Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
Renessansen (1400-1600)Skriv ut Utskrift
En oppsummering av renessansen og to analyser av kunstverk (litterært og bilde).
Nynorsk - TemaoppgaveForfatter: Anonym
Denne oppgaven inneholder bilder.
Logg inn via Facebook for å se dem.


Renessansen var ei kulturepoke frå 1500-talet til 1600-talet. Ordet renessanse kjem frå det franske ordet ”reneissance” som tyder gjenføding. Det var tankane, ideane og kulturelle verdiar frå den greske antikken som vart gjenfødd; Mennesket i sentrum, tru på fornufta og begeistring over verda og livets moglegheiter. Dette braut med mellomalderens kollektivistiske menneskesyn. Mennesket hadde no blitt eit enkeltindivid med verdi. Dei kunne no stille spørsmål til kyrkja si tyding i samfunnet. Kyrkja, som allereie sleit med indre splitting, moralsk forfall, mista mykje av makta. I staden for å vere avhengige av ein gud, byrja ein å tenkje logisk og ein fekk tru på fornufta.

 

Med renessansen kom det økonomisk oppgangstid. Dette mottok folket med glede etter å ha lidd seg gjennom mellomalderen med krig, svolt og pest. Etter kvart vart det gjort store oppdagingar. Christopher Columbus fann det nye landet over Atlanterhavet. Vasco Da Gama var leiar for dei første skipa som segla direkte frå Europa til India. Det gjorde dei ved å segle rundt Afrika. Dette skapte gode handelsforbindelsar, med nye og frie marknadar. Denne økonomiske oppgangstida gjorde det mogleg for folk å få ein individuell karriere. Kva familie og kva del av byen ein kom frå hadde ikkje stort å seie lenger.

 

Sentrale personar frå renessansen er Raphael, Titian, Michelangelo og William Shakespeare. Multikunstnaren Leonardo da Vinci er kanskje den mannen som er mest kjend frå kulturepoken.

 

Denne utviklinga slo først røter i italienske byer på 1400-tallet, og breidde seg ut til resten av Europa. I dag er mykje av den demokratiske ideologien og europeiske kulturen bygd på antikken og renessansen sine tankar.

 

<bilde>

Logg inn for å se bildet

Skolen i Aten, malt av Raphael(1483-1520)


Oppgåve to - Fordjuping av kunst i renessansen

Ein kan seie at kunst er til ei kvar tid ei avspegling av samfunnsutviklinga. Under renessansen var det mykje som forandra seg i samfunnet. Dette kan vi sjå igjen i kunsten. Ein fann nye teknikkar og uttrykksmåtar, i tillegg til at sjølve formålet med kunsten endra seg. Interessa for einskildmennesket og naturen gjorde at ein byrja med å utforske korleis ein måla perspektiv. Dei ønska å framstille motivet meir realistisk og nærare den verkelege verda. Slik vart lys, skygge og djubde viktig for å kunne skapa illusjon av rom. Ein del av dette var horisontlinja og forsvinningspunktet. Horisonten kan ein seie er skiljelinja mellom himmel og jord. Den er alltid i same høgd som auga våre. Dersom ein ser for seg parallelle liner som går innover i biletet, kjem desse til å møtast i forsvinningspunktet.

 

Denne nye teknikken med perspektiv gjorde det mogleg for kunstnarane å måle menneskjer med mykje meir liv enn før. Dei kunne illustrere korleis menneskekroppen var bygd opp og ansiktstrekk kom sterkare fram. Dette skjedde ikkje berre i målarkunsten, men også i skulpturar. Ein kan seie at kunsten såg meir ekte ut. Vi skal sjå nærare på verdas mest berømte måleri. Det er frå renessansen og er målt av Leonardo Da Vinci. Måleriet heiter Mona Lisa og i dag heng det i Louvre i Paris.

 

<bilde>

Logg inn for å se bildet

 

Da Vinci har mest sannsynleg brukt ein modell då han laga måleriet. Komposisjonsmessig er ho plassert i midten av biletet. Dette verkar som ein pyramide. Han har brukt lys for å framheve ansiktet, nakken og brystet. Lyset laga mange geometriske figurar, sirklar og sfærar, som utgjer biletet. Det Da Vinci har klart, er å skapa ein avstand mellom personen på biletet og den som observerer det. Korleis ho sit utrykkjer reservasjon og ro, men samstundes blir ein fanga av blikket hennar. Ein blir tvungen til å sjå ho i auga. Uansett korleis du ser på ho, uavhengig av vinkel, får du alltid augekontakt. Alt rundt ansiktet hennar er måla i mørke fargar. Dette gjer at ein fokuserer mykje på det opplyste ansiktet. Ein blir naturleg fanga av blikket hennar, og oppslukt av ho. Samstundes kjenner du at det er ein avstand mellom deg og ho. Dette er ein kontrast.

 

Det er måla i duse fargar og med ein harmoni mellom landskapsbakgrunnen og Mona Lisa. Landskapet strekk seg ut mot eit isfjell. Bølgjene i håret hennar og kleda passar med forma til elva og dalane bak ho. Denne harmonien lager ein naturleg orden. Alt flyt saman i biletet og kvar detalj er med i det heilskapen. Detaljane rundt munnen gjer det til det mest berømte smilet i verda. Smilet har ikkje ein bestemt meining. Det er måla på ein slik måte at alle tolkar smilet forskjelleg, noko som har skapt store diskusjonar blant forskarar og kunstekspertar.

 

Det som gjer dette måleriet til eit typisk renessansebilete er mykje. Først og fremst er biletet måla på ein enkel måte som gjer det realistisk og naturleg. Fargane er litt mørke, men dei er realistiske, noko som var viktig i renessansen. Vi kan også sjå ei horisontline og at landskapet i bakgrunnen forsvinn etter kvart. Dama på biletet har riktige ansiktstrekk og ser også realistisk ut. Multikunstnaren Leonardo Da Vinci måla biletet slik at alle dimensjonar, liner og storleiker var riktige i forhold til kvarandre. Denne nøyaktigheita og realistiske framstillinga av mennesket var typisk i renessansen. Som oppsummering kan vi seie at måleriet gir følelse av verkelegheit og på den måten er det eit renessansemåleri.

 

Det var mykje som vart oppfunne i renessansen, blant anna boktrykkjerkunsten. Slik vart litteraturen spreidd og nye litterære sjangrar kom til. Mange tekstar vart dramatiserte. I renessansen var det vanleg med tragediar. Det er eit drama med ein tragisk ending. Byrjinga er ofte med god stemning, men endinga er ulykkeleg. Denne typen drama baserar seg ofte på menneskets svakheiter og korleis dei fører til ulykke.

 

Tragedia stammar frå den greske antikken. Då er det vel naturleg at mykje av det som var vanleg i antikken vart funne att i renessansen. I renessansen var det tross alt den greske antikkens tankar, idear, kunst og kultur som vart gjenfødt. I tragediane frå renessansen handlar det mykje om individet. Hovudpersonen reflekterer mykje og går inn på tema ein aldri torde å snakke om i mellomalderen. Dette viser til brytinga med kyrkja og vegen mot mennesket som individ med fridom.

 

William Shakespeare er ein kjend, engelsk forfattar frå renessansen. Han skreiv mange tragediar. Eksempel er Hamlet, Kong Lear, Macbeth, Romeo og Julie, Julius Caesar og Othello. Eg skal sjå nærmare på eit utdrag frå William Shakespeare si tragedie Hamlet. Utdraget heiter ”Å vere eller ikkje vere”.

 

Når Hamlet snakkar om å vere eller ikkje vere, siktar han til ein valsituasjon. Dette valet handlar om å ta sitt eiga liv eller ikkje. Hamlet føler seg fristen til å gjere slutt på livet sitt. Han vil ha slutt på sorga og lengtar etter døden. Han ønskjer og å gløyme samfunnets urettferdigheit og kor fæle folk kan vere mot kvarandre . Når han snakkar om samfunnet, nemner han tyrannens overgrep og lova si treigleik. Men det er noko som stansar han. Kva skjer i livet etter døden? Det er noko ingen veit og han kjenner ei redsle for denne uvissheita. Hamlet føretrekk dei gamle byrdene i dette livet, over dei nye og ukjende byrdane i det neste. I talen sin får ein eit inntrykk av at Hamlet er oppgitt og sint på nokre eigenskapar menneska har. Hans refleksjon og ettertanke over valet han står ovanfor gjer at han ikkje greier å gjennomføre det. Han må tenkje på konsekvensar og på kva som kan skje. Dei sørgjer for at han ikkje tør å ta sjansar og gjer han til ein feiging. Ein kan få ein idé som gjer deg spesiell, eller som du føler kan gjere livet lettare for deg. Men etter å ha vurdert kva som kanskje kan skje, kastar ein tanken frå seg.

 

Kva kan ein seie om Hamlet ut ifrå denne tala?

 

Han snakkar mykje om at livet er hardt og vanskeleg. Han har eit ønskje om å ta sitt eige liv. Utifrå det kan vi seie at han slit i livet sitt og er ikkje ein lykkeleg mann. Ei stor sorg heng over han, men vi får ikkje vite kva sorga er. Men han vel å reflektere over kva som kan skje dersom han drep seg sjølv. Etter å ha tenkt nøye gjennom det, kjem han fram til at han ikkje er modig nok til å gjere det. Så vi kan seie at han slit og vil få det slutt, men der finst ei redsel som stoppar han. Utifrå at han pratar mykje om uvissheita om kva som hender etter døden, er det mogleg at han er gudfryktig. På den tida var folk kristne og ønska ikkje å provosere Gud. Dei var ikkje like kristne som i mellomalderen, men dei var kristne når alt kom til alt.

 

Kva er det som gjer at denne tala av William Shakespeare er frå renessansen?

 

Tala har eit slags filosofisk preg over seg. Hamlet snakkar mykje om kvifor menneska vel å leve uansett kor vanskeleg dei har det. Eit sentralt faktum er kva som skjer i livet etter døden. Det har ikkje noko svar. Dette gjer at vi finn filosofi i teksten og filosofiske tankar var svært populære i renessansen.

 

Tala er veldig personleg og går inn på eit tema som ofte var tabubelagt i andre tidsepokar. I renessansen var det viktig å tenkje mykje på det å vere menneske, og det er nettopp det Hamlet gjer i denne tala.

 

Det vi også kan merke oss, er at det er snakk om eigenskapane refleksjon og ettertanke. Desse er viktige eksempel på menneskets fornuft, noko som var svært sentralt i renessansen.

 

I staden for å opne tala med ”å dø eller å ikkje dø” er det forenkla til eit uttrykk som er svært kjent den dag i dag: ”å være eller ikkje å være”. Det uttrykkjer noko som er enkelt. Noko som alle identifiserar seg med. Det er verkelegheita. Innhaldet i teksta er veldig rett fram. Med litt metaforar kjem bodskapen fram utan at ein må tolke og lese for mykje mellom linene. Det blir sagt slik det er, utan overdrivingar og kompliserte skildringar. Denne måten å formulera seg på var svært vanleg på den tida. Slik er det lett for oss den dag i dag å lese tekstar frå renessansen.

 

Renessansen sine filosofiske tankar, kunnskap, kultur og kunst er svært aktuell for menneska som lever i dag. Hadde det ikkje vore for renessansen er det ein rekke ting vi ikkje kunne gjort i dag. Vi har til dømes blitt kjent med menneskekroppen slik liv kan reddes og vi kan frakte menneske over kontinent ved hjelp av flygeteknologien. Mykje av vår kunst og kultur har tydelege trekk frå tidsalderen som var for 500 år sida. Vi trenger ikkje leite lenger enn til ein av verdens mest populære forfattar, Dan Brown, for å finne spenningslitteratur om mysterium frå den tida. ”Da Vinci koden” og ”Engler og Demoner” er bøker som er lest av tusenvis av menneske og dei er også blitt filmatisert. Mange besøker kunstverk som Mona Lisa og er fascinert av måleriet. Kunstverk frå den tida byr på ein rekke mysterium, som enda ikkje er løyst den dag i dag. På denne måten kan vi seie at renessansen har fått oss til å sjå framover, så vel som bakover i tid med like stor interesse.

 

Kjelde:

Grip teksten

s. 306 – Hamlet, Å vere eller ikke vere

s. 54-66 – Om renessansen

http://no.wikipedia.org/wiki/Renessansens_litteratur

http://no.wikipedia.org/wiki/Mona_Lisa




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish