Smellet hos gamle fru Hansen

Dramatisk dag med både brann og eksplosjon.

Karakter: 6 (heildagsprøve, 9.trinn)

Sjanger
Novelle
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
2010.02.09

Eksplosjonen rista heile kvartalet. Ein skapning sneik seg rundt hjørnet. Han var ein ung mann kledd i svart. Andletet var skjult av ei stor hette. Mannen spratt inn i ei sidegate og forsvann.

 

I stova si sat gamle fru Hansen, vitskremd av det høge smellet. Kva var det som hende i den normalt fredelege gata? Ho sat pakka inn i eit tjukt ullpledd ho sjølv hadde laga ein gong i tida. Ho skalv, ikkje av kulde, men av redsel.

 

Plutseleg høyrde ho eit nytt smell. Fru Hansen gjekk bort til det eine vindauget. Eit auge titta ut mellom gardinene. Eit vemjeleg syn møtte ho – postkassa stod i brann, og flammene spreidde seg mot huset hennar langsmed det tørre graset. I det fekk ho auge på ein ung mann i svarte klede. Han held på med postkassa til naboen. Plutseleg sprang han vekk. Fru Hansen skreik i det postkassa eksploderte. No stod også naboen si kasse i flammer. Fru Hansen kava seg bort til telefonen. Ho slo nummeret 110 og venta.

«Du har komme til naudnummeret.», mumla ei dame i andre enden av røyret.

«Han sprengde kassa! Det brenn!»

«Kva heiter du? Kvar bor du?», mumla dama.

«Eg heiter Hansen, Inga Hansen. Eg bur i Wergelandsvegen 23. Ein mann i svarte klede sprengde postkassa mi og naboen si kasse!»

Det kom eit frykteleg smell. «Der sprengde det ei kasse til!» hutra fru Hansen inn i røyret.

«Vi kjem, vi kjem.» Dama i andre enden mumla framleis. Ho var ikkje særleg interessert. Ho var heilt klart lei av arbeidet sitt.

Fru Hansen la på røyret. «Kvifor gjer folk slik?», tenkte ho medan ho tusla mot lenestolen sin igjen.

 

Inga Hansen høyrde fleire smell føre ho endeleg høyrde sirener frå brannvesenet. Ein stor, raud bil kom køyrande oppover vegen. No kunne gamle fru Hansen kjenne det lukte brent og huset var fylt med røyk. Ho låg under ullteppet sitt, nærast kvelt av all røyken. Ein brannmann kom inn i huset hennar og lyfta ho ut. No kunne ho sjå delar av huset sitt i flammer.

«Er alt i orden med deg?», spurde brannmannen. Han var ein kjekk, ung mann med brune auge.

«Eg har det bra.» knirka fru Hansen. «Men huset mitt?!»

«Vi ordnar det. Sett deg her og kvil.»

To andre menn hadde opna ei dør i bilen og drog ein slange mot huset. Ei dame skrudde på eit hjul og vatn strøymde gjennom slangen og ut på huset.

 

Snart høyrde Inga sirener igjen. Ho undra på kven det var som kom no. Like etter kom ein svart og kvit bil til syne. Ein politibil stoppa ved sida av brannbilen og to politikonstablar kom ut. Den eine gjekk bort til fru Hansen.

«Inga Hansen, gjettar eg?», spurde han.

«Det er meg.», knirka Inga Hansen.

«Vil du bli med meg, er du snill.» Inga reiste seg og følgde etter konstabelen. Ho fekk sitje bak i politibilen saman med den eine konstabelen. Ho var ei ung dame med halvlangt, brunt hår i ein hestehale.

«Kva var det som hende?», spurde dama. Ho hadde ei mild røyst.

«Det var ein mann i svarte kleder og med ei hette på hovudet som stod ved postkassa til naboen. Plutseleg sprang han frå området og postkassa sprengde.» Inga Hansen prata sagte.

 

Plutseleg bråstoppa politibilen. Ein skapning i svarte klede sprang over vegen. «Er det han?!», spurde sjåføren.

 

«Eg trur det», knirka Inga Hansen og fall ned i setet. Dei to konstablane spratt ut av bilen og sprang etter mannen. Inga sat igjen aleine. Det var heilt stille. Etter ei lita stund hoppa den svartkledde mannen inn i bilen og tråkka på gassen. Han hadde ikkje lagt merke til Inga som låg i baksetet. Inga Hansen sin puls var høg. Aleine i ein politibil med ein farleg mann. Inga sat seg opp, tvinna ullteppet sitt og slo til mannen så hardt ho kunne. Mannen svima av og slapp gasspedalen. Bilen stansa. Like etter kom politikonstablane løpande oppover vegen.

 

«Kva hende?», spurde dama.

«Eg slo han med teppet.», fortalde Inga.

«Jøye meg. Du må ha slått hardt.», sa den andre konstabelen. Han gjekk inn i bilen og tilkalla ein annan bil. Etterpå kom ein bil til. Det kom tre politikonstablar. Dei tok med seg mannen. Inga køyrde igjen saman med konstablane.

 

Framme på politistasjonen fekk Inga varm kaffe og gjekk inn til eit avhøyr. Ho fortalde alt ho hadde sett og gjort. Mannen på tjueein år blei dømt for påsetjing av brann, for å ha brukt ulovleg sprengstoff og forsøk på å stele politiet sin bil.

 

Da Inga kom heim igjen litt seinare på dagen var brannen slokna utan nokon store skadar. Berre trappa var litt svart. Gamle fru Hansen gjekk inn og sat på kaffitraktaren. No skulle det verkeleg smake godt med kaffi og kaker.

 

«Litt av ein dag, ja», sa frøken Hansen til seg sjølv føre ho sat seg i lenestolen sin og pakka seg inn i ullteppet.

Legg inn din tekst!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp tekst