Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
Kattar er fascinerandeSkriv ut Utskrift
Sveinns møte med diverse typer av disse vanligvis vakre, elegante dyra
Nynorsk - EssayForfatter: Anonym



Det er først nå i det siste at eg har begynt å like kattar. Det er nemleg ein katt som eg ser mange ganger eg går heim frå skulen. Han er fullstendig svart, bortsett frå ein liten kvit flekk midt under hovudet, på halsen. Det virkar som om det er ein høg, mørk engelskmann i glatt og mjuk smoking som kjem bort til meg i eit mørkt smug og seier: "Mitt namn er Strofe. Katt A. Strofe. I work for the British Intelligence.” Så dreg han opp knivane som han har gøymd i handflatene sine, og fektar litt med dei for å vise kven som er sjefen. Men, så kjem det nokon personar i enda av gata. Han smyg elegant tilbake i skuggen, kor han er usynleg, og ventar til vi er åleine før han kjem fram igjen.

Kattar er også ekstremt uthaldande dyr. Berre sjå på stuekatten (kattanes versjon av stuegrisar). Dei blir overfora på Whiskas kattemat og ser ut som om dei er reserver for fotballar i rugbyligaen. Desse kattane er som regel stengd inne i ein einetasjes leilegheit heile dagen, og eigarane deira slepp dei sjeldan ut (sjølv om dei prøvar). I tillegg til desse såkalla "kjærleikshandlingane", må stuekattane gå gjennom uuthaldelege mengder med kos, nuss, stryk, klapp, og klem. Dette blir ofte akkompagnert av utsagn som: Hei, lille snuskemuskebassen til mamma/pappa! Har du ikkje vore ute på byen i kveld heller? Kom, så skal du få litt mumsemat for Mons." eller liknande.


Så er dei vakre. Og glamorøse. Vakre fordi kvar enkelt katt er forskjellig frå alle andre kattar, men samtidig har dei same fellestrekka: Dei måneskinnsfarga auga, som er så djupe at dei slukar eit kvart inntrykk som treff dei, ja, kvar einaste detalj legg dei merke til. Beina og halen rører seg glidande som fingre over pianotangentar, som eit velolja høgteknologisk maskineri. Så smidige kroppar som kan glide gjenom gjerdestolpar og basehoppe frå kjøleskapet, utan ein skramme. Og så pelsen da. Den fløyelsmjuke kremen som katta er dekorert med. Så mjuk at den kjennast som varm dun frå andeungar (Slapp av, folkens, det er ikkje restar etter Pusur si siste tokt i parken. Han har ikkje sans for mote.).

Glamour er ein essensiell del av katten sitt liv. Du trur vel ikkje at den dreg ut om natta for å leke med garnnøste? Å nei då. Den dreg ut på byen for å møte andre kattar og drepe forsvarsløyse fuglar store delar av livet sitt. Aktivitetane kattane imellom består av: Å møte jenter/gutar og sjekke ut "parfymeringa" deira. Å gå på stemnemøte (avtalt på førehand). Hannkattar møter andre likesinna hannkattar og "diskuterer" aktuelle temaer (aktuelle temaer: Jenter).

Eg førestiller meg ofte korleis eg ville ha det om eg var katt: Eg ville vært ein gulstripa katt, storleik middels. Eigarane mine er romkameratar, to mannlege studentar. Eg er mykje rundt og trenar, og har ein tre-fire kjærastar (så klart).
Dette var vel min oppfatning av ein av dei vakre skapningane som er omkring oss heile tida, og som kanskje fortener ein del oppmerksamheit.




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish