Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
Under bryggaSkriv ut Utskrift

Hun ser tilbake på en hendelse som skjedde under brygga og føler skyldsfølelse for hennes død.

Skrevet i 10. klasse.

Nynorsk - NovelleForfatter:



Eg var der.
Det går ikkje ein dag utan at eg tenker på det, utan at eg  seie til meg sjølv ,’’om bare.’’ Om bare eg hadde våre raskare, om bare eg kunne ha hjelp ho! Men det kunne eg ikkje.
Eg tenker ofte på ho. Ho var trossalt venen min. Min einaste ven. Den personen eg kunne stole på, den eg kunne snakke med, og no er eg aleine, utan henne.

 

Eg høyrar vinden suse over havet, det hyler og uler akkurat som den dagen. Han kviskrar meg i øyra, han lar meg ikkje gløyme. Skrika til måkene skjer gjennom lufta og treffer meg. Kalde tome skrik. Eg høyrer folk trampe på plankane over hovudet mitt. Dei er så nære, men dei veit ikkje at eg er her. Dei traskar stille og fredelig av garde utan noko aning, for opptekne av sine egne problem til å sjå andres. Her under kan eg vere i fred, eg kan la tankane mine vandre utan at nokon ser tårene som trillar over dei bleike kinna mine. Dei drypp ned på det glatte svaberget og trillar heim til sjøen, bare nokon usle dråpar i havet, men store og tunge minner for meg.

 

Eg huskar den dagen godt. Det er kanskje tre år sidan. Alle seier slike ting blir lettare over tid, men det er omvendt. Først forstår du det ikkje heilt, men etter kvart velter dei seg over deg, og presser deg saman, det truger med å kvele deg. Du ser tilbake og ser andre moglegheiter, ting du trudde var riktig var plutselig feil, men det som er gjort er gjort. Det er ikkje slik at det blir mindre smertefullt over tid, du blir sterkare og klarer å bære børene av fortida, ein dag vil du kanskje tru dei er borte,  men du har berre blitt sterk nok til å takle vekta av minna.

 

Eg går over hendingane kvar dag. Det var her under brygga det hende. Me skulle fiske krabber, noko me alltid hadde gjort. Varsamt lista me oss over svaberga under brygga for ikkje å skli på den våte overflata og dette i vatnet. Med uredd eleganse svingde me oss opp på plankane som gjekk på kryss og tvers mellom stolpane under brygga. Bur du i ei rorbu lærer du deg å klatre og balansere på det gamle treverket som støtter opp huset ditt før du begynner å gå. Du lærer å sovne til tidevatnet som går inn og ut over steinane i eit evig krinsløp, bølgjene som stryk over svaberga og sjøsprøyten som piskar på vindauget når det bles opp til storm. Det var derfor me trudde det var umogleg at noko kunne hende med oss. Me var mastrene sjølv, måten me balanserte over stokkane og kasta uti snøret håpefulle på at me skulle få tak i dei late raudkrabbene, men sjølvsagt hende det ikkje, dei er for late til i det heile tatt holde på maten. Etter kvart gjekk me oss leie av den endelause frustrasjonen, så me la frå oss snøret og byrja med tikken. Ein heilt annan leik når det gjelder å holde balansen på stolpane utan å plaske uti det iskalde vatnet. Eg huskar mor rope oss inn til middag. Med hivane pust og frisk raudfarge i kinna klatra me tilbake på svaberget med smil om munnen og eit glimt i auge. Det var begynt å blåse kaldt og me prøvde å skunde oss over dei glatte steinane med hysterisk latter kvar gong me sklei eller tråkka i ein haug med slimete tang. Eg kom først fram til trappa og kikka triumferande bak meg på ho idet ho kom brasande bak meg. Eg kunne ikkje slutte å le, glade tårer trilla ned over kinna mine, lett og lystig kom ho mot meg med store klyv.

 

Ho såg ikkje haugen med fuktig tang og tare som låg slapt over steinen. Ho sette foten ned, tangen fekk henne til å miste fotfeste og ho sklei, idet ho merka kva som hende gav ho ut eit øredøyvande skrik ti gonger sterkare enn måkene som letta frå taket og begynte å vræle i kor når dei høyrde det. Eg husker enno lyden hovudet hennes laga idet det kakka imot svaberget, eg kunne høre det sprekke. Ho låg der livlaus med blod rennande frå hovudet  ned over mot vatnet og farga sjøen raud. Kroppen hennar begynte å skli nedover svaberget . Alt eg høyrde var skrika til måkene, skriket eg hadde inni meg kom ikkje ut, eg stod der berre mållaus og kvalm, lamma av frykt. Eg strekte meg mot henne, prøvde å dra henne opp men ho var glatt og klam og eg kunne ikkje la ver å skli i blandinga av blod og sjøvatn på steinane. Kroppen hennar sklei nærmare og nærmare vatne. Eg sklei med ho, eg kunne så vidt kjenne det kalde vatnet bite i huda mi så lamma av frykt var eg. Gledestårene var no blitt til strie strøymer av desperasjon som rant nedover fjeset mitt. Eg klamra meg fast i ho, om eg ikkje fekk ho opp ville eg bli med henne, beina mine sprella  i vatnet, men eg såg at det ikkje var noko meir eg kunne gjer.

 

Eg såg hjelpelaus på at ho sank lengre og lengre ned mot botnen, det vakre ansiktet hennar bleikt og livlaust idet ho trefte botnen og eg endeleg sleppte ut skriket inni meg. Eg hylte og dukka under for å prøve å dra henne opp at men kvar gong sklei ho ut av hendene mine, eg ville ikkje gi opp. Eg helt på til eg ikkje kunne puste lenger, saltet svidde i auga mine og blenda meg, og eg hosta opp sjøvatn. Desperat hekta eg meg til ei av bærebjelkane og let ut enda eit skrik. Eg hang der og såg ned på henne i vatnet. Ho låg på bunden omringa av sjøgras og fisk som vert tiltrekte av blodet som fortsett strøymde frå hovudet hennar. Eg veit ikkje kor lenge eg hang der. En time, kanskje ein dag, eg huskar berre at den lame følelsen forsvann og blei erstatta med den bitande kulden av havet. Eg huskar eg gråt. Eg gråt til eg var tom for tårer og enda så gråt eg.

 

Når eg går igjennom det i ettertid deler eg det opp i deler for å sleppe at heile hendinga skal ta over. Ho sklei, ho slo hovudet, ho sank og alt medan eg stod og såg på.




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish