Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave


propaganda.net : Skole & Jobb
Lars Saabye ChristensenSkriv ut Utskrift
Om forfatteren Lars Saabye Christensen og boken 'Gutten som ville være en av gutta'
Nynorsk - SæroppgaveForfatter:

Innhalds liste:

- Føreord/problemstilling
- Biografi
- Analyse av "Gutten som ville være en av gutta"
- Samanføying/ skrivestil og språk
- Samanføying/ hovudpersonar
- Samanføying/ miljø og tid
- Samanføying/ konklusjon
- Litteratur /kjelder

Lars Saabye Christensen.

Føreord


Då valet om kva emne eg skulle velja til særoppgåva, stod det ikkje mellom så mange alternativ. Valet fall på Lars Saabye Christensen, forfattar med stor suksess på 80- og 90-talet og haugar med gode omtalar i bagasjen. Eg likte den særeigne skrivemåten - ordvalet, setningane og skildringane. Sitatet "Livet er tiden det tar å dø" er ei linje av Lars Saabye Christensen som han tykkjer er høveleg for kva livet faktisk går ut på. Han var svært godt nøgd med denne setninga, og etter å ha brukt ho ein gong, gjentok han ho i ei anna bok. Mange har påpeikt at dette er eit svært pessimistisk livssyn, medan forfattaren sjølv tilbakeviser dette med å seie at det er ei realistisk utsegn og ikkje treng å vere negativt ladd. I høve oppgåva tykte eg dette var ein passande tittel, som reflekterer både forfattaren og livsfilosofien i mange av bøkene hans.
Under arbeidet med særoppgåva har eg arbeidd med boka Gutten som ville være en av gutta. Eg har nytta forfattarhefte som eg fekk låna på biblioteket som hovudverktøy for informasjon. Eg fann artiklar, intervju, portrett og bokmeldingar som har vore med på å gje eit dekkjande bilete av forfattaren og arbeidet hans.

Problemstilling
For arbeidet med litteraturen sette eg fram følgjande problemstilling:
Kva likskapar finn eg i bøkene og Gutten som ville være en av gutta av forfattaren Lars Saabye Christensen som vedkjem hovudpersonar, skrivemåte, språk, miljø og tid.
For å komme så nær svaret som mogeleg har eg har eg teke med analyseringar av problemstillingar i teksten hans.

Biografi
Lars Saabye Christensen vart fødd i 1953 i Oslo, og oppvaksen i same by. Etter 15 år i "eksil" på Sortland i Vesterålen har han no flytta tilbake til byen der han har henta miljøet til mange av sine romanar og noveller. Der trødde han sine barneskor og arbeidde mellom anna to år som blomsterbud. Slik knytte han til seg detaljkunnskap om oppvekstmiljøet sitt på Frogner. Oppveksten var som for dei fleste jamaldringane hans; han spelte fotball og gjorde rampestrekar med venene. Mora var heimeverande, og dei fekk eit nært forhold, slik vi ser det igjen i romanane hans. Etter eige utsegn var dette eit miljø som liknar det han skildrar i bøkene sine. Musikken meinte og mykje, men han innsåg raskt at han ikkje ville oppnå nokon posisjon med sine musikalske ferdigheiter, og heller ikkje på fotballbana såg han ei lysande framtid.

På denne tida blomstra interessa for lyrikk opp. Han begynte å skrive som 13-åring, og fekk sine første dikt på trykk i skuleavisa. Seinare vart han ein del av det lyriske undergrunnsmiljøet i Oslo, der likesinna skreiv dikt og gav dei ut på sjølvfinansierte forlag. Inspirasjonen kom frå eit ønske om å skrive meir folkeleg, friskare og alternativt enn kva som var vanleg på denne tida. Av førebilete trekk han fram Jan Erik Vold og Georg Johannesen. Samstundes studerte han ved Universitetet i Oslo, som han forlet med grunnfaga norsk og idéhistorie, saman med mellomfag i kunsthistorie og litteraturvitskap. Statens Lånekasse finansierte såleis dei første utgjevingane hans.
Debuten på eit stort forlag kom i 1976 med Historien om Gly, ei todelt utgjeving av korte tekstar og dikt som gjenspeglar hovudpersonen Gly sitt liv. For dette fekk han Vesaas-prisen som beste debutant. Merksemda rundt han skaut i vêret, og lesarkrinsen vart mangedobla. Lars Saabye Christensen har vist at han meistrar dei tre hovudsjangrane roman, novelle og lyrikk til det nærmast fullkomne, men har gjennom si fartstid som forfattar og vore innom fleire sjangrar. Mellom anna har han filmmanus til filmatisering av eigne bøker, tekstar til musikk, skodespel, høyrespel, antologiar og ei barnebok å legge til si lange liste over produksjonar.

Analyse av Gutten som ville være en av gutta
I 1992 kom "Gutten som ville bli en av gutta" - romanen om Otto Olsen som var 20 centimenter for kort til å komme med på fotballaget - ut. Hovudpersonen Otto er som dei fleste andre av hans hovudpersonar, og kanskje ein av dei mest typiske av dei alle. Han er i tenåra, oppheld seg utanfor hovudstraumen i samfunnet, og taklar ikkje alle dei innspela livet kjem med til han. Han har ei utruleg evne til å opptre klossete i dei mest utidige situasjonar. Samstundes er Otto ein følsam fyr, har stor omsorg for foreldra og er ikkje minst plaga av eit bankande samvit. Dette samvitet oppfattar han som tikkande klokker inni seg. Nokre gonger tikkar dei lett som stoppeklokker, medan andre gonger svinger pendlane på store bestefarsklokker inne i Otto.
Handlinga er som i mange andre av Saabye Christensen sine stykke lagt til Oslo på 70-talet, der Frigg og Lyn var rivaliserande lag i hovudserien for fotball. Otto får vere ballgutt på Bislett under ei kamp mellom desse laga - eit av hans store høgdepunkt i ein kvardag vanlegvis fattig på høgdepunkt. Uheldigvis for Otto vert ikkje dagen akkurat slik han hadde tenkt. I det han skal hente ein ball ved tribuna, ryker strikken i buksa slik at Otto mister ho, rett foran Store Stå. Raud av skam forlatar han Bislett ved pause, og fyller nok eit kriterium for å vere hovudperson i ei Saabye Christensen-bok.
Temaet vert klart lagt fram i boka, allereie i tittelen. Otto vil så gjerne verte ein av gutta - spele på Frigg, reise bort om sommaren og vere med jenter. Dette viser seg ikkje som noko lett oppgåve. Otto er ein einstøing, ikkje akkurat fordi dei andre ikkje tek han med i fellesskapet, men fordi det ligg i naturen hans. Her ligg litt av dilemmaet i historia - Otto vil "inn", men er samstundes klar over, på eit vis, at han aldri verkeleg vil oppnå dette. Han likar å vere for seg sjølv og tenke, og syklar ofte omvegar - for det er der ting skjer, i følgje Otto.

Otto sitt første møte med jenter kjem fram i boka, der det vert antyda at han er aldri så lite forelska i Ane. Ho er den rake motsetninga av Otto - rik, sikker på seg sjølv og ein del av eit miljø. Ho inviterer Otto til eit selskap på fødselsdagen hennes, men allereie utanfor innser han at han ikkje høyrer til. Under festen leikar dei "Halen på eselet", og Otto er nok ein gong uheldig på feil stad til feil tid. Med bind for augene famlar Otto seg framover, og endar med å øydelegge eit verdifullt maleri.
Motivet er henta frå ein del av livet som svært mange kjenner til - fotballen. Det er for fleire ein evig kamp om å komme med på laget, om det å vere god nok og å verte godtatt av dei kanskje betre lagkameratane. Dette er og ein del av Otto sin kvardag. Han er ikkje god nok til å komme med på laget, ikkje eingong som reserve. Engasjementet skortar det likevel ikkje på, og han tek att dei manglande evnene med glødande iver. Otto møter trufast opp til kampar, og får mora til å vaske draktene. Slik får han i det minste kjensla av å vere med på eit lag, trass i at han ikkje sjølv får spele.
Lesaren har full tilgang på Otto sine tankar, som det er rikhaldig av. Tankane svirrar rundt fotball, mora, faren sitt farlege yrke, naboane og Ane. Forfattaren har lagt vekt på å framstille tankar omkring kvardagslege ting, for å få fram einsemda og mangelen på aktivitet rundt Otto. Det er sommar og han er åleine att i byen, og difor er det lite å ta seg til.
Språket forfattaren nyttar er svært likt bokmål slik vi skriv det på skulen og les i Oslo-avisene Saabye Christensen nyttar svært nøyaktige, målande skildringar av omgivnadene rundt Otto slik han ser dei.

Samandrag

Skrivestil og språk
Saabye Christensen fann tidleg sin eigen stil, og har halde seg trufast til denne. Dette gjeld både miljø for handlinga, hovudperson og uttrykksmåte. Litteraturen hans ber inga preg av høgtidlegheit, men går vanlegvis rett på sak. Eg ser dette igjen i setningsbygginga hans, der eg hovudsakleg finn korte og konsentrerte setningar. Enkelte lange passasjar er og til stades, då i form av skildringar med effektiv bruk av komma og bindestrekar. Dette gjer forfattaren tilgjengeleg, då han er lett å lese og forstå. Saman med gjenkjenningsfaktoren gjer dette at alle kan identifisere seg med skildringane hans, og har skaffa han eit breitt publikum i alle aldrar.

Språket er prega av hans eigen oppvekst, og ligg nært talemålet han nytta sjølv på denne tida, ei lågstil Oslo vest-sosiolekt. I direkte tale ser vi at han tek dette enda lengre, med samantrekningar av ord og slanguttrykk. Språket er med på å forme karakterane i skildringa av dei, og gjev større truverde til deira oppdikta bakgrunn. Gjennom sine skjebner som einstøingar, er språket deira mindre farga av ungdommar på sin eigen alder.
Eit av forfattaren sine særpreg er hans målande skildringar. Han har openbart sans for grundige bilete av hendingar der han ofte nyttar seg av uvanlege samanlikningar og skjulte poeng. Verkemiddel som metaforar og simili vert då hyppig nytta, saman med forfattaren sine refleksjonar. Bruk av fargar kjem og inn her, som han er glad i å nytte ved formidlinga av stemningar og inntrykk. Desse skildringane går att i alle bøkene hans, som eit slags Saabye Christensen-vassmerke.
Humor og ironi går igjen i Saabye Christensen sitt forfattarskap. Persongalleria er ofte i morosame situasjonar - ofte tragikomiske -, og mest alle sidene i bøkene hans inneheld slike hendingar, morosame skildringar og uvanlege formuleringar. Humor får ein mindre plass i Gutten..., der etiske problem som vakar i samvitet er meir vektlagd, men forfattaren held likevel fast på at latter og gråt heng tett saman, og gjev tidvis skrå blikk på problema.

Hovudpersonar:

Lars Saabye Christensen kan reknast blant dei få forfattarane med ei rekke av hovudpersonar som har så mange trekk til felles som hans karakterar har. I følgje han sjølv er dei alle i slekt med kvarandre. "Kanskje er de fettere, men de vet det liksom ikke selv", uttalte han i eit intervju i 1990. Trekk som er gjennomgåande linjer hos personane er at dei er klossete og rotete, lite budde på situasjonane livet møter dei med, særskild når jenter er med i biletet. Konsekvensane av sine handlingar får og lite merksemd hos hovudpersonane. Ein kjem heller ikkje unna at dei er sympatiske figurar og at dei alltid vinn lesaren sin omtanke, kanskje på grunn av at dei er naive og godtruande og difor sjeldan er ute etter å gjere nokon vondt. Handlingane deira er ofte eit resultat av ein eksentrisk idé eller ei skrudd oppfatning av noko. Utifrå samfunnet sin målestokk kan dei reknast som mislykka tilfelle, men dei nektar å gje slepp på sine særtrekk og landar som oftast med beina på bakken til slutt, ofte med humoren som våpen.
Otto opptrer ganske fortumla, tydeleg på veg inn i tenåringane sine rekker. Han vil gjerne verte som dei andre, men integriteten hans held han frå det, enten han vil eller ikkje. Lite gjennomtenkt kastar han ein stein på dommaren under ein kamp, men berre fordi andre ba han om det. Han klarer og å ro seg ut av denne situasjonen med æra i behald.
Mange av Saabye Christensen sine produksjonar står i lyset av minnene frå ei tid som ein gong var. Forfattaren held uansett unna sentimentaliteten forbunde med tilbakeblikk ved å løfte fortida inn i notida, og såleis unngår å la denne farge skildringa ved å viske ut forskjellen mellom nå og da.

Miljø og tid

I samband med erindringa som står i fokus, vert det naturleg å legge handlinga til tidene som er forbi. I Saabye Christensen sitt tilfelle vert dette ofte 60-og 70-åra, tida då han sjølv vaks opp. Forfattaren er har vorten kalla ein moderne heimstaddiktar, og han kjenner sin heimby ut og inn, både geografisk og sosialt. Oppveksten i Oslo har vorte malen for mange oppdikta skikkelsar sine oppvekstkår. Hovudpersonane hans kjem frå Oslo 2, i området ved Frogner og Majorstua, det same vestkantmiljøet han sjølv vaks opp i. Det er og her det meste av handlinga utspelar seg.
Saabye Christensen ser faktisk Herman om ein tilnærma kopi av gutten…, på bakgrunn av miljø, tid, hendingar og hovudpersonar. Då Saabye Christensen skreiv manuset til filmen Ti kniver i hjertet fletta han og inn episodar frå Herman i tillegg til handlinga hovudsakleg henta frå Gutten som ville være en av gutta. Utover at det meste skjer i same området, er det få parallellar i oppveksten til dei to hovudpersonane. Dette kjem av at handlinga ikkje skjer akkurat på same tida, og at Herman og Otto ikkje var aktive i noko miljø med jamaldringane sine.

Konklusjon

Eg synest at det kjem fram at Lars Saabye Christensen har funne sin stil, der fleire element går opp att i alle delar frå problemstillinga. Han er allsidig og nyttar lærdomen frå dei ulike sjangrane til å skape sine særprega, unike produkt. Detta meistrar han som ingen andre, og står som den ubestridte einar av denne typen skildringar blant forfattarane i Noreg. Saabye Christensen nyttar vanlegvis den same formelen som vert nytta ved kvar utgjeving. Dette synest eg ikkje skal berre rosast, då det kan forsvarast å seie at han til tider repeterar seg sjølv ved å trakke i gamle spor.

Litteratur/kjelder

Bøker: Gutten som ville være en av gutta

Oppslagsverk:
Cappelen, 1998
Fokus, 2000
Forfattarportrett:
Lars Saabye Christensen
Forfattarportrett av Atle Næss
AL Biblioteksentralen 1997
Artiklar, bokmeldingar, intervju, portrett:
Lars Saabye Christensen - eit forfattarhefte
Verdens Gang - www.vg.no
Dagbladet - www.dagbladet.no
Aftenposten - www.aftenposten.no
Cappelen - www.cappelen.no

Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish