Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave


propaganda.net : Skole & Jobb
Siste sjanseSkriv ut Utskrift

Novellen handlar om å la seg undertrykkje av andre, om forelsking og om mobbing.

Skrevet i 9. klasse.

Nynorsk - NovelleForfatter:

Eg måtte ikkje tenkje for mykje over kva eg gjorde. Berre gjere det, berre seie det eg hadde å seie, og så gå. Enkelt og greitt, berre utføre oppdraget og forlate åstaden. Det kunne ikkje vere så vanskeleg, kunne det vel? Men det var nytt. Det var henne no. Det var ikkje eit tilfeldig offer som eg visste ville ta att seinare. Eg snudde meg diskret. Dei stod der enda. Med feite glis og raude kjakar, bak buskene. Drittsekkar. Kunne dei ikkje berre dra? Stikke av, og la meg sleppe dette?

 

Stian og Chris hadde berre høyrt om henne før. Det hadde vi alle. Ingen visste mykje om henne, det vi visste var berre sånt vi hadde snakka om i ledige stunder. Det var heilt utruleg kor fort rykta hadde spreidd seg, ho hadde jo berre budd her i ein månad. Likevel visste vi kven ho var. Charlotte. Vi himla med augene når vi nemnde namnet hennar. Det var nesten blitt ein konkurranse oss i mellom, kven som var først ute og himla med augene når vi såg henne. Som regel var det eg som vann. Eg var alltid skjerpa, analyserte konstant kvart einaste ord som så lett og ondskapsfullt trilla ut av munnholene til Chris og Stian, slik at eg kunne svare like bra. Vi hadde alltid ei hånleg setning klar til å bli slynga ut i same augneblinken vi såg henne. Men alltid på avstand. Alltid bak ryggen hennar. Vi hadde aldri konfrontert henne, verken verbalt eller fysisk. Eg var først.

 

Eg stira på dei med smale auge. Kvifor var det alltid eg som måtte ta det første steget? Visste eg det? Ville eg vite det? Kvifor tenkte eg på dette no? Eg skulle ikkje det, eg skulle gjere det eg visste eg måtte gjere. Uten å tvile. Men inngangsdøra til huset hennar, dei små keramikkpinnsvina på trappa, det kunne ha vore mitt eige hus. Det kunne ha vore mor mi som satt der inne, heilt uviss om kva som skulle hende henne. Så stod ho der, sjølvsagt. Medan eg hadde kverulert rundt situasjonen hadde ho med lydlause skritt gått bort til døra. Ho stod der og smilte. «Hei!» ”Hei”, sa ho. Heilt naturleg og utan baktankar. Berre ”Hei”, som om ho sa det til meg kvar einaste dag.

 

« Mm.» ”Mm”. Det einaste eg klarte å stotre fram. ”Mm”. Som ein overlegen tulling. Hadde eg ikkje vore så overvelda hadde eg berre fyrt laus. Eg hadde gjort som eg alltid gjorde. Heilt utan hemningar. Det er jo berre ord. Så hadde eg stukke av like fort som eg kom. Men det var annleis denne gangen. For ho stod der. Og eg visste ingenting. Eg hadde ikkje peiling på noko. Henda mine gøymde seg i lommane mine. Og ho stod der. Framleis. Og eg, med hendene i lomma. Det var ikkje berre ord. Ikkje i dag. Eg ville snu meg, men eg kunne ikkje, da hadde eg fått høyre det etterpå. Og det ville eg ikkje. Eg måtte klare dette, elles var eg ferdig. Dei hadde sagt det. Det var siste sjanse til å bevise kva eg var god for. Dritsekkane. Dei ville ikkje sjølve, så dei sendte meg. Og eg stod her. Ute av stand til å seie eit ord. Med henda limt fast i lommane. Med ansiktet i betongen. Ein stein, to steinar. Herregud. Eg stod og talte småstein.

 

«Sååå, vil du komme inn, eller»? Komme inn? Hæ? Eg, komme inn? Her? No? Spurte ho om det? Ville ho ha meg inn? Visste ho i det heile kven eg var? Og ho smilte. Med blondt hår, så smilte ho. Lua var vekk. Lua som alltid dekte henne, som ikkje ville vise, som beskytta henne fra alt vi sa om henne. Vi? Eg. Eg sa om henne. Ja, eg og kameratane mine. Vi sa mykje om henne. Men det nådde ikkje innforbi lua hennar. Men den var borte no. Lua var borte. Og eg gjekk inn til henne. Trakka over småsteinane eg nett hadde talt og gjekk inn.

 

Vi sette oss på senga hennar. Den var mjuk, og eg sank saman som ein sakkosekk. Delvis på grunn av senga, delvis på grunn av henne. Synet av henne. Smilet som var spikra fast på det perfekte trynet hennar. Den pastellfarga og nesten gjennomsiktige toppen. Ho ville ikkje skjule. Ho ville vise, og det gjorde ho. «Du. Du er Erik, sant?» Charlotte lukka døra forsiktig bak seg og gikk med stille skritt mot senga. Ho sette seg ned, og såg spørjande på meg med hovudet på skakke. Ho visste namnet mitt. Charlotte visste namnet mitt, ho visste kven eg var. Og no satt ho der med henda i fanget.

 

«Mhm. Eg er Erik.» Eg såg ikkje på henne. Hovudet mitt peikte nedover. Eg tenkte på Stian og Chris. Stod dei bak buskene enda? Lurte dei på kva som skjedde? Hadde dei bestemt seg for å støte meg ut, også stukke av? Charlotte bøygde seg litt fram, prøvde å få augekontakt med meg. Eg klarte ikkje å stå imot. Ho smilte ekstra bredt, og såg på meg. Eg såg på henne. Og på blusen. Og håret. Alt det blonde håret. Eg pusta fortare. Hendene mine var klamme. Charlotte og eg såg kvarandre i augene. «Du er søt, du» Charlotte snudde hovudet til den andre sida. «Du er skikkelig søt».

 

Ingen andre såg oss. Berre eg og ho var i rommet. Charlotte og eg sat i senga hennar. Eg sat i senga med Charlotte. Med Charlotte. Det var så godt som stille. Det einaste eg kunne høyre var min eigen hjartebank. Og vi såg kvarandre. Charlotte såg meg i augene. Eg såg henne i augene også. Ville Charlotte ha meg? Hadde ho gått rundt og tenkt på meg heile tida? Medan eg stod ti meter bak henne og spreidde falske rykter om henne, hadde ho tenkt på meg då? Sakte løfta ho handa si. Eg ensa ingenting anna enn augene til Charlotte. I ein langsam rørsle la ho handa si på låret mitt. Drit i Chris. Drit i Stian. Eg er ferdig med dei uansett. Charlotte hadde blå auge. Ho hadde eit mildt uttrykk. Det smitta over på meg. Så smilte eg også. Vi sat der, med milde smil og såg kvarandre i augene. Det var varmt. Det var godt.

 

Charlotte førte den andre handa til øyret mitt. Ho førte hovudet mitt varsamt mot hennar. Vi stira framleis på kvarandre. Så såg Charlotte bort. Ho såg bortover golvet. Eg fylgde blikket hennar langs golvet og fram til døra. Raude kjakar, feite glis. Og ei linse. Det rykka i meg. Kvar var eg no? Chris og Stian? Kva gjorde dei her? «Haha, fy faen så drøyt, fy faen så drøyt!» Eg vakna. Chris lo høgt. Sånn som når vi lo av Charlotte, sånn lo han. Stian også. Eg hørte ikkje hjartebanken lenger. Berre latter. Og eg såg på dei. Og hørte. Prøvde å få oversikt over situasjonen. Men eg klarte ikkje å analysere noko som helst. Så snudde eg meg til Charlotte. Eg ville trøyste henne. Redde henne frå alt, fjerne alle ryktene og seie unnskuld.

 

Trillande jentelatter. Høg, skrikande jentelatter. Chris og Stian var berre bakgrunnsstøy i forhold. Charlotte lo. «Fy faen! Jævla pervo! Hahaha!»

 

Charlotte lo.


Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish