Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
Ingen veg tilbakeSkriv ut Utskrift

En novelle om valg og følgene av valgene du tar.

Skrevet i 10. klasse.

Nynorsk - NovelleForfatter: Anonym



Marius sat i bilen med den eine handa i lomma på den mørke hettegenseren medan han studerte banken som låg på andre sida av gata. Sola heldt på å svinne bak dei høgaste husa, og gatene begynte å tømmast. Marius kunne ikkje bestemme seg for kva han skulle gjere; enten kunne han fullføre det han kom for, eller vri om nøkkelen og forsvinne utan at nokon kom til å leggje merke til han. Viss han følgde planen, ville han aldri kunne kome tilbake til denne byen, eller enda verre, kanskje ville han aldri kome seg derifrå.

 

Det heile begynte to dagar tidlegare. Marius hadde jobba i eit stort selskap som økonomisk rådgivar. Det var ein godt lønna jobb som han hadde hatt i meir enn tre år. Han var rundt tjueseks år gamal og budde aleine i ei leilegheit på den beste sida av byen. Marius hadde berre eit problem; same kor mykje han tente, brukte han enda meir.

 

Nå sat han i den nykjøpte dressen og las i avisa. Det hadde vore enda eit av dei forferdelege bankrana igjen, og tjuvane hadde nok ein gong kome seg unna med fleire millionar kroner. Han kunne ikkje forstå kva som fekk vanlege menneske til å gjere slikt, og synst at dei var motbydelege som berre tok andres pengar i staden for å jobbe for dei. Vidare handla avisa mest om den økonomiske krisa som herja. Marius likte å tenkje på at det var så mange som hadde mista jobbane sine, medan som han sat der og tente gode pengar på nesten ingenting.

 

Ofte tenkte han på korleis han hadde hatt det da han budde heime. Korleis faren alltid hadde heist flagget om morgonane, og mora serverte frukost på senga. Nå derimot, hadde han andre problem å tenkje på.

 

Det banka på døre, og inn kom direktøren for selskapet. Som ein gribb vakla han inn i kontoret, og sette seg ned i stolen framfor skrivebordet.

 

- Korleis går det med deg? Spurde han med eit stort, falskt smil. Marius svarde ikkje. Auga til direktøren stirde på ham som gribben på sitt bytte.

- Nei, la meg gå rett på sak. Du har vore tilsett her i tre år nå, og det har vi sat stor pris på. Du har hjelpt oss fleire gonger, og det skulle vi ønskje du kunne fortsette med.

 

Marius begynte å forstå kvar dette leidde, og sat berre og vanta på at gribben skulle setje inn nådestøytet.

- Men med dei vanskelege tidane, og dei store tapa firmaet har hatt, må vi dessverre kutte ned på kostnadene. Derfor har vi kome fram til at vi må redusere talet på tilsette.

Hr. Grå sette opp eit trist andlet, men det var eigentlig eit dårleg skjult smil. Gribben hadde ringa inn byttet, og stupte ned mot det i høy fart.

- Uheldigvis for deg, dukka ditt namn opp på den lista, og eg må derfor be deg pakke saman eigedelane dine og forlate bygningen.

 

Gribben hadde felt, drepen og ete byttet, verda falt saman rund Marius. Korleis skulle han få betalt alle låna nå? Etter ei stund pakka han saman tinga sine og drog heim.

 

Vel heime, henta han posten av mangel på anna å gjere. Han svarte ikkje når folk helste, og brydde seg ikkje om den gamle dama med dei store bereposane som kunne trunge litt ekstra hjelp. Han berre gjekk og tenkte på kva han kunne gjere nå. Sjølv om han hadde god inntekt, var han neddynka i gjeld på grunn av det høge forbruket sitt.

 

Da han kom inn i leilegheita igjen, såg han gjennom bunken med brev. Da såg han brevet. Det hadde ein blå logo i det høgre hjørnet, og adressa hans var skrive på konvolutten. Marius reiv han opp og drog ut innhaldet. Det var eit enkelt brev. Det brevet tok frå ham alt han eigde og hadde. Marius vart trist og rasande på same tid. La dei små barna kome til meg seier bankane. Dei gjer vann om til vin, og eit brød til ti med alle deira kredittkort. Seinare støytar dei barna frå seg og skal ha tilbake alt saman endå dei veit at barna ikkje har råd.

 

Derfor sat han nå utanfor banken og prøvde å bestemme seg for kva han skulle gjere. I lomma han fikla han med finlandshetta han hadde laga av ei gammal strømpe. I den andre lomma låg ein pistol som han hadde kjøpt da han flytta heimafrå. Viss han gjorde dette, ville det ikkje vere nokon veg tilbake, da kom han til å vere på rømmen resten av livet, men han kunne ikkje snu. Dei skulle få betale for å ha øydelagt livet hans.

 

Martin drog handa ut av lomma, tok på finnlandshetta og opna døra. Han gjekk med raske skritt bort til banken. Da han kom inn, gjekk han bort til sikkerheitsvakta og slo han ned. Deretter tok han opp pistolen, og gjekk til ein av dei tilsette. Marius skreik at han skulle fylle ein pose med pengar frå kvelvet, og at viss nokon løyste ut alarmen, ville det gå dei ille. Han visste sjølv at han aldri ville drepe nokon, men det visste dei ikkje.

 

Da den tilsette kom tilbake med posen full av pengar, høyrde han plutseleg ei forvrengt stemme som sa at han skulle leggje ned våpenet. Han snudde seg rundt, og såg at banken var omringa av politi. Han gjekk i dekning bak ei stolpe og spente hanen på pistolen.

 

Dette hadde ikkje vore ein del av planen. Det var meininga at det heile skulle gå fort og stille, men likevel hadde politiet møtt opp og spolert festen. Hjernen til Marius jobba på topp gir. Han hadde ingen mulegheit til å komme seg unna. Jo meir han tenkte, jo meir synest han at han kunne høyre pistolen rope på han.

 

Ute hadde sola forsvunne heilt, og det var blitt mørkt. Alt var stille bortsett frå politiet som gjekk rundt utanfor. Det var nett no at Marius la merke til kva for ein vakker natt det eigentleg var. Plutseleg høyrdes eit smell som overdøyva alle andre lydar.

 

Dagen etter brukte faren til Marius berre halvparten av tida på å heise flagget.




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish