Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
Laurdag føremiddagSkriv ut Utskrift
Romantisk nynorsk novelle, som dreier seg om "kjærleikens" følelser...anbefales sterkt å lese! - gi gjerne tips til forbedringer i kommentarfeltet:)
Nynorsk - NovelleForfatter:



Blodet hadde bobla. Eg hadde vore riktig så overraska. Sveitten hadde runne. Sakte. Silande. Nedover. Nedover ryggen. Slik hadde det føltes å få sms’en den dagen. Eg tok ein titt på meldinga nok ein gong:

”Hei, Markus!

Møt meg på plassen framfor skulen

klokka eitt laurdag føremiddag.

Kyss og klem!

Din Mina”

 

Mina var ei vanvettig pen jente. Penast av dei alle! Nei, ikkje berre skulens finaste! Den finaste jenta i heile verda. Var det verkeleg sant? Det at ho no kunne bli min? Eg hadde klypt meg i armen. Jo, det var verkeleg sant! Ho skulle bli min! Ja, berre min! Det hadde ikkje gått opp for meg riktig enno.

 

Vi hadde kjent kvarandre  sia barneskulen, men hadde liksom aldri funne tonen saman. Men no såg det ut til å lysne! Eg hadde blitt sitjande å tenkje. Sitje og fundere på korleis det ville vere å kysse henne. Smake på dei mjuke leppene hennar. Klemme henne saman. Tett inntil mi eiga kropp. Kjenne den søte lukta av halsen hennar. Og til sist ville eg gitt henne eit saftig kyss på det venstre kinnet. Korfor nett det venstre? Jo, fordi venstre er hjartets side. For meg betydde eit kyss på venstre kinn evig kjærleik. Det var eit teikn på eit bunde forhold mellom ei jente og ein gut. Hjartet er eit symbol for kjærleik.

 

Det var laurdag. Eg var på veg. Nett der eg hadde blitt bedt om. Bedt om i meldinga. Til skuleplassen. Klokka var fem på eitt. Det var enno fem minuttar igjen før det store møtet. Fem spente minuttar. Det var ein nydeleg dag! Den milde sommarbrisen leika i bjørkelauvet. Fuglane song den vakraste songen eg nokon gong hadde høyrt. Sola stod og stekte på himmelen, og forholda var lagt heilt til rette. Det var perfekt!  

 

Der stod ho. Attmed trea mindre enn 100 meter framfor meg, kunne eg skimte ein skikkelse. Ei jente. Jenta. Ja, Mina. Det var så visst henne. Det var enno to minuttar igjen til avtalt tid. Presis. Eg fekk lyst til å laupe, men lét vere. No var eg berre nokre få meter unna henne. Den vakraste jenta av dei alle! Ho med dei klare, blå auga. Eg hadde drøymd om ho kvar einaste natt den siste veka. Mina var fantastisk stelt til. Ho var sminka. Naturleg. Ikkje overdriven. Slik eg likte det best. Hjartet mitt slo alvorleg fort no. Spenninga spreidde seg kjapt gjennom heile kroppen, og eg begynte å få unaturlege kroppstemperatursendringar. Alt skyldtes nok sannsynlegvis den vakre skapningen som opphald seg like framfor meg. Eg klarte knapt å halde meg konsentrert, og hovudet flomma over av tankar. Det var bokstavleg talt eit vakkert syn føre meg!

 

Så møttes blikka våre. Plutselig! Eg såg på ho. Ho såg på meg. Eg snudde hovudet mitt litt tilbake, mens Mina følgde bevegelsane mine stilt med sine blå auge. Vi så kvarandre i auga. Slikt hadde eg sett det på TV. Eit typisk romantisk augeblikk, kor to kyssar for fyrste gong. All lyd var borte. Det var ikkje ein gong fuglesong å høre. Ikkje vinden kunne høres. Eg hadde stoppet å puste. Det var bare Mina det handla seg om. Alle andre tankar forsvann. Verda stoppa opp! Millimeter skilde leppene våre frå kvarandre. Bare små millimeter! Eg gjorde meg klar for å kline til. Slikt eg hadde øvd på. Framfor spegelen. Eg kjente den nydelege dufta av jordbær leppene hennar. Vi møttes! Lepper mot lepper. Hud mot hud. Leppene hennar gjorde kroppen mi varm. Eg fekk ein fantastisk kjensle i heile kroppen. Det kunne ikkje vere sant! Det var som i ein draum. Det føltes ut som om vi kyssa i ein ævelengd. Sanninga var at vi stod å kyssa i til saman berre ti sekundar. Eg var i himmelen.

 

Leppene våre glei sakte frå kvarandre. Eg lente meg litt tilbake. Plutseleg hørte eg ein fnisande stemme komme frå ein plass bak trea: ”Ja, du skal få dine hundre kroner. Dei har du verkeleg fortent!” Ei jente dukka opp. Det var ikkje noko kjent syn for meg. Med seg hadde ho ein hundrekronesetel i handa. Kva var det jenta meinte? Mina verkte totalt forandra og annleis. ”Takk! Kom så går vi”, var det einaste som kom ut av munnen på den vakre jenta nett no. ”Kva skjer?” undret eg meg. ”Alt var eit veddemål, Markus. Eg kyssa berre med deg for å få pengar.” sa ho med ein tone eg aldri før hadde høyrd ho bruke. Eg klarte ikkje å stokke orda, og skjønne meininga, men etter kvart gjekk det opp for meg at eg var blitt lurt. Hjartet mitt gjekk i tusen knas.  Eg følte meg uhyggeleg ulykkeleg, og oppbrukt. Kva hadde eg trudd? Tankane buldra i hovudet mitt då eg snudde ryggen til Mina og tusla lutryggja bort frå henne. Torebrak høyrde eg i det fjerne. Det perfekte vêret var med eitt borte. No var eg heilt på bortebane! Eg var forferdeleg såra. Sjølvtilliten som ein gong hadde vore der var og borte. Eg gret, og himmelen gret med meg. Tårar og regn om kvarandre. Draumen min var med eitt knust. Denne laurdagen ville nok bli den lengste i heile mitt liv. Alt var svart. Det kunne ikkje bli mørkare…..




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish