Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
Tolking og samanlikning av «Tusen etasjer høi», «Byens metafysikk» og «I storbyen»Skriv ut Utskrift

Tolking og samanlikning av sangen/diktene «Tusen etasjer høi» av Kjartan Kristiansen, «Byens metafysikk» av Rolf Jacobsen og «I storbyen» av Kristofer Uppdal.

Nynorsk - Analyse/tolkningForfatter:



«Tusen etasjer høi» av Kjartan Kristiansen, «Byens metafysikk» av Rolf Jacobsen og «I storbyen» av Kristofer Uppdal er dikt som uttrykkjer kjensler om byen.

 

DumDum Boys er eit rockeband som kjem frå Trondheim. Frontfigur og vokalist i bandet er Per Øivind «Prebble» Houmb, men gitaristen Kjartan Kristiansen skriv dei fleste låtane. DumDum Boys har bevist at god rock kan vere sunge på norsk, og ikkje nødvendigvis engelsk. Bandet starta i 1979 med navnet «Wannskrækk». Bandet sleit med at ingen plateselskap hadde interesse for dei, og derfor bytta dei navn til «DumDum Boys» i 1985. Først i 1987 fekk dei platekontrakt. Låta «Splitter pine» kom i 1989, og etter det såg alt ut til å gå riktig veg for dei. I 1990 var det intern uro og høgt stressnivå i bandet, som ei følgje av hardkjøret. Det var på den tida albumet «Pstereo» med blant anna låta «Tusen etasjer høi» kom ut.

 

«Tusen etasjer høi» beskriv korleis eg-personen oppfattar byen. Han trivst ikkje der, og lengtar etter noko anna. Teksten har rim, rytme og ei ganske fast form. Talet på verselinjer i kvar strofe varierer fra 3-5, men typetalet er 4. Ein kan seie at diktet har tradisjonell form, men innhaldet er modernistisk.

 

Første strofe byrjar med å gi oss ei kald stemning. «magre katter smyger rundt seg selv og søplekassene» kan tyde på at det er eit fattig strøk i byen som blir skildra.

 

I andre strofe er stemninga litt varmare. Vi får høyre at det «eimer vår under tårn av stål» og at «solen skinner inn i store slott som ingen bor i». Tårn av stål kan vere eit bilete på store, høge bygningar. Store slott er kjøpesenter, kontor og andre svære bygningar der ingen bur. Dette gir oss ein klar peikepinn på at det er snakk om ein by.

 

Tredje strofe er refrenget i låta. «røyk & rabalder» er eit bilete på forureining og trafikkstøy, noko som er typisk i ein by. Men Kristiansen gir oss også rom for andre tolkingar. Det ser nemleg ut til at nokre strofer kan vere tvetydige. I ei alternativ tolking kan vi snakke om rusproblem og dop. Røyk (tobakk) kan føre til sterkare stoff, og dersom ein kjem inn i narkotikamiljøet, vil dette kunne skape rabalder. Når ein høyrer «Tusen etasjer høi», vil dei fleste tenkje på høge bygningar, men den alternative tolkinga vil nok seie at eg-personen er høg på eit stoff. Ein kan leggje merke til måten ordet «høi» er skrive på. Kristiansen var tydelig fascinert av Sigbjørn Obstfelder og har derfor skrive «høi» på samme måte som i diktet «Jeg ser»: «Jeg ser på de høie huse (...)».

 

Fjerde strofe kan tolkast på fleire måtar:

«haster på
mens jeg rister av meg støvet

gjennom flydur i det fjerne

hører skyenes stemme»

Det at eg-personen rister av seg støvet kan enten tyde på at han prøver å slutte med narkotika eller at han er ein skitten uteliggjar som kostar av seg støvet/ureininga som kjem frå byen. Han «hører skyenes stemme», og da kan det enten henvise til verselinja over («.. flydur i det fjerne») eller at han har hallusinasjonar. Kanskje har han vorte kristen og høyrer stemmen til gud i himmelen.

 

Også femte strofe har dobbel betydning. «flyr over | hvite striper på rødt lys». Enten er det snakk om trafikken, eller det kan igjen knyttast til narkotika (sniffing av «kvite stripar» kokain). Det raude lyset er ein indikasjon på noko som er ulovleg. Det er eigentleg ikkje lov å gå over veien på raudt lys, og det er ulovleg å drive med narkotika.

 

Sjuande og åttande strofe seier oss på ein måte at eg-personen ønskjer forandring. «tenk oss i skoen og gresset | jeg kan nesten ikke vente». Han lengtar etter å komme seg ut av byen, og inn i naturen, kanskje saman med ein kjæraste (legg merke til ordet «oss»).

 

Rolf Jacobsen blei fødd i 1907 og døydde i 1994. Han var ein norsk lyrikar og journalist. Det som kjenneteiknar lyrikken hans er forholdet mellom natur og teknikk, begeistring for den moderne maskinkulturen og bilete frå byens travle kvardagsliv. Etter kvart stiller han seg på naturen si side og blir skeptisk til det moderne samfunnet. Han stiller spørsmål ved dei problematiske sidene ved det moderne. Han debuterte i 1933 med diktsamlinga «Jord og jern». «Byens metafysikk» kjem frå denne diktsamlinga.

 

«Byens metafysikk» skildrar byens underverd. Under jorda finst det blant anna avløpsrøyr, telefonkablar og gassrør. Denne delen av verda bryr vi oss ikkje så mykje om, men vi treng han, og han er ein del av det moderne samfunnet.

 

Diktet har 6 strofer. Strofene har ikkje likt antal verselinjer. Forma er modernistisk. Diktet har ikkje rim og rytme. Vi finn nokre oppstykkja verselinjer.

 

Første strofe beskriv ein inngang til den mørke underverda «under rennestensristene, (...) de skimlete murkjellere, (...) lindealléenes fuktige røtter og parkplenene». Jakobsen brukar verkemidlet besjeling mykje i dette diktet. Eksempel på det finn vi i andre strofe: «Telefonkablenes nervefibre» og «Gassledningens hule blodårer». Minusord blir mykje brukt. Det bidrar til at stemninga blir mørk og dyster.

 

I fjerde strofe blir «Ingen kan høre» gjenteke tre gongar: Ingen kan høyre «telefonkablenes knitrende liv (...) gassledningenes syke hoste (...) kloakkene tordne med slam og stank». Underverda blir skildra med negativt ladde ord. Men vi kan ikkje høyre noko av det som skjer der nede.

 

I femte og sjette strofe blir det sprudlende livet på overflata skildra. «Men oppe i dagen danser jo du (...)». Det at vi «danser (...) over asfalten» kan bety at vi stressar oss gjennom kvardagen utan å tenkje på kva som skjer med verda. Vi kjøper stadig nye ting og omgir oss med mange materialistiske goder. «ny kåpe i solskinnet».

 

Gjennom diktet oppheld vi oss stort sett i underverda, men vi får også høyre litt om verda over. Det er for å skape ein kontrast. I tredje strofe ser vi på det som står over den hardt arbeidande underverda. Det er ikkje eit godt miljø der nede i underverda. «Slavane» våre har det ikkje bra. «Ingen kan høre gassledningenes syke hoste i avgrunnen». Kloakkane og telefonkablane er som slavar for oss. Vi har makta. Eg vil trekkje ein tråd til I-land og U-land. Folk i U-land arbeider hardt for oss i I-land som lever i velstand. Ikkje få U-land er prega av fattigdom og sjukdom.

 

Metafysikk er læra om det som ligg utanfor vår erfaring. Det har med røyndomsfjerne ting å gjere. Derfor tolkar eg tittelen «Byens metafysikk» som «ting i byen som vi ikkje kan sjå eller høyre».

 

Ei alternativ tolking av diktet er å sjå på det som ei samanlikning med mennesket. Første strofe skildrar huda, andre og fjerde strofe beskriv kroppen sine organ, tredje strofe står for skjelettet, mens dei to siste strofene er hovudet/bevisstheita. I diktet blir i alle fall byen skildra som ein slags organisme.

 

Kristofer Uppdal var ein norsk forfattar. Han blei fødd i 1878 og døydde i 1961. Uppdal skreiv romanar, dikt og essay. Han skreiv stort sett på landsmål. Han har blant anna skildra framveksten av den norske arbeidarbevegelsen. Derfor har han vorte kalla «arbeidarklassediktaren». Han hatt mange jobbar som blant anna gardsgut, gruvearbeidar, anleggsarbeidar og gjetar. I 1925 kom «Jutonbrunnen» ut, og i denne samlinga finn vi «I storbyen».

 

«I storbyen» er eit dikt i modernistisk form. Det består av ei strofe med 14 verselinjer.

 

Diktet blir introdusert med «I storbyen». Vidare får vi høyre «I alle storbyar i eit drag». Han vil altså formidle noko om storbyar generelt. «Du blikar over verda. Gjennom blada.», altså du følgjer med i media og nyhende. Men du er altså «Like tom». «Like tom» er gjenteke relativt mange gongar i diktet. «Du» føler at det er noko som manglar. «Tom» er eit negativt ladd ord, og det bidrar til ei negativ stemning.

«Du fylgjer storhendingane i alle land,

sit ved stolen til dei gjævaste talarar,

ligg innmed bringa til dei største diktarar,

og stig i dei herligste kunstsamlingar.

Like tom.»

Etter å ha høyrt på dei beste talarane og sett dei herlegaste kunstsamlingane, er det framleis noko som manglar. Det som manglar er kanskje mystikk. Folk tyr til religion og fantaserar om uforklarlege fenomen, så det er klart at dei fleste av oss treng ein dose fantasi og spenning.

 

Dei tre dikta er skrive i ulike tider. «Tusen etasjer høi» er skrive i 1990, «I storbyen» i 1925 og «Byens metafysikk» i 1933. Temaa er slik at dei ikkje nødvendigvis har tilknytning til samtida. Eg vil seie at dikta er sentrallyrikk, lyrikk som er «evig», med tema som liv, lengsel og framandfrykt. Det er ikkje alle som føler at dei passar heilt inn i det moderne samfunnet. Byen er jo eit menneskeleg fenomen, ikkje eit naturleg fenomen. I mange tusen år har mennesket levd i (pakt med) naturen, men i moderne tid foregår det urbanisering, det vil seie at ein stadig større del av verdas befolkning bur i byar og tettsted. Vi kan relatere dikta til Obstfelder sin stil. Han skreiv om framandkjensle og folk som hadde problem med å tilpasse seg det moderne. Samlande for dei tre dikta er at dei formidlar ei misnøye og at menneska vi møter lengtar etter noko.

 

Kjelder:

dumdumboys.no

no.wikipedia.org/wiki/DumDum_Boys

no.wikipedia.org/wiki/Rolf_Jacobsen

daria.no/skole/?tekst=9471

no.wikipedia.org/wiki/Kristofer_Uppdal

kulturnett.no/personer/person.jsp?id=T355334




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish