Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
"Ting ned i steinene" av Bjarte BreiteigSkriv ut Utskrift

Analyse av Bjarte Breiteigs novelle "Ting ned i steinene."

Vurdert til karakter 6 av norsklæreren min.

Nynorsk - Analyse/tolkningForfatter:



Utgitt: 1998

Forlag: Aschehoug

 

Referat:

Novella Ting ned i steinane handlar om ein gut som bur i lag med mor si og søstera Siri. Mora og faren til guten er skilde og bur ikkje lenger saman.

 

Hendinga startar midt på den første varme sommardagen, då mora ber guten om å gå til far sin med eit brev ho har skrive. Då guten spør kvifor ho ikkje kan gå med det sjølv, seier ho at han bør forstå at det er vanskeleg for henne. Det er så viktig at det ikkje kan sendast i posten heller. Guten får ikkje vite av mora kva som står i brevet, berre at det er opp til far hans å avgjera kva som er det beste.

 

Det endar med at guten drar ut til faren i halv åtte tida på kvelden, men då han kjem fram drar han igjen etter ein time utan å ha levert brevet, fordi han er redd for det som står der.

 

Guten vel å ta ein lang omveg gjennom eit skogholt heim. Der kjem han over ein daud katt, noko som gjer eit sterkt inntrykk på han. Han sit og funderar lenge over dette. Etter ei stund vel han å ta fram brevet frå mora og lese det. Etter å ha lese gjennom det sakte fleire gonger, kastar han det ned i steinrøysa der han sit. På veg tilbake til stien, trakkar han på ein laus stein som veltar tungt nedover røysa.

 

”Jeg kjente hvordan det dirret under meg, jeg ble plutselig redd, ikke for å miste fotfestet og skli nedover, men for at jeg selv skulle kaste meg utfor.” (Breiteig 1998, s. 290)

 

Tema:

”Som tittelen antyder, dreier novellene seg om erkjennelser av tap og sorg, om uskyld og erfaring. Her er kommunikasjonssvikt og smerte mellom barn og foreldre, mellom gamle og unge, mellom kjærestepar og mellom søsken. Her er skyld og soning, livets og dødens mysterier.” (1998 Aschehougs katalogtekst, http://www.bjartebreiteig.com/fantomsmerter.html)

 

Dette er skrive om Bjarte Breiteig si novellesamling, Fantomsmerter. At novella ”Ting ned i steinene” handlar om kommunikasjonssvikt og smerte mellom barn og foreldre er ikkje så vanskeleg å forstå. Eg trur at forfattaren har tatt utgangspunkt i samlivsproblem mellom foreldre, og dei problema som oppstår for born når foreldra ikkje kan bu saman lenger, og heller ikkje kan kommunisera på skikkeleg vis. Døme på dette er utdjupa under kjernepunkt.

 

Det er sorg og sakn fordi ein misser noko verdifullt som ein har hatt, tryggleik og kjensla av å ha ein stad å høyra til. Når foreldra går frå einannan, sviktar grunnen under mange born. Ofte vert sorga og dei vonde kjenslene forsterka av at foreldra ikkje lenger kan kommunisera. Ikkje kan dei snakka med kvarandre, og langt verre er det at dei ikkje kan snakka med borna om det som er i ferd med å skje.

 

Kjernepunkt:

Me finn det første kjernepunktet i byrjinga av novella då guten et is saman med mora og søstera. Då seier han:

”Vi spiste is sammen, vi tre.” (Breiteig 1998, s. 288) Det vert lagt vekt på at dei berre er tre saman. Faren manglar.

 

Det neste kjernepunktet finn me då mora ber guten om å levere brevet til faren, fordi ho ikkje klarar det sjølv. Her blir problemet lagt på guten sine skuldre, i staden for at dei to som er vaksne og burde vera ansvarlege ordnar opp.

 

Eit nytt kjernepunkt kjem då guten er på besøk hos faren, og dei to et is. Då seier han:

”Vi spiste sammen, vi to.” (Breiteig 1998, s.289) Også her legg han vekt på at det er nokon som manglar.

Det er tydeleg at forfattaren vil ha fram, gjennom skildring av kvardagslege situasjonar, at guten føler sterkt at familien hans er i ferd med å gå i oppløysing.

 

Forteljar og synsvinkel:

Novella er ei 1.-personsforteljing, dvs. ei forteljing i eg-form. Forteljaren er ein gut. Den bakanforliggjande handlinga er ein familie der foreldra er i ferd med å skilje lag.

 

Gjennom det denne guten fortel, får me som lesarar eit innblikk i hans verd. Me møter andre personar gjennom denne guten, og får ta del i hans oppleving av skilsmissa. Ved å bruke eg-form, blir novella sterkt prega av guten og dermed forfattaren sine subjektive meiningar.

 

Me som lesarar får sjå verda og dei andre personane gjennom denne guten, og korleis han opplever tida etter skilsmissa.

 

Synsvinkelen ligg hos guten gjennom heile forteljinga.

 

Døme: ”Sommerheten var kommet helt plutselig. Siri og mor var gått for å bade. Jeg stod i stuevinduet og glodde ut.” (Breiteig 1998, s. 288)

 

Verkemiddel:

Bjarte Breiteig brukar mange substantiv og adjektiv i språket i novella.

 

Sjå t.d. på denne setninga:

 ”Der inne kastet furetrærne lange skygger over den tørre skogbunnen. Stammene var nesten uten grener, og de lyste gyllent i den lave solen.” (Breiteig 1998, s. 289) (Godt døme)

 

Men vi finn og fleire døme på ein meir verbal språkføring:

”Jeg ventet nærmest at skoledørene skulle gå opp, og at flokkevis av ungdommer skulle velte ut og spre seg omkring på benkene, med nistepakker og melk.” (Breiteig 1998, s. 289)

 

Forfattaren nyttar eit rikhaldig språk med fleire effektar, noko som fangar lesaren og skapar klare, gode bilete omkring handlinga.

 

Samanlikning:

”Klokken var halv åtte, det var som å gå ut i en ørken.” (Breiteig 1998, s. 288)

Her samanliknar forfattaren det å gå ut i sommarheta, med det å gå ut i ein ørken. Ein ørken er som kjent tørraste staden på jorda, og difor ein av dei verste stadene eit menneske kan opphalda seg. Med denne samanlikninga får han fram kor vondt guten har det.

 

Oppattaking:

I novella blir skildringa av heten som guten føler, gjentatt fleire gonger, når han er i situasjonar som han føler er ubehaglege;

”Sommerheten var kommet helt plutselig” (Breiteig 1998, s. 288) Dette er den første skildringa, som kjem heilt i starten på novella. Mora spør om guten vil fyre opp grillen, men han føler seg ille til mote og seier; ”Ikke i dag.” (Breiteig 1998, s. 288)

Så blir sjølve heten skildra; ”Solen begynte å bli rød, men heten ga seg ikke.” (Breiteig 1998, s. 288)

Då han skal gå til faren med brevet blir varmen skildra slik;

”Klokken var halv åtte, det var som å gå ut i en ørken. Jeg lengtet allerede etter regn, etter følelsen av de første dråpene som trenger gjennom stoffet i t-skjorta.” (Breiteig 1998, s. 288)

 

Komposisjon:

Novella er komponert som ei kronologisk framstilling av handlinga, med unntak av nokre tilbakeblikk. Frå innleiinga då guten er heime og et middag med mora og søstera, til avslutninga då han må konfrontere mora med det som skjedde hos faren.

 

I innleiinga har Breiteig valt å skildre heten, og ikkje personane. Etter kvart vert det og understreka at hovudpersonen kjenner seg uvel og utilpass. Det forfattaren vil ha fram er at guten rett og slett gjennomgår det som folkeleg vert kalla ”eit helvete”. Gjennom den ytre skildringa av varmen, og kor fælt guten føler det, får han godt fram symbolikken.

 

Viss ein ser på handlingsgangen har forfattaren fleire gonger nytta seg av tilbakeblikk;

”Et klart minne hadde dukket opp i meg. Jeg og Stian var alene hjemme hos han. For spetakkels skyld ringte vi til Kvalvik. Vi satt i hver vår telefon. Det var fru Kvalvik som tok telefonen. Stian gjorde seg grov i stemmen og sa det var Eliassen som ringte.” (Breiteig 1998, s. 289)

 

Har novella Ting ned i steinane ein open eller lukka slutt?

 

Til sist, då guten seier til mora at han hadde levert brevet til faren og at faren hadde sagt at det var best ting vart varande slik dei var, lyg han. Så det vert opp til lesaren å avgjere om sanninga nokon gong kjem fram eller ikkje. På den måten heller det mest mot ein open slutt.

 

Motiv:

Som motiv til å fortelje oss om temaet ”sakn og sorg”, bruker forfattaren ei skilsmisse.

 

Ein kan undrast om det er eigne erfaringar han her legg til grunn. Uansett må ein forvente at ein forfattar skal vere i stand til å skildre også ting som ikkje er sjølvopplevd. Det er vel nettopp dette som er god dikting, å kunne skildre menneskelege tilhøve så godt at lesaren trur at dette må forfattaren ha opplevd sjølv.

 

Konklusjon:

Eg vil sei at det er oppattakinga Bjarte har brukt som kastar mest lys over temaet «sakn og sorg». Ved at han gong på gong beskriver heten som guten føler då han er i situasjonar han synest er ubehaglege, får han fram kor forferdeleg guten eigentleg har det

 

Eg synest dette er ei veldig gjennomtenkt og velskriven novelle, som forøvrig var grunnen til at eg valte å jobbe med ho. Bjarte Breiteig brukar eit variert og godt språk, og brukar fleire språklege verkemiddel til å gjere dette til ei god forteljing. Temaet som han tek opp er aktuelt, då det i samfunnet vårt er svært høge skilsmissetal. Vi veit vel enno ikkje så mykje om kva verknad skilsmisser har på born, særleg ikkje på lang sikt, dvs når dei sjølv kjem i vaksen alder.

 

Gjennom novella si har Bjarte Breiteig synt oss korleis det kan opplevast og kor vondt det må vera for borna, som trass alt er ein uskuldig 3.part som skilsmissa kan få store konsekvensar for.




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish