Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
GlobaliseringSkriv ut Utskrift
Temaoppgave som tar for seg begrepet globalisering, globaliseringens historie, samt fordeler og ulemper ved globalisering.
Nynorsk - TemaoppgaveForfatter: Anonym



INNHALDSLISTE

Innleiing og problemformulering

Kva er globalisering?

Globaliseringa si historie

Globaliseringa sine hovudpunkt

Fordelar og ulemper ved globalisering

Oppsummering og konklusjon

Kjeldetilvisning

 

INNLEIING OG PROBLEMFORMULERING

I denne oppgåva skal eg kunne forklare omgrepet globalisering, og vurdere ulike konsekvensar av globaliseringa. Eg har valt å gå nærmare inn på globaliseringa si historie og opphav, kva punkt som spelar inn på globaliseringa, og kva fordelar og ulemper vi har ved at verda stadig blir mindre og mindre.

 

Som ei problemstilling ønskjer eg å finne ut av:

- Kva faktorar verkar inn på globaliseringa?

- Kven drar nytte av globaliseringa?

- Når tok globaliseringa til?

 

KVA ER GLOBALISERING?

Globalisering er eit omgrep som ein ofte kan lese om i avisene eller høre om på TV, og som berre blir meir og meir daglegdags. Kort sagt kan ein seie at verda blir mindre gjennom handel av varer og tenester, informasjon, kunnskap og kultur, men for å få ei riktig forståing av kva som ligg i omgrepet, må ein setje seg meir inn i kva denne prosessen omfattar. Globalisering er grunna utvikling og framgang, men er også ein rotete prosess som krev justeringar, og som kan skape betydelege problem og utfordringar.

 

GLOBALISERINGA SI HISTORIE

Globalisering er slett ikkje et nytt fenomen, men omgrepet vart ikkje vanleg i bruk før slutten av 80-talet. Ein kan ikkje stadfeste når globaliseringa byrja å ta til, men som eit døme på kor lenge fenomenet har eksistert, kan vi dra heilt tilbake til middelalderen då store oppdagarar som Marco Polo reiste ut på lange reiser, og kom tilbake med opplevingar frå tidlegare ukjende kulturar. Ein fekk då ein smakebit på andre sine kulturar og måtar å leve på.

 

Som eit anna eksempel kan vi sjå på Mongolriket, som på den tida hadde nesten heile Asia under seg. Dei hadde handelsforbindingar med store delar av verda gjennom Silkevegen, som var ein serie med samankopla ruter gjennom Sentral-Asia og Sør-Asia ved hjelp av karavanar og sjøgåande skip. Etter kvart fylgde også Europeisk handel etter, då spanske og portugisiske flåtar hadde nådd alle verdas hjørne på 16- og 17-hundretalet. Denne type handel var viktig, men det blei også konsekvensar av det. Til dømes var det ikkje lønsamt å opprette sølvminer i Europa, ettersom det var mykje billegare å importere det frå koloniar.

 

Liberaliseringa kom på 1800-talet, og blir ofte kalla for ”den første æra av globaliseringa”. Ein la då vekt på å avgrense den politiske makta og at ein skulle ta vare på individet sine rettigheiter i samfunnet i ei tid då konge- og statsmakta praktisk talt var allmektig. I denne perioden vart det ein hurtig vekst i internasjonal handel og investeringar mellom europeiske imperium og deira koloniar, og seinare også med USA. Denne globaliseringa braut delvis saman ved byrjinga av 1. verdskrig, men kollapsa heilt under gullstandardkrisen på slutten av 1920-åra og byrjinga av 1930-åra. Gullstandard var bakgrunnen for produksjon av setlar. Ein mynt hadde sin verdi i gull, og ein setel fungerte derfor på den måten som eit verdipapir som viste at eigaren av setelen hadde rett til å gå i banken å ta ut mengda gull som setelen viste. Når valutaen oversteig landet sitt gullager, blei dette eit problem og det vart ei gullstandarskrise. No i våre dagar kan vi sjå at ei finanskrise ikkje lenger berre er eit land sitt problem. På grunn av globaliseringa vil mange land rammast.

 

Etter 2. verdskrig vart det betre tider, og ein fekk ein enorm økonomisk vekst i nokon land, spesielt i vest-Europa der ein skapte velferdsstatar ved å krevje inn skattar. Samtidig kom det økonomisk hjelp (Marshallhjelpa) frå USA til land i vest-Europa på slutten av 1940-åra. Dermed fekk dei vesteuropeiske landa nok midlar til å importere varer frå USA, og det blei ein handelsforbinding som sette i gang investeringar og produksjon, som førte til Europa si oppreising etter krigen.

 

Ein kan seie at globaliseringa følgjer veksten av den menneskelege befolkninga på jorda, som har eksplodert dei siste femti åra.

 

GLOBALISERINGA SINE HOVUDPUNKT

Globaliseringa har stor betyding innanfor mange områder, men det er først og frems innanfor økonomien at globaliseringa gjer seg gjeldande. I tillegg har vi politisk og kulturell globalisering, som også er viktige punkt.

 

Den økonomiske globaliseringa går ut på at bedriftene i stadig større grad ser på verda som ein stor marknad der ein framstiller og sel varene sine. Desse internasjonale bedriftene føler seg ofte ikkje knytt til eit bestemt land, men kjøper varer og tenester der det er billigast, og sel varene over heile verda. For at dette skal skje utan problem, bør det vere mest mogleg fri bevegelse over landegrensene i form av varer, tenester, arbeidskraft og kapital.

 

Fri bevegelse av varer vil seie at råvarer og ferdige varer kan krysse landegrensene utan at der er handelshindringar av noko slag.

 

Fri bevegelse av tenester omfattar at det ikkje skal leggast hindringar i vegen for å yte tenester i andre land. Tenester omfattar alt frå transport og kommunikasjon, bygge- og anleggsverksemd og mykje anna. Det skal derfor vere fritt fram for eit polsk byggefirma å oppføre ei bygning her i Noreg, for eksempel.

 

Fri bevegele av arbeidskraft vil seie at ein fritt skal kunne ta seg arbeid i eit anna land enn Noreg. I tillegg skal ein også kunne utdanne seg i eit anna land.

 

Fri bevegelse av kapital vil seie at ein kan flytte pengane sine akkurat dit ein vil i verda, og at ein fritt skal kunne overføre ein million kroner frå ein konto i ein norsk bank til ein konto i ein sveitsisk eller japansk bank, utan hindringar.

 

For at den økonomiske globaliseringa skal kunne gjennomførast, har vi mange ulike internasjonale organisasjonar som fremmer globalisering, der WTO står i spissen for den økonomiske globaliseringa.

 

World Trade Organization (WTO) , blei etablert i 1995 og har no 153 medlemsland. Dette var ein revisjon (fornying/forbetring) av GATT-avtala (General Agreement on Tariffs and Trade), som var ein internasjonal handelsavtale som blei underteikna i 1947. Det var 23 land, deriblant Noreg, som gjekk inn i denne avtalen om toll og handel. Avtalen hadde to formål. Den skulle etablere reglar for kva som skulle vere tillete innanfor internasjonal handel, for utan desse reglane kunne konkurransen mellom landa lett føre til hindringar som alle ville tape på. For det andre ønska landa at alle hindringar i handelen skulle avviklast på lang sikt, slik at det vart større handel som igjen førte til økonomisk vekst. Det ville vere det beste for alle medlemslanda.

 

Dagens WTO-avtale bygg på dei same prinsippa som den gamle GATT-avtala, som å bryte ned handelsbarrierar som til dømes toll og auke frihandelen mellom land.

 

I tillegg til WTO som representerar heile verda, har vi andre organisasjonar som går har innverknad på mindre områder.

 

NAFTA (The North American Free Trade Agreement) som er ein frihandelsavtale mellom USA, Canada og Mexico.

 

EU (Den europeiske union) er eit politisk og økonomisk forbund som blant anna har skapt ein fellesmarknad som garanterar rettighetar som har med forflytting av menneske, varer, tenester og kapital å gjere.

 

EØS-avtalen (Det europeiske økonomiske samarbeidsområde) bygger på ein avtale mellom Noreg, Island og Liechtenstein på den eine sida, og EU på den andre. Gjennom denne avtalen kan ein delta på indre marknaden som EU-landa er med på, utan å vere medlem i EU.

 

Politisk globalisering vil seie at viktige politiske vedtak i stadig større grad blir tatt i internasjonale organisasjonar. I tillegg blir folk flest meir opptatt av dei verdsomfattande, globale problemstillingane som klimautlepp, global oppvarming, regnskogen, fattigdom, dyrevern og fred på jord.

 

Kulturell globalisering går ut på at vi har fått eit mykje meir opent syn på andre sine kulturar og tradisjonar, og at vi på den måten får mange spennande innslag i vår eigen kultur. Det kan vere alt å frå matrettar til musikk, dans og språk.

 

FORDELAR OG ULEMPER VED GLOBALISERING

Globaliseringa har både skeptikarar og støttespelarar. Nokre tema kan vere vanskeleg å definere om det er ein fordel eller ei ulempe.

 

Økonomisk vekst: på grunn av den auka handelen over landegrensene, har det gitt oss ein økonomisk vekst verda tidlegare ikkje har sett maken til. Hadde det ikkje vore for den auka handelen som globaliseringa har gjort mogleg, hadde vi mest sannsynleg ikkje oppnådd den velstanden vi har i dag.

 

Fred og fridom: globaliseringa i siste halvdel av 1900-talet ser ut til å ha blitt ein kjempesuksess, for det er no nærmast utenkeleg at land i Europa skal gå i krig mot kvarandre. I tillegg har ikkje verda opplevd storkrigar sidan den 2. verdskrigen slutta.

 

Friare arbeidsmarknad: sjølv om det framleis er vanskeleg å få arbeids- og opphaldstillating i andre land, har mykje blitt gjort i EU og EØS. Ein kan ta seg jobb i eit anna EU-land, og EU-borgarar kan ta seg jobb i Noreg. Sjølv om dette er positivt i seg sjølv, ser mange nordmenn på dette som ein trussel mot sine eigne arbeidsplassar.

 

Auka fattigdom: Skeptikarane meiner at globaliseringa ikkje har vore positivt for dei mindre utvikla landa, og at gapet mellom dei fattige og rike landa berre blir større og større. Resultatet av globaliseringa er at vi ofte får vinnarar og taparar. Dei fattige landa blir ofte økonomiske og teknologiske taparar fordi dei ikkje har ein stødig plass på verdsmarknaden, eller har moglegheit til å vere konkurransedyktige i den internasjonale handelen. Faktisk så lev 24% av verdas befolkning for under 1 dollar om dagen, og det seier noko om at ikkje alle nyt godt av den velstanden som globaliseringa bringer med seg.

 

Miljøproblem og klimaendringar: fordi varer blir produsert over alt i verda, har det blitt eit større behov for transport. Dette fører til meir utslepp av farlege klimagassar, som igjen kan vere ein årsak for problemet med ei global oppvarming, som verda no ser konsekvensane av.

 

Helse: medisinar mot livstruande sjukdommar som HIV/AIDS og tuberkulose har blitt mykje meir tilgjengeleg, og prisane på dei har falt takka vere internasjonale avtalar. Dette fører til lågare dødstal på grunn av desse sjukdommane. Baksida av medaljen er at fenomenet har ført til at sjukdommar som dette har lettare for å spreie seg over landegrensene. Fugleinfluensa, munn- og klovsjuke, AIDS og SARS er dømer på dette.  

 

Kommunikasjon og teknologi: dette er kanskje den konsekvensen av globaliseringa som har mest positiv effekt. All kommunikasjon skjer raskare, enklare og over større avstandar. Internett er kanskje den største revolusjonen innanfor kommunikasjon og teknologi, for det gjer at vi kan kommunisere med folk på andre sidan av kloden, og tilegne oss nyheiter og informasjon på svært kort tid.

 

Kultur: gjennom globaliseringa har vi blitt meir kjent med, og open for andre sine kulturar og levesett. På denne måten får vi mange spennande innslag i vår eigen kultur, og kan blant anna ete nye matrettar, lære oss nye språk, danse ulike dansar og høre på forskjellig musikk. Sjølv om dette er spanande, er mange redde for å miste sine verdiar og språk på grunn av stor innflytelse frå andre kulturar.

  

OPPSUMMERING OG KONKLUSJON

Det er heilt klart at globaliseringa har hatt ein positiv effekt på verda, men det er også mange som ikkje kan dra nytte av dette. Blant anna har om lag 95% av jordas befolkning aldri tatt fly, og meir enn 50% av jordas befolkning har aldri motteke eller tatt ein telefonsamtale. Den internasjonale handelen må ta ein vesentleg del av skylda for at ikkje alle deltek på lik linje i den økonomiske globaliseringa. Til dømes meiner mange at frihandelen aukar sjansen for at fattige småbønder sine jordbruksprodukt blir utkonkurrert av billige importerte varer frå vestlege land, og at dei dermed får enda dårlegare kår.

 

I tillegg har vi også alle u-landa som ikkje får noko særleg fordel av globaliseringa, og ligg etter når det gjeld kommunikasjonsteknologi. Mens ein PC i Noreg kostar om lag ei halv månadslønn, kostar ein PC i Bangladesh 8-10 månadslønner. Også mangel på utdanning gjer at ein ikkje får ta del i globaliseringa. Mange meinar derimot at globaliseringa kan vere til ein fordel for u-landa fordi frihandelsavtaler gjer at varer kan transporterast tollfritt frå ein u-land til eit anna område.

 

Om vi går inn i ein heilt vanleg norsk bustad, vil vi nok mest sannsynleg finne taco på middagsbordet, bananar frå Costa Rica på kjøkkenbenken, ein amerikansk TV-serie på TV-en og utanlandsproduserte møblar og kleder. Det einaste vi då kan sjå på som norsk er språket, men også dette bygg på ord frå andre språk. Om dette er positivt eller negativt, kan diskuterast.

 

Som sagt er det både positive og negative sider ved globaliseringa, men utifrå ein personleg ståstad vil eg seie at globaliseringa bikkar mest mot ei positiv retning. At vi står valfritt om vi vil sjå på ein lokal TV-kanal, eller om vi vil oppdatere oss på kva som skjer på den andre sida av klode, meinar eg er positivt. I tillegg til teknologiske fasilitetar som TV og radio, er det viktigare saker som gjer globaliseringa så positiv i mine auger. Frihandelen gjer at vi kan få tak i råvarer frå andre land; råvarer som vi ikkje kan dyrke i Noreg. Vi blir ein del av eit ”gi og ta-samfunn”, der vi kan dra nytte av andre land sine ressursar, varer og tenester.

 

Det er vanskeleg å ta eit standpunkt i globaliseringsdebatten, men ville vi eigentleg vere forutan dei teknologiske, politiske og økonomiske moglegheitene vi har i dag?

 

 

KJELDETILVISNING

 

Nettstadar:

www.wikipedia.no

www.daria.no

 

Bøker:

”Du og samfunnet”, (Dalefag AS 2006)




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish