Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
"OL med vond bismak"Skriv ut Utskrift
Kommentar til "OL med vond bismak" av Per Kristian Haugen.
Nynorsk - ArtikkelForfatter:



I år er det Kina som skal arrangere OL. Dei ser for seg ei ny storheitstid, men ikkje alt går som planlagt – folk vil boikotte OL! Per Kristian Haugen skreiv ein kommentar under tittelen «OL med vond bismak» som vart publisert laurdag 29. mars 2008 i Aftenposten. Der drøfta han boikotten sine verknader på OL.

 

«Opprøret i Tibet viser at Kina er en sårbar stat som ikke kan eksistere i sin nåværende form uten hardhendt maktbruk». Dette er det ikkje tvil om. For nokre dagar sidan fekk ein person i Kina ei straff på 3,5 år fengsel for undergraving av staten sine interesser. Det var ein heilt vanleg person som sa det han meinte om menneskerettane i Kina til utenlandske journalistar. Dette kjem under det vi i Noreg kallar ytringsfridom, og som vi reknar som heilt sjølvsagt i eit moderne demokrati.

 

Tibetanarar ser ei moglegheit til å få verdas merksemd mot at dei er undertrykt. Det som skjer i Tibet, kan vi samanlikne med det som skjedde med oss i Norge i andre verdskrig. Vi var undertrykt under tyskarar. Det var dei som bestemte og vi kunne ikkje gjere som vi ville. Det er altså noko lignande som skjer i Tibet: Kinesarar herskar og hersar, og dersom nokon opponerer, kjem politiet og tar dei. Ei gruppe tibetanarar gjorde opprør for ei tid sidan, og det utløyste mange kritiske kommentarar rundt om i verda. No er Tibet stengt for journalistar. Det betyr at ingen får vite kva som skjer der. Dette er typisk for regime som er redd for at det skal bli fokus på undertrykking og statleg vald.

 

OL-elden skal springe rundt heile verda. Det er eit symbol på engasjement og noko som er positivt. Ein vil ha mange folk med hurrarop langs gatane og dette skal gå på TV. Det skal støtte opp under sjølvbiletet til Kina. Men det motsette har skjedd. I mange land var det berre demonstrantar som ville lage bråk i staden. Så trong dei fleire tusen politifolk for å vakte elden. Til slutt måtte dei legge om rutene utan at nokon fekk vite det. Då vart det ikkje akkurat ein folkelig fest med stor stas.

 

Det er typisk at dei kinesiske myndigheitene oppgir at 19 personar er slått i hjel og minst 600 såra, og at dei gir Dalai Lama skulda for dette. Men den eigentlege årsaka er at folk er misnøgde og blir trampa på og undertrykte av okkupasjonsmakta Kina. Dei bruker vald for å undertrykke folk og halde ro og orden. Dette er ikkje eit godt grunnlag for utvikling, og det er i strid med menneskerettane. Kina overlever på grunnlag av undertrykking av delar av befolkninga si. Folk tør ikkje å opponere. Dei er ikkje vant til demokrati. Folk er rett og slett redd for politi, militæret og politikarar. Det er altså ikkje akkurat som her i landet.

 

Debatten om OL-boikott foregår intenst over heile verda. Mange politikarar har sagt at dei ikke kjem til åpningsseremonien. Stoltenberg og kongen er nokre av dei som har sagt at dei kanskje ikkje kjem. «En OL-boikott er en komplisert affære, særlig når arrangørlandet er en stormakt» skriv Haugen i kommentaren. Ja, dette kan vere noko å tenkje på. Kina sin ambassadør Gao Jian har direkte trua oss med å seie at det kan bli kompliserte forhandlingar om bestemte handelsavtalar dersom vi boikottar OL i Kina. Då får vi for eksempel kanskje ikkje kjøpt så billige klede og elektronikk som vi hadde tenkt.

 

Kina har ei viss openheit. Det er eit sosialistisk regime på den måten at dei ønskar at folk flest skal ha det nokon lunde bra. Men samtidig vil dei ikkje at folk skal kunne seie alt det dei meiner. Så dei vil at folk skal underkasta seg leiinga. Dette er nokså ulikt Hitler sin ideologi, for han meinte at nokon måtte utryddast og at andre var overmenneske og måtte herska og få alle fordelar - folk var altså ikkje like i hans auge. Men det som er felles, er at både Hitler og Kina er villige til å bruka rå makt. Likevel seier eg meg enig i Jonas Gahr Støre, som meiner at det er feil å sjå på Beijing som ein repetisjon av Berlin. Hitler sitt mål var etnisk rensing. Kina undertrykker tibetanarar.

 

Eg skjønner godt at folk prøver å slukke OL-fakkelen og at tibetanarar gjer opprør. Kina behandlar ikkje folket i Tibet godt nok. Dei bryt menneskerettane, men det bryr dei seg ikkje om. Eg er einig med Per K. Haugen, vi kan ikkje la vere å gjere noko: "De blandede erfaringene med OL-boikott må veies opp mot noe som er langt verre - skammen ved ikke å gjøre noe som helst."




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish