho har hoppa i fallskjerm i 3 år, og no har ho endeleg fått Vidar til å hoppe også.

 

Vidar hugsar eit sitat frå ein tentamensoppgåve i 10. klasse. ''Vanskelegheten i livet ligger i valget''. Vanskeleg har det vore, men Vidar har gjort mange gode val. Renate er eit av dei.




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish