Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
Svart natt - svart kattSkriv ut Utskrift
Oppgaveteksten lød: Skriv en novelle til overskriften Svart natt - svart katt.
Nynorsk - NovelleForfatter: Anonym


Han smyg seg lydlaust bortover gata og prøver å være så diskret som mogleg. Han prøver å gå i eitt med murveggen. Den svarte, fuktige og små kalde asfalten lukter sterkt. Det er natt. Men han er ikkje klar enno. Han har venta i heile dag på dette, på det svarte, på natta. Ja, for det er berre då han kan sjå byttet sitt. Derfor må han være heilt klar tenkjar han. Ingenting må gå gale. Men han kan ikkje gå dit enno, då vil han bli oppdaga og alt vil være for gitt. All denne ventinga og tenkinga, misslykka. Det er for mitt eige beste, vårt beste, overtalar han seg sjølv. Det tilfredstiller meg. Eg må være min eigen lykkesmed, ikkje sant?

 

Alt er så håplaust, svart, trist. Eg har inga val, eg må gje meg sjølv til natta igjen.

 

Men kvar blir det av han? Han som sa han skulle hjelpa meg. Eg har ikkje nok, det veit han. Tankane kjem som straumar gjennom hovudet hans. Nei, no kjem dei som fossar. Kva vil skje om nokon ser meg? Eg veit at det er mange som klarar dette heilt fint, men gjer eg? Nei, kven prøvar eg å lura? Eg har ikkje nok, det er eg nesten heilt sikker på. Hjarta hans dunkar fortare og fortare. Han blir våt og klam over alt. Kvar skal eg gjere av meg no? Kva om det kjem nokon og jagar meg vekk som eit kryp? Skal eg gøyme meg? Kvar skal eg gøyme meg? Nei, det blir for dumt.  

 

Ja, eg veit det er dumt. Men det reddar oss. Både dei og oss. Me får og gjer tilbake.

 

Der kjem han, endeleg. Han pustar letta ut. Har eigentleg mest lyst å skjelle han ut, angripe han. Eg kunne bli merka på grunn av deg?! Skjønar du det?! Men de må vere stille. Dei gjer berre som avtalt, og forlatar deretter kvarandre.

 

Med lite kler er det kaldt å være ute no. Dei fleste har allereie vert her i nokre timar. Ute, og kanskje inne.

 

No gjeld det. Han går mot gata, der han veit dei står. Der dei sto sist gang. Gata er fylt med kviskring, lufta er fylt med skyld. Han pustar djupt inn og gjer seg klar. No gjeld det. Eg må gå med bestemte skritt. Han kjenner plutseleg ein klump i halsen som han svelg enno fortare ned igjen. Deretter går han raskt bort mot ho som er nærmast. Prøvar å gjere skritta så låge som mogleg, men det er som om kvart skritt han tar treffer bakken som bly. Han gjer ho pengane og dei to forsvinn inn i det svarte.

 

Om natta kan dei sjå oss.




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish