Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
Josef MengeleSkriv ut Utskrift
En artikkel om Josef Mengele sitt liv. Den handler om hans oppvekst, hans jobb som nazist og livet hans etter krigen. Dette er en skoletekst. Oppgaven var å skrive om noe som hadde med konsentrasjonsleirene å gjøre.
Nynorsk - ArtikkelForfatter:



Mengele vart fødd 16. mars 1911 i Tyskland, og døydde 7. februar 1979 i Brasil. Han var ein tysk nazist, lege og krigsforbrytar. Det som han er kjent for er sine umenneskelege og ekstreme forsøk på fangar i 2.verdenskrig. Konsentrasjonsleiren Auschwitz var hans laboratorium.

 

Bakgrunn og oppvekst:

Han voksa opp som den eldste av tre. Far hans var ein velståande og suksessrik industrialist ved namn Karl Mengele.

 

Medisin og antropologi var det Josef studerte ved universiteta i München, Wien og Bonn. I 1935 fekk han doktorgrad i antropologi i München med en disputas om de rasemessige forskjellane i underkjeven.

 

Når han var ferdig med eksamen reiste han til Frankfurt for å jobbe med Otmar Freiherr von Verschuer, som var ein kjent ”rasebiolog”.

 

Hans jobb som nazist:

Han blei medlem av SS i 1938 og fekk rekruttdannelse ved eit SS-arrangement. Deretter tenestegjorde han i 3 år i Waffen-SS, til han blei såra på austfronten og vurdert som ueigna til strid. I 1943 blei Josef erklært som lege i den mykje frykta ”Sigøynarleiren” i Auschwitz. ”Sigøynerleiren” blei snart stengt, og då blei sjef på sjukestova i hovudleiren.

 

Mengele blei ofte kalla for ”dødsengelen”. Det var fordi han var ein av dei som bestemte kven av fangane som skulle rett i gasskammera og kven som skulle gjera slavearbeid og vera eksprimentar.

 

Josef var veldig interessert i tvillingar. Alle tvillingpar skulle setjast i ein eigen brakke. Eksempel om kva eksperiment handlar om: forandre augofarge på barn ved å sprøyte farlege kjemikal inn i augo på dei, amputera kroppsdelar og andre brutale operasjonar. Han prøvde til og med og få to tvillingar til å bli siamesiske, ved å sy hovudpulsåren deira saman. Resultatet av dette blei alvorlege infeksjonar.

 

Nesten alle som greidde å overleve Mengele’s forferdelege forskningsmetodar, blei drepne seinare.

 

Noko av Mengeles forsking ga sjølvsagt brukbar informasjon, men med den brutaliteten som han brukte var det langt i frå respektabelt. For eksempel så stekte han jødar i ein omn for å finna ut korti eit menneske fekk fyrste, andre og tredjegrads forbrenning. Han prøvde og å finna ut kor mange kilos kraft ein menneskeleg, levande skalle kunne tåle. 

 

Mengele utnemnte Miklos Nyiszli som assistent i 1944. Han var ein jødisk lege frå Ungarn som snakka flytande tysk. Etter krigen avla Nyiszli vitneprov til krigsforbytardomstolen i Nûrnberg. 8.oktober 1947. Her forklarte han mykje nyttig informasjon, blant anna at han måtte observere fire tvillingpar frå sigøynarleiren. Han målte blodmengda i venstre hjartekammer og oppdaga at det var noko uvanleg med det. Alle hadde vorte drepne av infeksjonar med kloroform direkte i hjarta. Seks av dei åtte barna hadde heterokromi, altså eitt blått og eitt brunt auge. Øyeeplene blei lagt i kvar sitt glas med formalin.

 

Det var eitt tilfelle kor det var ein mann i 50-åra med pukkelrygg, og ein gut på 15 med forskjellig beinlengde. Begge tilfella dreidde seg eigentleg bare om medisinske misdanningar, men Mengele sat likevel Miklos på jobben om å undersøkje dei. Etter han hadde undersøkja dei sørgja han for at dei fekk i seg eitt godt måltid før han tok dei med til SS-mannen Erich Muhsfeldt som skaut dei. Bak ryggen til Nyiszli tok Erich dei to lika oppi ståltønner og sat dei over to ildstader. Etter fem timar begynte kjøttet å løsne. Etterpå blei tønnene satt til avkjøling. Det var fire utsultede murarar som la merke til desse tønnene og trudde at kjøtet var mat. Dei begynte å eta av det, og Nyiszli tok dei på fersken. Han gløymer aldri synet av dei fire som sat å åt menneskekjøt.

 

Etter krigen:

Mengele flytta mykje rundt forbi etter krigen. Han skjulte seg under eit falsk namn, og i 1979 drukna han og blei gravlagd under namnet: Wolfgang Gerhard. I 1985 blei liket grava opp og identifisert som Josef Mengele.

 

Min meining:

Grunnen til at eg valde å skriva om han var fordi eg syntest det var spennande å høyra om han i leirane. Det som han gjorde var så forferdeleg og umenneskeleg, at det er vanskeleg å forstå. Eg ville læra meir om han og hans arbeidsmetodar, og tenkte at eg kanskje kunne forstå betre kvifor han gjorde som han gjorde. Eg har lært mykje meir om han, men forstår nå at han ikkje hadde noko gyldig grunn for å gjøre forsøk på menneskjer. Han var rett og slett ond i heile seg, og han har ingen unnskyldning for det som han gjorde.

 

At han eksperimenterte og fant ut mykje nyttig, er forsvarsmetodar som mange folk har brukt for hans forsøk. Viss me setter ting litt i perspektiv og tenkjer på kor mange folk som måtte lide for at han skulle finne ut noko nytt, var det ikkje verdt det. Langt ifrå. Me lærte ikkje så mykje av han heller, altså så fant han ikkje ut så mykje brukbar informasjon. Han fant hvertfall ikkje ut ting som me ikkje kunne funne ut sjølv på mindre smertefulle måtar.




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish