Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave


propaganda.net : Skole & Jobb
FrP - et tilbakesteg?Skriv ut Utskrift
En artikkel om hvordan Norge vil se ut med FrP ved makta.
Nynorsk - ArtikkelForfatter:

Framstegspartiet kan komme til makta i Noreg 14. september. Mange meiner dette vil medføre katastrofe for samfunnet, andre vil kalle det eit steg i riktig retning. FRP blir kritisert for rasisme, kasino-økonomi og generell politisk inkompetanse. Korleis vil det eigentleg bli med FRP i regjering? Vil kvardagen bli annleis for deg og meg? I såg fall, kva vil bli annleis?

 

Privatisering og klasseskilje

FRP seier dei vil investera i enkeltmennesket. ”Vær ditt eigen lykkes smed” blir sungen det på partimøta. Partiet fokuserer først og fremst på privatisering, skattekutt og innstramming i asylpolitikken. Mange meiner desse tiltaka vil fjerne sjukeheimskøane, og gjere livet lettare for folk flest. I kva grad dette vil bli utfallet av politikken deira er usikkert. Med ei slik privatisering kan ein sjå for seg eit langt verre utfall av finanskrisa. Eit kutt i offentleg sektor fører til ein mindre inkluderande velferdsstat og berre velferd for dei med pengar. Eit slikt samfunn vil berre dei rikaste tenast med. Eit økt klasseskilje fører til opprør blant den herskande klassa, slik Marx så korrekt har forklart det gjennom dei historiske analysane hans.

 

Det mest positive ei så omfattande privatisering vil medføre er tilbodet kvar enkelt vil få. Om du er villig til å betale litt ekstra for ein litt betre barnehage skal du få lov til det. Men ei slik privatisering er ikkje eit fjernt fantasiprosjekt. I USA har dei praktisert dette i lang tid. USA er også kanskje det landet i verda med størst klasseskilje. Folk roper ”Change” og vil fornye landet. Kvifor vil da FRP ”fornye” Noreg i den akkurat denne retninga? Kvifor skal Noreg, som fleire gonger er kåra til det beste landet å bu i av FN strekkje seg etter land nummer tolv på lista?

 

Kultur

Mange stiller seg også spørsmålet om kva som vil skje med kulturlivet i Noreg. FRP vil fjerne kulturstøtta, noko som vil føre til hardare konkurranse blant kunstnarane, og eit smalare nålauge. Dei vil at kunstnarar skal vere sjølvfinansierte. FRP-kulturen skal vere for ”folk flest”, og dersom ein kunstnar har ein dårleg periode kan han risikere å permanent bli utestengt frå kunstnarverda av økonomiske årsaker. Ein slik finansieringsmodell vil også føre til ei kapitalisering av kulturen. Ønskjer vi eit smalare kulturbilete der formålet er å tene mest mogeleg pengar, eller ønskjer vi eit breitt kulturbilete med eit tilbod for alle? Prisen å betale for sistnemnde ligg i ei høg skattlegging for til ein felles kasse.

 

Som ein del av 100dagersprogrammet vil også FRP avskaffe NRK-lisensen.

 

”Vi vil avvikle NRK-lisensen og stykkje opp og selje NRK. Det er ikkje ei offentleg oppgåve å tilby underhaldning,

 

Framstegspartiet vil avvikle NRK-lisensen så fort dei kjem til makta. Dei vil at folk sjølv skal få bestemme kva som er god underhaldning. Også desse støttene teorien om at mange vil falle ut i eit slikt samfunn. Om det er majoriteten av folk som bestemmer kva som skal stå, og kva som blir sletta, så seier utfallet seg sjølv. Forskjellen på ”Alle skal med” og ”For folk flest” er merkbart i APS og FRPs politikk. Desse ordtaka representerer kvart parti særs godt. Er den egoismen i kvar enkelt som rår, når ein stemmer FRP? Eller er den trua på eit samfunn der ein skal ta vare på seg sjølv?

 

Skole

Eigne spesialskolar for fagleg svakare elevar er eit av punkta i FrPs skoleprogram. Korleis vil klassar kategorisert etter fagleg kompetanse påverke kvart enkelte sosiale liv? Mange vil påstå at dette er godt for læringa, både for dei sterke og svake. Men eit samfunn basert på kompetansekategoriserte grupper vil vel automatisk skape isolering blant nordmenn? Synet på slike problemstillingar er gjerne det som skil Fremskrittspartiet frå meir venstreorienterte parti.

 

”Meir konkurranse og karakterar i skolen vil auke arbeidslysten blant elevane”

 

Ein vil også oppleve ein meir konkurransebasert skole. Dette reflekterer godt korleis FRP vil forme samfunnet vårt. Eit samfunn der alle skal så for eiga lykke, og sørgje for at dei sjølv når dit dei vil, og at ingenting skal hindre dei.

 

Ved sida av dette skal støtta til gratis skolebøker fjernast og støtta til skolefritidsordning. Dette vil vere med på å forme ein skole som blir kravd økonomisk velstand i heimen. Dermed vil mange bli nøydde til å velje billigare private skolar, med lågare kvalitet. Vil dette føre til ein vond sirkel der det oppstår klasseskilje ein ikkje kjem seg ut av?

 

Skatt

Framstegspartiet og for så vid høgresidens generelt viktigaste sak er skattelette. Framstegspartiet vil gjennomføre ein enorm skattelette i håp om at mannen i gata skal kunne bruke meir, og få liv i økonomien. Lågare skatt betyr også meir pengar må takast frå staten. Statsminister Jens Stoltenberg meiner det er umogeleg å finansiere visjonane til opposisjonspartiet, og meiner partiet må stifte kjennskap til ordet ”dosere”. Han meiner ein bør unngå å bruke mye i gode tider, for å kunne ha noko å rutte med når det kjem dårlege tider. Den norske båtprodusenten Askeladden gjekk konkurs no i sommar, etter å ha auka produksjonen massivt før finanskrisen - da det var gode tider for selskapet. Siv Jensen svarer med å seie at det ikkje er ”anten eller”. Ho vil trekkje frå bistand og asylmottak.

 

Paradoks

Ein kan sjå for seg eit Noreg som vil likne meir dagens amerikanske modell. Lågare skattar, meir privatisering av offentleg sektor, fleire vegar, alt dette minner om eit parti som rettar øygne sine i retning Sambandsstatane. Til og med i utanrikspolitikken ser ein dette. Som einaste norske parti støttar FRP Israel i konflikten på Gaza-stripen (Med unntak av Norgespatriotene). Eit interessant moment er vel at USAs største stjerne og ikon for håp, rettar auga sine mot oss?


Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish