Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (753) Anmeldelse (bok, film...) (638) Artikkel (952) Biografi (264) Dikt (1040) Essay (571) Eventyr (115) Faktaoppgave (397) Fortelling (843) Kåseri (612) Leserinnlegg (123) Novelle (1334) Rapport (624) Referat (174) Resonnerende (212) Sammendrag av pensum (182) Særemne (161) Særoppgave (348) Temaoppgave (1266) Annet (528)

Språk

Bokmål (8210) Engelsk (1643) Fransk (26) Nynorsk (1150) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Askeladden som kappåt med trollet

Askeladden som kappåt med trollet

Nynorskstil hvor jeg tolker eventyret "Askeladden som kappåt med trollet".

Sjanger
Analyse/tolkning
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
22.10.2009
Tema
Eventyr


Askeladden som kappåt med trollet er eit tradisjonelt folkeeventyr som dei fleste av oss er vakse opp med. Det handlar om ein liten gut og eit stort troll, men det ender sjølvsagt bra til slutt. (I alle fall for guten!) Men kva er det som gjer dette eventyret til eit godt døme på norsk folkedikting? Og kva er det som gjer at urgamle eventyr framleis engasjerer?

 

Askeladden som kappåt med trollet byrjar karakteristisk nok med eventyrinnleiinga Det var ein gong.... Innleiinga er særs kort, slik han brukar vere i eventyr. Vi får introdusert ein bonde med tre søner. Bonden eig ein skog og han vil at sønene skal gå ut og hogge i den. I og med dette er eit eventyr går først den eldste sonen ut, men han møter eit troll som skremmer ham heim før han rekk å hogge noko. Så går den mellomste ut, men det går ikkje likare med ham, som det heiter i eventyra.

 

No kjem vår helt inn i biletet, Askeladden. Han er som vanleg den yngste sonen av tre, og som vanleg er det ingen som har trua på ham. Namnet Askeladden er ein forfining av det meir folkelege Oskefisen, det vil seie ein som berre sit og fis eller blæs i oska heile dagen. (Asbjørnsen og Moe mente vel at dei ikkje godt kunne trykkje eventyr hvor hovudpersonen heiter noko med fis.)


 

Som vanleg i eventyra ber ikkje Askeladden om noko anna enn å få med seg mykje niste, kan hende spår han at nista kan verte gagnleg, eller kanskje han berre er grådig eller svolten. I alle fall får han maten med seg og set ut i skogen. Nett som han byrjar hogge kjem trollet, som venta. Trollet vrælar at det vil drepe Askeladden, men guten er snarrådd og krystar osten han fekk med som niste slik at mysa skvett. Askeladden lurar trollet til å tru at osten er ein kvit stein, og han seier at han er så sterk at han maktar å vride vatnet ut av den. Trollet er veldig einfaldig og går fem på. Det vert svært skremd og tigg om nåde, og lovar å hjelpe Askeladden å hogge dersom han skånar det, og slik vert det.

 

Når det lir mot kveld inviterer trollet Askeladden heim til seg, fordi det er ”nærmere til meg enn til deg”, som det seier. Kvifor trollet vil ha med seg Askeladden heim er uvisst, kan hende vonar det at det kan få guten til å sovne slik at det kan koke sodd på ham? Guten følgjer i alle fall med. (Vi får ikkje nokon forklaring på kvifor Askeladden har lyst til å vere med eit stort og vondkyndt troll heim heller, kan hende augnar han moglegheita til å naske til seg trollets gull, eller kanskje han berre er lat og ikkje orkar gå heilt heim.)

 

Når dei kjem heim til trollet spør trollet guten om å gå etter vatn til grauten, men dei to byttene som står der er så tunge at Askeladden ikkje har ein sjanse til å lyfte dei. Askeladden må vere snartenkt igjen, så han lurar trollet ved å seie at han like gjerne tek med seg heile brønnen inn. Da vert trollet redd for å misse brønnen sin, og går etter vatn sjølv. Slik greier Askeladden brasane igjen ved å lure trollet.

 

Når grauten er ferdig føreslår Askeladden at dei skal kappete, og det går trollet med på. Men igjen lurar Askeladden trollet, han tek sekken sin på magen og heller brorparten av grauten i sekken i staden for å ete den. Når trollet vert mett rår Askeladden det til å skjere hol i magen, og synar for trollet korleis det gjerast på sin eigen ”mage”. Så gjer trollet det same som guten, og så døyr det. I staden for det tradisjonelle ”snipp snapp snute” sluttar eventyret med ein humoristisk kommentar. ”Nå kunne han alltid få betalt litt av på gjelden iallefall.”

 

Heile eventyret er skrive med korte setningar og få skildringar, noko som får handlinga til å skje kvikt. Eventyret ber preg av at det har blitt fortalt munnleg gjennom mangt eit ættledd før det vart skrive ned, og at det derfor måtte vere lett å memorere. Gjentakingar er mykje nytta, og eventyret er veldig kort og konsist. Dessutan legg eventyret vekt på kontrastar, til dømes mellom det gode og det vonde, det dumme trollet og den lure guten.

 

Når vi fyrst har byrja å leite etter eventyrkjenneteikn kan vi like gjerne halde på. Vi ser at eventyret er fortalt gjennom ein tredjeperson. Vi legg merke til den særmerka innleiinga. Vi finn att tretallslova fleire stader, til dømes har bonden tre søner, Askeladden dreg ut i skogen den tredje dagen, han må løyse tre oppgåver, og han lurar trollet tre gonger. Som i så mange andre eventyr er det som regel berre to viktige personar i kvar scene, og vi ser at den siste oppgåva er den viktigaste av dei tre Askeladden må gjennom.

 

Vi kan også lett finne igjen typar som plar gå igjen i mange eventyr. Vi har den fattige bonden, som er gammal og skrøpeleg. Vi har eit troll som er så tåpeleg at det trur steinar er fulle av vatn. Det er dessutan særs feigt. Så har vi dei tre brørne. Dei to eldste er ovmodige og blærete, men sviktar når det gjeld. De viser seg å vere feige og udugande. Den yngste broren, Askeladden, vert som vanleg erta av dei to eldste. Mange har spurt seg kva som gjer Askeladden til ein helt, han er jo både lat og hæken, til dømes ber han i dette eventyret om ekstra niste! Men det sjarmerande med Askeladden er at han går på utan fordommar, han er modig og trur det beste om folk, han er lur, snartenkt, og nøler ikkje med å nytte dei hjelpemidla som han har tilgjengeleg. Han er også snill og gåvmild, og han representerer folket. Han er ein fattig gut som trass alle føresetnader overvinner alle hindringar og vinner kongsdottra og halve kongeriket, eller i dette tilhøvet ein haug med gull.

 

Når vi nå har konstatert at dette røynleg er eit ekte eventyr kan vi byrje å klassifisere det. Vi ser at det korkje er eit dyreeventyr eller eit skjemteeventyr, følgjeleg må det vere eit eigenlig eventyr. Særskildt for eigenlige eventyr er at det er ein helt som skal ut og freiste lukka eller utføre eit oppdrag, slik som Askeladden skal i dette eventyret. Dei eigenlige eventyra deles inn i legendeeventyr, undereventyr og novelleeventyr. Av og til tar vi også med ein siste kategori som handlar om ”guten og det toskete trollet”, og det er Askeladden som kappåt med trollet eit godt døme på. Tar vi ikkje med den siste kategorien kan vi seie at dette eventyret er eit novelleeventyr.

 

Det vektigaste motivet i dette eventyret er at same kva slags bakgrunn du har kan du kome deg opp og fram, berre du har den rette haldninga og er snill og god. Dette er eit grunnmotiv som går igjen i mangt eit eventyr. Vi kan også si at eit av temaa er striden mellom mann og natur, mellom det ville og det siviliserte, mellom troll og menneskje. Heile hendinga kjem jo av at bonden yngskte å få hogga i skogen.

 

Eventyret Askeladden som kappåt med trollet dreier seg om kampen mellom det gode og det vonde. Det trekkjer fram kontrastar og forsøkjer lære oss om kva som er godt og kva som er vondt. Som mange andre eventyr har det ein sterk moral. Den yngste broren, han som ingen hadde trua på, som blei systematisk undertrykt av brørne sine, han var det som makta å kjempe seg opp og fram, og stod fram som ein helt til slutt! Eventyret seier oss at vi ikkje må skode hunden på håra, at hovmod står for fall, og at det gode sigrar til slutt.

 

Denne universelle røyndomen leier oss kan hende mot svaret på kvifor eventyr stendig fengslar nye generasjonar. Eg trur dei appellerer til både gamal og ung, kan hende særs på grunn av hovudpersonen Askeladden som er lett å like, dessutan er han lur og litt godtruen, akkurat som mange barn. Kanskje representerer han eit bodskap om at alle menneskjer er like mykje verdt, og at alle har dei same moglegheitene til å lukkast her i verda?

 

Eg tykkjer òg at dei norske folkeeventyra er ein viktig del av vår kulturarv, og ein stor del av vår felles norske identitet, kort sagt det som gjer nordmenn til nordmenn. Eventyra blir for dei fleste av oss presentert i koselege omstende, kven ville vel ikkje som femåring sitje på fanget til bestefar og ete mjølkesjokolade imens han les eventyr? På denne måten kan eventyra vere noko som binder generasjonane saman, noko vi har til felles.


 

Eventyra appellerer også sterkt til barn, dei er spanande og til tider morosame, og dei tilfredssteller menneskas trong til å fantasere og drøyme seg vekk. Samstundes ber eventyra framleis på viktige og aktuelle bodskap som det er verdt å lytte til.

 

Askeladden som kappåt med trollet er eit av dei aller mest kjende og kjære eventyra vi har. Det har truleg eksistert i forskjellige former i mange hundre år, samstundes som det stadig kjennast aktuelt, og det sluttar ikkje å begeistre nye ættledd. Alt i alt er eventyret ein flott del av kulturarven vår.

Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil