Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
To dråper blodSkriv ut Utskrift

Magnus blir mobba, og bestemmer seg for å ta hevn.

Skrevet i 10. klasse.

Nynorsk - NovelleForfatter: Anonym



Det er ein vanleg skuledag. Elevane på Kommen ungdomsskule står i skulegarden og ventar på at det snart skal ringe inn til fyrste time. Dei står i flokkar og snakkar og ler. Men ein gut har det ikkje så arti. Det er Petter, skulens mobbeoffer. Nokon gutar har allereie grepe fatt i han og starta dytte han i mellom seg. Ingen legg merke til denne mobbinga lengre. Alle er blitt vand med det og lærarane bryr seg ikkje. Den einaste som ikkje mobbar han er ei jente med namnet Siri. Ho er snill mot Magnus, men venane hennar er nokon av dei som mobbar han verst.

 

Der ringar det inn. Alle går roleg inn i gangane og vidare inn i klasseromma. Petter er den einaste igjen ute i skulegarden. Der er det heilt stille. Han sit på bakken og blør naseblod. Det gjør han alltid når han blir aggressiv. Det berre byrjar å renne med ein gong nokon tirrar han. Dette er ein av tinga dei mobbar han for. Når sant skal seies har alle mobba han så lenge at dei veit ikkje lengre kva dei mobbar han for. Han er så lei av denne mobbinga og desse vemmelege folka. Medan han sit der og ventar på at blodet skal slute å renne blir han hemnhauga. Han vil ha hemn.

 

Ti år er gått.

 

Lise er på jobb aleine. Ho jobbar i ein restaurant og i dag er det måndag kveld, og det er ho som skal stenge restauranten.

 

Det er seint på kvelden og ho er der aleine. Ho er nesten ferdig da ho høyrer ein lyd inne frå kjøkenet. Ho går for å sjå, men kan ikkje sjå nokon der inne. Ho går lengre inn i det store rommet som er fult av kasserollar og lokk og andre kjøkenreiskapar. Lyset er skrudd av, men fullmånen lyser opp så ho kan sjå kor ho går. Da høyrer Lise ein lyd bak hennar ein stad. Ein kasserolle dett i golvet og lager utroleg mykje bråk. Ho høyrer fotsteg og blir ståande heilt stille for å ikkje bli oppdaga. Ho veit at om det er nokon der inne er det ikkje nokon som ho kjennar for da ville han ikkje sneke seg rundt på den måten.

 

Ho høyrar nokon bak seg og snur fort rundt. Men der er det ingen. Ein kasserolle dett ned frå ein benk og trillar bortover golvet. Lise er no midt inne i det store kjøkenet. Ho veit ikkje om ho skal gå ut eller om ho skal prøve å finne ut kven som er der inne. Ho treng ikkje tenke lenge på det. Ho snur seg rundt, men der står det nokon. Ein høg mann med maske oveer andletet. Han holder ein kjøkenkniv i handa og tar eit godt tak om strupen til Lise.

 

Hun gisper i det hun ser han begynner å blø naseblod.

 

Det er det siste ho rekk å gjere før strupen blir kuttet over og liket lagt i fryserommet kor kokken finn ho neste morgon.

 

Politiet blir satt på saken, men mordaren har ikkje etterlati seg nokon spor. Marianne og Siri står og gret. Dei var Lises beste venar og har vore hennar beste venar sida vidaregåande. Magnus, Siris kjæraste kjem også bort til jentene og trøstar dei. Dagane går utan at sorga blir noko mindre.

 

Søndag etter drapet, drar Marianne heim frå byen aleine. Ho er trøtt og vil ta seg ein god, varm dusj også krype til køys. Medan ho står i dusjen høyrar ho det går i ytterdøra. Marianne skrur av vatnet tar et handkle om seg og går ut av dusjen. Ho går inn i stua, men kan ikkje sjå nokon der. Ikkje i soveværelaset heller. Da høyrar ho noko frå kjøkenet. Det høyres ut som det er nokon der.

 

”Kva om det er mordaren som drap Lise. Kva skall eg gjera?” tenkjer Marianne.

 

Ho ser seg febrilsk rundt etter noko ho kan forsvare seg med viss det er han. Det beste ho kan finne er ein lommelykt. Væpna med denne lommelykta går ho sakte mot kjøkenet. På golvet set ho i frå seg små våte fotavtrykk og det drypp vatn frå håret hennar.

 

Da høyrar ho plutseleg ein skapdør på kjøkenet bli opna. Ho smyg seg nærmare og nærmare. Ho er like utanfor kjøkeninngangen no og kan høyre det er nokon der inne som romsterer rundt i skapa hennar. Ho har skrudd av lyset før ho gjekk i dusjen, så alt ho såg i mørket var ein høy skapnad. Like før ho skal til å slå vedkommande i hovud med lommelykta, snur han seg rundt og ho ser det er Magnus.

 

”Eg skulle berre låne litt sukker av deg. Eg trudde du hadde lagt deg, så eg ville ikkje vekke deg,” sa han.

 

Marianne står framleis med lommelykta i handa og skjelver. Ho var så nervøs og kan ikkje tru at Magnus kan vere så roleg. Ho la merke til at han såg på lommelykta.

 

”Eg var sekker på at du var mordaren som drap Lise,” forklarar Marianne.

 

”Stakkars deg. Det var ikkje meininga å skremme deg…. Ville bare låne litt sukker til te og tenkte det var greitt for deg. Hadde ikkje trudd eg skulle bli slått ned,” sa Magnus.

 

Magnus blir hos Marianne ein liten stund før han går inn til seg sjølv igjen. Marianne går og legger seg, men utpå natta vaknar ho av ein kjetting som klirra. Ho tenkjar det var ein drøm og legg seg til å sove vidare. Ikkje lenge etter vaknar ho igjen av sama lyden. Men denne gongen mykje nærmare. Ho snur seg og ser på klokka. Den er 5 om morgonen. Altså måndag morgon. Ho skal på jobb om nokon timar unnsett og står like gjerne opp no. Ho steller seg i dusjen, skrur på vatnet og blir ståande ein stund i det varme vatnet.

 

Da høyrar ho den kjetting lyden ein gong te og denne gongen er ho overbevist om at den kjem i frå leilegheita hennar. Ho skrur vatnet av dusjen, tar eit handkle om seg og går forviten ut i stua.

 

Der er det ingen, men så høyrar ho nokon i kjøkenet. Ei skapdør knirkar der inne eit sted i mørket. Ho ser ein skapnad der inne og går nærmare. Det blåser ute og inne er det kjørleg. Eit vindauge slår. Marianne hoppar i været av skrekk. Vinden ular utanfor huset og Marianne kjenner eit grøss nedover ryggen. Ho går nærmare kjøkenet og blir ståande og sjå inn i mørket. No er ikkje den skapnaden der inne lengre.

 

Var det berre innbilling det ho såg?

Ho gjekk innover i kjøkenet.

Ikkje eit spor av at nokon hadde vori der.

Så gjekk ho bort til utgangsdøra og skjekka at den var låst.

Fint.

Da var det ingen andre som kunne være der inne i kag med ho.

Ho gjekk tilbake til dusjen og sto der ein god stund.

 

Det ho ikkje merka var den høye mørke mannen som nærma seg badet. Ho hadde dusj forhenget godt trekt for, så ho såg ikkje at han smyg seg nærmare og nærmare henne.

 

Men det ho høyrde var ein kjetting som klirra.

 

Ho var no overbevist om at det var rett ved henne, og drar forhenget forsiktig frå. Da så ho rett opp i andletet på ein høy person med maske på. Ho vart så forskrekka at ho ikkje ein gong klarde å skrike.

 

Den maskerte mannen tok tak rundt halsen på Marianne og stramma til.

 

Så tok han dusj slangen og surra om halsen hennar. Det siste ho såg i livet var eit par dråpar blod som rann ut av nesa hans.

 

Seinare på dagen kom Siri og Magnus innom og fikk sjå liket i dusjen. Det var eit grufullt syn for Siri som kasta seg i armane på Magnus. Slik sto dei ein stund og berre klemde kvarandre. Men det Siri ikkje såg var de små dråpane blod som rant ut av Magnus’ nase…




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish