Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (753) Anmeldelse (bok, film...) (638) Artikkel (952) Biografi (264) Dikt (1040) Essay (571) Eventyr (115) Faktaoppgave (397) Fortelling (843) Kåseri (612) Leserinnlegg (123) Novelle (1334) Rapport (624) Referat (174) Resonnerende (212) Sammendrag av pensum (182) Særemne (161) Særoppgave (348) Temaoppgave (1266) Annet (528)

Språk

Bokmål (8210) Engelsk (1643) Fransk (26) Nynorsk (1150) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Henrettelsen

Henrettelsen

Tentamensoppgave i nynorsk.

Karakter: 5+ (9. klasse)

Sjanger
Fortelling
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
07.03.2010


Ho har fortalt den same historia om att og om att. Mor mi har har fortalt same historia om att og om att. Den historia om korleis far min forsvant. Ho seier det same: Det var skodda den natta, og heile Alta var dekt med fleire meter med snø. Lavoane me budde i var iskalde, og det var vanskeleg og halde varmen. Du var berre to år når dette hendte, Thea, så du hugsar det sikkert ikkje. Far din stod utanfor og hogga ved, så ikkje me skulle frysa i hel. Når han kom inn med veden, var han heilt blå på fingrane, men han forsatte, for vår skuld. Han var ein flott mann, Thea, skulle ynskje du kunne vert kjend med han.

 

Han hadde vert der ute ei stund, da eg høyrde han byrja å snakka med nokon. Fyrst trudde eg han snakka med seg sjølv, men når eg gjekk ut for å sjå, stod lensmannen og nokre andre politimenn der. Eg sat deg i frå meg i teltet, og gjekk bort til lensmannen. Eg spurte kva som hadde skjedd, og kva politiet hadde her å gjera midt på natta. Dei sa at far din hadde tatt nokre rein i frå naboen, og visst ikkje han gav dei tilbake vart han arrestert. Hidjur sa at han ikkje hadde røyrt reina til naboen. Det var då politiet greip fatt i han, og drog han med seg ned til politistasjonen. Eg kunne ikkje vera med han ned midt på natta, sia eg hadde deg, så eg tenkte eg skulle ned om føremiddagen. Den natta var det vanskeleg å sova, det var kaldt og mannen min var under arrest. Eg kjende meg heilt ubrukelig og naken ut utan han. Han var ein del av meg, utan han var eg ikkje heil.


 

Neste dag gjekk meg og deg ned til politisatsjonen, for å høyre kva for noke tull som hadde hendt i går. Hidjur satt i arrest og eg fekk ikkje snakka med han. Eg spurte lensmannen om far din fekk komma ut i dag, men lensmannen var heilt fast bestemt på at Hidjur var skyldig. Eg visste ikkje mine arme råd. Eg kunne ikkje spørje lensmannen om hjelp, for han var reine mannsjåvinisten. Eg kunne ikkje spørje familien min om hjelp, for dei budde i Kautokeino.

 

Lensmannen sa at Hidjur kom til å bli stilt for retten seinare i ettermiddag. Det var då eg visste at det var over, for retten i Alta meinte at alle var skyldig! Og dommen dei skyldige fekk, var som oftast den same, HENRETTELSE! Eg kjende at hjarte mitt dunka fortare og fortare, meir intenst enn det nokon gong har dunka. Tanken på å mista Hidjur, var som eit mareritt. Eg kunne ikkje greie meg utan Hidjur, og det visste eg. Visst livet til Hidjur var over, var mitt liv også over. Eg følte meg heilt øydelagt. Eg såg ned på deg, og der sat du med dei spørjande augena dine. I fleire timer sat eg berre der og strauk deg i håret. Vi venta på dommen, den tragiske dommen.

 

Lensmannen kom fyrst, så kom Hidjur. Han såg ned i bakken, heilt til han høyrde stemmen din, Thea. Han smilte tappert og modig, for di skuld. Lensmannen drog han etter seg, rett i fengselet igjen. Eg sprang bort til lensmannen, eg spurte kva dommen blei. Eg såg han dypt inn i augene, mens han sa det. Det som eg hadde frykta. Han var så kald når han sa det. Henrettelse sa han, utan vidare. Eg frysningar ned ryggen, og eg kjende at eg var på gråten. Henrettelsen skulle finne sted 26.november 1865. Altså om to dagar. Dei to dagane fekk vi sitta inne i fengselet med Hidjur. Det gjekk så fort, så altfor fort. Tidlig ein torsdags morgon, stod alle i Alta samla med lensmannskontoret. Det var to stk. som skulle henrettas i dag, Hidjur var den andre.

 

Der stod bøddelen, med den store øksa. Den andre mannen trakk fram. ”Oluf Bjørnarsson, gift med Bjørghild Ragnvaldsdottir, har borna Aslak Olufsson og Åse Olufsdottir. Tiltalt for å ha krenket presten. Funnet skyldig”. Eg såg bort på Bjørghild, ho gret og ho gret. Oluf låg seg ned på steinen som låg der. Bøddelen telte til tre, så skjedde det. PANG. Øksen falt ned i steinen, og Oluf låg der. Livlaus. Lensmannen fjernet liket til Oluf, og gjorde Hidjur klar. Hidjur trakk fram, ”Hidjur Gustavsson, gift med Ragnhild Olavsdottir, har bornet Thea Hidjursdottir. Tiltalt for å ha stjelt rein hos Matti Gunnarsson. Funnet skyldig.”

Han låg seg ned på steinen, mens han såg bort på meg, eg kunne føla frykta hans. PANG. Livlaus.

Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil