Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
"Lykke" av Inger HagerupSkriv ut Utskrift
Kommentar fra lærer: "Veldig godt innhold, men mange skrivefeil"
Nynorsk - Analyse/tolkningForfatter:
Denne oppgaven inneholder bilder.
Logg inn via Facebook for å se dem.


Diktet Lykke handlar om ein spesiell type lykke ein finner i barndommen eller som ung. Ein kan finne lykke i den minste ting som for eksempel i å ”gå på en gressgrodd setervei/ i tynne, tynne sommerklær.” Ein visste kanskje ikkje i det augeblikket at ein var lykkeleg, men Inger Hagerup tar lesaren tilbake til dei forhåpentlegvis positive minna frå barndommen.

 

Diktet Lykke er skrivi av Inger Hagerup og blei utgitt i tekstsamlinga Videre. Inger Hagerup (1905-1985) er mest kjent som lyrikar og har gitt ut skodespel, høyrespill og fleire diktsamlingar, men fekk sitt gjennombrot med nettopp tekstsamlinga Videre. Denne samlinga hadde ein ny kvinneleg dristigheit og myndigheit da den blei gitt ut i 1945. Kritikarane framheld ho som ein erotisk psykolog og eit talerøyr for si eiga generasjon.

 

Ein får inntrykket av at ”stemmen” i diktet er Inger Hagerup. Det er Inger Hagerup som forteljar om denne typen lykke og i kva slags former den kan oppstå i. Ho får lesaren til å tenkje tilbake på kva lykke var for han eller ho før i tida. Kanskje ein ikkje var klar over at ein var lykkeleg i akkurat dette augeblikket, men det vil ein sjå seinare i livet. På bakgrunn av dette kan ein forstå at diktet er episk. Inger Hagerup forteljar om ein spesiell type lykke ein kanskje har mista da ein blei eldre.

 

Diktet følgjar eit mønster med sju verselinjer i ei strofe. Dette mønsteret blir brotn i siste strofe som inneheld ei verselinje. På denne måten kan ein kalle diktet eit strofisk dikt, men den siste verselinja forandrar dette til eit avsnittsdikt.

 

Diktet Lykke inneheld ikkje eit fast rimmønster, men det dukkar likevel opp rim enkelte stader i diktet. Det første rimet kjem i den andre strofa, i andre og tredje verselinje: ”som kjærtegn over munn og kinn/og tenke litt på vær og vind. ” Neste eksempel på rytme er i sjette og sjuande verselinje, i den andre strofa saman med verselinja i den tredje strofa: ”og kanskje ja – og kanskje nei – /han elsker – elsker ikke meg./Men ennå ikke kjenne deg.

 

Inger Hagerup bruker linjedelinga som eit verkemiddel for å skape ein pause ved dei ønskjande stadane. Dette skaper ein spenning og forventning til kva som kjem på neste verselinje. Forfattaren brukar korte ufullstendige setningar som gjer diktet både kort og presist. Hagerup bruker ein teiknsetting som skaper ekstra pausar i tillegg til linjedelinga. Dette får lesaren til å ta ein pause der Hagerup ønskjer. Dette skaper ein form for takt og tempo i diktet, men tvinger ikkje diktet inn i eit fast tempo.

 

Diktet startar med eit retorisk spørsmål: ”Hva lykke er?” Inger Hagerup stiller lesaren eit spørsmål han eller ho ikkje skal svare på. Dette spørsmålet skal berre få tankegangen i gong ettersom lykke er veldig forskjellig frå ein person til ein annan. Etter dette beskriv Inger Hagerup sitt bilete av kva lykke er og skaper ein stemning mange kjenner igjen som lykke. Ho beskriv ein lykke man opplevde som barn. Ein lykke man hadde når ein gikk i sommar klær og plukket prestekragar. Hagerup brukar eit biletlig språk slik at lesaren kan setje seg inn i stemninga. Ho brukar også metaforar som eit språkleg verkemiddel. Eit eksempel på dette er: ”Å få en florlett spindelvev/som kjærtegn over munn og kinn.” Ho brukar denne metaforen for å forklare

 

<bilde>

Logg inn for å se bildet
På slutten av den andre strofen har ho skrivi: ”Be prestekravene om råd/og kanskje ja – og kanskje nei –/han elsker – elsker ikke meg.” Dette er ein av dei tinga som peilar lesaren inn på kva slags lykke Inger Hagerup snakkar om. Man spør ikkje som voksen prestekragane om råd når det kjem til kjærleik. Dette er noko mange gjorde som barn, men legger frå seg når ein voksar opp. Siste verselinje går som følgjar: ”Men enda ikke kjenne deg.” Her er enda eit teikn på at ho forklarer om lykke som barn. Ein har enda ikkje møt sin sanne kjærleik, men har allereie begynt søken og ventar på at livet skal starte for fullt.

 

Diktet Lykke er sentrallyrisk. Lykke forteljar indirekte om det å vere eit menneskje og beskriv ein del av livet. Hagerup skriv om usikkerheita ved ein eventuelt forelsking. Likar han deg? Eller likar han deg ikkje? Dette er ein del av livet som alle går gjennom på eit eller anna tidspunkt. Det er ikkje meininga å tolke diktet bokstaveleg. Forfattaren beskriv bare ein stemning på eit tidspunkt i livet som dei fleste oppfattar som lykke. Diktet beskriv menneskes møte med dei små tinga i naturen ein tilfeldig sommar i fortida når ein har all tida i verden og tar kvar dag som den kjem.

 

Diktet beveger seg i to forskjellige retningar: fortida og framtida. Diktet framkallar kjenslene ein hadde når ein var ung om å ha heile livet før seg. Ein trengte ikkje å bekymre seg for viktige møter eller prøver, men ein gleda seg til kva framtida hadde å bringe. Dagens høgdepunkt var barnetv, mens ein nesten ikkje kunne vente til laurdag og laurdagsgodtet. I dette ligger ein spesiell type lykke som ein ofte mistar når ein vekser opp. Som ung har ein all tid i verden og ein tar kvar dag som den kjem. Det einaste som er heilt sikkert er at ein skal dø. Dette kan skje i morgon eller om 50 år, men likevel gler ein seg til kva framtida har å by på. I denne måten å være uvitande på ligg denne spesielle forma for lykke.

 

Eg opplever diktet Lykke som ein definisjon på kva lykke er i barndommen. Kanskje ein ikkje var klar over det på den tida, men diktet bringar deg tilbake til ein tid utan like mykje ansvar. Tilbake til ein tida kor dagens mål var å rekke barnetv og vekas høgdepunkt var laurdagsgodt. Diktet vekkar gode minner for mange. Fleire kan nok kjenne seg igjen i kjenslene om å ha heile livet før seg. Ein hadde kanskje ikkje opplevd kjærleik og ein har kanskje begynt å sjå etter den eine. På dette grunnlaget opplevde eg dette som eit godt dikt. Diktet trefte meg som lesar og vekte fleire positive minnar frå barndommen.

 

Kjelder:

- http://no.wikipedia.org/wiki/Inger_Hagerup

- http://www.snl.no/.nbl_biografi/Inger_Hagerup/utdypning




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish