Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
Ingeborg Refling Hagen, andre deloppgaveSkriv ut Utskrift
Dette er andre deloppgave i særemnet mitt om Ingeborg Refling Hagen.
Nynorsk - SæremneForfatter:



... som vene blomar

 

I løpet av denne perioden har eg lesi ut erindringsboka Løftet må holdes i tillegg til fleire dikt av Ingeborg Refling Hagen. Eigentleg har eg ikkje vori spesielt effektiv, mykje på grunn av problem med å fastsetje ei problemstilling. Dette er noko eg har tenkt mykje på, og no har eg bestemt meg for å lese boka Hannas hus, som er skrivi av Karin Sveen, og handlar om nettopp Ingeborg Refling Hagen og Suttungbevegelsen hennar. Eg trur dette er noko eg kan problematisere i fordjupingsoppgava mi, sidan eg allereie har lesi historia til Ingeborg, og har eit inntrykk av ho og arbete hennar. Samtidig veit eg at boka eg skal lese er kritisk mot Ingeborg og var kjelde til mykje debatt då den vart utgitt.

 

I den andre av dei tre erindringsbøkene til Ingeborg fortel ho om 2. verdskrig, og korleis ho overlevde han mens ho kjempa mot nazismen. Ingeborg var nemlig aktiv i motstandsrørsla, og leda ei stund den største illegale avisa i Noreg, ”Jøssingposten”. Men flesteparten av okkupasjonsåra tilbragte Ingeborg som fange på Grini og på sjukeleie på Ullevål sjukehus.

 

Allereide lenge før verdskrigen hadde Ingeborg satt i gang den kulturelle opprustninga. Ho hadde for fleire år sidan grunnlagt ”Suttungbevegelsen”. Rørsla hadde fått namn etter ei norrøn myte om mjøden ”suttung” som virka sånn at ein kvar som drakk av han vart enten vis eller skald. I metaforen til Ingeborg er den store litteraturen kjelden til visdom.

 

Ho var begeistra for Wergeland og engasjementet hans for å fjerne jødeparagrafen frå grunnlova. Ho var også redd for gryande nazisme og fascisme ute i Europa. Derfor hadde ho gjennom arbetet sitt markert seg såpass i mellomkrigstida at ho var på tyskeranes dødsliste alt før okkupasjonen. Heldigvis ville dei ikkje arrestere ho før ho hade gjere noko beviseleg gale, og ho kunne halde fram med motstandskampen ei stund til. I 1941 vart ho likevel arrestert. Ho vart utsatt for grusamme forhør med tortur som eit flittig brukt verkemiddel.

 

Meininga var at ho skulle bli sendt sporenstreks til Tyskland. Det var her Ingeborg hadde visdom som skulle komme til å redde livet hennar. Ho visste at tyskerane verken ville skyte nokon som ikkje kunne stå på oppreist eller frakte ein smittefarleg person til Tyskland. Derfor smitta ho seg sjølv med sjukdommen difteritt samtidlig som ho nesten slutta å ete. På den måten vart ho så sjuk at ho vart sendt til Ullevål sjukehus, hvor legane med naud og neppe klarte å halde liv i ho. Imens ho låg og kjempa for livet, ga ho seg sjølv eit løfte. Viss ho overlevde, skulle ho bruke all si tid på å gjere Noreg motstandsdyktig og fritt, ved å la barn og ungdom drikke av ”suttungs mjød”. Ho skulle ikkje bruke så mykje som fem minutt på annet enn dette arbetet. Samtidig som ho lova seg sjølv dette, støtta ho seg på stor littaraur, og repeterte for seg sjølv dikt av Ibsen, Homer og Wergeland. I etterkant seier ho at dette var gnister i mørket for ho, og det som heldt ho i live.

 

På sjukehuset skulle ho komme til å vere i heile tre år. Mens ho lå her, underviste ho sjukepleiarane i verdslitteratur, sjølvsagt med vekt på Wergeland og Kinck. Ho ville vise dei kva for eit land Noreg var før krigen, og kva for eit land dei ei gong skulle få tilbake, om dei kjempa.

 

Etter kvart som Ingeborg lærte pleierane å kjenne, byrja ho å skrive. Ho skreiv lange avhandlingar om verdslitteraturen, om Dante, Ibsen, Wergeland og Kinck. Dette vart i neste rekke smugla ut av pleierane ─ mens dei tyske vaktene som alltid sto utafor døra hennar var sikre på at ho var sinnsjuk og døden nær (døden nær var ho også mange gonger, men meir ”sinnsfrisk” person måtte ein leite lenge etter!).

 

Til slutt var Gestapo så sikre på at Ingeborg snart skulle dø likevel at dei sendte ho heim til Tangen. Dette var på vinteren 1944, og Ingeborg var så avkrefta at ho knapt kunne stå, og langt mindre gå. I løpet av den siste vinteren i grepet til krigen trena ho seg opp i all løyndom, og då freden endeleg kom i mai 1945, kunne ho såvidt gå, med støtte frå ein skistav.

 

Heile Noreg var i ein segersrus. Vi var fri’ og vi var gla’. Men Ingeborg såg noke som ikkje alle andre såg. Krigen hadde ein ettersmak. Meget vi hadde bygd opp, var revet ned. Meget vi hadde vunnet, var tapt. Eller ble sluppet ut av hendene på menneskene i årene etter frigjøringen, som om hendene var blitt for valne til å holde verdier fast. (Løftet må holdes, side 9).

 

Ingeborg via resten av livet sitt til å halde løftet ho ein gong i fangenskap ga seg sjølv. Ho åpna huset sitt for alle som ville inn, ho lot studentar bo hos seg og leste verdslitteratur med dei, ho arrangerte skodespel og årlege blomstertog til ære for Henrik Wergeland, og ho lot barn heilt ned i fireårsalderen lære lange dikt utenat. Etter kvart som barna vart eldre, kunne dei lære vanskelegare dikt. Likevel var ikkje noke av litteraturen barna og ungdommane skulle lære seg for enkelt for dei. Ingeborg meinte at erkjennelsen ville gro opp av sinnet, om man først sådde frøet. Derfor gjorde det ingenting om ikkje alt vart forstått så snart det vart pugga ─ snart skulle erkjennelsen gro opp, som vene blomar.

 

Se også:

Første deloppgave: http://www.daria.no/skole/?tekst=11822

Tredje deloppgave: http://www.daria.no/skole/?tekst=11824




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish