Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (753) Anmeldelse (bok, film...) (638) Artikkel (952) Biografi (264) Dikt (1040) Essay (571) Eventyr (115) Faktaoppgave (397) Fortelling (843) Kåseri (612) Leserinnlegg (123) Novelle (1334) Rapport (624) Referat (174) Resonnerende (212) Sammendrag av pensum (182) Særemne (161) Særoppgave (348) Temaoppgave (1266) Annet (528)

Språk

Bokmål (8210) Engelsk (1643) Fransk (26) Nynorsk (1150) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Alle menneskers skrekk

Alle menneskers skrekk

Det er ei kort novelle, der ein mann med flyskrekk fortel om den verste flyturen i sitt liv.

Sjanger
Novelle
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
12.11.2009
Tema


Eg kjente at det begynte å spreie seg panikk gjennom kroppen. Eg såg ut av vindauget, og såg bare kvitt og grått, men kunne skimte nokon mørke skyer under oss. Det var ganske ironisk, fordi det var akkurat som om livet mitt passerte framfor augo mine i revy, sjølv om eg alltid har overbevist meg sjølv om at det aldri skjer. Sveitten rant nedover ryggen, og eg kunne kjenne at eg sveitta heilt ned til tærne. Eg var kvalmen, og hovudet mitt verka. Det var ennå ei stund til me skulle landa, og eg visste ikkje kor lenge eg kom til å holda ut.

 

I løpet av det neste minuttet blei det sendt beskjeder frå piloten gjennom høgtalarane om at ingen måtte få panikk. Det var kanskje litt seint og seia det nå. Eg såg rundt meg, og såg at det ikkje bare var eg som var uroleg. Det var heilt forferdeleg, og det var akkurat som om eg var i ein annan verd. Eg skrudde på iPoden, men eg fekk fort beskjed frå ei flyvertinne at eg måtte skru den av igjen. Flyvertinna hadde tydelige problem med å holde balansen, men prøvde å skjule det så godt ho kunne. Ho kom seg fort tilbake på plass igjen, for og sei det sånn.


 

Unger skreik, og flyet vingla. Eg trudde det skulle styrta heile tida. Til og med flyvertinnene vart beordra til og setta seg ned i setene med setebelte på. Eg håpa at snart skulle piloten seia at det ikkje var noko problem, men det skjedde ikkje. Utanfor vindauget kunne eg sjå at det var lyn som skaut ned frå himmelen som rakettar, og skar seg gjennom dei mørke skyene.  Eg ville ikkje sjå, så eg trakk ned gardina.

 

Heilt aleine var eg, eller i alle fall følte meg. Eg tenkte på ungane mine, som eg ikkje kom til å få sjå voksa opp, og kona mi, som eg hadde lovt evig truskap. Eg var ikkje klar til å døy ennå. Rundt meg begynte det å utvikla seg full panikk, og det gjorde ikkje akkurat at eg følte mg betre. Det var til og med folk som hadde besvimt, nokon satt og ba, mens ungane skreik. Det var forferdeleg dårlig stemning i flyet, og folk hissa seg opp for ingenting.

 

Plutseleg høyrte me piloten igjen i høgtalaren. Han beordra alle til å dra ned gardina, for ingen fekk lov til å sjå ut av vindauga. Alle gjorde som piloten sa, og det blei veldig mørkt i flyet. Straumen hadde og gått, så eg såg nesten ingenting. Vi høyrte litt meir skurring i høgtalarane, men det var tydeleg at de hadde problem.

 

No vingla flyet så mykje at oksygen-maskene datt ut over hovudet på oss, og de kom til nytte for nokon og, inkludert meg. Eg har aldri vert så redd i heile mitt 40 år lange liv.

 

Plutseleg tok ein mann seg til brystet, og reiste seg opp frå setet sitt. Han blei akutt slengt i bakken av flyets kraft når det vingla, og låg der utan å røre seg. Ingen gjorde noko, av redsel for å lide same skjebne som mannen. Eg er utdanna lege, og ein refleks inne i meg gjorde at eg tok av setebelte, og gjekk vinglene mot mannen. Eg sjekka pulsen hans, og dreit i at flyvertinnene ropte etter meg at eg måtte gå å setja meg igjen. Han hadde ikkje puls, så eg starta hjerte- og lungeredning på han. Heile tida var eg redd, for eg greide nesten ikkje sitja på grunn av den sterke vinden som gjorde at flyet vingla. Eg hadde holdt på ei stund, men fekk ingen respons frå mannen.

 

Fleire og fleire besvimte rundt meg, og eg kjende at det var ikkje lenge før eg gjorde det sjølve og. Eg bestemte meg for å ta leiinga, og eg sa at alle som hadde vann måtte prøva å få liv i de besvimte, og få i de litt vann. Overraskande nok gjorde alle som eg sa.

 

Plutseleg kom piloten i høgtalarane igjen, og denne gongen sa han: ”Nå er det nok! Alle saman skal gå tilbake til sete sitt, og setja seg ned med setebelta på!” Han hørtes veldig streng ut, men alle passasjerene ignorerte han, og fortsatte med det de holdt på med. Det var ennå ingen respons frå mannen, og eg begynte å bli bekymra. Ein annan mann måtte avveksla meg, fordi eg blei veldig sliten i armane.

 

Eg benytta muligheita til å gå å setja meg, og bestemte meg for å dra opp gardina. Eg trengte å sjå ut, men eg likte ikkje det eg såg. Me var ca. 10 meter frå havet! Det siste eg hugsar er at eg tok hovudet mellom beina, og skreik.

 

Eg kom levande frå krasjet, men mange døydde. Nokon dagar etterpå fekk eg ein telefon om at han mannen som hjarta stoppa på overlevde, og han ville treffa meg.

Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil