Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
Klokketårnet har ein løyndomSkriv ut Utskrift

En novelle på nynorsk om en spesiell ravn.

Karakter: 6 (10. klasse)

Nynorsk - NovelleForfatter:
Denne oppgaven inneholder bilder.
Logg inn via Facebook for å se dem.


Blada ramla ned frå skogen, eitt etter eitt la dei seg på bakken, og fortalte at hausten var like om hjørnet. Blada var døde, det var derfor dei ramla ned. Dei ville aldri komme att.

 

Rimet i graset vart pressa ned for kvart steg ho gjekk igjennom kyrkjegarden, det kunne høyrast ut som sprøtt brød som vart knust etterkvart som ho nærma seg, med hjelp frå dei små føtene. Ho sprang, eller, ho gjekk, eg veit ikkje kva eg vil seie. Ho gjekk så vi ikkje skulle sjå at ho var redd, men ho ville likevel springe for livet så vi ikkje skulle ta ho og. Ho hadde sikkert lyst å snu, men om ho var nok nysgjerrig var det umuleg å gå heim utan å få vite sanninga om kva vi hadde gjort.

 

Dei blå auga rørte seg så fort ho hørte hylet mitt frå klokketårnet, jenta skvatt, men då ho såg meg klarte ho å slappe av igjen. Kvifor det?! Visste ho eigentleg kor farleg eg kunne vere?!

 

Disturbia, it's like the darkness is light.
Disturbia, am I scaring you tonight.
Disturbia, ain't used to what you like.
Your mind is in Disturbia.

 

Ho fortsette ferda imellom gravstøttene for å komme fram. Ho såg på meg i tre sekund og deretter var ho like uinteressert. Ho trudde vel ikkje at eg kunne komme til å gjere kva ho frykta. Men eg kunne gjere meir ein ho ante.

 

Eg såg på ho, på at ho såg rundt omkring seg, såg etter mordaren, eg visste godt kvar mordaren var, eg vest at han var her, han var meg, mordaren som sit i klokketårnet.

 

Nå stod ho der, stod der eit lite stykke unna og såg på kva eg hadde gjort. Noen ravnar sat og åt på den stakkars klokkaren.

 

Legen hadde vore der, men ut av prøva hadde det ikkje vore bevis på forgifting. Det var ikkje nokre spor etter kniv eller etter pistol. Bare masse merkar, merkar etter nebb, nebb frå ein ravn. Kvinnene meinte at det var eit spøkjelse. Politiet meinte det var ein mann som hadde rømt frå fengselet, 7. september 1903. Alle meinte eit eller anna, men ingen visste sanninga. Det var berre vi som visste det.

 

Jenta såg opp mot klokketårnet, der sat det ein svart, stor, stygg ravn. Ho kunne sjå at ravnen visste noe som ingen andre visste. Det var eit ukjent hat i auge på han. Ravnen hadde ein løyndom, ein løyndom som ingen andre kjende.

 

No skulle jenta gå heim, men ho kjende ein løyndom, og ravnen viste ikkje om ho kunne halde på han. Det var best å vere på den sikre sida, tenkte ravnen da han letta frå klokketårnet...

 

<bilde>

Logg inn for å se bildet

 

 

Kilder:

http://www.lyricsmode.com/lyrics/r/rihanna/disturbia.html

«På norsk grunnbok 2»

http://birdphoto.no/bilder/132.jpg




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish