Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
Soga om Lars HåkonsonSkriv ut Utskrift
Selvkomponert saga.
Nynorsk - AnnetForfatter:



Håkon heitte ein mann. Han var son av Torfinn Olavson , og mor han heitte Gyda. Håkon og kona hans Jofrid , som var dotter av Egil Njålson, budde på Nes utanfor byen. Dei hadde fire born som het Gisle, Erik, Lars og Ingebjørg, men ingen av desse, med unntak av Lars kjem denne soga ved. Det er sagt at Lars var ein lyslugga og utadvendt gut, som brukte mesteparten av tida si på å spele fotball. Han hadde kanskje ein litt stygg munn, men andletet var tiltalande

I Nordbyen budde Knut Haraldson. Han var ein klok og måtehalden mann på alle vis. Kona hans het Helga og var dotter av Sigurd Leivson. Dei tre borna deira het Thomas, Maria og Tom. Dottera Maria var ei fager jente som kunne velje og vrake blant gutane akkurat som ho ville, men det var få ho ville ha

I Sørbyen budde det ein annan kar. H an heitte Sverre Gunlaugson og var gift med Randi Torsdotter. Far hans heitte John og var gift med Anne Egilsdotter og saman hadde dei borna Sverre, Bjørn og Kathrine, men ingen av desse kjem denne soga ved . Sverre og Randi hadde tre søner. Dei heitte Einar, Marius og Henrik. Det er fortald at eldstesønen Einar var like stille og roleg som Lars Håkonson var livleg og utadvendt. Han var heller ikkje like som Lars til å spele fotball, mens Lars var eit klart førstevalg på sitt lag. nøgde Einar seg med å setje på benken for sitt antatt dårlegare lag.


Nå er det å fortejle at Lars Håkonson hadde eit godt auge til Maria knutsdotter. Han hadde troffe ho på eit diskotek ein fredagskveld og syntes ho var så fager og fin. Maria sjøl hadde også eit godt auge til Lars, så innan kvelden var omme hadde dei rokket å bli saman. Denne sommaren hadde Lars tenkt seg på ein fotballturnering i utlandet og ville bli borte nokre par ukar. dei lova kvarandre og vere trufaste og fortsette forholdet når han kom heim att. Men det var ikkje berre Lars som hadde eit godt auge til Maria, og det var heller ikkje berre Lars som hadde tenkt seg på fotballturnering. saman med laget sitt.

I fotballturneringa blei det bestemt at laget til Lars skulle møte laget til Einar. Lars var sjølvsagt med i startsoppstillinga for laget sitt, og for ein gongs skyld hadde Einar lykkast med å vere med i startsoppstillinga. Under kampens hete kom Einar til å ta ein stygg takling på Lars slik at han blei liggande nede med ein skade i leggen, men han reiste seg snart opp at og sa til Einar ” Ikkje skal ein gå halt så lenge begge føter er jamnlange.” Lars fortsatte kampen sjøl om han var leggen verka. Trass i Lars skade vann laget hans ein suveren seier og Einars lag blei send ut av turneringa og måtte reise heim att.

Da Einar kom heim att såg hans sin livs sjanse til å bli saman med Maria. Han fortalde derfor Maria at han lars hadde blitt saman med i anna jente mens han hadde vore på fotball turneringa . Einar måtte tre trøystande til og før kvelden var omme hadde han rokket å bli saman med ho.


Då Lars kom heim og fekk høyre om kva Einar hadde gjort blei han rasande og utfordra han Einar til kamp midt i sentrum. Der kunne dei gjere opp som verkelge menn. Dei møtte opp begge opp med kniv og stirra kvarandre djupt inn i augo. Lars satte kniven inn i mageregionen på Einar slik at jan segna om. ” den satt” sa han tørrvittig. Lars tilbydde seg å hjelpe han for han angra seg på det han hadde gjort. Då Lars bøyde seg over Einar for å hjelpe, kjørte Einar kniven inn i hjartet på Lars. Begge to blei kjørt til sjukehuset i hui og hast men livet deira sto ikkje til å reddest

Maria sørga djupt og lenge over tapet av Lars, men etter nokre år opplevde ho kjærleiken på nytt og gift seg med han.



annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish