Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave


propaganda.net : Skole & Jobb
"Kven sin kropp er dette?" av Rønnaug KleivaSkriv ut Utskrift

Analyse av "Kven sin kropp er dette?".

Karakter: 4

Nynorsk - Analyse/tolkningForfatter:

Novella ”Kven sin kropp er dette” er skreven av Rønnaug Kleiva. Novella blei utgitt i 1994, i boka ”Caps og andre noveller for ungdom”. Novella tar opp det viktige temaet abort og handlar om ei ung jente som står ovenfor eit val som kan forandre livet hennar for alltid.

 

Novella startar med ”in medias res” og får dermed ei brå byrjing. ”Eg frys på hendene,” skriver Kleiva. Dette er eit tydeleg hint om at hovudpersonen og forteljaren er nervøs, og innleiinga kan dermed bindast til slutten kor ho er aleine på sjukehuset. Me får inntrykket av at dottera er nervøs når mora seier ”Du skal ikkje vere redd”. Deretter seier hovudpersonen: ”Dette er min kropp, og det er eg som bestemmer over den.” Dette er eit hint om at ho til slutt tar ansvar, tar sine eigne val og bestemmer over sin eigen kropp. Dette gir lesaren inntrykket av at dottera vil behalde barnet.

 

”Mine hender på mine bryst,” skriver Kleiva som første setning i innleiinga. Her får me vite at kroppen er i forandring, og dermed får me enda eit frampek om at ho kjem til å behalde barnet. Alle desse hinta tyder på at byrjinga er i ”in medias res” ettersom dottera ikkje hadde noko val i det første avsnittet. Dette er noko som gjer at novella blir betydeligare kortare og spenninga aukar. Dei få setningane i innleiinga gir lesaren gode hint om kva novella skal handle om, sjølv om Kleiva ikkje gir oss nokon direkte informasjon.

 

Forteljinga skjer ikkje i kronologisk rekkefølgje ettersom ho startar i ”in medias res”. Forteljinga inneheld mange frampeik, som for eksempel at ho åt marsipan før middag sjølv om ho ikkje har lov til det.

 

Novella følgjer den klassiske spenningskurva for noveller. Ho byrjar med ”in medias res”, noko som er vanleg for noveller. Dette gjer at byrjinga blir meir spennande enn ho ville blitt med ei presenterande byrjing. Novella held deretter ei jamn auking i spenningskurva og fortset å stige heilt til den opne slutten. Dette gjer ho utan å falle noko særlig i spenning. Dette meiner eg er eit resultat på at teksten er såpass kort. Vendepunktet kjem når mora køyrer dottera til sjukehuset og seier: ”Du skal ikkje vere redd”. Det er da dottera er nøydd til å ta den endelege avslutninga som kjem til å forandre livet hennar for alltid. Ho har ikkje meir tid til å tenkje. Høgdepunktet derimot er da dottera går ut av bilen og skal gå inn på sjukehuset. Dette er siste setninga i novella. Me får ikkje vite kva meir som skjer. Dette er gjer at slutten blir open, noko som er eit vanleg verkemiddel i ei novelle. Ein open slutt gjer at lesaren må lese mellom linjene, analysere novella og alle frampeika for å verkeleg forstå kva som skjer etter den opne slutten.

 

Novella inneheld ein blanding mellom scenisk framstilling og skildring, men du finner hovudsaklig scenisk framstilling i denne teksten. Forteljaren forteljar kva som skjer i staden for å beskrive og kommentere handlinga. Sjølv om den sceniske framstillingen er dominerande i denne novella er det mykje skildring, for eksempel: ”Det varme vatnet glir nedetter ansiktet, også under auga.”

 

Novella har ein førstepersonsforteljar og ein fast, personleg synsvinkel. Med dette meinest det at synsvinkelen ligger hos ein fast person som i denne novella er dottera. Denne synsvinkelen gjer at me får eit betre forhold til hovudpersonen og innsiktene i tankane hennar gjer novella meir spennande. Det blir lettare å oppfatte kva dottera tenkjer om familien og mor si, men også korleis forholdet er mellom dei. Me får vite korleis ho tenkjer og at ho eigentlig ikkje har tatt eit val enda. Sjølv om det er det mora trur. Ho vil eigentlig berre bestemme over seg sjølv og ikkje alltid gjere det mora seier ho skal gjere. Dette er noko anna som kjem fram ved at dottera åt marsipan før middag.

 

Det er ein hovudperson i handlinga. Dette er heilt klart dottera. Det er henne handlinga er basert på, det er ho som er fortel og handlinga blir fortalt frå hennar synsvinkel. Mora er delaktig i handlinga og samtidig ein viktig birolle. Faren derimot blir bare nemnd i to setningar. Det er derfor tydeleg at han ikkje er ein viktig person i livet til dottera. Han er også ein statisk person og er uendra i løpet av novella.

 

Hovudpersonen har fått ei indirekte personskildring. Ho er ein samansett, dynamisk person som forandrar seg i løpet av novella. I tillegg gir ho oss eit inntrykk av at ho plutselig kan gjere noko uventa. Dette gjer ho ikkje i løpet av novella, men før eller siden vil ho gjere seg fri frå mora si. Dottera verkar samtidig einsam og aleine, som ”in medias res,” byrjinga viser er ho usikker og nervøs. Noko som er forståelig i hennar situasjon.

 

Gjennom heile novella har me eit inntrykk av at dottera er undertrykt av mora. Dette kjem tydelig fram da dottera forteljar oss: ” Eg gjer som ho seier. Eg plar gjere det”. Dottera tør tydeligvis ikkje å stå imot mora. For hennar er det mykje lettare å berre gjere som ho seier. Vanndampen på badet kan knytas til moren, moren som gjer henne ør så ho ikkje orkar meir. Men da ho opnar døra for å sleppe vanndampen ut, gir ho mora ein sjanse til. Ho opnar døra for å sleppe mora inn, men tar mora sjansen og går inn døra? Det får me ikkje vite.

 

I løpet av novella forandrar dottera seg og blir meir sjølvstendig. Ho har tankar om å behalde barnet, sjølv om mora nærmast har forbydt henne det. ”Dette er min kropp, og det er eg som bestemmer over den,” seier dottera. Men da ho opnar døra for å sleppe vanndampen ut, gir ho mora ein sjanse til. Ho opnar døra for å sleppe mora inn, men tar mora sjansen og går inn døra? Men da ho opnar døra for å sleppe vanndampen ut, gir ho mora ein sjanse til. Ho opnar døra for å sleppe mora inn, men tar mora sjansen og går inn døra? Dette peilar oss nok ein gong innpå det faktum at ho behelder barnet.

 

Mora er ein dynamisk person. Ho forandrar seg i løpet av novella på den måten at i byrjinga var ho skråsikker på at dottera skulle ta abort, men i løpet av teksten får me vite at hun stadig seier til dottera at ho er det beste som har skjedd i livet hennar. Så det verkar som om ho kjem til å godta eit eventuelt svangerskap, men ho pressar abort på dottera fordi ho vil det beste for henne. Det virke ikkje som om ho angrar på dei avbrotne svangerskapa ho har hatt og meiner nok difor at abort vil vere det beste alternativet for dottera. Så det verkar som om ho kjem til å godta eit eventuelt svangerskap, men ho pressar abort på dottera fordi ho vil det beste for henne. Så det verkar som om ho kjem til å godta eit eventuelt svangerskap, men ho pressar abort på dottera fordi ho vil det beste for henne. Men i staden for å ha ein open dialog om det har mora berre sagt at dottera er for ung og på den måten nærmast forbydt dottera i å behalde barnet.

 

Familien blir skildra som ein rolig familie i novella. Steminga er dyster, og ein får eit inntrykk av at følingane er undertrykte. Dei kan ikkje seie akkurat det dei føler, dette er nok fordi dei ikkje er vande til å snakke om følingane. Dottera seier sjølv:” Mor mi snakkar, eg høyrer på og far min er stille.” Dette får ein til å tru at både faren og dottera er undertrykt. Faren er ikkje mykje heime, og dette kan vere fordi han vil sleppe unna mora. Mest sannsynleg har han ein affære, men denne påstanden blir ikkje bekrefta i novella.

 

”Ho klager over ryggen sin og vennene sine og arbeidskameratane, men ho seier ho er nøgd med livet sitt og dei vala ho har tatt”. Når ein leser dette, får ein eit inntrykk av at det ikkje er nokon som er lykkelige i denne familien. Faren vil ikkje vere ein del av familien, dottera er så undertrykt at ho ikkje kan fortelje mora om dei ekte lystingane sine, og mora prøver å overbevise seg sjølv om at hun liker livet sitt.

 

Kleiva bruker flittig fortetta språk. Setningane er korte, noko som gjer at meir blir sagt med få ord: ” Neste morgon køyrer ho meg til sjukehuset. Bilen er stor og stødig og dyr. Med fast hand køyrer ho.” Kleiva benyttar seg også flittig av frampeik. Frampeika peilar lesaren inn på kva for val dottera endelig tar. Korleis ein vil tolka dei, er heilt opp til ein sjølv.

 

Tidleg i novella skriver Kleiva: ”Eg sit framfor spegelen, og når dogga forsvinn frå spegelflata, ser eg meg sjølv i den. Auga er usminka.” Her ser dottera seg for den persona ho eigentleg er. Det at augane er usminka, symboliserer at sjela er utildekka. Ho kan sjå rett inn i seg sjølv. Den dystre stemninga fortel oss at ho ikkje er fornøgd med den ho er. Ho vil gjere noko med det. Men kva?

 

”Eg tek meg litt marsipan frå kjøkenskapet, enda det er rett før middag og eg har blitt lært kva som er rett og gale her i verda.” Her gjer dottera noko ho ikkje har lov til. Ho plar å gjere som mora seier, men nå åt ho marsipan før middag sjølv om ho ikkje får lov til det. Dette frampeiket peilar oss inn på at dottera frigjør seg frå mora. Ho tek sine egne val sjølv om det kanskje ikkje er det beste for henne.

 

Seinare i novella, på veg til sjukehuset, fortel dottera at bilen er stødig og dyr. Mora snakkar om at ”Alt har sin pris.” Her får me vete at bilen er dyr. Noko som kan symbolisere at mora bryr seg veldig mykje om det ytre. Vidare seier mora: ”Den var spinndyr, men så er ein jo sikrare om noko skulle skje.” Så viss dottera fikk eit barn, vil dei ha ein stødig og sikker bil å ha barnet i, noko som vil vere nyttig i tilfelle eit svangerskap. Dermed kan dette forståast som at mora seier til dottera at viss ho beheld barnet, vil mora godta det, men ho vil framleis at ho skal ta abort. Men i tilfelle noko skulle skje, var det best å vere på den sikra sida.

 

Sjølv trur ikkje eg at dottera tar abort. Ho kjem til å ta sitt eiget val sjølv om ho er redd for kva mora kjem til å gjera. Det er mange frampeik som tyder på både abort og at ho skal behalde barnet. Det er difor eg trur at det tok mykje mot og styrke til å behalde barnet. Men nå treng ikkje dottera å vere aleine meir. Ho vil få eit barn som er ekte og ikkje bryr seg om fasaden. Difor trur eg ho vil bli mykje lykkeligare sjølv om det samtidig vil bli tøffare. Eg trur ikkje mora vil kaste ho ut, men ho vil framleis ikkje forstå og bli veldig skuffa. Tida legar alle sår og ho vil etter kvart godta dotteras val. Faren vil nok ikkje vere ein del av familien mykje lenger og vil mest sannsynleg flytta frå mora og dottera. Mora vil nok late som om det ikkje gjer noko, mens eigentlig vil ho føle at fasaden og rykta deira er øydelagt, særleg viss et eventuelt utruskap kjem ut. Framtida ser ikkje særlig lys ut for dottera, men ho vil komme igjennom det.


Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish