Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (753) Anmeldelse (bok, film...) (638) Artikkel (952) Biografi (264) Dikt (1040) Essay (571) Eventyr (115) Faktaoppgave (397) Fortelling (843) Kåseri (612) Leserinnlegg (123) Novelle (1334) Rapport (624) Referat (174) Resonnerende (212) Sammendrag av pensum (182) Særemne (161) Særoppgave (348) Temaoppgave (1266) Annet (528)

Språk

Bokmål (8210) Engelsk (1643) Fransk (26) Nynorsk (1150) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Starten på marerittet

Starten på marerittet

Fortellingen om en jente og hennes følelser når hun skal giftes bort til en mann hun ikke kjenner, og gi slipp på den hun virkelig liker.

Karakter: 5

Sjanger
Fortelling
Språkform
Bokmål
Lastet opp
02.12.2009


Eg gjekk til skulen, eg gjekk på fortauet og bare tenkte. Tenkte på at om 11 dagar så er eg gift. Gift med ein mann eg ikkje kjenner, ein mann som er over 10 år eldre enn meg, og som har masse pengar. Pengar er grunnen til at eg må gifte meg med han. Er det ikkje ting som er viktigare enn det? Har ikkje eg noko å seie? Kvifor skal far bestemme kven eg skal gifte meg med? Berre fordi han og resten av familien treng pengar, så må det går ut over meg? Berre meg? Når eg gifter meg med Assan, kan eg ikkje lenger vera fri, eg vil ikkje få noko eige liv. Eg vil ikkje gifte med han, han er ekkel og eg vil ikkje dele livet mitt med han, men har eg noko val? Nei det har eg ikkje.

 

Assan har vore blanda inn i mykje politi saker. Men unngått fengselsstraff kvar gong. Noko eg er veldig redd for skal skje med meg er valdtekt. Eg har nemleg lest om ei jente som blei gifta bort og valdteken fleire gonger om dagen. Tenk om det vil skje med meg, at eg blei valdteken? Kanskje vil eg bli valdteken kvar dag som ho? Vil eg berre vera kona hans som får beskjed om å gjere alt han vil? Og kva kjem til å skje om eg seier nei? Kjem han da til å torturere meg eller valdta meg for å oppnå det han ønskjer? Aldri i livet om eg vil ha eit sånn liv.


 

Eg har lyst til å prate med mor om det, men ho veit ikkje kva ho skal gjere. Vi har nesten ikkje pengar, og må leve med litt over fem tusen kroner i månaden. Mykje av de går til rekningar og betaling av hus, nå i det siste har vi også måtte spare pengar til bryllaupet. Mat og klede blir det ikkje så mykje igjen til, men det går akkurat.

 

Eg bor saman med mor og far, og mine 3 sysken; Sanja på 4 år, Mahan på 5 år og Karan på 10, også er det jo meg, Saila. Eg er 15 år og eldst blant syskena mine, noko som kan vera litt slitsamt. Vi kjem frå India og har budd i Noreg sida Sanja blei fødd, i litt over 4 år. Før budde vi i hovudstaden Delhi, men flytta til Noreg for å få betre økonomi. Det var nokon månader før vi flytta at far kom over Assan, og etter det har de hatt kontakt.

 

I India er det nærmare 1 av 2 jenter som giftast bort før dei fyller 18 år. Så der er det heilt vanleg at jentene gifter seg mellom dei er 15 og 18 år. Da blir det ofte tvangsgifting når jenta ikkje vil gifte seg med denne guten eller mannen som familien har funne. Men ho har ikkje noko val. Det er det same som skjer med meg nå. Kva feilar det far som vil selje meg for pengar? Eg blir trist berre av tanken. Kvifor spør ikkje far korleis eg har det? Og om eg faktisk vil gifte meg med Assan? Det følast nesten som at far ikkje er glad i meg lenger. Han spør meg aldri om korleis eg har det om dagen og kva vi har gjort på skulen. Han er blitt så stille og streng. Eg har ikkje hatt ein normal samtale med far på fleire månader. Eg saknar det så mykje. Eg saknar den varme, gode og snille personlegheita til faren min. Det ser eg aldri noko til nå lenger.

 

Faren min trur alt godt om Assan sjølv om han veit at han har vore i mykje tull. Men for faren min er det nesten bare pengane som er viktig. Før jobba far i 100 % stilling som rørleggjar. Men for et år sida mista 20 ansatte jobben, og faren min gjekk frå 100% til 40 %. Då arbeider far halv dag, måndag, tysdag, onsdag og torsdag. Dei pengane han tener då er nesten det einaste vi har, pluss litt frå staten. Mor har ikkje jobb. Ho må passe Sanja og Mahan, imens eg og Karan er på skulen. Eg kan jo skjønne at far må ha pengar til han og familien, og eg vil jo at dei skal ha det bra. Men eg kan bare ikkje skjønne at far er villig til å selje bort meg for pengar.

 

Familien min, eller far som bestemmer nesten alt, har godt med på at eg gifter meg med Assan, får far og familien min 100 000 kroner eller rundt 600 000 rupi (som det er i India) også flyttar tilbake til India med Assan, ikkje mange kilometer unna der eg budde før. Då kjem eg ikkje til å sjå familien min igjen, og syskena mine. Det kjem til å bli så fælt. Eg har berre møtt Assan ein gong. Men då var det ikkje helt bestemt at eg skulle gifte meg med han. Det var rett før vi flytta til Noreg. Etter det har han sendt ein del brev da, men dei får ikkje eg lov til å lese. Det synast eg er så teit. At om under 2 veker så er eg gift med den grisen, men får ikkje ein gong lov til å lese det han har skrevet på breva. Det er jo eg som skal tilbringe resten av livet med han. Då er det jo eg som treng å vite det han skriv om seg, og alt anna han kjem på å skrive om. Det spiller da ikkje så stor rolle for far, han får pengane uansett han.

 

Det som kjem til å bli like fælt, er at eg har fått meg ein kjæraste. Familien min veit ikkje om det. Kjærasten min hetter Sindre og vi har vore hemmeleg kjærastar i 3 veker. Det er berre tre månader sida Sindre byrja på skulen min, i klasse 10C, der eg også går.  Når faren min fant ut at eg var mye med Sindre på skulen og etter skulen, så sa han at eg ikkje fekk lov til å prate med han igjen. Etter det har han vore enda strengare enn nokon gong før, eg får nesten ikkje lov til å gjere noko. Eg må rett heim etter skulen og eg får ikkje lov til å gå ut av huset før skulen begynner igjen nesten dag, i helgane må eg vera med mor å vaske huset og rydde. Men når far jobbar merkjer ingen at eg er ute, mor har meir enn nok med sysken mine og ho veit heller ikkje at far er så steng mot meg, som han har vore i det siste.

 

Eg har funnet ut ei fin og enkel måte og gå ut av huset utan at mor eller nokon andre ser det. Det er nemleg eit lite vindauge på det vesle rommet mitt, og det er akkurat passe stort til at eg kan klatre ut og inn. Så etter far merka at eg var mye med Sindre, har eg å Sindre har møtast i smug, og ingen har merka nokon ting, ikkje eingong far. Det kjem han ikkje til å gjere heller, fordi på skulen i går måtte eg si til Sindre at eg ikkje kunne treffe han meir, fordi eg faktisk skal flytte til i India om under 2 veker og gifte meg med ein mann frå India. Eg har ikkje tørt å si det til han før, eg torde eigentleg ikkje no heller, men eg måtte. Det blei en lang samtale og heile tida blei Sindre meir og meir lei seg, og skuffa. Det var kjempe fælt å sjå han så trist. Heilt til å byrja med så han berre dumt på meg, men han skjønte  raskt at det ikkje var noko å spøkje med. Etter en god stund lente han seg mot meg for å gi meg ein klem og spurte: ”Du vil vel heller vere saman meg meg?”, men eg dytta han forsiktig unna og sa at eg ikkje kunne. Kvifor måtte eg gjere det? Han blei jo så lei seg då. Han berre snudde seg og gjekk til klassen, og sat seg for seg sjølv på plassen sin ved veggen. I timen følgja han ikkje med, sat bare å så ned i golvet. Eg var nesten på gråten, det var ingen positive sider i livet mitt. Sindre er den personen som har vore snillast med meg av alle venane mine. Og som hadde vore der for meg bestandig etter han flytta hit, og eg svikter han og skal flytte på andre sida av kloden, for en kjæraste eg er som kan gjere noko så grusamt.

 

Det er så urettferdig, at eg må flytte frå alt, og får ingen ting for det. Eller eg får jo ein ekkel gris som ektemann, men det er ingenting å bli glad av. Når familien min far pengane blir dei mye rikare enn før. Og det er jo bra at de får pengar, fordi det treng de jo, men eg da? Burde ikkje eg også vore med å dele dei pengane og få glede av det dei kjøper uansett om det er mat, klede, rekningar eller bleier til Sanja?

 

Eg er ingenting lenger, ikkje for far, og mor seier jo ikkje noko. Eg føler meg som luft. Eg hate livet mitt, kva har eg gjort for å fortene å flytte frå alt eg har her i Noreg? Ikkje veit eg.

 

10 dagar seinare – 2 dagar til bryllaup

Eg har ikkje sett Sindre sida måndag når han fekk vite at eg skulle flytta. Eg blir meir og meir redd for han. Han har ikkje vore på skulen på lenge, ikkje på over ein veke. Kvifor er han ikkje på skulen? Har det skjedd noko? Er han sjuk? Eller skulkar han?

 

Eg er spent i det eg går inn i klasserommet. Spent på om Sindre sit på plassen sin. Ved veggen, slik han gjorde kvar dag før. Men det sit ingen Sindre der, eg blir enda meir trist. Eg som faktisk hadde eit håp om at han skulle komme på skulen i dag, sida det var siste dag i denne skuleveka, og siste skuledag med klassen. Når skulen var slutt måtte eg si ha det til alle klassekameratane min. Det var så vondt å si ha det til alle dei gode vena mine, som eg aldri kjem til å sjå att.

 

Rundt kvart hjørne eg gjekk på vegen heim hadde eg eit håp om at Sindre skal stå der, rett framfor meg, men det gjer han ikkje. Når eg kjem heim er mor stressa og sint, og spring fram og tilbake. Assan kjem med fly i dag, og eg gruer meg masse. Mor masar og styrar om alt og ingenting, men eg orkar ikkje om bry meg. Eg saknar Sindre noko så vanvittig. Eg skulle berre ønske at eg fekk sjå han før eg dreg. Det hadde hjelpt så mykje. Og berre vete at Sindre har det bra. Han tar ikkje telefonen og eg har ikkje fått noko svar på meldingane. Eg har sendt over hundre meldingar, men utan noko svar, snart har eg ikkje att pengar på telefonkortet heller.


 

Far henta Assan på flyplassen, og mor tok godt i mot han når dei kom heim. Vi alle var nervøse. Eg fekk ikkje prate med han, berre far og mor. Men eg fekk sjå han når han kom, og han var framleis like ekkel. Var det noko han ikkje var så var det drømmemannen min.

 

Eg måtte legge syskena mine i kveld. Vi la oss tidleg, og søskena mine sovna fort, men ikkje eg. Eg låg og tenkte som vanleg, for eg fekk ikkje sove. Mange gonger har eg tenkt at sjølvmord er den lettaste utvegen, så eg slepp å bu saman med den ekle mannen. Men eg kan ikkje. Ikkje fordi eg ikkje tør, men fordi da blir far så skuffa når han ikkje får pengane som han ville ha fått, og som han har gleda seg til å få. Det einaste eg ville no var å bite tenna saman og rømme langt bort. Bort frå Assan og far. Også kunne eg få vera samanst med Sindre. Eg låg lenge å tenkte før eg sovna. Gråt meg i søvn, slik eg hadde gjort de fleste dagar nå i det siste. Men eg måtte vera heilt stille så syskena min ikkje vakna.

 

Tidleg på morgon blei soveromsdøra slengt opp. Her var det ikkje noko kjære mor. Klokka var berre halv 6 på laurdagsmorgonen og eg måtte opp. Vi skulle ete frukost også skulle mor dekorere ”heena” på hendande mine. Heena er et pulver som blir blanda med litt vann og dekorert på hendene. Mor satt i fleire timer å pirka, og maste om alt eg måtte gjera klart til den store dagen i morgon. Etterpå prøvde eg brudekjolen eller sarien som kjolen kallast. Det var fyrste gongen eg hadde prøvd den ordentlig, med smykkar og alt. Det einaste som mangla var frisyren og sminke. Bryllaupet skulle holdast på det nærmaste lokalet i nærheita. Mor og far har bedt over 100 gjester og lokalet har vært klart i fleire dagar. Maten skulle lagast i dag, av gode kokker og vener.

 

Dagen gikk sakte og ingenting var som vanleg. Mor var sur, far var sur og alle syknene mine var hos tante, men det eg merka mest av alt; eg hadde fortatt ikkje sett Sindre, han hadde ikkje svart på nokon av meldingane no heller. Tenk om eg aldri skulle få sjå han igjen, tenk om han aldri ville tilgi meg. Før eg legger meg tar eg opp mobilen og skriver ei siste melding til han med store bokstaver:

BRULLAUPET ER I MORGON KLOKKA 14.00 PÅ SOLHEIM LOKALET. HÅPER VELDIG GJERNE EG SER DEG DER. Eg trykte på ”Fortsett” og øverst på telefonlista sto det ”Sindre”, eg dobbelt trykka og ”sender melding” kom opp på skjermen.

 

Det var søndags morgon og eg måtte igjen tidlig opp. Eg forta meg å sjå på mobilen, hjertet mitt banka som aldri før, ”2 uåpna meldingar”. Eg blei kjempe glad, men eg så fort at meldingane var ikkje var frå Sindre. Hjertet mitt stoppa og banke, og eg kunne kjenne det svi bake augande mine. Eg meg saman og var heilt bestemt på at eg skulle sjå Sindre før eg skulle dra. Og det må skje i dag, fordi i morgon er det feiring heile dagen og i over i morgon så dreg eg.

 

Mor og tante sminka meg og ordna håret mitt. Eg blei veldig fin til slutt, syns eg. Kjolen var også nydelig. Tida gikk fort mor og tante styra og ordna, vi måtte gå igjennom alt eg skulle gjera, ein siste gong. Far var med Assan, så eg slapp å sjå han før seremonien. Under sjølve seremonien skulle berre familien vera til stede, men når feiringa byrja skulle alle dei over 100 gjestane komma.

 

Når alt var klart og seremonien på Solheim lokalet starta. Gjekk eg inn i lokalet. Assan gjekk ved sida av meg. Eg følte ikkje noko, berre gjorde det eg skulle. Hjarte mitt banka kjempe fort og eg var allereie sveitt i hand flatene. På vegen innover blei eg plutselig så veldig kvalm, den rare kvalmheita gjorde meg svimmel, men eg tok meg saman som alltid. Både eg og Assan satte oss på teppet, og ein mannen leste bønn. Etterpå song familien min, mens eg og Assan gjekk i ring. Mens vi gjekk rundt stoppa alt, det var som om noen hadde trykt på pause. Eg blei enda meir kvalm. No klarte eg ikkje meir. Eg sprang ut til gangen og vidare heilt ut. Eg høyre far skrike på meg, meg eg brydde meg ikkje. Eg sprang ned dei få trappetrinna som var og sprang rundt hjørnet på lokalet og stelte meg bak ein lita buske.

 

Tårene bare rant nedover kinnene mine, kva skulle eg gjere? Eg blei sittande torde ikkje bjere noko, eg var for kvalm og for svimmel. Etter ei lita stund merka eg ein skygge rett fram for meg. Klart det måtte vera far, no var han nok ill sint. Eg vrei ansiktet mitt forsiktig og sakte opp. Det var ikkje far, det var Assan. Han satt seg ned og presset meg hard i bakken, klemte meg og tok på meg. Han var heilt rød i ansiktet og utrolig desperat ut, som om han ikkje hadde tatt i ein jente før.

 

Eg var kjempe redd, kvalm og svimmel på ein gong. Han sto over meg som om det var noko enda verre han skulle gjæra. Han gjekk eit skritt nærmare, og tok brått tak i armen mine, og drog meg raskt opp. Han pressa meg mot seg. Eg skreik det høgaste eg kunne, men det var ingen som brydde seg om meg lenger, men eg skreik igjen og igjen. Assan slo meg over munnen, sa eg skulle holde kjeft. Han la meg ned i bakken igjen og han oppå meg. Eg prøvde å dytte han vekk, men då klemte han meg enda hardare. Alt skjedde så fort, han slo, sparka og tok på meg overalt. Eg kunne skjenne brannsår og ømheit fleire stader.

 

Det var heilt umulig for meg å gjære motstand, han var for stor og sterk. Etter mange pinefulle minuttar tok han meg opp frå bakken. Han var veldig bestemt. Han dytta meg bortover, til framsida av lokalet. Men på trappa til inngangsdøra kunne eg sjå blod, og eg kunne sjå det var meir ved hjørnet av lokalet. Kva hadde skjedd no?

 

Eg vreid meg ut av armane til Assan og sprang det raskaste eg kunne rundt hjørne, Assan sto heilt stille gjorde ikkje noko, berre sto der. Rundt hjørnet var det meir blod. Hjarte mitt banka, og eg var redd for kva som låg der og kva eg snart skulle få sjå. Eg tok nokon skritt til og fekk sjå mitt verste augeblikk nokon gong.  Mykje verre enn eg kunne ha tenkt meg. Eg skreik og tårene kom fort, rann som ein foss nedover kinnene mine. For eg så med ein gong kven det var.

 

Det var Sindre, som låg der, med ein kniv presset inn i brystet. Eg prøvde og få kontakt med han, men han var død, og det var ikkje noko eg kunne gjæra. Eg tok meg saman og satt meg ned, klemte han, prøvde igjen og få kontakt med han, eg snakka med han, men eg fekk ikkje noko svar. Og tårane fortsette og renne nedover de brune og kalde kinna mine. Kva ville bli det neste?

 

Plutseleg kom Assan bak meg, han løfta meg brutalt opp og bar meg til bilen vår. Assan låste opp, og pressa meg hard inn i bilen. Kvifor hadde han fått nøkkelen til vår bil? De verste tankane surret rundt i hovudet mitt. Tenk om foreldra mine også var døde..eg gråt enda meir no. Men eg bestemte for å tro at dei hadde det bra, og håpet på at dei ikkje hadde planlagt noko av dette med Assan. Eg kunne aldri tru noko slik om mor, og eller ikkje far er så respektlaus. Assan tok eit kvitt tørkle rundt munnen, og band det hard fast. Eg var heilt i svime, håpte at det heile berre var ein drøm. Han starta bilen og kjørte nedover den gruste og våte vegen.

 

Eg ble liggande lenge heilt stille. Eg skalv og var reddare enn nokon gong før. Etter den lengste og mest grusamme timen i mitt liv stoppa bilen. Det var ikkje mykje liv i meg nå, ting kunne ikkje bli noko verre. Eg ble løfta ut frå bilen og inn i eit lite fly som sto på eit lite jordet bak ein skog. Det var ikkje mykje eg såg men eg kunne sjå ein  mann med svart hår og skjegg inni det vesle flyet. Han gjekk ut av flyet og plutselig blei alt svart.


 

Eg vakna opp i eit lyst rom, i ei stor kvit seng. Kor var eg? Eg hadde stor smerte i hovudet og eg kunne sjå blod på den kvite silkeputa.  Eg gjekk forsiktig ut av senga og prøvde og lage så lite lyd som muleg. Eg gjekk bort til det store lyse vindauget. Då kunne eg sjå kor eg var med ein gong, eg var i India. Ute kunne eg sjå unge jenter i indiske klede, og mange folk som jobba. Dei hadde slitte klede og så veldig slitne ut. Var det Assan dei jobba for?  Men før eg rakk og tenke gjekk døra på soverommet opp. Eg skvatt og klemte dei klamme henna mine fast i senga og håpte på eit mirakel, med det fantes ikkje noko slik her eg var. For det var no marerittet byrja som verst.

Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil